Allende, Isabel: Ripper

Isabel Allende har etterkvart blitt eit kjent namn i litteraturverda. Sjølv har eg berre lese ein roman av henne, Maya, men den var 18090150til gjengjeld god. Då eg høyrte at denne boka skulle vere ein kriminalroman, eller i alle fall vere litt krimaktig, måtte eg lese den òg. Ein tendens ein kan sjå i litteraturen er at kriminalromanane påverker andre romanar. Folk vil ikkje kenger lese bøker utan «mål og meining». Dei vil ha eit mysterium, noko ein skal finne ut av, kanskje ein drapsmann. Øydeleggjer det litteraturen?

Amanda Martín er ei jente som er oppteken av litt uvanlege ting, som til dømes å løyse mysterier. Saman med ei gruppe personar ho har kome i kontakt med over internett prøver å ho løyse drap i San Fransisco. Spelet blir kalla Ripper. Ein annan viktig person i romanen er Indiana, Amandas mor, som absolutt ikkje liker Ripper. Kvifor kan ho ikkje vere oppteken av andre ting? Er det sunt for ei ungdomsjente å vere oppteken av drap? På andre sida sit bestefaren, Indianas far, og oppmuntrar denne «harmlause» leiken, og han er gjerne med sjølv. Den store draumen hans er nemleg å utgi ei bok ein vakker dag. Bob Martín må eg heller ikkje gløyme, Amandas far, jobbar i politiet. Jo, her har ein vel dei viktigaste karakterane.

Det byrjar med eit drap, i november, og held fram med eit i desember, eit i januar osv. Dei er svært ulike, og det ser ikkje ut til å vere nokon faktor som binder dei saman. Alle teoirar om ein seriedrapsmann er fåfengte, eller kanskje ikkje? Amanda fattar interesse for drapa, og faren Bob er både ufrivillig og frivillig, frå hans side, ei god kjelde til informasjon. Er det samanheng mellom drapa, eller er det ikkje? Seriedrapsmann-litteraturen har blir utruleg vanleg, og særleg det å knytte noko psykologisk til personen som utfører det. Personen har ei slik psyke, har hatt ein slik barndom, er av det kjønnet og alt anna som ein bør vite om ein person som går rundt og dreper andre. Denne romanen sparer oss til ein viss grad for dette, ved at det faktisk ikkje ser ut til å vere ein seriedrapsmann. Heldigvis vil eg seie. Den derimot ikkje sparer oss for er inngåande skildringar av andre karakterar. Indiana. Amanda. bestefar (som sjølvsagt heiter noko anna enn bestefar, men kva kan eg ikkje hugse. Boka er på biblioteket….), Ryan Miller, Alan Keller, Bob Martín og elles ein haug med andre personar. I Byrjinga kan det verke heilt bak mål å ta med skildringar av så mange ulike karakterar, og så inngåande.

Indiana er litt frisinna kan ein vel seie. Ho jobbar med det ein vil kalle alternativ medisin på ein klinikk. Fleire av pasientane som kjem til henne blir skildra detaljert. Kvifor då? Kvifor skal alle karakterar bli skildra på den måten? Flinke, profesjonelle og rutinerte forfattarar som Allende veit kor dei vil, eller i alle fall veit ho det. Det er ikkje bak mål. Det kan verke slik i byrjinga, men etterkvart ser ein at opplysningane er nødvendige. Med fordel kunne det ha vore kutta ned litt på Ryan Miller og hunden hans, og kanskje òg på Alan Keller og familieproblema hans, men utanom det, viser Allende seg til å vere ein målretta forfattar som dreg alle viktige karakterar med frå byrjinga av. Ho gjer dei interessante, og eg synes eg kan sjå eit særtrekk ved karakterane hennar berre ut i frå Ripper og Maya. Kva då? Jo, dei er uperfekte. I tillegg har ho tydelegvis sansen for karismatiske personar som ikkje nødvendigvis er religiøse, men meir alternative. Indiana, som er mot til Amanda, bestemora til Maya. Dei er begge litt spesielle. Amanda derimot er logisk og teoretisk. Korkje noko religiøst eller karismatisk ved henne. Nei, eg seier ikkje at religion er ulogisk og ikkje teoretisk, men det er ein stor kontrast mellom henne og mora. Likevel er dei glad i kvarandre og vil den andre det beste.

Handlinga, kva med den? Krim eller ikkje? Romanen har heilt klart litt krim i seg. Mysterium er jo sjølve særtrekket til ein krim, men eg vil påstå at denne romanen ikkje er ein kriminalroman. Kvifor? Det blir litt vanskeleg å forklare, men eg skal prøve. I ein kriminalroman startar ein med eit lovbrot som utgangspunkt. Så kjem spørsmåla: Kven, kva og kvifor? Kven har gjort det? Kva har skjedd? Kvifor? Så vil resten av romanane nærme seg svara på desse spørsmåla. Sjølv om Ripper til ein viss grad har som mål å løyse eit mysterium, har den kanskje eit endå meir overodna mål: At karakterane skal finne ut kven dei er, kva dei vil, kvifor dei vil dette. Hovudtemaet er lagt til karakterane og ikkje mysteriet. Etterforksinga er ikkje konstant med i handlinga, men det er derimot relasjonane, personlegdommane og liva til dei dette handlar om. Det er noko meir djuptgåande ved denne romanen enn spørsmålet om kven som er drapsmannen.

Allende er dyktig, og eg kan ikkje gjere anna enn å gi henne skryt for denne boka. Berre spelet Ripper som Amanda Martín driv for å oppklare drapa er interessant nok i seg sjølv og ein original måte å etterforske på. Likevel, den mangler det litle ekstra på andre måtar. Språket er bra, skildringane er heilt etter etter boka, og romanen kan vel klasifiserast som grei litteratur. Men eg vil seie at mysteriet «dreper» litt det fantastiske ved den. I alle fall det at mysteriet på ein måte tek stor plass, men på den andre sida ikkje tek så mykje plass som i ein kriminalroman. Maya var meir rå og spesiell. Men om ein samanliknar med den heilt gjennomsnitlege kriminalromanen, er denne mange gonger betre.

Forresten, Ripper har blitt gjeven ut på Gyldendal med tittelen Amandas gåte.

3 thoughts on “Allende, Isabel: Ripper

  1. Dette hørtes ut som en bok jeg ville like. Jeg har lenge tenkt å lese Allende, men hun er en av forfatterne som har glidd av leselisten min. Hvorfor? Jeg aner ikke, det er vel bare ikke plass til alle tenker jeg. Det er godt at du sier den er på biblioteket, for da kan jeg bestille den med en gang 🙂

    • Eg òg har ei laaang liste med forfattarar som eg vil og sikkert burde lese, men som eg ikkje har lese noko av. Eg har prøvd å gjere noko med det, men det kjem alltid noko nytt.
      Eg håpar du vil like «Ripper» 🙂 Ha ei fin helg!

  2. Tilbakeping: Fagerholm, Monika: Lola oppned (Forlaget Oktober 2014) | Once Upon A Time

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s