Eggen, Torgrim: Berlin – det 20 årethundrets hovedstad (Cappelen Damm 2013)

Alle har det vel slik at det er ein verkeleg elskar, som ein berre  reise tilbake til, som ein må hugse, fordi dette er «min» by, den Forsidebyen ein verkeleg fell for når ein besøker den. Somme elskar New York med høge bygningar, Times Square og gule taxiar. Andre vender tilbake til London for å nok ein gong gå på Watersones, shoppe i Oxford Street eller sjå byen frå London Eye. Andre har kanskje meir eksotiske byar som Tunis, Granada eller Hanoi i tankane. «Min» by er Berlin. Eg har berre vore der to gonger, men eg elskar den. Den er ikkje spesielt fin. Det er stilbrot i alle verste form ein del stader, og det bir dagleg bygga og reparert område som er øydelagde av historia. Stilas overalt, litt reklame, eit Mercedes-skilt rett bak Gedäscheniskirche på Europaplass. Dei har berre klasja på litt her og der og set opp ein bygning litt rundt forbi. Nei, det eg verkeleg liker med Berlin er atmosfæren. Det er noko spesilt. Jo, eg har vore i London og shoppa på Waterstones (Det enda i Harry Potter and the Chamber og Secrets og Harry Potter and the prisoner og Azkaban av J. K. Rowling), og det var ein fin by og alt det der. Tower of London er spesielt og eg fekk med meg «pelsdottane» si marsjering utan for Buckingham Palace. Eg har til og med eit bilete av Big Ben. Men byen var så travel. Du følte liksom at du måtte gå i ekspressfart, trass i at det var skulefri og haustferie. Det blenka (neon)lys overalt, og dei stadig ulande sirene i sentrum stressa meg.

Eg skal ikkje seie at Berlin ikkje er stressande, at det ikkje finst sirener, men det er faktisk behageleg å vandre nedover Kurfürstendamm mot Gedäscheniskirche, det er rom for litt roleg sommartempo. I tillegg er det historia til byen. Det at ein nokså tydeleg kan sjå skilnaden mellom aust og vest, det at den har opplevd meir enn dei fleste andre hovudstadar. Eg greier ikkje å forklare det, men eg har prøvd. Det seier seg sjølv at eg ein eller annan gong måtte lese ei bok om denne byen. Biblioteket hadde laga eit bord for reisebøker med eit skillt ala: «Skal du ut å reise i sommar?» (Noko sånt, hugsar ikkje nøyaktig kva det stod). Der stod Berlin – det 20. århundrets hovedstad av Torgrim Eggen. Eg skulle jo ikkje ut å reise, så det var litt nølande eg tok boka med til skranken. Eg skal innrømme at eg tenkte: «Dei fleste skal vel til Mallorca?» Så eg tok den med, og allereie frå første kapittelet vart eg sitjande å tenkje: «All informasjon ein kan presse inn i hovudet på ein person!» Med eit utgangspunkt i 9. november – dotteras bursdag – startar handlinga.

9. november er datoen for ei heilt rekke hendingar i Tysklands og Berlins historie. Eg skal ikkje ramse det opp, men det er sikkert mykje på Wikipedia. Likevel anbefaler eg dykk å lese om det i boka. Mange bøker har ein tendens til å bli litt detaljerte, og særleg dokumentarar. Eg skal ikkje seie at denne ikkje var det, men det var ikkje vanskeleg å henge med. Eg skal innrømme at eg falt litt av på alle desse stjernene, men det var så mykje interessant. Eg las mykje berre på grunn av kunnskapsnivået. Sjølv om eg har gløymte å kva årstal David Bowie budde i Berlin, kan eg i alle fall sitje igjen med at Eggen har ein hjernekapasitet som folk flest ikkje har . Alle detaljar, all informajson, årstala, og det at han har teke med hendingar frå 2013. Boka er utgjeven i 2013, og det vitnar berre om ei stor interesse at han får med seg så mykje. (Han bur jo Berlin då…) Når ein òg tenkjer på at han har skrive ei nokså lik bok om Manhattan. WOW!

Skildringane hans av Berlin kjem både får erfaringar, refleksjonar, antagelsar og kunnskap. Dei er levande, morosamme og det er greit med informasjon. Ikkje for mykje og ikkje for lite. Eg trur det eg liker aller best med boka er at det er lite banalt og enkelt. Det er lite overflatisk. Den går i djubda på det viktigaste, og har i tilegg ein del fakta som ein aldri har høyrt før. Kanskje det er det som er kjent som «fun-facts». Han har med både kjente og ukjente personar, men som likevel er «kjendisar» og på ein måte har utmerka seg. I tillegg har han med nesten alt; revolusjonen, mellomkrigstida, valet i -33, 2. verdskrig, den kalde krigen, Berlin-muren, kunst, mat, musikk, film, litteratur, arkitektur, S- og U-Bahn, divaar, og elles alt anna ein kan komme på å ha med i ein roman om Berlin.

Likevel, to ting irriterte meg:

1) Fotnoter: Fotnoter med ekstra informasjon er veldig distraherande. Du ser linja heilt nedst på sida og sit og leiter etter det litle talet medan du les. Når du finn det hoppar blikket ned til fotnota for å lese, og så tilbake. Det var minst 100-200 fotnoter. Ein ting er for å oppgi kjelder, men ein annan ting er tilleggsinformasjon på lengde med eit lite avsnitt. Mitt ultimatum til alle forfattarar: Enten integrer det i teksten eller dropp det. Det er distraherande.

2) David Bowie: Kva har han med Berlin å gjere? tenkjer du kanskje. Det gjorde eg òg, og svaret fekk eg i alle fall. Han budde i Berlin, og det er via side opp og side ned for å skildre David Bowies opphald. Han er kanskje ein kjent person som har budd der, men eg er sikker på at han vart nemnt fleire gonger enn Hitler, og det var i alle fall fleire sider om han. Kanskje det er fordi Hitler allereie er kjent, men den held ikkje for meg. Personleg er eg av den oppfatninga at det er personar som er mykje viktigare for Berlin på 1900-talet enn David Bowie

Det er vanskeleg å lage bokmeldingar av dokumentarar, men eg har gjort eit forsøk, ingen kan ta meg på det. Trass i dei to siste punkta, les boka. Om ikkje anna, hopp over David Bowie. Fotnotene irriterer kanskje ikkje andre like mykje (håpar eg)

One thought on “Eggen, Torgrim: Berlin – det 20 årethundrets hovedstad (Cappelen Damm 2013)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s