Lines lesesirkel-1001 bøker: Drep ikke en sangfulg av Harper Lee

Har utsett denne omtalen lenge, for no i det siste har eg ikkje hatt den store motivasjonen til å blogge om bøker. Eg las ferdig Drep ikke en sangfugl for mange veker sidan, og no er eg heilt fortapt i The Mermaids Singing av Val McDermid, så heilt ærleg er det einaste eg har lyst til å setje meg ned med boka igjen og nilese! Men eg har teke meg saman og skrive denne omtalen her då…

Harper Lee er på mange måtar ein eineståande forfattar. Ho gir aldri intervju, snakkar aldri med fans og har skrive berre ei bok, men til gjengjeld er denne boka ein populær bestseljar som i tillegg har kome inn på lista over 1001 bøker-lista. Det er ekstraordinært. Ei bok skal vere tåleg bra om det er den einaste forfattaren har skrive og likevel blir ho så kjent! Eg må seie at boka var ikkje heilt som forventa, men heilt klart god.

Mitt eksemplar var frå 1970-talet, då det nesten ikkje var luft mellom linjene, alle bokstavane var veldig små og kapittel slutta og byrja på same side, så eg syntes boka var litt vanskeleg – rett og slett – å komme seg gjennom på grunn av skrifta, men det er trass i alt kvaliteten på det som var inni som skal vurderast. Boka handlar om Scout (Småen) og broren Jem som bur i Alabama i depresjonstida. Faren Atticus French er advokat og tek seg tid til å diskutere viktige spørsmål med barna. Handlinga i boka føregår rundt ein av faren sine rettssakar der han forsvarar ein mørk person som det blir sagt har valdteke ei jente, og lesaren får lese både om klasseskilje og om «rett og gale» i Alabama i depresjonstida.

På mange måtar er dei ei godt skriven bok, og det er ein klassikar. Likevel synes eg at forfattaren kjem veldig seint til poenget. Eg visste kva boka skulle handle om, men syntes ikkje ho var på langt nær så spennande som eg hadde trudd, rett og slett fordi store delar handla om noko anna enn det som stod på baksida. Første delen handlar i stor grad om Småen og Jem og somaren før Småen byrjar i første klasse. Dei får besøk av ein gut fråå Mississippi og prøver blant anna å få naboen til å komme ut, fordi ingen har sett han på fleire år. Når nesten hundre sider går med på noko anna enn det du forventar, mister eg litt tålmodet. Det er ikkje alltid det hjelper at historia er «søt» eller «idyllisk» eller at det er ein klassikar. Det kan bli litt treigt i lengda.

Skildingane som Lee bruker er gode, og mange av personane ser ein for seg. Dei er litt stereotype, men ikkje meir enn at du kan tåle det, for er det noko mange klassikarar har, er det stereotype folk. Likevel er det noko humorsiktisk med mange av dei stereotypiane som kjem fram gjennom bøker som dette. Sladrekjerringene og nabokonene og misjonsforeininga. Det er mest som om du kjenner det igjen utan at det blir ein klisjé ut av det. Det e rein stor styrke med boka. Til vanleg plar eg å slå hardt ned på stereotypiar, og i allefall i meir moderne litteratur, for der er dei ofte meir uverkelege og dårleg laga enn i klassikarar.

Det er ei interessant tid boka foregår i, og eg er veldig interessert i raskeskilje og sørstatane på den tida dei skilde mellom dei mørkhuda og lyshuda. Eg syntes ikkje boka fekk desse kontrastane godt nok fram. Me fekk sjå dei i slutten, og rettssaken sa ein del. Likevel ville eg ha vist eit tydelegare skilje, ikkje berre i spesielle settingar som rettssaka, men i kvardagslivet i sørstatane. Det hadde kanskje vore vel så interessant, for det fortel noko om korleis dei hadde det kvar dag. Rettssaka er ein god måte å få fram klasseskiljene på, men ikkje betre enn at Lee kunne ha skrive endå meir om det.

Kort oppsummert var boka grei, men det var ikkje slik at ho var like god som forventningane var store. Eg veit andre har rost boka opp i skyene, men den rosen får ikkje boka hos meg. Ein litt over middelmådig klassikar. 

Advertisements

Lines Lesesirkel – 1001 bøker: storm i juni av Irène Némirovsky

Det finst mange historiske romanar der ute som skildrar krigen, men ingen som storm i juni av Irène Némirovsky. Det er ikkje på grunn av litterær kvalitet eg seier dette, men på grunn av årstalet og tida boka vart skriven i. Storm i juni skulle eigentleg vere større enn denne boka. Det var meininga at det skulle vere ei krigsskildring i fleire delar, men forfattaren vart teken til fange før ho fekk skrive meir enn stormi juni og Dolce. Berre få dagar før ein av dei store skandalane  Frankrike, Vel d» Hiv, vart Némirovsky brakt til Auschwitz der ho døydde. Mens ho levde, skreiv ho fleire historier, blant anna historier der ho var kritiske til penger og makt og sin eigen religion.

