Fagerholm, Monika: Lola oppned (Forlaget Oktober 2014)

Denne sommaren har eg lese to romanar som fleire har vanskeleg for å plassere. Kriminalroman eller «vanleg» roman? Den første, InnbundetRipper av Isabel Allende, meldte eg for ikkje lenge sidan. Den andre, Lola oppned av Monika Fagerholm, er hovudtemaet i denne bokmeldinga. Det som først og fremst fekk merksemda mi til å bli retta mot Lola oppned var baksideteksten. Eg trur ikkje eg greier å oppsumere innhaldet i romanen betre enn den, og difor har eg bestemt meg for å gjere eit unntak og latt den få lov til å seie litt om handlinga i boka:

Denne romanens småby er Flätnäs, et søvnig sted ved kysten sørvest for Helsingfors. I 1994 blir en ung mann funnet myrdet her, og kort tid etterpå en tenåringsjente. Politiet står fast. Snart mistenkes en og arresteres, snart en annen, uten at noe avklares. Småbyens mer skjulte sider til syne: Et selvmord setter dype spor. En ung jente i en rullestol har merkelig makt over mange barn. En annen tenåringsjente har et forhold til en kommunepamp. Først i 2011 er det tid for oppklaring. Det skjer i et middagsselskap der uventede gjester dukker opp.

Eg jobbar på ein bokhandel kor me meir eller mindre har plassert alle innbundne kriminalromanar som ikkje er nyheiter i ei hylle. Det er ikkje så frykteleg mange, og difor er det lett å ha eit greit overblikk. Når så dette omslaget dukka opp i hylla med tittelen Lola oppned, gjorde det meg meir enn litt nysgjerrig. For det er heilt klart at det er noko ved omslaget, noko spesielt og særiege. Noko som fanger merksemda.

Tom Egeland skreiv i ei bokmelding i VG 21. mai i år:

Monika Fagerholms «Lola oppned» kan leses som en lek med krimsjangerens klisjeer – eller som en litterær roman som effektfullt låner noen av thrillerens særtrekk.

Eg trur eg landar på alternativ to. Det er ein litterær roman, og den har heilt klart thrillersærtrekk. Eg ville ikkje ha plssert romanen i krimsjangeren, fordi mysteriet ligg i bakgrunnen. Det er eit stort spørsmål kven som er drapsmannen, men samstundes får ein òg bli kjent med så mange andre og livet i Flatnäs. Først tenkte eg at hovudpersonen var Jana Morton, men etterkvart forstod eg at hovudpersonen er Flatnäs. Hovudpersonen er tenåringane i Flatnäs på 90-talet. Kanskje aller mest Ca, eller kanskje aller mest Minni, eller… Nei, eg veit ikkje, for det er så mange viktige aktørar som spelar inn i liva dei til ulike ungdommane. Det er ei litt komplisert bok.

Eg vil kanskje seie at Ca er ein av dei viktigaste personane i romanen, sjølv om ho ikkje er hovudperosnen. Grunnen? Ho er der heile tida, spring mellom karakterane, får dei til å undre seg, står i sentrum av hendingane, er den mystiske ein ikkje får heilt taket på, den rotlause som eigentleg ikkje har nokon stad. Ho er søstera til Anita i Møllen, jenta som sit i rullestol og har ei merkeleg makt over barna i området, ho er elskaren til ein kommunepamp, ho er litt utanfor gjengen, men samstundes i gjengen som eit samtaleemene eller heilt i gråsonen. Ho er kanskje den mest spennande karakteren i romanen og den det er mest mystikk rundt. Men du har òg alle dei andre som svirrar rundt med sine problem og sine tankar. Romanen er fortalt i tredje person kor ein hoppar rundt forbi utan at det er forvirrande. Ein veit alltid litt meir enn karakterane, men likevel ikkje nok til å gripe alt, til å forstå alt som skjer.

