- Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
- Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
- Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
- Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullført, som til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
- Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
- Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjen: Alle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
- (Eg har sett ei ny bok inn i bokhylla. Career of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)
Aschehoug
Lindell, Unni: Brudekisten (Aschehoug 2014)
Eg sit på kjøkkenet, tenkjer eg bør bli ferdig med dette innlegget om Brudekisten. I tillegg drikk eg kakao, mest fordi mor laga det, men òg fordi eg føler meg fortent til det etter å ha pløya meg gjennom ein haug med lekser. Erstatningsrett i Rettslære 2, tida etter den kalde krigen i USA i samfunnsfagleg engelsk, Buddhismen i religion, sju oppgåver om den industrielle revolusjonen i historie og nokre sider om styringsorgan i Noreg i Politikk og menneskrettar. Eg er stolt over meg sjølv, og no skal eg prøve å gjere den stolte kjensla endå tydelegare ved å skrive dette lenge planlagte innlegget. (Det vart skrive i går, då eg trudde eg var meir effektiv i bloggskrivinga mi enn eg var). I dag har eg prøvd å skrive ein korttekst om det naturalistiske i kapittel XV i Sjur Gabriel av Amalie Skram.
Då eg var på Bokfestivalen i Oslo denne helga, høyrte eg så vidt avslutninga av eit arrangement om krim kor blant anna Unni Lindell var ein av gjestene. Eg vart litt overraska over det ho sa, fordi ho snakka sjølvsagt om Brudekisten, men ho sa ein del ting eg ikkje har tenkt på. Dette er diverre ikkje i positiv forstand, men heller i negativ. Ho sa at Brudekisten var ein roman om barn av psykiatriske pasientar. Ho har rett på ein måte. Aud Johnsen og Jan, Maike og Piet Hagg er alle barn av psykiatriske pasientar på Gaustad. Fedrene John Johnsen og Werner Hagg har begge slitt på sin måte, og spesielt Werner Hagg går det rykter om. Eg har ingen intensjon om å seie at det ikkje er fælt at barn har foreldre som slit psykisk, og det trur eg heller ikkje Lindell har. Det ho manglar er å vise det. Ho sa òg under intervjuet at «alle kriminalforfattere skrive samfunnskritisk». Feil! Kriminalforfattarar prøver å skrive samfunnskritisk. Dei prøver så hardt, men gong på gong på gong blir bodskapen gøymt bak uviktige mysterie. Slik er det òg med boka om Maike Hagg som døydde i 1988. Om Werner Hagg og John Johnsen som igjen er ute i samfunnet. Om Jon som stellar lik og Piet som ingen veit kor er. Om Aud Johnsen og Emmy Hammer, dottera til psykiateren, som var veninner, men no er framande ovanfor kvarandre. Sjølvsagt er romanen òg om dei tilsette på Gaustad. Berit Adamsen, Norma Winther og Ole Porat.
Unni Lindell kan vel neppe kallast ein urutinert kriminalforfattar etter å ha gitt ut ti bøker om Cato Isaksen og Marian Dahle, i tillegg til fleire romanar, noveller og dikt. Men, og eg meiner det er et nokså stort men her, rutinert og flink er ikkje det same. Dette blir ein klagesong om manglande djupe tema, manglande refleksjon og generelt at kriminalromanar ikkje når andre opp til knea ein gong.
«Kvifor les du kriminalromanar då?» tenkjer du kanskje. Åh, eg har spurt meg sjølv så utruleg mange gonger! «Mai Lene, kvifor les du desse inkjesigande romanane om drapsmenn, valdtektsmenn og det som verre er?» Eg skulle så gjerne likt og visst sjølv. men når det er sagt er eg svært lite begeistra for dei fleste kriminalromanar, fordi eg som oftast plar å leite etter dei som kan reflektere over litt meir enn øydelagte kaffimaskinar og regnvêr. Brudekisten havnar dessverre ikkje i den kategorien eg liker. Den havnar i «Å-nei-kaffimaskinen-er-øydelagt-og-det-er-ein-drapsmann-der-ute-kategorien». Ein kategori eg ikkje har spesielt sansen for om de skjønar kva eg meiner.
Cato Isaksen, vår kjære etterforskar som går igjen i kriminalromanane hennar er ein litt tverr, mutt og rar type. Eg las både Honningfellen og Brudekisten, og dei som er over gjennomsnittet interessert i romanane veit at Honningfellen er nokre bøker før. Det er den boka kor kollegaen Marian Dahle dukkar opp og gjer livet surt for Cato Isaksen. Lindell skapar eit falskt polarisert forhold som blir prøvd på mange måtar gjennom ei etterforskingssak, og eg synes grunnlaget ho har laga for at Isaksen skal hate Dahle så intenst er syltynt. Det er så barnsleg at det er ikkje truverdig. Ein ting er å la hovudpersonen ha flerie sider enn dei positive, men når dei negative blir så til dei grader overdrivne er det i alle fall ikkje bra. Men det var ikkje Honningfellen eg skulle skrive om. Eg skulle skrive om Marian Dahle og Cato Isaksen, og det forholdet har blitt litt betre nokre romanar seinare. Desse to skal altså løyse nok ei krimgåte. Det er litt forfriskande at det ikkje er noko radarpar som saman går inn for å løyse gåta. Det er noko forfriskande over at dei kranglar litt, at det er litt usemje.
(frå no av kan det førekomme spoilarar)
Likevel, eg vil snakke litt om dei andre karakterane òg. Eg veit at det er vanskeleg å dra ein roman ned i søla berre på grunn av at den er lite djup eller ikkje som andre, men det er så mange andre moment. Unni Lindell går i same fella som mange andre. Eg synes ikkje det er noko rart lenger med ein eksperimenterande psykiatar, ein mistenkeleg medarbeidar og ein uærleg, og i tillegg lesbisk, prest. Lobotomering er det første stikkordet som får meg til å reagere og tenkje: «Dette her lovar ikkje godt». No lovar vel eigentleg aldri ordet lobotomering noko godt. Likevel, når det blir lagt så tydeleg trykk på at lobotomeringsbrakkene vart ikkje brukt lenger frå eit gitt årstal, forstår du at det ikkje er sant. Det er for det første overtydeleg, og for det andre forstår ein, når det er ein psykiatar med, at han med stort sannsyn dreiv ulovleg verksemd som lobotomering etter han skulle. Dei plar ofte det, psykitarar i kriminalromanar, og særleg når det blir lagt trykk på at dei er konservative.
Ole Porat er òg ein slik person. Familievennar, folk under opplæring som støttar psykiatarar, generelt einslege menn som har kontakt med ein vaksen familiefar eller psykiatar, plar å vere farlege. Eg seier ikkje at Porat er drapsmann, men det plar alltid å vere noko ekstra med desse. Uhyggjelege motiv og ein god del mystikk. Ole Porat skiljer seg ikkje ut frå mengda av desse karakterane. Han er heller prikklik og ein forstår rolla. Ikkje drapsmann, men skummel person som støttar psykiatar Hammer i litt tvilsamme prosjekt. Til dømes lobotomering.
