bok: little Bee av Chris Cleave

Rørande og rystande, men vakker historie om kjærleik og tillit

Et ungt engelsk ektepar, Sarah og Andrew, reiser til Nigeria for å prøve å gjenopplive et skrantende forhold. En dag våger de seg utenfor ferieparadisets bevoktede område og møter to søstre på vill flukt fra soldatene som har utslettet landsbyen deres. Sarah og Andrew befinner seg plutselig i en situasjon der de må ta et umenneskelig valg.

To år senere banker den ene av søstrene, Little Bee, på ekteparets dør i England. Igjen konfronteres Sarah og Andrew med den dagen de så døden i hvitøyet, den dagen som forandret livet deres fullstendig.

Tekst frå Aschehoug.no  

I denne boka får me høyre historia om Little Bee frå to sider. Little Bees side forteljer om ei tragsik forteljing om to år på eit interneringssenter i Storibritania etter rystande episodar i heimlandet. Ho forteljer om landsbyen, om søstera, om tankar og om sjølvmordsstrategiar viss «mennene» kjem.

Den andre sida i historia er Saras. Redaktøren i motemagasinet fortel om reisa til Nigeria saman med mannen, om utruskap og om to jenter ho ikkje klarer å gløyme. Historia til Sara er fullt av rikdom og kjærleik, men òg av svik og ei strand langt borte der den tragiske hendinga skjedde. Det ho aldri gløymer.

Desse to historiene utgjer ei i denne boka. Dei krysser kvarandre og veves saman. Då eg las boka sat eg med open munn. At folk kan vere så fæle og tankelause, det er nesten ikkje mogleg. Denne boka rysta meg skikkelig. Eg gråt ikkje då eg las, sjølv om eg hadde skikkelig lyst. Eg vart sint og kjente meg forferdelig. Eg hadde mest lyst til å «hoppe inn» i boka og stoppe dei forferdelige hendingane eg som lesar var vitne til.

Det var både godt språk og god handling. Boka var fengande og for å ikkje røpe for mykje, vil eg ikkje seie meir. Bare les boka, så ser du. Dette må vere ei bok for alle, uansett kjønn og aldar. Chris Cleave har laga eit mirakel av ei bok.

Bok: blomstenes hemmelige språk av Vanessa Diffenbaugh

Victoria har tilbrakt hele barndommen i forskjellige fosterfamilier og har aldri latt noen få komme nært innpå seg. Blomstene og deres betydning er blitt hennes måte å kommunisere med verden på. Som 18-åring bor hun i en liten avsidesliggende park i byen, der hun har skapt sin egen hemmelige hage. En dag møter hun blomsterhandleren Renata som blir imponert over Victorias  kunnskaper om blomsterspråket og evne til å sette sammen vakre talende buketter. Hun tar Victoria med til blomstermarkedet, der Victoria møter en mystisk ung mann som skal vise seg å ha forbindelse med fortiden hennes. Snart må Victoria ta et farlig valg – tør hun å satse alt for å finne lykken?

Vanessa Diffenbaughs roman er en rørende og medrivende historie om kjærlighet, tilgivelse og forsoning – og den fir et fascinerende innblikk i det viktorianske blomsterspråket. Boken ble allerede før utgivelse solgt til 27 land, gikk rett inn på bestselger listene og er blit lovprist av et unisont internasjonalt anmelderkorps. 20th Century Fox har kjøpt filmrettighetene til boken. 

Blomstenes hemmelige språk begynte eg på i går kveld og vart ferdig med nå nettopp, og sagt rett ut: Den er herlig, fin, ei perle, og eg bare elsker denne boka. Blomar får alltid fram litt romantikk, og særleg i denne. Eg synes det er dyktig å skrive denne romanen. Sjølv visste eg bare at raude roser var teikn på kjærleik og gule roser er noko som, viss du tenker på betydninga, ikkje bør gi vekk, for det tydar utroskap.

Dette er heilt klart ein av dei beste bøkene eg har lese dette året, og alt i frå omslag til skrivemåte til personane fengar meg. Veldig kjekt å kunne leve seg inn i denne boka, og det var ein interessant måte ho var oppbygd på. Me blei tatt med ni år tilbake i tid til då Victoria kom til Elizabeth i ein av fosterheimane og til det som skjedde der, samstundes som at me får høyre om alt som skjedde då ho blei atten og byrja å sove ute og møtte Renata.