Då eg var i Oslo i juli, måtte eg innom Eldorado, og heilt seriøst, det er eit Eldorado. Særleg forbokelskarar. Det er nesten litt stolt eg kan seie at eg ikkje var den som kjøpte flest bøker, faktisk berre to. Men blant dei to var det ein forfattar som er bitte bitte bitte litt viktig i dette innlegget.  Gjett ein gong, eller nei, det treng du ikkje. Det var Monika Fagerholm. Eg fann hennar roman Den amerikanske jenta. Eg er veldig spent på den, sidan Lola oppned var så god og original. Men kvifor så god og original. Av og til har ein tendensar til å strø om seg med uttrykk og adjektiv som kanskje ikkje seier så mykje fordi det er brukt før.

Jo, bok var god og original, fordi:

  • Karakterskildringane og utviklingane til karakterane er unike. Ein skildrar ikkje gjennom adjektiv, men gjennom verb og dialogar. Utviklinga følgjer gjeremåla, hendingane og det karakterane seier og tenkjer. Ikkje berre: «I motsetning til i går var Minni blid i dag.» Nei, ein forstår ut frå hendingane, verba som er brukt og tankane til Minni at ho er blidare i dag enn i går. Forfattaren har gjort det så riktig. Samstundes er det dette ugripelege eg har vore innpå. Alle karakterane er hovudpersonar, men eg føler alltid at dei skjuler noko for meg som lesar. Eg føler at eg er der kor dei er, men det er ei tåke mellom oss, som gjer at eg ikkje når heilt fram.
  • Lokalsamfunnet blir vist utruleg godt. Her har ein med alt frå eit lokallsamfunn som ein del romanar har: Rike karakterar, misslukka karakterar, missunnelege karakterar, ulukkelege karakterar. Eg synes det liknar litt på det lokalsamfunnet Rowling skildrar i The Casual Vacancy, på ein måte, men ikkje på alt. Der er motsetningane veldig tydelege. Karakterane tårer å vise det. Her er det som om alle veit kven alle er, alle veit kva dei meiner om kvarandre og kva andre meiner om dei, men dei dekkar over det. Det ligg alltid der og byggjer usynlege murar mellom dei, men dei ser på ein måte ikkje ellefanten i rommet. De forstår kanskje kva eg meiner? Dei vil ikkje sjå hovudproblemet. Alle veit at den og den karakteren har eit forhold, men dei snakkar ikkje om det. Alle veit alt om alle, men dei latar som om dei ikkje gjer det. Samstundes skapar det jo òg ei spenning når det kjem fram løyndommar som ingen veit noko om. Kvifor? Kanskje fordi dei føler seg svikta på ein måte. «Eigentleg veit eg jo ikkje dine løyndommar, i alle fall ikkje når me treffer kvarandre, men så gjer eg det likevel.» Tankegangen til mange karakterar i denne romanan. Og så dukkar det opp noko uventa og dei tenkjer: «Kvifor har ingen sagt det?» Eller kanskje heller: «Kvifor veit eg ikkje det allereie sjølv om ingen har sagt det?»
  • Fordi språket er utruleg bra. Språket er levande og har akkurat den effekten eg trur forfattaren håpa det skulle ha. Litt ugripeleg og litt for å vise avstand, men samstundes eit språk som tek deg med kor hendingane skjer. Eg greier ikkje heilt å forklare kvifor.

Om nokon faktisk vil kalle denne romanen ein kriminalroman, som ein gjer der eg jobbar, synes eg i så fall det må vere ein kriminalroman av ypparste klasse på mange måtar.

 

Og så over til noko anna enn bokmeldinga av denne romanen:

Unnskyld, unnskyld, unnskyld. Alle mine løfter om kontinuerleg blogging har blitt brotne go det er over ein månad sidan eg vart ferdig med denne romanen, og innlegget kjem idag! Det er ikkje heilt haldbart. Eg har verkeleg noko eg må jobbe med. Men, eg vil gjerne skulde på noko:

  • Arendalsveka
  • Skulestart
  • Jobb
  • Fødselsdag
  • Køyretimar

Sidan eg byrja  å skrive dette innlegget har alt dette skjedd. Frp 11.-14. august var eg i Arendal på den bitte litt berømte Arendalsveka. Heilt fantastisk å vere der for eit over gjennomsnittleg politisk engasjert menneske. Eg må tilstå at eg helsa på Ketil Solvik Olsen, og eg må tilstå noko som nesten er endå verre: Eg syntes at han var ein utruleg koseleg person. Ja, til og med FrParar kan vere det, og samferdselsministeren er utruleg koseleg på så mange måtar. Eg snakka ikkje mykje, men stod berre i bakgrunnen og høyrte på ein samtale mellom ein KrFU-venn og samferdselsministeren i Noreg. Jaja, så har eg gjort det og kan krysse av «Møte statsråd» på 127-ting-eg-vil-gjere-før-eg-døyr-lista, den lista som ikkje eksisterer…

Det har vore skulestart, og det var gøy å møte alle. Eg har nok ein gong byrja året med å legge meg til vanar som å sitje same plass i klasserommet, sjølv om det er ein time eg ikkje har fast plass i. Eg har byrja å gjere lekser, og eg har byrja å synes at lekser er litt sånn: «Åhr, vil ikkje». Med skulestart startar jo òg alt anna opp, som til dømes dans og styremøter og alt anna gøy. Plutseleg gjekk eg tredje vidaregåande, plutseleg skulle eg bestille russeklede til våren, plutseleg var det russeweekend, og plutseleg var eg andre nestleiar i Rogaland KrFU… Alt dette kom med skulestart.

Ein annan gledeleg nyheit for meg, men kanskje ikkje for bloggen: Eg har byrja å jobbe fast og er deltidstilsett på Ark Bokhandel Kvadrat og jobbar annankvar laurdag.  Om nokon lurer, bloggen skal ikkje bli meir retta mot det du kan få kjøpt på Ark av den grunn. Men i det minste liker eg jobben min. Eg liker å anbefale bøker, stå bak kassa, møte folk, og eg misliker at det tek to timar å reise heim på laurdagar frå Kvadrat…

Og så, EG ER 18 ÅR! (What?) Ja, det er litt uforståeleg. Plutseleg er eg «vaksen», i alle fall på papiret. Eg er myndig òg. Kva skjer med verda, liksom? Går i alle fall ikkje framover med den no… Ok, skal slutte å tulle, men det er litt kult at eg har blitt atten. Litt.

Ein annan ting, som sjølvsagt kjem med at eg er atten, og som er knytt til det siste punktet som heiter «køyretimar»: Eg bestod førarprøva i går.  Eg kan køyre bil. Aleine. Utan L. Utan ledsagar. Det er deileg å ha lappen, og til og med på første forsøk. Det var ikkje rein glede eg kjente på då eg fekk den. Det var heller det at eg var letta. Åh, så godt det var å høyre frå sensoren: «Da kan jeg gratulere deg med bestått førerprøve». Skitt! Det er dette eg har sett fram til kjempelenge, og no er det over.

 

Ja, ok, så kva med bloggen? Det går sin gang.Somme gonger er eg litt meir travel enn andre gonger, men eg trur de har forståing (håpar eg); og eg les, og eg tenkjer gjennom innlegg, men det er det å få det ut som er litt vanskeleg. Ut på bloggen. Eg har faktisk lese nokre bøker òg. Mockingjay av Suzanne Collins, The Silkworm av Robert Galbraith. Held på med Til Jacobs forsvar av William Landay. Og eg er ferdig med min første klassiske roman på engelsk: Sense and sensibility av Jane Austen.

 

Advertisements

2 thoughts on “Fagerholm, Monika: Lola oppned (Forlaget Oktober 2014)

  1. Det høres ut som du har det virkelig travelt 🙂 Men så har du fått være med på mye og!
    Boka du skriver om må jeg ta en titt på. Den hørtes spennende ut 🙂

  2. Jeg forelsket meg i Fagerholm etter at jeg tidligere i år leste Den Amerikanske Jenta. Ble helt bergtatt av boka og språket, og er nå, uten å ha lest flere (ennå) blodfan. Jeg var på flere tilstelninger med henne under litteraturfestivalen på LIllehammer, der hun stort sett snakket om Lola. Småstadskrimmen som hun kalte den. Slarv var vel ordet hun brukte mest.
    Gleder meg til å lese den – og gleder meg at du likte den.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s