Så kjem eg til punktet om uærlege prestar. Er ikkje dette oppbrukt? Er ikkje dette klassisk? Eg lurer på kva det er som gjer at prestar alltid kjem dårleg ut av slike historier. Har forfattarar ein trang til å vise at prestar ikkje er perfekte menneske og difor tileignar dei grusamme og ikkje så reint lite tvilsamme eigenskapar? Meiner dei at samfunnet har eit usunt bilete av prestar? Norma Winther verker snill og utan skumle hensikter, og plutseleg er ho uærleg, veit meir enn ho vil ut med, lesbisk (eg ser for meg at kriminalforfattarar sit sånn: «hohoho, no kritiserer me kyrkja litt og lagar ein lesbisk prest…) Eg taklar det ikkje heilt dette med prestane. Eg taklar jo generelt ikkje klisjéaktige og stereotypiske karakterar så veldig ofte, så ein del av dette seier seg vel sjølve kanskje. Det eg vil fram til med desse tre avsnitta om karakterane er at Lindell ikkje er ein nytenkjande forfattar. Ho køyrer seg fast i same sporte som mange andre. Tenk kor utruleg originalt det hadde vore med ein ærleg, snill prest i ein kriminalroman! Eventuelt ein psykiatar som hadde omsyn for pasientane og ikkje var konservativ eller dreiv tvilsam verksemd. Tenk!
Noko ho uansett skal ha er at språket er effektivt. Det er god flyt i det, og det dveler ikkje ved uviktige eller urelevante episodar eller scenar. Ho bruker ikkje overdrivent mange sider på forteljinga ho vil ha fram. Ho bruker litt for mange, men det har ikkje med språket å gjere. Eit «effektivt» språk gir litt fart til forteljinga og utelet det som ikkje er nødvendig. Den balansegangen mellom at lesaren får med seg kva som skjer, men likevel ikkje må lese tre sider om eit dørhandtak som er stølt (litt sett på spissen) betrar forteljinga markant. Det gjer at ein kan komme seg gjennom romanen trass i alt eg har å seie på karakterar, klsjéar og stereotypiar. Det må eg òg seie: Språket er ikkje i verdsklasse. Det er ok. Det er greit. Det er effektivt og løftar ein elles dårleg roman. Det er det eg skal fram til.
Unni Lindell har nokre sider ho kunne ha utelete. Den ekstra forteljarstemma i kursiv er ei kjelde til frustrasjon. Eg forstår eigentleg ikkje heilt kvifor den er der. Er det obligatorisk å ha ei ukjend stemme i kursiv i norske kriminalromanar. Det kan vere slik, og Lindell har i alle fall tolka det slik. Eg kan ikkje finne ein annan grunn til denne forteljarstemma. Det er der dei litt for mange sidene kjem inn. Litt. Det er kanskje snakk om fem sider til saman kor denne forteljarstemma er med. Eg trur det med fordel kunne ha blitt sløyfa og om ikkje anna hadde det ikkje gjort romanen verre.
Dei minna eg hadde om Lindells forfattarskap før eg las to bøker Cato Isaksen er Anna+Didrik=Baby. Eg trur fleire har høyrt om den ungdomsromanen, og den stillar ein del viktige spørsmål, som til dømes om den seksuelle lågalderen og utnytting, å bli gravid i ung alder og kor vanskeleg presset utanfrå kan vere. Grunnen til at eg dreg fram denne ungdomsromanen er at eg likte den, og Lindell har vist at ho kan skrive. Det er kanskje difor eg blir så skuffa når ho så ikkje greier å vise at ho kan eg skrive. Eg veit at Lindell er eit stort namn innanfor kriminalromanar, men kanskje ho bør vurdere å skrive meir av andre romanar. Eg seier ikkje at ho skal gi opp krim-karrieren, men enten burde ho dra dette djupe og reflekterande frå Anna+Didrik=Baby vere med inn i romanane om Cato Isaksen (kanskje sette mysteriet endå meir i skuggen eller frå fram enkeltpersonane betre) eller så burde ho skrive fleire romanar som den om Anna.
Eit av problema for fleire kriminalforfattarar som skriv lengre seriar trur eg er at dei gjer det same om igjen. Dei finn ei suksessoppskrift, og når dei har funne henne følgjer dei den til punkt og prikke eterpå. Dei er redde for å eksperimentere. Dei bør vere litt meir tøffe og overraske lesarane og kritikarane endå meir enn dei gjer. Somme gonger når ein lagar mat bør ein kanskje utvikle ein matrett litt meir. Tilsetje litt ekstra krydder eller bytte ut ein saus eller bytte ut noko tilbehøyr. Slik er det òg med romanar. Lindell har med stort sannsyn gått i den fella kor ho følgjer same oppskrift og er redd for å gjere dei nødvendige endringane for at «matretten» skal bli meir spennande. Her er mi utfordring til deg Lindell: Ver tøff og overrask oss, for eg veit du kan!
Eg trur eg sett eit punktum no. Om du vil ha ei meir blanda bokmelding kan du lese Sindre Hovednakks. Me er einige i at ho har forbetreingspotensiale, sjølv om han har trilla ein firar. Rita på ritaleser.com har skrive ei dobbelt så positiv bokmelding som meg. Les dei om du vart lei deg av mitt innlegg og får lyst til å sende meg ei lang grunngjeving om kvifor Brudekisten er bra pluss alle bøkene om Cato Isaksen, berre for at eg skal sjå noko genialt som endå ikkje har gått opp for meg.
Kriminalromanar 2014 del 1/2
Eg såg igjennom lista over leste bøker som eg ikkje har laga bokmelding av, og gjekk kva som viste seg. Jo, det viste seg at ni av ti bøker er kriminalromanar. Difor bestemte eg meg for å oppsummere heilt kort fleire av dei. Det kjem `og eit litt lengre innlegg av Ripper av Isabel Allende etterkvart.
Larsson, Stieg: Jenta som lekte med ilden (og Luftslottet som sprengtes
Baksidetekst Jenta som lekte med ilden
Lisbeth Salander vender tilbake til Sverige etter et lengre opphold i utlandet. Hun har skaffet seg en stor sum penger og er for første gang i sitt liv økonomisk uavhengig. Samtidig har Mikael Blomkvist i tidsskriftet Millennium fått tilgang på brennhett nyhetsstoff: Journalisten Dag Svensson og hans samboer Mia Bergman har kommet over avslørende opplysninger om en omfattende sex-handel mellom Øst-Europa og Sverige. Mange av dem som er innblandet i saken, har fremtredende posisjoner i samfunnet. Dystre hendelser i Salanders fortid begynner også å gjøre seg gjeldende. Da Dag og Mia blir brutalt myrdet, rettes mistanken mot Salander, og en storstilt politijakt settes i gang. Salander bestemmer seg for å gjøre opp med fortiden en gang for alle og sørge for at de som fortjener det, får sin straff. Blomkvists og Salanders veier krysses nok en gang
Baksidetekst Luftlslottet som sprengtes
To personer tas inn for øyeblikkelig hjelp på akuttmottaket på Sahlgrenska sjukhuset i Göteborg. Den ene er Lisbeth Salander, som er etterlyst mistenkt for dobbeltmord. Hun har en livstruende skuddskade i hodet og må opereres umiddelbart. Den andre heter Aleksandr Zalatsjenko, og det er
Salander som har gått løs på ham med øks. Luftslottet som sprengtes starter der Jenta som lekte med ilden slutter. Lisbeth Salander har overlevd å bli levende begravd, men problemene hennes er langt fra over. Zalatsjenko er tidligere yrkesmorder i den sovjetiske etterretningstjenesten. Han er dessuten Salanders far, og han har prøvd å ta livet av henne. Sterke krefter vil nå uskadeliggjøre henne en gang for alle. Samtidig graver Mikael Blomkvist i tidsskriftet Millennium i Salanders skjulte fortid
Eg las den første kriminalromanen om Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist i januar og måtte halde fram med bok to og tre. Det første eg tenkjer på når eg skal skrive om desse to kriminalromanane er at dei har eit rikt persongalleri på mange måtar. Det er både positivt og negativt. Negativt på den måten at ein nærast må skrive opp ei liste for å halde styr på alle. Positivt på den måten at det visar kaoset. Det viser vrimmelen av personane dei må forhalde seg til for å komme til botnen. Eg må berre seie at Lisbeth Salander er ei med futt i som eg diggar. Det einaste er at ho er hakket for mykje supermenneske. Ho er for flink, for udødeleg til at ho går heilt igjennom. Ein ting er dyktige hovudpersonar, men når dei er flinke, dyktige, pene, unge, instinktive, impulsive, sterke og elles positive på nesten alle område er det litt vel mykje. Det som er eit pluss er historia hennar som kjem fram i slutten av den andre romanen. Det at ho har lidd enormt mykje reddar heile karakteren. det at ho er traumatisert og har ein voldsom hevnlyst.