Alt med denne romanen var fascinerande og spennande. Handlingsgangen og skrivemåte og særleg Victoria. Sidan det med fostarheimar er noko eg synes er spennande og sånn desse barna/tidligare forsterbarna føler det, var det kjekt å lese om korleis Victoria hadde blitt etter alle åra med bytte i frå fosterheim til fosterheim og kor uvant ho var med å bli rørt og elska av andre. Sjølv vil eg bli barnevernspedagog, og eg håpar på å ikkje bli som Meredith, som hadde ansvar for Victoria. Formaningar, formaningar og formaningar før ho leverte henne. Ho får ikkje til mykje på skulen, ho er ulydig, dette kjem ikkje til å vare lenge. Rett og slett eit svært følelseslaust menneske.

Renata var ein betre person og eg likte vermåten hennar og alt ho gjorde for Victoria. Ho var snill og roste henne og var kanskje starten på kontakten med dei andre personane i boka. I tillegg står det om en mystisk ung mann på bakside, og den historia er det bare å glede seg til. Mykje spenning i heile boka, om så ikkje pistolar og politijakt og biljakt, så ein annan spenning som eg kanskje vil definere som psykisk. Kva vel Victoria? Gjer ho det rette? Les boka så finn du det ut.

Smakebitar i frå boka:
Astrid Terese
Anette

Andre omtalar
Astrid Terese
Anette
Bokelskerinne
Beathe

bok: ærlighetsminuttet av Bjørn Sortland

Frida har ein alvorlig augesjukdom og vil sjå verda før alt blir mørkt, Ho reiser ned til Firenze, kunsthovudstad i Europa, der ho treff Jakob. Han lærer ho og sjå med nye auge på kunsten.

Fantastisk fantastisk fantastisk. Andre gong eg les boka og eg blir absolutt aldri lei. Formuleringar, skrivemåte! WOW!! Når eg skal byrje og skrive for alvor har eg verkeleg noko og sjå opp til.

Innleiinga går rett på sak og er så og seie ei av dei beste eg veit om. Rett på noko av det boka handlar mest om og så blir det betre og betre. Eg er ikkje så alt for glad i innleiingar som liksom dryg og alt blir k j e d e l i g allereie i byrjinga fordi forfattaren ikkje kjem til saka før i kapittel 5. Dette er langt i frå slik.

Hovuddelen er så god at eg sat klistra til boka (sjølv om det er 2. gong eg les boka) og alt i frå historia om Jakob og Frida til kunsten til alt Frida tenkjer på er kjempebra skrive og boka anbefales verkeleg. Eg las ho for første gong i fjor då eg var på ferie i Berlin og når du har så mykje og gjer på i ein storby skal det noko til og lese ei bok på 548 sider ut på fem dagar, men det gjorde eg og det har ikkje bare med og gjere at eg er ein lesehest. Og etterpå rosa eg boka så mykje at både mor og far las ho. Hehe, kanskje dei ikkje var like betatt, men eg trur meg er einige om at det er ei bra bok.

Avslutninga kan eg vel ikkje seie så mykje om utan at det liksom ikkje sluttar heilt der boka sluttar. Eg kan neste dikte litt vidare sjølv. Det er det eg kan seie utan å avsløre for mykje om alt.

Omslaget er fint og passar til boka og heile handlinga. Det er litt sånn me får sett på hovudpersonen Frida i denne boka. Litt forskremt av og til, kanskje litt dårlig sjølvtilit, men eg blei verkeleg glad i hovudpersonen og i boka stiller dei spørsmål som me sjølv kanskje av og til stiller oss.

Boka reflekterer mykje over kristen tru, Jesus, oppstoda og kunst. Det er bra og skrive så ope om noko som mange har ei meining om. Hovudpersonane Frida og Jakob snakker mykje om temaet og bibelforteljingar knytta fint inn i romanen.

Nå når eg har lese boka for andre gong er eg klar for å flytte den lenger opp på topp 10-lista mi, Den sida  som heiter på topp er ikkje oppdatert, men får eg tid ein eller annan gong i livet skal eg få ordna på den.

Mai Lene

ps. I boka hadde dei bilete av alle bilda eller kunstverka som dei såg på turen sin. Skal legge ut dei kunstverka eg likte best av dei. Og viss de vil lese meir om forfattaren så gå her. (bla nedover på sida forbi Anette Münch)

Bok: Nelias natt av Gro Fykse


Nelia har blitt sendt ut i skogen for å løyse gåta ho fekk av Hedyn, men korleis skal ho gjere det? Og kven er eigentlig farligast, skgnmfene eller skogfolket? Nelias forstår at ho ikkje å stole for mykje på nokon akkurat nå, men bare løyse gåta og vere på vakt for kva som venter henne.

