To oppdatering frå bokverda eg berre måtte skrive om

Lite kreativ overskrift, men det er sant. Eg har faktisk følgt litt med i bokverda den siste tida, sjølv om det ikkje akkurat har gjort at eg har kome mykje nærare målet om å lese tjue bøker i 2016. (For nokre år sidan las eg 96 bøker på eit år, men så vart eg student.) Det er hovudsakleg to nyheiter eg føler eg må skrive noko om:

  1. At ein rosabloggar toppar topp-10-generelt-lista hos Noregs største bokhandlarkjede
  2. At VIVO skal legge ned

 

1) At ein rosabloggar toppar topp-10-generelt-lista hos Noregs største bokhandlarkjede

I går var eg innom ARK Egertorget ein liten tur. ARK er som mange veit Noregs største bokhandlarkjede. Eg hadde lese nyheiter på internett om at Eirin Kristiansen «ut av det blå» hadde gjeve ut bok. Eg hadde knapt høyrt om henne, for eg er ikkje så oppteken av kva ei jente/kvinne på 21 år har som favorittmat. Eg overdirv ikkje no altså. Her er eit skjermbilete frå førre publisre innlegg på bloggen:

Skjermbilde 2016-05-03 kl. 14.18.17

Dette vart publisert i går. Skulle de vere meir interesserte i maten til Eirin Kristiansen kan eg òg tilrå innlegga «What’s in my lunchbox?» (29. april), «How I make my tacos» (25. april) og «Celebrating weekend» (22. april).

 

Det interessante rundt heile denne utgjevinga er: Kva vil ein bloggar med å gi ut bok? Ho har eit publikum, og ho når truleg betre ut til dei på gratis internett enn gjennom trykte sider som kostar kr. 299,-. Kvifor skreiv ho ei bok? Moderasjon: Kvifor skreiv ho blogg i bokform? For det er faktisk det det er. Ja, eg trur det har vore noko i media om at ho skreiv om alkoholproblema til faren. Det er trist å lese om, men fint at nokon er opne om. Det skal me ikkje bagatalisere. Det er berre det at det smuldrar bort midt oppi alle bilete og mote- og interiørtipsa. Eg bladde kjapt gjennom boka, og den lukta som eit nytrykt vekeblad. I tilegg såg den ut som det, berre i større utgåve sjølvsagt. For å ikkje nemne at baksideteksten gir inntrykk av at dette ikkje er ei djup bok:

Hun er feminin. Hun er selvsikker. Hun er en livsnyter. Hun er sin egen sjef. Hun er en 0businesswoman. Hun trives i sitt eget selskap. Hun elsker små hverdagsgleder. Hun kjøpte Porsche som 21-åring. Hun er en av Norges største bloggere. Hun er Eirín …

Eirín skriver til alle som ønsker å la seg inspirere, om blogging og karriere, mote og skjønnhet, om livsstil og velvære. Men også om det å bli sjef i eget liv , stå på egne ben og våge å vær e annerledes! Hun deler personlige erfaringer som har preget henne, og gjort henne sterkere. Denne boken viser deg veien til en suksessfull blogg, til en ny livsstil og generell velvære.

Boken inneholder fantastiske råd og tips for naturlig skjønnhet, hva garderoben bør inneholde, mote, interiør, helse & kosthold, livsstil og inspirasjon! Men også tips utenom det vanlige, som «10 ting å gjøre på en søndag», eller «Slik takler du bruddet».

Om du interesserer deg for blogging, er karrierefokusert eller rett og slett bare er litt nysgjerrig på hvordan denne «businessen» fungerer, så er dette boken for deg! Et must have for alle som vil inspireres til å stå på egne ben, drive en suksessfull blogg eller bare få en bedre hverdag.

Er det her noko meir enn det ho skriv om på bloggen? Nei, ikkje som eg kan sjå. Baksideteksten verkar berre som ein meir «objektiv» og lengre versjon av det ho har skrive om seg sjølv i introduksjonen på bloggen:

Welcome Sweetie.

My name is Eirin Kristiansen (21 y/o) and I put my heart and soul into everything I do. I am passionate about fashion, interior, career & healthy, happy living – enjoy!

For å stille spørsmålet igjen: Kvifor treng ho å skrive bok? For det første kan det vel berre konkluderast med først som sist at det ikkje er ho som treng boka, men forlaget. Pantagruel.no har ikkje oppdatert nettsidene på år og dag ser det ut til, men dei har profilert boka på FB i alle fall. Ei slik bok er godt for dei. Den ligg på topplista, den har ein kjent person på framsida og inneheld noko folk tydelegvis bryr seg om. Likevel er det eit eller anna med det her som gjer meg litt frustrert. Etter det eg har høyrt har ikkje Eirin Kristiansen lagt hjarte og sjela ned i rettskrivinga. Ho har tydelegvis ikkje nokon stor «passion» for å skilje mellom å/og eller «ovenfor»/»overfor». For det andre er det ikkje litterrær kvalitet over blogg i bokform. Eg kan ikkje sjå nokon annan grunn (frå forlaget si side) for å gi ut den boka enn at Pantagruel tener penger på det. No skal det seiast at eg ikkje har lese boka, men eg har bladd gjennom og fått nok. Om eg går for langt no så stopp meg gjerne. Då skal eg gå tilbake på det eg har sagt.