Bok to og tre er `og godt skrivne. Mange tenkjer kansje at: «Dette kunne vore ein roman og ikkje to, hadde det ikkje vore for storleiken-» Slik er det ikkje. Hovudlinja ligg der i begge. Kva er historia til Lisbeth? Kva skjedde då ho var tenåring? Alt handlar om det same systemet. Bok tre tar til der bok to slutta. Likevel er det `og to separate historier. I alle fall er historia i bok to separat frå den i bok tre på den måten at i bok to har ein `og to mord å oppklare som kanskje ikkje er så direkte knytt til Lisbeth Salanders historia. Likevel, ein bør lese bok to før bok tre. Bok ein først, men der sluttar alt der det slutta. Håpar de forstår.
Uansett, Stieg Larsson er genial, og han har skrive geniale romanar. Dei er i tillegg sprø, morosamme, og han har ein heilt spesiell eigenskap til å gjere det spennande.
Faye, Lindsay: Gothams Guder
Baksideteksten:
845. New York vedtar endelig å opprette sitt eget politikorps. I Irland svikter potetavlingene totalt, med en
sultkatastrofe og enorm utvandring som følge. Disse to hendelsene skal forandre byen New York for alltid.
Timothy Wilde jobber i en bar og fantaserer om den dagen han vil ha nok penger til å vinne drømmejenta. Men etter en brann som lar Manhattan gå opp i flammer, er han både arbeidsløs og hjemløs. Hans bror skaffer ham en jobb i NYPD, men Timothy er svært skeptisk til dette nye «politikorpset». Og han er heller ikke spesielt begeistret for å måtte patruljere byens verste slumstrøk.
En natt støter han på en jente, som løper gjennom mørket i bare nattkjolen – dekket fra topp til tå i blod. I et forsøk på å finne ut av jentas vanvittige historier, blir Timothy viklet inn i jakten på en brutal morder som virker fast bestemt på å forsterke den anti-irske stemningen i byen. Dette truer med å skape totalt kaos i et New York som allerede er rystet av dype sosiale omveltninger.
Timothys kamp for rettferdighet kan komme til å koste ham kvinnen han elsker, broren og hans eget liv.
Lindsay Faye var eit ukjent namn for meg fram til det dukka opp i Aschehougs vårkatalog. Dette er det året eg har prøvd å lese seriar i rekkjefylgje, og då byrja eg med dne første boka i serien til Lindsay Faye om New Torks politikorps på 1800-talet. Det første eg la merke til er at det er god underhaldningslitteratur. Det er fengande, spennande og god driv. Likevel er det ikkje ei god bok skjønnlitterært sett. Det er veldig dårleg språk, som ikkje vitnar om noko fargerikt. Ikkje ein gong nyanse, berre overforklarande og rett og slett platt. Heile meg skrik i frustrasjon når eg er at ei dør er «solidere». Adjektivet solid er ikkje «solidere», men «mer solid» om det skal bøyast. Unnskyld meg, omsetjar, Aschehoug: Korrektur.
Uansett, det øydela ein delf for meg med språket, og særleg adjektivet «solidere». I tillegg gjekk alt utruleg fort. Det var vanskeleg å følgje med i alt som skjedde. Forfattaren er lite flink til å få lesarane til å følgje med og forstå kva som eigentleg skjer. Ein ting er at ho overforklarer, men om ho ikkje gjer det, klarer ho heller ikkje å seie noko indirekte. Det er der noko av forteljarkunsten ligg. Du skal ikkje overforklare eller bruke for mange adjektiv i skildringane, men du skal likevel få lesaren til å forstå. Lindsay Faye slit verkeleg her, og mange formuleringar burde vore revurderte, sletta eller gått meir nøye gjennom for at romanen skulle ha haldt mål. Underhaldning, men ingenting anna.
Dicker, Joël: Sannheten om Harry Quebert-saken
Baksideteksten:
Den unge stjerneforfatteren Marcus Goldman drar på besøk til sin gamle venn og mentor, forfatteren Harry
Quebert, for å få hjelp med en plagsom skrivesperre.
Kort tid senere finner politiet liket av en ung jente nedgravd i hagen til Harry, og han pågripes for mord. Marcus er overbevist om sin venns uskyld.
Han starter sin egen etterforskning, og begynner å skrive en bok om saken. Gradvis avdekkes et komplisert nett av hemmeligheter, og mange uventede og nervepirrende hendelser inntreffer før den dramatiske sannheten til slutt kommer for en dag.
Hvem drepte Nola Kellergan? Hva skjedde i New Hampshire sommeren 1975?
Og hvordan skriver man egentlig et mesterverk
Eg har latt vere å skrive noko om denne romanen heilt til no. Den hadde fortent eit godt og langt innlegg om språk, plot, karakterar og alt anna ein roman kan bestå av. MEN når du har lese ei bok og kjenner at alle kjesnlene dinne er sette i sving, du kjenner at denne romanen fortener skryt og seksarar i aust og vest, er det nesten farleg å skrive eit innlegg. Ikkje berre vil det mangle grunngjeving for godt språk, fantastiske karaterar og eit godt utforma plott, men det kan fort bli til adjektiv følgjer adjektiv og det berre er ros, skryt, og ein kastar bort alt som heiter litterær kvalitet til fordel for opplevingar. Noko av det siste som står i romanen, eit råd frå Harry Quebert til Marcus Goldman, skildrar mi kjensle etter eg var ferdig med romanen:
«En god bok, marcus, kan ikke bare måles ut fra de siste ordene, men ut fra den samlede effekten av alle ordene i den. omtrent et halvt sekund etter å ha lest ut boka du, etter å ha lest det aller siste ordet, skal leseren kjenne seg oppfylt av en sterk følelse, en liten stund skal han ikke tenke på noe annet enn det han akkurat har lest, studere omslaget og smile litt vemodig fordi han vil savne alle romanfigurene. En god bok, Marcus, er en bok man synes det er synd å ha lest ferdig.»
Eg sat verkeleg slik dei skildrar her, og eg tenkte: «Wow, det er så sant». Men eg legg merke til at det står «et halv sekund». «Omtrent etter et halvt sekund». Altså ikkje ei veke eller ein månad. Eg sat ikkje og såg på omslaget ei veke etterpå, og i dag kan eg ikkje ein gong seie at eg er lei meg for å allereie ha lese boka. Når eg ser alle dei overstrøymande bokmeldingane lurer eg på om dei har byrja å skrive «et halvt sekund» etter dei er ferdig med boka og berre sendt den inn.
