Collins, Suzanne: Catching fire – eit litt annleis innlegg om ein roman

Nokre ungdomsromanar er rett og slett det ein kallar for geniale. Geniale, originale og spesielle. Adjektiv er 12510082noko ein kan strå litt for lett rundt seg når ein er heilt bergteken av nokre bøker. Det er derfor eg skal prøve å i staden lage ei litt «uvanleg» bokmelding av dystopien Catching Fire, bok to i The Hunger Games-serien av Suzanne Collins. 

Med «uvanleg» meiner eg slik som med den førre romanen i serien, The Hunger Gamesfor å unngå berre repetering av det andre har skrive om romanen. Grunnen er at Catching Fire uansett treng eit innlegg, den fortener det. Det er ei bok som ikkje berre er skjønnlitterær, men som òg har fleire parallellar til verda me lever i. Om den første romanen skreiv eg dette:

Eg bur ikkje Oslo, og takk for det. Likevel har eg alltid ei kjensle av at “alt” skjer i Oslo, “alt” er i Oslo og ein “må” til Oslo for å oppleve verkeleg store ting. Capitol har alt, og der skjer det meste i landet Panem. Panem var tidlegare Nord-Amerika og Capitol ligg ved Rocky Mountains med tolv disitrikt rundt seg. Eg bur vel kanskje i eit distrikt i Noreg sidan eg bur på Jæren. Likevel trur eg ikkje at eg kan kjenne meg igjen i den håplaus situasjonen mange kjenner på i distrikta i The Hunger Games. Eg trur Capitol og distrikta er eit bilete på noko anna. Dei fleste folka i Panem bur nemleg i distrikta og ikkje i Capitol. I Capitol bur dei rike og velståande som har råd til å sponse døande ungdommar på ein arena, og på toppen av alt ser dei på det som underhaldning.

Mange av distrikta er fattige, og i alle fall Distirkt 12 kor Katniss høyrer heime. Det er snakk om å få ekstra “lodd” når dei vel ut deltakarane i The Hunger Games for å få meir mat. Det er snakk om å bryte loven om å ikkje gå utfor gjerdet, for å faktisk ha mat. Har ein ikkje ein person som verkeleg arbeider for mat på bordet, er det vanskeleg. Det viser historia til Katniss, Prim og mora. I forhold til Capitol som lever i overflod har Distrikt 12 ingenting. Har eg som bur på Jæren ingenting? Nei! Eg lever i overflod. Eg trur at den vestlege verda, og no er eg i vår verd, må “ta ansvaret” for å vere Capitol. Det smerter, men det er slik det er. Me har alt og mykje meir. Me trenger ikkje å tenkje på at maten er for dyr eller at me ikkje har klede nok til å varme kroppen. I tillegg har me kanskje blitt veldig likegyldige i forhold til andre. “Å, døyr det folk i den Sentra-Afrikanske republikk?” Kan òg seie at oljefondet til Noreg er ikkje heilt reint om ein tenkjer på dotterselskap og våpen. Flesteparten av personane i Panem svelt og har det heilt grusomt. Ein stor del av verdas befolkning svelt òg Eg skal ikkje legge skjul på at talet på barn som døyr går ned eller at det faktisk er mykje positivt som skjer. Likevel må ein berre sjå at romanen viser den ignoransen vestlege ber med seg. Me sit og les serien og tenkjer: “Capitol er berre for forferdelege og horrible”. Og så er det oss.

Dette er like aktuelt for Catching Fire. Capitol har stramma grepet om distrika endå meir, og rundt om i Panem byggjar det seg opp mot opprør. Katniss og Peeta skal ut på turné i distrikta etter sigaren i The Hunger Games, og dei veit at medan dei er på turné må dei sjå inn i auga på familiane til dei som vart drepne i arenaen. Heile opplegget til Capitol gjer meg kvalm, akkurat slik som det gjer Katniss og Peeta kvalme. Eg har skrive at Capitol kan vere ein parallell til oss, til vesten, men no ser eg òg at det kan vere ein parallell til diktatura rundt om i verda. President Snow er ikkje berre ein dystopisk figur i eit oppdikta land. Han er andletet og representaten til alle diktatorar som undertrykker befolkninga og skjelv i buskene ved kvart minste opprør. No byggjer det seg opp mot revolusjon.

Etter Den arabiske våren 2011 trur eg me veit kva revolusjon kan bety. Om ein ser på Tunisia, Egypt, Libya og Syria, og kanskje òg Ukraina til ein viss grad, sjølv om det ikkje ligg i Midtausten, ser ein at det er i høgste grad eit aktuelt tema.  Revoulsjon er ikkje berre det som skjedde i Frankrike i 1789 eller i spania i 1936. Revolusjon kan skje når som helst. Collins har laga aktuelle bøker.

