Heile historia bak dette innlegget byrja med at sakna ho her:
Eller kanskje rettare sagt bøkene hennar. Dette er Lisa Jewell, forfattaren bak The Making of US og Before I Met You som eg las i fjor og forfjor. Ho skriv kanskje dei mest klisjéaktige eg har lese. Dei er enkle, lette og kanskje det nokon vil kalle typiske sommarromanar. Kvifor? Du treng ikkje bruke meir enn 1% av hjernen fin for å forstå kva som faktisk skjer. Og eg liker dei. Jo, eg er flau over det, men desse bøkene les eg. Det byrja med at eg sakna bøkene hennar, fordi sommarkjensla kjem berre eg tenkjer på dei. Det er eit eller anna med slike «light»-romanar som hennar som gjer at dei automatisk kvalifiserer seg til å vere sommarbok. Eg forstår det, men likevel forstår eg det ikkje i det heile teke. Kvifor skal Lisa Jewell vere meir kvalifisert enn Jon Fosse til å skrive sommarromanar?
Bileta over her irriterer meg. Det er henta frå Gyldendals sommarkatalog og er eit klassisk eksempel på det eg vil fram til i dette innlegget. Bøkene på det første er skrivne av forfattarar som er skrivne retta mot damer. Dei er romantiske, klisjéfulle og er primært retta mot kvinnelege lesarar som er svake for fine omslag. Det er eg òg. Over bøkene står orda «sommerbok, kosebok, strandbok, togbok, pocketbok». Jo, fint det, dette er bøker som rekna for sommaren. På det andre biletet er det kriminalromanar med namn som Horst, Brekke og Forbenius. Orda «Grøssebok, kafébok, veskebok, sofabok, pocketbok» står over desse. Odinsbarn er jo ei ungdomsbok. Likevel, det som irriterer meg mest er fargane og stemninga på bileta. Kvinner skal sitje ute eller på toget og lese Katherine Webb og Herbjørg Wassmo, medan dei mindre romantiske skal sitje inne i torevêr og lese Åsa Larsson. Det var nok litt svart kvitt, men det gir jo inntrykk av at ein kan ikkje lese kriminalromanar på stranda, nei, for dei skal lesast på sofaen i stygt vêr, og så skal du grøsse medan du les. Grøsse inne, kose ute.
Eg ville ikkje anbefale sommarbøker i år, for eg trur ikkje det finst sommarbøker. Det som butikkane, forlaga og fleire andre kallar sommarbøker er retta mot at ein skal ligge på stranda om sommaren, eller kanskje på ei solseng, og lese dameromanar ein ikkje treng å forstå. Ein treng ikkje å forstå fordi alt står rett fram. «Sommarromanar» er retta mot at ingen gidder å bruke hjernen på ferie. Då eg var i Antibes for eitt år sidan hadde eg med meg Rileys Light Behind the Window, Jewells Before I Met You, Lippestads Det vi kan stå for og McDermids The Vanishing Point. Eg kan seie at to av desse fire bøkene hadde aldri vore kvalifisert som sommarbøker. Dei hadde aldri fått ein lapp på seg med «årets sommerbok». Likevel sat eg på solsenga ved bassenget i Antibes og las Lippestads bok. Det var kanskje rundt 4. juli. Meir sommar kan du ikkje få det.
Sommarbøker finst ikkje. Det er ein myte, akkurat som påskekrimen. Det er berre eit bilete me har konstruert av kva som bør lesast i visse feriar, og så blir det marknadsført gjennom desse bileta. Jo, eg saknar Jewell, kanskje fordi det er sommar, men òg fordi det er lenge sidan eg har lese bøkene hennar. Men eg lever fint med å lese Berlin – det 20. århundrets hovedstad av Torgrim Eggen.
Og rett før eg skulle til å publisere innlegget ser eg på Facebook New York-bekjennelser – ÅRETS SOMMERBOK!
Hei!
Dette innlegget synes jeg faktisk var ganske morsomt- og jeg kan kjenne meg litt igjen fra mine yngre mer ideologiske dager! Nå har jeg nok blitt langt mer overbærende, og lar meg ikke hisse opp over at reklame er stereotyp- det er jo det som ER reklame! Forenkle og friste… Hvis bokreklame kan få noen flere til å lese ei bok i løpet av sommeren, er vel hensikten oppnådd tenker jeg, og at bøkene blir sortert og presentert på en litt lettvindt måte skader ingen ;o)
Håper du får en fin lesesommer, med både krim og lettfordøyelige/ fornøyelige sommerbøker!
Jo, det er nok litt ideologisk, og eg veit at reklamen kan vere «kynisk», og ja, den er òg stereotypisk. Men ein kan jo sjå at aviser som har nokså seriøse litteratursider òg gjerne fortel kva romanar ein bør lese på sommaren, og sjølvsagt kva påskekrim som er «in» i år, og heile meininga med innlegget var å poengtere at den perfekte sommarromanen eksiterer ikkje. Kanskje vil eg sjå tilbake om nokre år på dette innlegget og tenkje at eg heller burde ha vore meir overberande, men eg er nok ikkje einig med deg i at berre ein kjøper bøker er det bra. Riley, Morton og mange andre «sommarforfattarar» er ikkje det eg vil kalle litterær kvalitet, men uansett, det fremmar kanskje leselyst?
Uansett, takk for kommentar, og eg håpar du òg får ein fin lesesommar! 🙂
Det er litt rart dette med sommarbok, at som du skriver så skal ein la hjernen få kvile og la humla suse medan du les. Det er jo om sommaren (om ein har ferie då) at ein faktisk har tid til å lese meir enn eit kapittel om dagen, og det er jo då eg ville anbefalt ein skikkeleg feit klassiker som Anna Karenina eller Bleak House. Ypperlige sommarbøker!
Aldri betre tid til å ta til på dei skikkelege mursteinane enn på sommaren, eller i alle fall dei litt tyngre. Men det strir kanskje i mot det at nordmenn skal ha FERIE, og ikkje berre frå arbeidet, men fri frå alt som er «slitsamt».
Jeg er ganske så enig med deg i at reklamen er stereotypisk, men sånn er engang reklame. Jeg er som Berit blitt så gammel at jeg bare konstaterer at det er sånn 🙂 En sommerbok for meg er den boken jeg velger å lese om sommeren. Noen ganger har jeg valgt ut bøker som man, som du sier, må bruke 1% av hjernen på. Mens andre ganger velger jeg «tyngre» litteratur. Det kommer ann på hva jeg har lyst til. På mandag drar jeg til Spania og på flyet skal jeg lese fantasy og i kofferten har jeg både Herr Flikrys litterære liv og Murakamis 1Q84. Lett blanding altså 🙂
Eg klarer aldri å slå meg til ro med at «det berre er sånn» 🙂 Men god tur til Spania, og kos deg uansett kva bok du har med. 😀