Plottet er godt gjennomarbeida på mange måtar, men er ikkje den klassiske forfattaren med skrivesperre som må komme seg bort for å byrje å skrive igjen veldig typisk? Er ikkje Goldman ein typisk romankarakter av den typen som gjer at du forstår at det som skjer får han til å skrive igjen. Forutsigbart. I tillegg har ein det typiske reinvaskingsplottet. Ein karakter skal bli reinvaska for eit lovbrot han eller ho ikkje har begått, i dette tilfellet Harry Quebert. I tillegg er det «kven-gjorde-det eigentleg-plottet» og «lukka-rom-som-i-Agatha-Christie-plottet». Lukka rom, ja, fordi staden kor alt finn stad er liten og det er ikkje mange karakterar som kan ha gjort det. Altså ei veldig typisk bok med fleire plott blanda saman, som passar bra saman og som alle er typiske.
Mange av karakterane er stereotypiske. Mora til Marcus Goldman liknar mistenkeleg mykje på Mrs. Dashwood frå Sense and Sensibility eller Mrs. Bennet frå Pride and Prejudice. Heilt klar for at vesleguten skal finne seg ein kjærast og gifte seg, det einaste ho er oppteken av. Ho er så stereotypisk at det finst ikkje maken til henne.
Mange meiner at språket til Joël Dicker er fantastisk, men eg vil heller seie annleis. Det er ikkje bra eller av god litterær kvalitet, men annleis. Det betyr ikkje det same som fantastisk. Likevel, det er ei sjeldan leseoppleving som eg trur mange vil like, så om det er det du er på jakt etter så bør du lese denne boka, men viss det er ein roman av god litterær kvalitet så ligg unna.
Galbraith, Robert: The Cuckoo’s Calling
Baksideteksten:
After losing his leg to a land mine in Afghanistan, Cormoran Strike is barely scraping by as a private investigator.
Strike is down to one client, and creditors are calling. He has also just broken up with his longtime girlfriend and is living in his office.
Then John Bristow walks through his door with an amazing story: His sister, the legendary supermodel Lula Landry, known to her friends as the Cuckoo, famously fell to her death a few months earlier. The police ruled it a suicide, but John refuses to believe that. The case plunges Strike into the world of multimillionaire beauties, rock-star boyfriends, and desperate designers, and it introduces him to every variety of pleasure, enticement, seduction, and delusion known to man.
You may think you know detectives, but you’ve never met one quite like Strike. You may think you know about the wealthy and famous, but you’ve never seen them under an investigation like this.
Etter å ha lese The Casual Vacancy av J. K. Rowling tidlegare, venta eg meg store ting frå henne, men eg syntes ikkje The Cuckoo’s Calling var i nærleiken av å vere like god. Jo, den kriminelle debuten til forfattaren er godkjent. Den er godkjent. Plottet er jo eit typisk kriminalplott, og eg vil seie at romanen føyer seg inn blant dei britiske kriminalromanane. Britiske kriminalromanar er det noko heilt spesielt ved spør du meg. Dei er meir rolege og kan dreie seg meir om personar, psykologi og motiv enn det mange nordiske gjer. Eg kjenner Val McDermid litt igjen i Rowling (eller Galbraiths) roman. Det er ikkje så rart at ho har skrytt av den. Handlinga er spennande og er konsentrert rundt handlinga som har skjedd, og den er veldig typisk krim.
Det eg synes ho manglar, som ho har i både Harry Potter-serien og i The Casual Vacancy er skildringane av karakterane. Dei skildringane som gjer at ein verkeleg kjem innpå karakterane på ein heilt annan måte. Ho har litt av det, men veldig lite. Det er det menneskelege eg er på utkikk etter. Robin og Cormoran er spennande nok, og det same er Lula Landry, men dei har ikkje dette ved seg at ein blir dratt mot dei. Ein har ikkje den same medkjensle med dei og kjenner seg ikkje like godt igjen. Trass i alle magiske eigenskaper Harry Jackob Potter har, kjenner eg meg igjen. Trass i at eg ikkje er på same stad i livet som Crystal, har eg ei sterk medkjensle med henne og ho får meg til å ville gi henne ein klem eller passe på henne eller berre bli kjent med henne. Dette er døme frå tidlegare romanar. Likevel, The Silkworm ligg klar og eg håpar at den blir endå betre, for då er det bra. Likevel, eg ser at i motsetning til andre kriminalforfattarar er ho god på karakterar.
Dette var ei «lita» oppsumering, og del to kjem seinare.
No skal eg prøve å gjere meg ferdig med Sense and Sensibility av Jane Austen. Faktisk. Endeleg. Jepp, det skal eg!
Ha ei fin helg.
Férey, Caryl: Mapuche (Aschehoug 2014)
Akkurat son elles i 2014, bar eg via lesestundende mine til kriminalromanar, òg i påsken. Ein av romanane eg las var Mapuche, ei bok som vart utgjeven på Aschehoug no i 2014. Caryl Férey var eit namn eg ikkje hadde høyrt før ein epost tikka inn i innboksen min og eg fekk romanen tilsendt. Noko av det som kanskje pirra meg mest var staden romanen var lagt til. Eg er svak for romanar som er lagt til litt eksotiske stader, til dømes Hellas, Frankrike eller som no, Argentina. Enten eksotisk eller gjenkjennleg. Det plar likevel ikkje å påverke meiningane mine om boka, men Argentina etter militærdiktaturet utgjer heilt klart ei spennande rame for ei historie som denne.
Ein prostituert trasvertitt vert funnen ved havna i Buenos Aires av Mapuche-indianaren Jana og transvertitten Paula alias Miguel Michellini, dei to som stod han/henne nærast. Det er her historia startar frå eine kanten. Paula saknar veninna si, Luz, og ber Jana hjelpe henne med å finne henne. Det ender i eit skrekkeleg syn nede på havna. På den andre kanten startar historia med ei anna sakna kvinne. Privatdetektiven Rubén Calderon byrjar å sjå på kor Maria Victoria Campallo, dottera til den rike forretningsmannen, Eduardo Campallo. Sakte, men sikkert, blir desse to sakene knytt saman gjennom romanen, og i eit land prega av eit tidlegare militærdiktatur, kan det vere nok av fiendar, mysterier og spenning.
Det er ingen tvil om at boka har eit tydeleg historisk perspektiv, men kanskje likevel litt utydeleg. For dei som aldri har levd på den tida og som ikkje har høyrt om det før, gjekk det litt vel fort i svingane. Difor bestemte eg meg for å gjere litt research via menneskets bestevenn, Google. For det første, eit militærdiktatur er eit styre kor ein eller fleire militære leiarar styrer over eit land, og denne leiinga kalles ofte ein junta eller militærjunta som er eit spansk ord for fellesmøte (Dansk Wikipedia) Undersøkingane mine viser òg kor mykje av boka som ikkje er fiksjon. Karakterane er fiksjon sjølvsagt, men ramene er ikkje det. Mødrene på mai-plassen har eksistert, og akkurat som i romanen jobbar dei med å finne «Argentinas Stjålne Barn». Fleire hundre barn som vart født av fiendane til regimet vart adopterte bort til gjerningspersonane (Amnesty International). Òg dei kjente dødsflygningane er med i romanen. Det er verkeleg interessant å sjå at forfattaren har latt etterdønningane vere scenen kor dramet blir utspelt, og når eg har funne ut alt dette, gjer det romanen endå meir interessant.
