Kvifor Anders Anundsen burde lese science fiction

Science Fiction er ein sjager som dei siste åra har blitt meir og meir populær, blant anna gjennom The Hunger Games og Divergent. Likevel veit eg ikkje kor nøye Anders Anundsen og statssekretærane har lese bøkene, men noko av tematikken bør dei få med seg.

For ikkje mange år sidan var fantasy ein veldig populær sjanger Harry Potter-serien vart avlasta av Twilight-serien, og Beautiful Creatures vart ein hit både som serie og bok. Trass i desse populære seriane kom science fiction-bølgja med The Hunger Games og Divergent. Både Science Fiction-sjangeren og Fantasy-sjangeren har det til felles at verda som blir skildra er annleis enn vår. Likevel er det skilnadar. Fantasy har ikkje forankring i røynda og er difor ikkje mogleg, medan science fiction er forankra i vitskap og difor kan vere mogleg. Innanfor science fiction-sjangeren har ein dystopisjangeren, som er den mest relevante for dette innlegget. Ein dystopi er i følgje Dag Einar Thoresen ved høgskulen i Buskerud og Vestfold «oppdiktet, fremtidig skrekksamfunn, skildring av et samfunn hvor dårlige krefter har fått overtaket, for eksempel i form av diktatur, kriminalitet eller miljøsammenbrudd.»

Så kvifor er dette ein sjanger nettopp Anders Anundsen burde lese? Eg er samd i at ein minister kanskje ikkje burde sitje med ei bok i fanget heile dagen. Det som er viktig er kva bøkene formidlar. Ein skulle kanskje tru at landet Panem (The Hunger Games) eller den Chicago-byen Veronica Roth skildrar er veldig langt frå røynda. Dessverre kan populariteten til romanane vitne om noko anna òg: Det er lett å kjenne igjen parallellar til samfunnet me lever i.

Eit veldig framtredande trekk ved fleire dystopiar er korleis leiarane veit alt om kvar enkelt. Innbyggjarane får aldri vere fred, aldri vere for seg sjølv og aldri snakke fritt. Dei lever under konstant overvaking, og det kan samlast inn store mengder data frå innbyggjarane. Eit anna trekk er korleis samfunna nærast er politistatar. Lovas lange arm er aldri langt borte. Resultatet i alle dystopiane er eit samfunn med lite tillit kor innbyggjarane lever i konstant frykt for å gjere noko gale. Eit døme er Katniss som etter dødslekene ikkje kan gå eit einaste steg utan at President Snow overvaker henne. Eit anna døme er Tris i Divergent-serien som må velje ei framtid ut frå ein personlegdomstest, og om ho ikkje passar inn i eitt av fem alternativ er ho ein avvikar. Resultatet av testen blir ikkje akkurat skjult for leiarane, og dei liker ikkje avvikarar. Eit tredje døme er Cassia og familien i Matched-serien (Condie, Ally) som på tur må sove med eit band framfor auga som fangar draumane. Det er nok av det meir overnaturlege slaget, men det viser likevel ein stat som vil kontrollere det meste. Spørsmålet dei fleste kanskje stiller seg er kor eg vil hen.

Etter at terrorfaren vart oppgradert har politiet i Noreg vore «midlertidig væpna». Dette har justisdepartementet kunna bestemme utan Stortinget. Eg har til ei viss grad forståing for at politiet vil ha dette for å kjenne seg trygge, og for at samfunnet skal vere trygt, men likevel er eg skeptisk. Andre debattar handlar om lagring av stordata. PST vil bruke same system som NSA (National Security Agency) i USA for å til dømes lagre bileta våre frå sosiale media, Facebook- og Twitter-beskjedar, epostane våre, kva sider me surfer på og kva me søker på. Anders Anundsen, som høyrer til eit parti som utanfor regjeringa var skeptiske til DLD (Datalagringsdirektivet), seier at han vil halde døra på gløtt for denne ordninga. Er dette ok, sjølv om kanskje aukar tryggleiken vår? Er dette verkeleg noko me kan gjere etter EMK artikkel 8 om rett til respekt for privatlivet?

Eit samfunn bør byggje på tillit, ikkje berre mellom innbyggjarane, men òg i mellom innbyggjarane og staten. Anders Anundsen har den fine tittelen Justis- og beredskapsminister, og han har ein vanskeleg jobb når han skal vege omsyn opp mot kvarandre. Tryggleik eller privatliv? Likevel bør han tenkje på at tillit òg skaper tryggleik. Me skal ha ein god beredskap som er klar om det skal skje noko, men me skal òg kunne ha privatliv utan at staten skal vite alt om oss.

No forstår du kanskje kor eg vil. Det er klart at skrekksamfunna Suzanne Collins, Veronica Roth, Ally Condie, Torborg Igland og Arnulf Hestveen skildrar ikkje er det samfunnet me vil få i Noreg med væpna politi og lagring av stordata. Eg samanliknar absolutt ikkje politiet i Noreg med «the peacekeepers» i The Hunger Games. Men eg synst at science fiction-sjangeren, og særleg desse dystopiane, seier noko veldig grunnleggjande om tillit og korleis overvaking gjer at denne tilliten blir borte. Eg tenkjer òg på Divergent-serien kor avvikarar blir sett ned på. Kva med dei som er avvikarar i Noreg som kanskje ikkje oppfører seg heitl etter skjemaet? Kan eit overvakingssamfunn gjere det vanskelegare for desse til dømes? Det er ei rekke problemstillingar knytt til dette, og dystopiane set ord på dei. Versågod, Anders Anundsen, les!

One thought on “Kvifor Anders Anundsen burde lese science fiction

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s