Storm i juni, eller Suite Francaise, er skrive under krigen, men på ein annan måte enn dagens litteratur frå førtitalet. Mens historiske romanar til vanleg tek for seg historiske hendingar og legg vekt på tilstandane, legg storm i juni, mest vekt på dei enkelte menneska og situasjonen deira. Det er ikkje eit verk fylt med årstal, krigshendingar og hat retta mot tyskarane. I første del skildrar Némirovsky flukta frå Paris då bomber regna over byen. I dolce skildrar ho livet i ein liten by i Frankrike der tyskarane er plasserte. Kvar av delane er ikkje veldig store og tunge i seg sjølv, men saman er dei på over fire hundre sider, og det gjelder å ha tunge rett i munnen for å hugse karakterar, stader og tidlegare hendingar.

Me skulle tru, at sidan Némirovsky sjølv var jøde, ville bøkene hennar spegle antisemittismen og den sosialdarwinistiske haldninga mange hadde på den tida. Dei svakaste skulle utryddast, og blant dei var jødane. Det er ikkje noko bittert hat mot verken «der Führer», tyskarane generelt eller andre antisemittistar i boka. Tvert i mot blir tyskarane framstilt som enkeltmenneske med kjensler og sakn, slik som dei òg var. I andre del av boka får me eit nærare innblikk i livet til tyskarane i Frankrike. Nokre av dei kjem me nært innpå, og her har Némirovsky vist kor forandra mykje av historia har blitt. I mange historiske bøker verker det som at tyskarane, alle som ein, var barbarar, og det var nok mange òg som var fryktlause og fæle, men den menneskelege skikkelsen mange av dei får i denne boka viser at historiebøker viser ikkje fram alle sider av andre verdskrig. Franksmennene blir heller ikkje framstilt som englar med glorie på hovudet, men både fiendtlege og standhaftige. Ingen har fått glorier og englevinger, men ingen har fått djevelhorn heller, sjølv om Némirovsky kanskje har laga ei litt meir personleg framstilling av det enn slik det eigentleg var. (ikkje heilt sikker på, berre tenkjer at det må vere vanskeleg å ikkje blande eigne kjensler i noko så stort som ein verdskrig)

Det er ikkje mykje som driv boka vidare. Eg var ikkje veldig entusiastisk i byrjinga, og boka var ikkje full av litterære verkemiddel. Ho var det ho var: Ei skildring. Skildringer er meir opptekne av å løfte fram sanninga og få eit realistisk bilete av det framfor litterære verkemiddel som får lesaren til å ville lese vidare. Eg var ikkje usikker på korleis det gjekk med personane. Ingen svar lot vente på seg, noko som i lengda var veldig keisamt, men òg ein interessant måte å skrive på. Det er sjeldan eg les slike bøker, og forandring plar fryde. Språket vekker ikkje kjensler til live, og ho har ingen detaljerte krigshendingar. Eg syntes kanskje synd på nokon, var glad på vegne av nokon, men eg sat aldri med lommetørklet i handa, og eg lo meg heller ikkje forderva. Alt var for lite personleg til det, og på det planet liker eg betre bøker som Saras nøkkel av T. Rosnay som får deg til å ville skrike, hyle og bli sint på ein gong, men du veit at det ikkje hjelper uansett kor mykje du vil. Boka fekk meg ikkje til å føle meg hjelpeslaus i forhold til hovudpersonane, som eg ofte har ein stor trang til å ville hjelpe vidare.

Boka bar preg av at forfattaren ikkje visste korleis det ville gå. Karakterane var usikre på framtida, og Némirovsky fekk aldri sett noko skikkeleg punktum for alt. Dette viser kor lite sikkert alt var då. Som oftast har historiske romanar ei «oppsummering» på slutten kor dei har eit kapittel om «etter krigen» eller fortel kven som overlevde, kven som vart tekne. Dette er noko eg alltid har irritert meg over i bøker som det. Sjølv om forfattaren kanskje ikkje har innsett det, ligg det mykje i linjene «viss me berre hadde gjort slik for 70 år sidan, hadde det gått betre». Dette er ikkje ei bok som er ut til å ville forandre historia. Den vil ha fram eit både realistisk og personleg bilete av korleis det var. Romanar som blir skrive i dag synes eg svekkar seg sjølve på det punktet at dei MÅ fortelje korleis alt gjekk, og den opne slutten saknar eg, spesielt i krigsromanar.

Némirovsky er ei stor litterær stemme, men kanskje ikkje heilt etter min smak.

Boka blei lesen i samanheng med Lines Lesesirkel -1001 bøker. Line har òg laga ein meir fyldig omtale med meir sitat og sikkert fleire teoretiske punkt enn det min har, så eg anbefaler de å lese hennar òg.