Det som kjem no innheld nok litt spoilarar, men eg misliker sterkt å ikkje kunne lage bokmelding utan å gå innpå litt av romanen, vere litt djupare, og de får halde dykk sjølve ansvarlege om de les resten av innlegget, sjølv om de planlegg å lese boka. Men bla gjerne nedover til slutten til der spoilarane er slutt, om du vil ha meininga mi om romanen.
Férey bruker «Argentinast stjålne barn» til å lage eit mysterium. Det blir raskt oppdaga at nettopp Campallo er eit av dei, og det gjer at dimensjonane vert endå større, men likevel for lesaren veldig nære. No har ein både noko som er vanskeleg privat og som går innpå hovudpersonane, men ein har òg noko som er mykje større enn berre den eine saka. Saman med Jana, som Carlderon etterkvart utviklar eit kjærleiksforhold til, etterforskar detektiven vår kva som eigentleg skjedde den gongen på 70-talet. Kven er eigentleg Maria Victoria, og kva relasjon hadde ho til Luz, eller kanskje endå viktigare til Paula? Jepp, fordi det er ein viktig relasjon der som skal følgje oss gjennom heile romanen. I tillegg er lesaren alltid klar over kven gjerningspersonane er, men kva som skjedde er noko anna. På jakta etter sanninga blir Jana og Rubén fleire gonger henta inn av menn som prøver å drepe dei, kidnappe dei, og ikkje minst etterlet dei seg mange offer. Handlinga er veldig spennande, men det kan likevel bli veldig mykje skyting, action, forfølgjing og litt vel mange offer. Likevel gjer det at lesaren aldri får ei roleg stund, for han tenkjar alltid på «Kor tid kjem dei tilbake?», og det driv handlinga vidare. Kven er først? Kva skjer denne gongen? Avslutninga vart òg litt lang, og den tida dei var fanga kan med fordel kortast ned litt.
Jana Wenchwn har eit etternamn eg ikkje greier å uttale, og ho er av eit folkeslag eg har lite kjennskap til. Mapuche-indianarane har eg sjølvsagt høyrt namnet på før, men eg har aldri møtt ein Mapuche-indianer og aldri fått vite historia. Denne romanen vart mitt første møte, og Jana vart ei god veninne oppe på hytta til onkel og tante i påskeferien. Det vart veskling på å løyse kryssord, svare på quiz og spele Risk, og det å følgje Jana på reisa hennar i Argentina med Rubén. På eine sida var eg ute og gjekk på ski i påskefjellet med familien, og på den andre var eg i eit farleg Argentina og observerte ei fin, litt trist og spennande kjærleikhistorie midt i eit mylder av hendingar. På morgonen, trygt under dyna i køysenga kunne eg vere vitne til at Jana fortalte om då ho kom til Buenos Aires, om då ho saman med Paula leita etter Luz, om då dei fann henne død i havna og om då ho spurte etter hjelp frå ein litt avvisande Rubén. Seint på kvelden med nesten berre stearinlys som hjelpte meg til å lese, var et vitne til då Jana vart kidnappa, utspurt og nesten valdteken, om hennar måte å hevne seg på gjerningsmennene på og om hennar og Rubéns redsle for at den andre var skada, og ikkje minst anstrengelsar for å få sjå den andre ein gong til. Jana Wenchwn er eigentleg kunstnar, ho prostituerte seg for å skaffe penger til å leve i Buenos Aires, og ho har ei historie som kan få einkvar person til å brekke seg. Ho viser alle delar fram til lesaren, og ikkje alt kan ein sympatisere med, og ikkje alt er berre fint, men ein kan like henne.
Møt ein sta og modig detektiv med ei forhistorie frå militærdiktaturet ingen i Noreg kunne ha førestilt seg. Møt eit offer som mista både søster og far i militærdiktatur og ein «fightar» som saman med mødrene på mai-plassen, inkludert si eiga mor Elena, og ein journalist, Carlos, prøver å stille ansvarlege til rette og kjempe for eit demokrati som ikkje er prega av 70- og 80-talet. Rubén Calderon er ein detektiv verdig thriller-sjangeren, men han er likevel ikkje ein helt utan problem. Nettopp militærdiktaturet har sett eit preg på livet hans som er viktig i etterforskinga, men òg noko han helst vil halde skjult. Særleg månadane i fengsel, kor dei brukte dei verste torturmetodane, har sett avtrykk, og det går lang tid før han viser noko til Jana, då gjennom ei bok skrive til litlesøstera.
«Til og med drømmene ble grå, fylt av bilder uten kvinner og kjærlighet som nesten ikke lot seg skille fra virkeligheten, fra slagene, fra feberen, fra skrikene, fra skitten. Hvor lenge hadde vi blitt holdt fra hverandre. Da jeg forlot deg, sjanglet du rundt blant lammene i Orletti-verkstedet, med skrekk i blikket, og prøvde som best du kunne å dekke til den nakne jentekroppen din. Hvor lenge hadde vi vært fra hverandre, lillesøster?»
Side 332
Hendingane som kjem til uttrykk i De triste notatene frå side 331 til 340 er grusamme, og måten dei er skildra på gir ein lyst til å gråte. Om så berre for å få med seg denne historia, les romanen. Om du ikkje vil ha med deg resten av handlinga, les desse ni sidene om du vil vite kva som skjedde i Argentina. For sarte sjeler vil eg ikkje anbefale deg, men det gjer at ein verkeleg kan miste trua på menneska. Rubén var ein av dei som overlevde, og no er han på jakt etter sanninga om Maria Campallo og klar til å kjempe vidare mot det som endå er igjen av militærdiktaturet.
No kan eg glede dykk med å seie at spoilarane er avslutta og de trygt kan lese vidare.
Forfattaren gir eit levande bilete, og skildringane er både poetisk, men òg truverdige. Svart/kvitt-skildingar finst det ikkje. Likevel saknar eg av og til Show – don’t tell, for at romanen ikkje skal drukne i adjektiv. Dialogane er ein styrke ved romanen, fordi dei gjer at handlinga går rett på sak. Noko av det første som skjer er dialogen mellom Paula og Jana om forsvinninga til Luz, og den fører oss rett til kjerna. Slik er det òg med seinare dialogar. Utleggingane om militærdiktaturet kan somme gonger bli litt lange, men likevel vage. Romanen legg opp til at ein veit litt frå før av, og for personar som berre har høyrt om falklandskrigen var det litt vanskeleg å følgje med i svingane. På den andre sida er kanskje personar som berre har høyrt om Falklandskrige, uvitande og burde ha visst det før dei byrja på romanen?
Andre har skildra romanen som eit mesterverk, og den er kåra til «Årets beste krim» av eit bokmagasin. Forfattaren er rosa opp i skyene av aviser og bloggar og magasin og eg veit ikkje kva. Spørsmålet eg spør meg er om romanen vil bli hugsa. Ordet mesterverk assosierer eg med Dickens, Brontë-søstrene, Austen, Ibsen og andre store namn. Desse namna har ikkje blitt gløymt etter 200 år, og ein sit framleis og les romanar av dei. Denne romanen vil truleg ikkje bli lesen om 200 år, men den vil bli hugsa. Dei som plukkar den opp, vil hugse Mapuche, ikkje berre på grunn av karakterar med mørke historier, på grunn av det eksotiske ved Argentina eller den femomenale handlinga, men på grunn av biletet Férey skildrar av den mørke historia til Argentina og Sør-Amerika.