Noko av det eg liker best er den «menneskelege» sida ved Katniss Everdeen. Heltinner har lett for å bli tøffe og uredde, men Katniss er heller bekymra og nølande. Eg er sikker på at ingen opprørsleiarar som har protestert mot styresmaktene har gått inn i det utan å kjenne på redsle eller frykt. I alle fall nesten ingen. Liu Xiabo, Martin Luther King Jr. og Aung San Suu Kyi er menneskelege, og ein eller annan gong må dei ha frykta for liva til dei som stod dei nært. Kom ikkje her og fortel meg at heltane gjekk inn med hovudet heva frå første stund, sjølv om det kanskje verkar slik. Det kostar å kjempe for ei sak, noko Katniss viser.

Before I go down to face this new life, thoughI take some time making myself acknowledge what it will mean. Less than a day ago, I was prepared to head into the wilderness with my loved ones in midwinter, with the very real possibility of the Capitol pursuing us. A precarious venture at bes. But now I am committing to something even more risky. Fighting the Capitol assures their swift retaliation. I must accept that any moment I can be arrested. There will be a knock on the door, like the one last night, a band of Peacekeepers to haul me away. There might be torture. A bullet through my skull in the town square, if I’m fortunate enough to go that quickly. I imagine these things and I’m terrified (…) 

Now comes the harder part. I have to face the fact that my family and friends might share this fate. Prim. I need only to think of Prim and all my resolve disintegrates. It’s my job to protect her. I pull he blanket up over my head, and my breathing is so rapid I use up all the oxygen and begin to choke for air. I can’t let the Capitol hurt Prim.

The Hunger Games side 138-139

Menneskelege tankar om det å gjere opprør. Det å ville ha alt: Ein god stad å bu, eit «demokratisk» styre og venner og familie. Det blir sett ord på veldig bra. Katniss kjem òg etterkvart fram til at Capitol allereie har skada Prim. Dei har allereie gjort det ved The Hunger Games, ved at ho svalt då ho var mindre og ved at faren døydde. Det felles beste, om ein revolusjon lukkast, mot familieliv og tryggleik. LIkevel er det ikkje berre berre for Katniss å leve vanleg når President Snow har auga på henne. Det er opprør i fleire distrikt, og ho er redd ho skal få skulda for det. «The Mockingjay» blir eit symbol på opprøret.

Over til noko anna ved «diktaturet» som herskarane utgjer. Ein av menneskerettane er:

”Ekteskap må bare inngås etter fritt og fullt samtykke av de vordende1 ektefeller.”

Eg skriv stadig vekk negativt om Twilight, og dette blir ikkje eit unntak. Kva er hovudpoenget med Twilight? Det er i alle fall ikkje djupt eller aktuelt eller viktig. Hovudpoenget er at Bella skal få seg kjærast. Blir det Edward Cullen eller blir det Jackob Black? Veldig spennande. Konflikt mellom gutane, fire romanar for å finne det ut, og til slutt blir det jo Edward. Som kompensasjon får Black dottera til Bella. I The Hunger Games er det òg eit kjærleiksdrama. Skilnaden er at det ikkje er ein egositisk jentunge i midten som berre tenkjer på kven som er rett for henne. Sanninga er at Katniss har så mykje å tenkje på at kjærleik er det siste ho orkar å gjere noko med. I tillegg må ho late som om ho er forelska i Peeta for å gjere publikum tilfreds. Gale har sagt klart og tydeleg at han elskar henne. Ho er forvirra, ho er redd, og i tillegg må ho gifte seg med Peeta for å overtyde distrika, Capitol og President Snow.

«Even if you pull it off, they’ll be back in another few months to take us all to the Games. You and Peeta, you’ll be mentors now, every year from here on and out. And every ear they’ll revisit the romance and broadcast the details of your private life, and you’ll never, ever be able to do anything but live happily ever after with that boy.»

The full impact of what he’s saying hits me. I will never have a life with Gale. I will have to be for ever in love with Peeta. The Capitol will insist on it. I’ll have a few year maybe, because I’m still only sixteen, to stay with my mother and Prim. And then … and then…

(…)

I’ll have to marry Peeta.

The Hunger Games side 50

Til sitatet frå menneskerettskonvensjonen: Katniss har ikkje noko val. Ho er i ein håplaus situasjon som på ingen måte liknar Bella sin. Ho er tvinga til å gifte seg med den eine, men veit egentleg ikkje om ho vil gifte seg med den andre heller. Ho har trass i alt eit opprør å tenkje på, og det at President Snow har lyst til å drepe henne.

The Hunger Games er ein god serie. Collins har verkeleg laga ein fantastisk serie, i alle fall til no, og om de ikkje har lese den før, så gjer det gjerne no. Eg nølte, men det hadde eg ikkje trengt og gjort.