Å lese på tysk

Eit av dei første engelske orda eg lærte var sandkasse (sandpit). Det hadde seg slik at slekta fekk besøk frå USA, eg skulle lære meg nokre ord engelsk (fire år gammal), og eg var nok litt vel ambisiøs. Kva heiter ripsbusk på engelsk? Kva heiter gyngestol? Korleis seier me ditt og korleis seier me datt? Eg trur ikkje alle engelsklærarar kunne ha svart, og eg må innrømme at gyngestol og ripsbusk har eg ikkje lært meg sjølv endå. Men sandkasse, det kan eg.

Heldigvis har språklæringa gått litt betre med åra, og no kan eg både skrive, lese og snakke engelsk. Den første boka eg las på engelsk trur eg må ha vore Felicity Learns a Lesson: A School Story. Eg var kanskje 12 år gammal. Nokre år tidlegare had1057263de eg fått bøkene til fødselsdagen, men det var første gongen eg varkeleg satte med ned og las ei av dei. Eg merka at det var eigentleg ikkje så vanskeleg, og eg fekk med meg samanhengen sjølv om nokre ord var litt uklare. (Det skal no seiast at eg lurte veldig på kva slags teselskap «The Boston Tea Party var…) Likevel såg eg at det gjekk, og eg har etter det merka at det er både givande, gøy og ikkje minst lærerikt å ikkje berre lese bøker på norsk, men òg på engelsk.

Eg jobbar i bokhandel og får ofte spørsmålet om kva bok ein bør lese for å lære seg å lese på engelsk. Mange tenkjer nok på bøker som dei om Felicity (American Girls-serien). Enkle bøker med låg kvalitet, men som kan lære noko. Eg hugsar ikkje bøkene om Felicity, men eg trur ikkje dei var gode. Det var heller ikkje det som gjorde at eg vart betre i engelsk. Spørsmålet eg plar å stille kundane mine er heller: «Er det ei bok du har lese på norsk du likte veldig, veldig godt? Ei som òg er utgjeven på engelsk?» Særleg ungdommar plar då å komme med bøker som Divergent, Dødslekene, Percy Jackson og lyntyven og Harry Potter-serien. Mitt tips er alltid: Les ei bok du likte godt på norsk på engelsk. Kvifor? Jo det er mange grunnar. For det første kjenner du historia og kan klare å henge med. For det andre likte du boka, og då er det meir motiverande enn å sitje med ei lettlestbok. For det tredje lærer du faktisk av det. Om du kan historia kan du konsentrere deg meir om språk og læring enn om du i tillegg må konsentrere deg om historia.

Det har blitt nokre engelske bøker i levetida til denne bloggen òg. Litt Harry Potter, litt Lisa Jewell og litt Val McDermid. Eg er nøgd med det i alle fall. Likevel, det eg endå ikkje har lese på engelsk er ein ekte klassikar. Eg har byrja på Jane Austens Pride and Prejudice, men den var litt for krevjande, og då las eg den heller på norsk. Eg klarte ikkje å fullføre Great Expectations av Charles Dickens, noko eg skal. Eg har lese A Christmas Carol då, men det er kanskje ikkje det vanskelegaste. Det har likevel skjedd eit vendepunkt, og det skjedde i Oslo 23. april 2014 på Ark Egertorget. Eg skulle berre ein svipptur innom for å sjekke om dei hadde En av oss av Åsne Seierstad. Nei, dei hadde ikkje boka der. Eg skulle til å snu meg og gå, og der, rett framfor meg, var det plutseleg eit bord med tekstsamlingar av fleire forfattarar, blant anna Sir Arthur Conan Doyle, Agatha Christie og Jane Austen. Innbunden form med grei skrift, illustrasjonar og fine omslag.

Fem minutt seinare stod eg utanför Ark ca. 80 kroner fattigare, men ein «murstein» rikare. No har eg kome nesten hundre sider in9780753724750n i Sense and Sensebility av Jane Austen på engelsk. Nei, det er ikkje langt, men det er langt nok, og eg sit ikkje og niles heile tida. Likevel, eg er glad i karakterane og er sikker på at eg kjem til å lese ferdig min første klassikar på engelsk. Og når eg er ferdig har eg framleis Emma og Northanger Abbey i same bindet, nettopp dei bøkene eg ikkje har lese av Austen. Vinn-vinn-litt-tap-situasjon. (Tap av tid og 80 kroner som eg ikkje saknar…) Det som er verkeleg greit med dette bindet er at skrifta ikkje er veldig lita. Ofte får ein slike klassikarar på engelsk i pocket-format, og då er skrifta lita, og det er i tillegg veldig tett mellom linjene. Det beste er å lese slike bøker i innbunde format slik at skrifta blir litt større og mindre tett og det blir lettare å konsentrere seg.

Eg har òg noko anna gåande som eg kalla «prosjekt tysk».  Det er eigentleg litt morosamt, for eg har berre ei kjensle av at Tyskland, Berlin og alt anna som kan vere tysk kjem i ein og same periode. For dei som ikkje har fått det med seg er noko som heiter fotball som føregår i Brasil no. VM faktisk, og det blir jo alltid litt snakk om VM. «Kven heier du på?» I 2010 fann eg ut at eg heia på Tyskland. Det berre vart slik, og etter det har eg heia på dei. Det er ikkje fordi eg har rekna ut sansynet deira for å vinne eller følgt dei så tett, men rett og slett fordi eg liker Tyskland generelt. Jo, så eg heiar på dei. I tillegg såg eg ein serie på tysk no nettopp som heiter Hotel Adlon, som eg trass i alle klisjear, og all elenda som hendte, likte veldig godt. Eg hadde òg bestemt meg for at eg skulle prøve å lese litt tysk denne sommaren, sjølv om eg er ferdig med tysk på skulen. Då eg skulle ha køyretime i Sandnes tok eg med meg Torgrim Eggens bok om Berlin, la den oppi ei veske kjøpt i Berlin (heilt tilfeldig) med namnet på turiststader som Brandenburger Tor, Potsdamer Platz og Charlottenburg. Etter køyretimen reiste eg inn til Sølvberget i Stavanger og lånte Harry Potter under der Feuerkelch og la oppi veska, og woops, litt meir tysk. Ja, eg les på tysk og det går fint. Poenget mitt er, les så blir du god i språk. Ikkje bry deg om alle mine småhistorier som spriter opp (eller ned) innlegget. Men, eg les tysk, og eg liker Tyskland, og eg liker Berlin, og eg liker å lese på engelsk og trur det er lurt å lese på andre språk.

Uansett, for å oppsummere dette alt for lange innlegget om å lese på andre språk enn norsk kan eg seie at tipsa mine er:

  • Begynn med ei bok du likte som du har lese på norsk, som du òg kan få tak i på engelsk
  • Finn noko i innbundne format, litt stor skrift med litt luft i mellom linjene, om boka er avansert
  • Lesing betrar språkforståinga
  • Eg håpar du heiar på Tyskland i fotball-VM

 

IMG_3314

Ampfelman helsar frå Berlin (Bilete teke i Berlin i september)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s