Romanen er eit leseeksemplar frå Ascehoug forlag
Melander, Jakob: Øyesten (Aschehoug 2014)
Eg held fram på krimperioden min med ein dansk deutforfattar, Jakob Melander, som denne vinteren kom ut med Øyesten på Aschehoug forlag. Kriminalromanar sel godt, men eg trur dessverre romanen kan drukne i det store antalet kriminalromanane som er på markanden. Kanskje omslaget og baksideteksten vil gjere at nokre plukkar den opp, kjøper den og les den. I tillegg er det denne fascinerande seriemordaren.
Dansk krim er det nokre assosierer med Jussi Adler-Olsen og kanskje Erik Valeur etter fjorårets suksess med Det syvende barnet. No har Melander kome opp som eit nytt namn, og all skryt utanpå omslaget av boka er på mange måter riktig. Eg sit igjen med tankar om at dette er ei bok ein bør lese. Det er ein god kriminalroman, men likevel litt lite original. For å ta dykk med frå byrjinga kan eg starte med det første mordet. Lars Winkler, hovudpersonen, i det som skal bli ein trilogi, er ein avdempa versjon av Harry Hole. Han og kollegane finn ei jente myrda med tydelege spor etter fine snitt. I tillegg har mordaren fjerna auga. Det må vere ein ekspert med kirugiske dugleikar.
Det er eit veldig vanleg plott. Den har ikkje noko nytt ved seg. Lars Winkler er ein spennande karakter, men det verkar som om forfattaren prøver å unnskylde åtferda hans, ved å gjere han litt betre enn han eigentleg er. Kvar gong han feiler som far, rettar han det raskt opp igjen. Han ruser seg og drikk alkohol, slik det står i skildringa av han, men det blir ikkje lagt vekt på. Han er rett og slett alt for avdempa, og Harry Hole-sidene kunne vore endå tydeligare skulle han ha blitt ein veldig kjent karakter innan krimverda. Likevel har han sitt og stri med, og lesaren får medkjensle med mannen. Sjefen hos politiet der han jobbar, Ulrik, var tidelgare hans beste venn, men no er han saman med eks-kona til Winkler, noko som gjer at dei har eit dårleg forhold. Dette resulterer òg i at Winkler blir flytta frå hovudsaka i boka til ei valdtektssak. Sjølv om mykje av den eigentlege saka med morda blir følgt gjennom auga til Sanna, vil eg seie at det er negativt at hovudpersonen ikkje er med på det som skal vere «plottet» i boka.
Dette hemmer ikkje boka veldig, for som eg sa får ein sjå mordsaka gjennom ein annan etterforskars auge. Denne etterforskaren og Lars Winkler byrjar òg å få eit godt auge til kvarandre i romanen. Kjærleiksforhold er det flust av, og dotterat il Winkler, Maria, seg òg kjærast, Kristoffer. Kjæresteforhold, far-dotter-forhold og vennskapsforhold er noko av det som sett størst preg på det som skjer på sida av hovudhandlinga. Mordsaka blir òg ein del av privatlivet til Winkler etterkvart.
Ei anna historie, frå andre verdskrig kjem fram i boka. Ei ung kvinne som forelskar seg i ein brite i København under krigen. Forholdet skal, etter det som står bak på boka ha konsekvensar heilt fram til vår tid. Dessverre ser eg ikkje heilt kva som skal vere tilknyttinga til det som skjer i notida i romanen. Det er ei lita til slutt, men korleis påverka dette hendingane i notida? Kanskje de forstår det betre enn meg om de les kriminalromanen, men det er veldig vagt uansett. Kanskje vart det for få sider til at det gjekk å få den skikkelege tilknyttinga mot slutten? Den er på under fire hundre sider, noko som er veldig lite for å løyse to mysterier og i tillegg få inn noko frå fortida.
Eg angrar ikkje på at eg plukka opp boka, og eg skal lese dei to neste bøkene i trilogien. Eg er nysgjerrig på utviklinga av hovudpersonen, og så håpar eg at Melander kan lage ei litt meir originial historie til neste gong. Det er kanskje litt vanskeleg, for alt er på ein måte «teke» av plott, handlingar og karakterar, men det finst vel alltid noko som det ikkje er skriv om frå før? Eg trur at viss han klarer å lage noko meir unikt neste gong, kan romen bli ein stor suksess. Men trass alt, alle kan ikkje vere ein Stieg Larsoon. Han finst det berre ein av.
Boka er leseeksemplar frå Aschehoug
Lines lesesirkel-1001 bøker: Drep ikke en sangfulg av Harper Lee
Har utsett denne omtalen lenge, for no i det siste har eg ikkje hatt den store motivasjonen til å blogge om bøker. Eg las ferdig Drep ikke en sangfugl for mange veker sidan, og no er eg heilt fortapt i The Mermaids Singing av Val McDermid, så heilt ærleg er det einaste eg har lyst til å setje meg ned med boka igjen og nilese! Men eg har teke meg saman og skrive denne omtalen her då…
Harper Lee er på mange måtar ein eineståande forfattar. Ho gir aldri intervju, snakkar aldri med fans og har skrive berre ei bok, men til gjengjeld er denne boka ein populær bestseljar som i tillegg har kome inn på lista over 1001 bøker-lista. Det er ekstraordinært. Ei bok skal vere tåleg bra om det er den einaste forfattaren har skrive og likevel blir ho så kjent! Eg må seie at boka var ikkje heilt som forventa, men heilt klart god.
Mitt eksemplar var frå 1970-talet, då det nesten ikkje var luft mellom linjene, alle bokstavane var veldig små og kapittel slutta og byrja på same side, så eg syntes boka var litt vanskeleg – rett og slett – å komme seg gjennom på grunn av skrifta, men det er trass i alt kvaliteten på det som var inni som skal vurderast. Boka handlar om Scout (Småen) og broren Jem som bur i Alabama i depresjonstida. Faren Atticus French er advokat og tek seg tid til å diskutere viktige spørsmål med barna. Handlinga i boka føregår rundt ein av faren sine rettssakar der han forsvarar ein mørk person som det blir sagt har valdteke ei jente, og lesaren får lese både om klasseskilje og om «rett og gale» i Alabama i depresjonstida.
På mange måtar er dei ei godt skriven bok, og det er ein klassikar. Likevel synes eg at forfattaren kjem veldig seint til poenget. Eg visste kva boka skulle handle om, men syntes ikkje ho var på langt nær så spennande som eg hadde trudd, rett og slett fordi store delar handla om noko anna enn det som stod på baksida. Første delen handlar i stor grad om Småen og Jem og somaren før Småen byrjar i første klasse. Dei får besøk av ein gut fråå Mississippi og prøver blant anna å få naboen til å komme ut, fordi ingen har sett han på fleire år. Når nesten hundre sider går med på noko anna enn det du forventar, mister eg litt tålmodet. Det er ikkje alltid det hjelper at historia er «søt» eller «idyllisk» eller at det er ein klassikar. Det kan bli litt treigt i lengda.
Skildingane som Lee bruker er gode, og mange av personane ser ein for seg. Dei er litt stereotype, men ikkje meir enn at du kan tåle det, for er det noko mange klassikarar har, er det stereotype folk. Likevel er det noko humorsiktisk med mange av dei stereotypiane som kjem fram gjennom bøker som dette. Sladrekjerringene og nabokonene og misjonsforeininga. Det er mest som om du kjenner det igjen utan at det blir ein klisjé ut av det. Det e rein stor styrke med boka. Til vanleg plar eg å slå hardt ned på stereotypiar, og i allefall i meir moderne litteratur, for der er dei ofte meir uverkelege og dårleg laga enn i klassikarar.
