Dette blir del x av «Mai Lene prøver å lese dystopiar», som er ein lite oppfølgt serie på bloggen. Det spørs om den kanske ikkje blir meir oppfølgt i framida, for eg merkar jo at dystopiar, det er jo faktisk BRA! No skal eg ikkje vere generaliserande, men eg likte jo godt The Hunger Games, og eg trur eg vil like Divergent når eg berre får byrja på den serien òg. Enn så lenge har eg byrja på ein norsk trilogi kor første boka kom ut dette året. Det er den første boka i den såkalla Beta-serien om Kodak, Livni og Jor som lever i Skandia, eit Skandinavia 60 år fram i tid.
Eg kjente litt på skuldkjensla då eg gjekk ombord i eit fly til Paris med denne boka i sekken, for datoen for innlevering lyser raudt på biblioteket sine heimesider. Den skulle vore levert, eg veit det, men no er eg jo ferdig. Og eg kunne ikkje avbryte. Det første eg må gjere er å gå til biblioteket med denne og x antal andre bøker som er lesne og ulesne. Uansett, eg kunne ikkje avslutte boka. Eg var nesten halvvegs og heilt oppslukt av Kodaks, Livnis og Jors univers, og eg kunne ikkje la boka ligge heime. Eg måtte vite korleis det gjekk.
Flukten er faktisk genial. Forfattarane tek oss med inn i eit univers kor delar er ugjennkjenneleg og delar er gjenkjenneleg. Det demokratiske norden me kjenner no er borte, og det er Første frie leder som styrer over Skandia. Skandia er delt i Østregionen, Vestregionen, Sørregionen, Midtregionen, Nordområda og KEF Reykjavik. Hovudstaden er CPH Kastrup. Innanfor regionane er dei òg delt opp i stasjonar. Stasjonen kor Kodak, Livni og Jor bur blir kallar stasjon 21. Det er dette som er ugjennkjenneleg. Eit diktatur, eit Norden som ikkje er byggja på demokratiske verdiar. Det me likevel kjenner igjen er det frå den «uskandiske» tida, òg kalla Mørketida. Og me kjenner ikkje namna på flyplassane. Eit døme er CPH Kastrup, og ein høyrer òg om OSL Gardermoen. Det er dette som gjer boka bra, at ein kjenner igjen det som er no. Forfattarane skapar ei røynd me ikkje kjenner til, men får oss til å vise at ein ikkje må ta demokratiet for gitt. Dei gir oss eit anna blikk på Norden.
Det er utruleg vanskeleg å skrive om kva romanen eigentleg handlar om, kva det er som står på spel, men eg prøver. Det er tretti ungdommar som kjemper om å bli utvalt til å vere med i millitærpolitiet og bli priviligerte. Ti skal veljast ut og resten skal til Nordområda for å arbeide. Det er i alle fal det dei seier. For alt er ikkje like sant, og om du stiller spørsmål, er «uskandisk» eller gjer noko som kan bryte ei norm eller ei lov, får du straff. Straffa kan komme i minuspoeng, men òg i elektrosjokk om du har vore skikkeleg stygg.
Jo, dette blir nok eit kort innlegg, rett og slett fordi lange skryteinnlegg har lett for å bli flåsete og gjenta seg sjølv. Men eg kan jo gå litt innpå samfunnskritikk, for nokre har sagt at denne boka har eit mykje større potensial til å bli samfunnskritisk. Dette er kanskje litt subjektivt, men eg vil gjerne grunngi kvifor eg meiner at boka er samfunnskritisk, eller i alle fall kan få ein til å reflektere litt. Ungdommane i Flukten lever i det ein vil kalle eit totalitært diktatur. Alt er kontrolert, det er ikkje lov å stille spørsmål og leiaren er eineherskar. Det fekk meg til å tenke litt på Nord-Korea og leiaren der. Ingen får lov til å kritisere, ingen får lov til å ytre eit negativt ord om Første frie leder, og ho blir nærast sett på som ein gud. Ein ser på det som surrealistisk når ein høyrer reportasjar frå Nord-Korea om alt som Kim Jong-Un har gjort i miskunn til befolkninga. Han og dei underorna konstruerer informasjon og fakta som ikkje stemmer. Eg veit ikkje om nokon har høyrt det, men Kim Jong-Il, faren til den andre Kim-en, døydde då han arbeidde. Han arbeidde så hard for landet sitt at han døydde. (Eller ikkje). Me høyrer på det måpande og tenkjer «Uff og huff, for eit regime». Det er slik Skandia er, og det er jo ein stor kontrast til vårt trygge og stabile samfunn. Flukten viser kor farleg det er å ta noko for gitt, som til dømes Noreg og demokrati. Det kritiserer ikkje demoraktiet eller samfunnet i dag, men kanskje heller det me tenkjer i dag. Me klagar og klagar og klagar, men har det eigentleg utruleg bra. Kanskje Igland og Hestsveen vi få oss til å sjå kor godt samfunnet faktisk er?
Eg har ikkje mykje negativt å seie om boka. Kanskje språket kunne ha vore litt betre enkelte stader. Det var til tider dårleg og overforklarande, men du og du for ein spennande start på ein serie. Eg håpar fleire vil ta opp boka og lese!