Wow, kjempebra. Som vanlig når eg les ein serie eg synes  er bra er eg litt redd for å lese neste bok viss ho er veldig dårlig. Det er akkurat som å fly og så finn du ut at du manglar vinger og dett ned igjen på jorda. (fekk sikkert i meg ein skrekk etter å ha lese dei to første bøkene i the immortales series, den andre var skikkelig dårlig) Men denne boka var ein kjempebra oppfølgar som eg likte kjempegodt. Det var knallgode skildringar, godt språk og sist, men ikkje minst: Ein god dose spenning!

Innleiinga var veldig bra. Det var ikkje noko tilbakeblikk på sist bok sjølv om denne starta midt i noko som skjedde. Sist bok slutta liksom sånn midt i der andre bøker har sjølve hovuddelen. Her haldt det fram rett på og eg elsker det. Denne måten å fortelje på gjer at eg vil vite meir meir meir!!

Hovuddelen er det bare ein ting å seie om: WOW! Superbra. Eg elsker den. Nelia som er ute i skogen og alt det mystiske som lurar og som ikkje er til å kome utanom. Vanvittig bra. Skognymfer, skogfolk osv. Det er sånn det skal vere.

Eigentlig er det ikkje noko avslutning i desse bøkene. Dei sluttar midt i hovuddelen så du får lyst til å lese neste bok. Det er ikkje noko sång alt-går-bra-til-slutt greier, men ein veldig brå slutt som om alt bare er eit kapittel. Det er kanskje noko av det beste med heile serien.

Omslaget passar til tittelen av boka. Det er mørkt og mystisk og passar til tittelen Nelias natt. 


Baksideteksten blei kanskje litt vell kort i forhold til kva eg kunne tenkt meg, men den gjer at eg får kjempelyst til å lese vidare.

Boka kjem ikkje heilt opp på topp 10 lista kanskje fordi eg synes at dei andre er endå betre, men Nelias natt er ikkje langt i frå! Og ein bra ting til: Endelig ein forfattar som forstår det går ann å lage spenning utan at personane må banne heile tida. Av og til så øydelegg banning mykje av bøkene etter mi meining.

Mai Lene

tittel: Nelias natt
Forfattar: Go Fykse
Utgivningsår: 2011
Forlag: Aschehoug
sider: 396
Baksidetekst:
– Sov nå Nelia.
Nøtter og bær, plukk dem ikke,
for snart skal du dø for mitt sverd.
– I Eruneskogen venter din død, og ulven skal få spise dine tarmer, fortsatte kvinnen å synge.

Hva har skjedd? Hvorfor synger denne ukjente kvinnen om Nelias død? Skal hun virkelig ende sitt liv in den vakre eruneskogen?

I Nelias natt fortsetter den spennende historien om Nelias. Hun har fått utdelt gåten hun må løse, men nå er hun fanget av folk som vil henne til livs.

bok: super av Endre Lund Eriksen

Eg om boka:

Julie lurer seg unna leiren denne gongen og vil heller vere heime. Det er slutt på å vere snill jente som sit heime og ser på nytt på nytt og beat for beat på fredagskveldane. Den nye jenta skal klatre på brua, ta tatoveringar, drikke seg full, kysse nokon (om så ei jente). Den nye Julie er brå og skal ikkje henge saman med «Kristen-Silje.» Ho skal styre livet sitt sjølv.
Dette er i korte trekk det denne boka handlar om. Dette og guten som heiter Jomar. Guten som Julie treff på og som det er noko mystisk med. 
Tittel: Super
Forfattar: Endre Lund Eriksen
utgivningsår: 2009
Forlag:Aschehoug
Sidetal: 212,5 sider
Baksidetekst: 
Julie har lurt mamma og pappa. De tror hun skal på sommerleir, men der tar de grundog feil. I en uke skal hun være hjemme alene og gjøre akkurat hva hun vil. Drikke seg full. Ta tatovering. Kjre bil. Bli kjent med noen nye.
Og hun blir kjent med noen – med Jomar, som nettopphar flyttet inn i naboleiligheten. Sammen med Jomar tør Julie gjøre ting hun aldri har tort før. Sammen med Jomar blir hun hekt super…
Med Jomar er ikke den han gir seg ut for. Han har hemmeligheter.
-Hvis du får vite det, sier Jomar, – kommer du til å hate meg.
God bok, godt skrive og god handlingsgang. Les denne
Mai Lene

bok: nelias gåte av Gro Fykse

Å lese denne boka var som å bli tatt med til ei heilt anna verd! Ei vanlig jente som Nelia kan plutselig ikkje gå på skolen og møter folk ho aldri har møt før i sitt liv, men som kjenner ho nesten ut og inn. Skummelt. Du kjenner liksom at du synes skikkelig synd på jenta. For kven skal ho stole på? Linus eller Seth? Eller kanskje endå meir på Kin, Linus bror? Denne anbefales på det sterkaste