Det er ei interessant tid boka foregår i, og eg er veldig interessert i raskeskilje og sørstatane på den tida dei skilde mellom dei mørkhuda og lyshuda. Eg syntes ikkje boka fekk desse kontrastane godt nok fram. Me fekk sjå dei i slutten, og rettssaken sa ein del. Likevel ville eg ha vist eit tydelegare skilje, ikkje berre i spesielle settingar som rettssaka, men i kvardagslivet i sørstatane. Det hadde kanskje vore vel så interessant, for det fortel noko om korleis dei hadde det kvar dag. Rettssaka er ein god måte å få fram klasseskiljene på, men ikkje betre enn at Lee kunne ha skrive endå meir om det.
Kort oppsummert var boka grei, men det var ikkje slik at ho var like god som forventningane var store. Eg veit andre har rost boka opp i skyene, men den rosen får ikkje boka hos meg. Ein litt over middelmådig klassikar.
Bok/biografi: Det vi kan stå for av Geir Lippestad
Geir Lippestad har heilt sidan 23. juli 2011 vore eit kjent andlete i Noreg. Etter at han påtok seg oppgåven som forsvararen til Anders Behring Breivik har han fått mykje merksemd. I periodar var han nesten på nyheitene kvar dag. I mars 2013 kom boka hans, Det vi kan stå for ut. Boka er både om han, men òg om verdiar og den styrken rettstaten er for Noreg. «En klok bok om verdier» skreiv Stian Bromark i Dagsavisen. Det er eg einig i.
Da jeg bestemte meg for å skrive denne boken, var det verken for å gi Anders Behring Breivik, de andre aktørene i 22. juli-saken eller meg selv mer oppmerksomhet. Vi er alle eksponert så det holde; i halvannet år gikk det knapt en dag utan at noen av oss ble omtalt i et eller annet medium et eller annet sted i verden.
Som forsvarere for terroristen sto vi midt i stormen og måtte balansere flere hensyn enn noen andre – ikke minst av hensynet tilde verdiene som Breivik ville ødelegge, men som han selv like fullt var omfattet av. Hvordan vi lyktes, får andre vurdere. Selv har jeg en følelse av at vi til slutt kom helskinnet fra det.
Dette er måten Lippestad opnar boka på, og eg trur dei fleste får stor at det ikkje er merksemda som får han til å gi ut boka. Under heile rettssaken gjekk han med ein gul post-it-lapp i lomma kor det stod:
Verdikommunikasjon=
– Rettssikkerhet
– Demokrati
Mykje av boka handlar om nettopp verdikommunikasjon. Korleis kan me bringe vidare dei viktige verdiane i samfunnet? Kvifor er dette viktig? Han skriv bra om å kunne formidle verdiar vidare til barn og unge. I staden for å ta frå ekstremistane ytringsfridommen meiner han at ein kan kjempe mot desse verdiane ved å gi dei unge kunnskap. Han gir òg tydeleg uttrykk for at det var rettstaten han forsvarte, då han forsvarte Breivik, og ikkje meiningane til Breivik. Dette trur eg er noko me alle forstod på måten han opptredde på i media. Han er langt frå nokon høgreekstremist, han er faktisk medlem av AP, og han det han sa var klart og tydeleg det Breivik meinte og ikkje det han sjølv meinte. Han skriv i boka at mange gonger fekk han kjeft for kva han sa, men slik som han skriv var det hans oppgåve å ivareta Breiviks interesser på ein ansvarleg måte og å opptre ærleg. Eit viktig prinsipp for Lippestad var at han ikkje trengte å seie heile sanninga, men at det han sa skulle vere sant.
Han fortel òg om danninga av forsvarsteamet deira. Dei var fire personar som jobba i hop, alle med juridisk kompetanse. Dei hadde ingen kommunikasjonsrådgjevar, av fleire grunnar. Blant anna at ein kommunikasjonsrådgjevar ikkje kunne få innblikk i alt Breivik sa, og difor ikkje kunne vere med på å velje kva dei skulle seie. Verdikommunikasjonen kom òg inn her, for prinsippet deira var å halde fast på at verdikommunikasjon var det viktigaste. Lippestad fekk i forkant mykje kritikk for å ha utlevert Breivik. Eg finn ingen grunnar til å kritisere han for det. For det første var det ikkje mykje overraskande som kom fram. Det meste Lippestad skreiv om Breivik er slik eg har gjetta meg til sjølv, og kven synes det er utleverande å seie at han fekk pizza og cola underavhøyra? Det var nytt for meg. Han hadde òg fått lov til å skrive om det av Breivik, og balansegangen var fin mellom det me fekk vite, og det som me ikkje fekk vite. Trass i alt er det ikkje ei bok om Breivik, men mest om verdiane Lippestad synes det er viktig å oppretthalde. Trass i alt er det den største og mest alvorlege straffesaka i Noreg sidan krigen, og det at den er så annleis gjer at det kan vere viktig med bøker som dette i etterkant, der verdiane blir diskuterte.
Lippestad skriv òg om familien sin, og mest om den eldste dottera Rebekka som var sjuk under heile rettsaka. Han skriv om kor viktig det har vore for hanå kunne ha henne der, for ho minner han om kor skjørt livet er. Lippetads dotter døydde dessverre for ein månad sidan, og det var då han kom med dei vakre orda:
«Himmelen har fått en ny engel. Rebekka har reist.»
Barndommen hans blir òg nevnt i boka, og eg forstår at den hendinga han skriv om har sett djupe spor i han, og han skriv at dette er ein av grunnane til at han valte å studere juss. Dette er ein del av kapittelet «En forsvarer blir til» kor han òg fotel om avgjerda han tok då han fekk spørsmålet om å vere Breiviks forsvarar. Å forsvare og oppretthalde den norske rettstaten er viktig for Lippetad, og fleire gonger i løpet av rettssaka var utanlandske media overraska over korleis den norske rettstaten fungerte. Berre det at Breivik fekk taletid var for dei heilt annleis og utenkjeleg.
Ulik mange andre biografiar er Lippetads lett å kome gjennom. Den er på rundt to hundre sider. Språket er lett og flyt fint gjennom heile boka. Mange vil nok seie at det er for mykje om sjølve rettssaka, men eg likte det slik. Trass i alt skal eg ta Rettslære til hausten, og denne boka gjorde meg endå meir nøgd med det valet. Lippestad poengterer at samfunnsfaget er eit av dei viktigaste ungdommar kan ta, for det formidlar vidare kunnskapen og verdiane rundt demokratiet. Eg kunne ikkje vore meir einig!
bok: gjenferd av Jo Nesbø
Denne veka kom nyheitene om at Nesbø nok ein gong skulle gi ut ei ny bok om Harry Hole i serien sin, og denne veka las eg sist utgjevne bok om politihelten, gjenferd. Boka er full av groteske scenar, og narkotikamiljøet i Oslo står sentralt. Alt i alt er heile boka ei historie om vald, rus og mord.
Sjølv har eg bare lese barnebøkene til Nesbø før, men etter denne boka har eg kome framt til at eg kanskje bare skal halde meg til barnebøkene førebels, for dei er skumle nok. Helten doktor Proktor er mindre truverdig enn Harry Hole, men desto meir koseleg. Likevel, eit fellestrekk har desse to: Dei er meir sprø enn dei fleste andre menneske.
