9788202524685

Direkte frå Mai Lenes Facebook-profil:

Linnea Myhre får sagt det! Dette innlegget er heilt suverent. Sjølv om eg nesten har slutta å skrive om bøker på fritida («pensjonert/permitert» bokbloggar i ein alder av nitten…) kjenner eg at eg blir utruleg provosert av korleis serien «Calendar Girl» blir marknadsført. Det er alment kjent at det var bodkrig på boka (http://www.dagbladet.no/…/litte…/bok/torgrim_eggen/44232247/. Cappelen Damm måtte gi mellom fire til fem millionar for å kunne gi den ut. Ærleg talt, ein betaler ikkje så mykje for noko ein kan fyre i peisen med. «For å si det sånn»), men det betyr langt i frå at det er ei god bok, noko alle bokmeldingane som florerer på rosa-bloggar berre underbyggjer.

Skjermbilde 2016-06-10 kl. 13.47.19

Skjermbilete frå martheborge.blogg.no

Sidan Linnea Myhre ikkje namngir bloggarane som har lese boka kan eg gjerne gjere det: Pilotfrue, Ida Wulf (når du først les ei boka så vil eg tilrå å sjå i boka og ikkje i kameraet), Speiltvillingene, Marthe Borge (vil tilrå litt meir behagelege leseposisjonar), sraad.blogg.no og annebrith.blogg.no. Felles for alle fem er at dei har skrive overstrøymande positive innlegg som alle er merka med annonse. I tillegg kan du dele romantiske erfaringar på bloggen til boka og få gavekort på den. All medkjensle til personen som vinn det gavekortet.

Skjermbilete frå sraad.blogg.no

Skjermbilete frå sraad.blogg.no

Altså, eg har ikkje lese boka (den fekk to-ar i VG), men eg synest det er interessant at fleire gonger dei siste åra har forlag betalt rosa-bloggarar for å skrive om erotisk litteratur og i tillegg laga konkurransar. La dei bloggarane som kan litteratur (bokbloggarane) få skrive om det (og gjerne slakte bøker som dette), så kan rosa-bloggarane få lov til å ha sminken sin i fred.

Skjermbilete frå innelgget om Calendar Girl på annebrith.blogg.no

Skjermbilete frå innelgget om Calendar Girl på annebrith.blogg.no

I have a dream, og det er at folk skal byrje å lese litteratur og ikkje søppel.

Og viss de vil lese eit vettugt innlegg om boka kan de besøke bjornebok.bloggnorge.com

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s