Men det at foralget tener penger forklarer ingenting om kvifor Eirin Kristiansen ville gi ut bok. Eg har ein teori, som kanskje ikkje er heilt haldbar, men eg kanskje kan ha noko i seg: Bokform gir framleis langt meir legitimitet enn blogg. Det er ikkje berre Eirin Kristiansen som går denne vegen. Òg Sophie Elise Isaksen skriv bok i desse dagar. Kvifor gidd dei? Jo, kanskje fordi dei får ein slags leigitimitet gjennom å vere publisert mellom to permar og ha andleta sine glisande mot kundane i bokhandelen (Det gjelder i alle fall for Eirin Kristiansen, eg har ikkje sett omslaget på Sophie Elises bok). Spørsmålet blir jo om dette er ein legitimitet me vil gi dei. Det kan diskuterast. Eg skal ikkje gå lengre inn på det no, men berre ha det i bakhovudet.

Ein del av tankane er sjølvsagt like som Marie L. Kleve sine. Òg ho stiller spørsmålet om kvifor Eirin Kristiansen treng forlaga. Eg har kanskje prøvd å svare litt på det. Det er òg ho som skriv skrivefeila. 

Til slutt: Om du skulle vere interessert i vårskoa til Eirin Kristiansen laga ho eit innlegg om dette på bloggen 21. april – enjoy!

 

2. At VIVO skal legge ned

Meir riktig er det kanskje å seie at VIVO har «begjært seg selv konkurs» som det heiter. Dette tydar Skjermbilde 2016-05-03 kl. 15.03.06nødvendigvis ikkje at den lokale VIVO-butikken din blir lagt ned om den går med overskot. Slik var det med Notabene òg: Sjølve kjeden Notabene gjekk konkurs, men det finst framleis Notabene-butikkar rundt forbi som sviver og går.

VIVO var den lokale bokhandelen der eg budde før eg flytta til Oslo. Eg har eit forhold til bokhandlarkjeden, og eg synest det er trist med tanke på den litterære breidda at ein slik kjede legg ned. VIVO har hovudsakleg fronta kristen litteratur frå forlag eigde av kristne organisasjonar, men dei har hatt forholdsvis lita breidde i tilbodet av annan litteratur, som krim, historiske romanar og dokumentarar. Her har dei teke inn ein del bestseljarar. Det er i alle fall mitt inntrykk. Eg gjekk sjeldan på VIVO for å handle ein roman utan kristent innhald. Då vel eg heller andre kjedar. Det heng sjølvsagt saman med at eg får ein god del rabatt hos den bokhandlarkjeda eg jobbar i. Likevel trur eg det er mange som tenkjer slik utan at dei får rabatt andre stader. VIVO har spesialisert seg på litteratur med kristent innhald, og då er det kanskje det me kjøper der.

Samstundes skal det seiast at eg har reagert på at VIVO har vore lite flinke til å bruke ny teknologi og adoptere løysingar frå andre bokhandlarkjedar. Du kan ikkje sitje heime og sjå om dei har den boka du vil ha på ein VIVO-butikk, men det kan du hos både Norli og ARK. Eg trur at denne løysinga både i bokhandlarbransjen, men òg i andre bransjar, har gjort oss så fokusert på at me skal vite om noko er inne før me reiser og kjøper. Det sparer oss for tid og pengar. Hos VIVO har ein i realiteten to val: Bestille over nettet eller reise til butikken. Eventuelt kan ein ringe på førehand for å høyre om dei har boka. Uansett, eg trur de forstår kor eg vil. Ein må følgje med teknologisk og kome med gode løysingar for kundane om ein skal overleve i bokhandlarbransjen.

Det er trist at VIVO må legge ned sjølvsagt, og eg skulle ynskje det ikkje var tilfellet. Det er mykje som kan finnast på ein VIVO-butikken, men som ein ikkje finn andre stader.

 

Eigentleg skulle eg òg skrive om Hanne Kristin Rohde og det å svare på kritikk, men så langt kom eg ikkje. Dessverre. Me snakkes om kanskje seks månadar, om eg har noko på hjartet då. I don’t put my heart and soult into everything I do, and especially not blogging. But I am still very passionate about books. (Okay, nok sarkasme).

Advertisements

One thought on “To oppdatering frå bokverda eg berre måtte skrive om

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s