Harry Hole vender tilbake frå Thailand når han får vite at Oleg, sonen til den tidligare kjærasten, Rakel, er mistenkt for drapet på ein gut som heiter Gusto. Gusto blei funnen skoten på ein bustad i Oslo, og alt peikar mot at Oleg har gjort det. Men Harry vil ikkje tru at guten som har vore nesten som ein son for han kan ha drepe nokon. Derfor sett den tidligare politimannen igang si eiga etterforskning og bruker tidligare kontaktar for alt dei er verdt. Etter litt «research» finn han ut at den nye store «helten» i narkotikamiljøet i Oslo blir kalla Dubai. Dubai er kjent for å selje stoffet Fiolin som tilsynelatande blir laga i Noreg.
Samstundes er alle personar miljøet truga. Seier dei litt for mykje er det slutt. Oleg blir nesten drepen i fengsel og må flytte til skjult adresse. Fleire av personane i miljøet blir funne henretta på dei mest grusomme måtane ein kan tenkje seg. Dubai skyr ingen drapsmetode når han skal dekke over bevisa. Dette gjer at boka er full av vald, blod og mord. Denne boka er dessverre ikkje nok til at eg klarer å omfamne Nesbø og invitere han inn i varmen saman med andre flinke krimforfattarar. Inntil vidare får han stå på dørkarmen og kikke inn. Kva som er så sensasjonelt med Harry Hole og krimbøkene til Nesbø har eg ikkje heitl forstått etter denne boka. Eg ser at det er høgt nivå på krimmen, men det er likevel veldig typisk norsk krim. Kanskje derfor dei i utlandet liker det så godt? Eg liker engelsk krim.
(litt kort omtale, men det får gå)
bok: kabalmysteriet av Jostein Gaarder
Nå er eg ferdig med boka om Hans Thomas og faren på ferie, bakarane i Dorf, mora i Athen og Jokaren. Eg har lese den første boka av Jostein Gaarder utanom julemysteriet nå, og eg det gav i alle fall meirsmak. Fantasien til Gaarder må vere enorm, og eg elsker det. Bøkene hans er noko ekstraordinært.
Hans Thomas har levd åtte år aleine saman med faren, for mora er fanga i moteeventyret i Athen, og dei har ikkje høyrt i frå henne på mange år. Litt sprø og naive som dei er, reiser dei nedover Europa for å finne mora i Athen og få henne tilbake. Det blir lagt inn stadige røykepausar, der faren til Hans Thomas røykjer og filosoferer. Er det noko eg er einig med Hans Thomas i, er det det at faren burde fått statsstøtte som filosof. Alle dei setningane om menneska, skjebnen og livet vårt på jorda er noko som får lesaren til å tenke.
På veg nedover Europa treffer faren og Hans Thomas mange mennske, blant anna ein dverg på ein bensinstasjon og ein bakar i Dorf. Dvergen på besinstasjonen i Sveits sender ei lupe med Hans Thomas, som han eigentlig ikkje forstår kvifor han har fått, før han kjem til landsbyen Dorf og bakaren i byen, Ludvig. Bolleboka han får av bakaren rommar meir enn bare ei historie, den rommar òg livshistoria til Hans Thomas og grunnen til at mora reiste til Athen.
Avsnitta i bolleboka er Hans Thomas» løyndom. Han les i boka så ofte han kan, og det er ikkje til å komme vekk i frå at både han og lesaren blir fascinert! Det var heilt genialt å legge den boka inn i fortehlinga, med all fantasien og alle historiane, spesielt om Jokaren.
Boka er svært bra skriven, og dei gramatiske feila er få. Byrjinga gjekk kanskje litt vel raskt for meg, då dei reiste gjennom Danmark og Tyskland, med det har vel sine grunnar, fordi det skjedde ikkje stort i dei landa heller. Faren er ein utmerka filosof spør du meg, og hans taknar er veldig inspirerande og flotte. Dei er meir enn vanlige tankar i ei bok. I tillegg kjem det fram mange flotte setningar i bolleboka.
Akkurat som i julemysteriet er titlane på kapitla eit utdrag frå teksten. Eg elsker det, og grunnen er at kvart år så byrjar adventstida mi med eit slikt kapittel. Eg trur den første setninga i julemysteriet er noko slikt som: «Tenk hvis viserne ble leie av å gå samme veien hele tida og plutselig bestemte seg for å gå andre veien» I tillegg er det setningar som «akkkurat som å løpe raskt ned en rulletrapp» eller «tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang.» Det er jul. Uansett, det at denne boka òg hadde titlar som dette på kapitla gjor den litt meir magisk, og det er veldig pirrande å lese titlane på kapitla.
Det var mykje å fordøye i boka, og kor lang tid du brukar er nok litt alt etter kor lenge du dvelar ved setninga, kor god tid du har og korleis du les boka. Eg bruke over ei veke, men bokstavane er veldig store, så det skulle gå på eit par dagar for den som har tid og orkar å ta så mykje innover seg på ein gong.
Dette vart ein litt rar omtale, og kanskje ikkje den beste eg har skrive, men det er vanskelig når boka er såpass gammal å skrive ein vanlig omtale…

bok: på direkten av Anne Cecilie Remen
strålande godt fortalt. Til å leve seg inn i!
Oslo, desember 2011. Den populære nyhetsankerkvinnen i TV24, Maria Bergstrøm, blir drept under en direktesending på TV. Førstebetjent Christina Fiori Mørk får ansvaret for etterforskningen, og mistanken faller raskt på journalistkolleger. Maria Bergstrøm var en profilert TV-stjerne som mange misunte og noen fryktet.
Christina Fiori Mørk støter på uventede utfordringer, ikke minst da det viser seg at Maria Bergstrøm var på sporet av et kunstmysterium med Edvard Munch i sentrum.
«På direkten» er en krimroman fra journalistmiljøet i Oslo. Den skildrer et miljø stint av intriger, hensynsløse maktkamper og hemmelige kjærlighetsforhold. Men finnes det virkelig folk med så store ambisjoner at de er i stand til å utrette hva som helst for å sette seg selv i front – selv drap?
Boka er fengande heilt i frå byrjinga, i frå du byrjar å lese dei første setningane i kursiv, og til siste side, der det står SLUTT med blokkbokstavar.
Dei første sidene går med på å presentere ein person som me ikkje får vite namnet på før på slutten av boka. Du har ikkje aning om kven det er, og det gjer det ekstra spennenda. Så kjem drapet. Journalistdrap er kanskje noko av det mest spennande ein kan lese om i ein krim, for det kan vere så mange motiv og så mange personar.
Mange spørsmål surra rundt i hovudet på meg mens eg las, og det var spennande å følgje etterforskar Christina på reisa i frå mysteriet kom opp og til slutten. Nervepirrande og engasjerande.
Eg liker ikkje å seie så alt for mykje om krim som dette, men eg kan fortelje at eg var hekta. På skulen i dag låg boka i sekken, og eg var freista til å ta henne opp og lese under pulten, men det gjorde eg ikkje. Likevel las eg i ho då eg var hjå tannlegen, og sjølvsagt måtte han rope opp namnet mitt to gonger for å få meg ut av boka.
Kanskje ikkje vanskelig å forstå at eg anbefaler denne til alle krimelskarar der ute. Ikkje typisk «norsk klisjé» som eg kallar det, men ei skikkelig krimbok for alle. Vel verdt eit forsøk.
