Å redde verda

Førre veke avslutta eg The Adventures of Oliver Twist av Charles Dickens. På engelsk. KnøtCharles-Dickens-Four-Novels-The-Adventures-of-Oliver-Twist-or-The-Parish-Boys-Progress-A-Christmas-Carol-A...-Hardcover-L9781607103127tlita skrift og nesten 300 sider. Men eg vart ferdig. Det første ein legg merke til når ein les ei slik bok er den ekstreme forteljarevna til forfattaren.

«But tears were not the things to find their way to Mr. Bumbles soul; his heart was waterproof.»

Det er godt skrive, og sjølvsagt morosamt. Charles Dickens bruker verkeleg humor i skildringane av karakterane sine. »

(…) replied Mr. Bumble fastening the strap of the leathern pocket-book: which like himself was very corpulent».

Etter å ha oppdaga den fantastiske forteljarevna, går det raskt over til å tenkje over den tragiske historia. Kven snakkar for Oliver Twist? Kven stiller opp for han? Å sjå korleis barn vart behandla var vondt, og sjølv om eg kjenner historia, utborderer den gode forteljarevna til Charles Dickens dei fæle sidene endå meir. Han får fram gjennom dialogane alt det fæle det går an å tenkje om barn.

«I see no saving in parish children, not I; for they always cost more to keep than they’re worth.» (Mrs. Sowerbrry).

Eg trur me framleis har fleire av typen Oliver Twist i Noreg og i verda i dag. Kven er Oliver Twist i dag? Det tenkte eg på både medan eg las og etterpå. Er han eit av dei barna som veks opp utan foreldre? Er han eit av dei mange barna utsette for organisert kriminalitet (for det må ein jo kunne kalle Fagins verksemd?)? Er han eit løvetannbarn? Han klarte seg jo til slutt? Eg landa på at han kan representere så mange av desse. Han kan representere mange i samfunnet vårt i dag. Til slutt vart valet ein nokså overordna kategori: Ein stemmelaus. Det kan verke rart sidan det trass i alt gjekk så bra til slutt. Mr. Brownlow, Mrs. Maylie og Miss Rose Maylie var jo alle nokre som snakka for saka hans. Og det er kanskje poenget mitt òg. Han var stemmelaus, og då vart det nokre andre som brukte si stemme for å kjempe for han.

Uansett kor stor sosial mobilitet me har i Noreg, har me alltid nokon som ikkje når fram med stemma si. Me må innsjå at alle ikkje e rlike ressurssterke. Alle er ikkje like synlege. Mange skriv meir høglydt enn andre. Då er jobben for resten av oss å vere ei stemme for desse og løfte dei fram, akkurat som Mr. Brownlow og co. løfta Oliver Twist fram. Kva vil eg med dette våset? Kor vil eg? Eg veit nesten ikkje sjølv, men eg trur det har noko med overskrifta å gjere. «Å redde verda». Det er eit litt hårete og ambisiøst mål. Eit superman-mål.

«Eg skal trass alt inn på juss og redde verda, så noko må eg jo jobbe»

Dette var meldinga eg sendte då eg vart spurt om å vere med på eit møte ein kveld. Ja, eg jobbar for å komme inn på juss, og det er kanskje heile dette innlegget handlar om. Eg vil inn på juss og redde verda. Eg vil gjere noko. Eg vil gjere noko for Oliver Twist.» Eg vil vere Mr. Brownlow og Miss Rose Maylie. Men korleis skal eg gjere det? Har eg nokon strategi som ingen andre har kome opp med endå? Nei men eg ber med meg noko ein av KrFU-venene mine sa på landsmøte for to veker sidan:

«Ein kan ikkje redde verda for alle, men ein kan redde verda for nokre»

Eg vil gjerne redde verda for dei eg kan, for det kan vere ein av mange saker for meg, men heile verda for den personen eg hjelper. 8.-10. mai var eg så heldig å få vere på KrFs landsmøte i Trondheim. Mitt viktigaste mål då eg sette meg på flyet i Stavanger fredags morgon var å få eit stortingsfleirtal for 10.000 syriske flyktningar. For å få til det måtte KrFs landsmøte stemme for resolusjonen til KrFU. Eg hadde eigentleg ikkje planar om å gå opp på talarstolen. Eg tenkte at det var mitt første landsmøte, at eg mest skulle observere, at eg berre var organisatorisk nestleiar i Rogaland KrFU. Då stunda for resolusjonsbehandlinga kom var eg framleis i tvil. Til slutt vart det til at eg retta skiltet i mitt i verda. Eg ville snakke. Og det gjorde eg. Det er sjeldan at eg har vore meir nervøs. Eg fomla litt med orda, og eg klarte til alt overmål å seie «nordområda» i staden for «nærområda». Det viktigaste var at me fekk resolusjonen gjennom. Det vart stortingsfleirtal. Eit samla landsmøte stemte gjennom resolusjonen, til ståande applaus! Eg vart sitert i to avsier («sjølvskryt kjem frå hjartet, men det er ikkje alltid like interessant å høyre på» – Frank Aarebrot). Poenget er at me oppnådde noko. Me redda verda for dei 10.000 syrarane som forhåpentlegvis får kome til Noreg (Stortingsfleirta – I’m watching you!). Det var i denne debatten sitatet ovanfor vart brukt. Ein kan ikkje redde verda for alle, men ein kan redde verda for nokre. Me redda verda for 10.000 stemmelause kvelden 8. mai. 10.000 Oliver Twist.

Eg håpar eg kjem inn på rettsvitskap (juss) på UiO til hausten. Eg håpar eg kan redde verda og vere ei stemme for dei stemmelause, først og fremst innanfor utlendingsrett eller flyktningrett. Eg håpar eg klarer å halde på engasjamentet mitt. Noko anna som blir spennande er at eg tek til som leiar i Oslo KrFU. Eg fekk eit «kick» etter landsmøte. Eller, så stort eit kick som det går an når du ligg sjuk i to omgangar etterpå. Det eg vil seie er at eg vart inspirert, og i kombinasjon med Oliver Twist vart resultatet dette innlegget.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s