Les Mai Lene romanar om vampyrar, demonar, gudar og halvgudar, trollmenn, hekser og overnaturlege fenomen som berre er eit resultat av nokre fantasifulle menneske som har hatt eit sterkt ynskje om å få det ned på papiret? Nei, jo, kanskje. Eg har bevega meg inn i noko som kan verke som litt ukjent terreng. Nokre av dykk har kanskje fått med seg at eg nemner Harry Potter i ny og ne, rett og slett fordi Harry Potter er den beste serien eg har lese. Klisjé, men jo, eg må innrømme at eg liker serien. Dei som har følgt bloggen lenge veit òg at eg har lese Alyson Noëls serie om The Immortals, som eg endå ikkje har fullført, fordi det eigentleg berre er søppel. Eg har lese Twilight, og eg er ikkje stolt over at eg framleis kan sitje og sjå filmane. Å lese bøkene om igjen er fy fy. Om det er noko som ikkje er god litteratur er det Twilight. Det er ein ting som er positivt ved mi fantasy-lesing, og det er at eg alltid nøler før eg byrjar på ein serie. Eg venter i fleire år, og det gir veldig gode resultat. Romanane er ledige på biblioteket, særleg på engelsk, fordi dei er ikkje såååå populære lenger. Eg slepp å gå rundt å vente i ei æve på at romanane skal komme ut. Eg slepp å kapplese med alle andre som vil vere først til å fortelje frå boka. Jo, det er greit, men kanskje litt ugreit. Eg må innrømme at The Hunger Games har fått meg til å bryte ein av reglane mine. «Aldri sjå ein film før du har lese boka!» Eg har gjort det. Skrekk og gru, det er faktisk sant, men det beste er at eg korkje er skuffa over filmen eller romanen, og eg lever heilt fint med det.
For at de skal hoppe over det de ikkje vil lese av dette som sikkert blir eit langt innlegg, har eg laga litt overskrifter. Då er det lettare å sile ut.
Handlinga…
Eg trar dei fleste av dykk veit handlinga. Katniss Everdeen lever i distrikt 12, det fattigaste distriktet i landet Panem, kor ho frivillig tek plassen til litlesøstera, Prim, i Dødslekene, eller The Hunger Games. Ein gut og ei jente frå kvart av dei tolv distrikta blir plukka ut og førebudd til å kjeme på ein arnea. Berre ein person kjem igjen.
May the odds be ever in your favor
Parallellar…
Eg veit ikkje om de har høyrt om gladiatorkampane i romartida. Det liknar nokså mykje. Gladiatorkampane var for mange rein underhaldning. Vanlege innbyggjarar i romarriket kunne komme og sjå på menn som kjempa, enten mot dyr eller mot ein annan person. Den største skilnaden mellom dette og The Hunger Games er kanskje at i gladiatorkampar kjempa dei ein mot ein, men på arenaen er det 24 personar som alle kjemper mot kvarandre. Likevel er det forbausande mykje likt. Gladiatorane hadde kanskje ulikt utstyr slik at den eine nesten var dømt til å vinne. På same måte har ein The Career Tributes i The Hunger Games som er trent nettopp for å vinne på arenaen. Òg publikum kunne vere med å bestemme skjebnen til ein gladiator ved å gjere bestemte teikn med tommelen, og sjølv om ein ikkje nødvendigvis var godt utstyrt, kunne ein vinne på grunn publikum. Det hendte ofte fordi det var dyrt å trene opp nye. Publikum i The Hunger Games sponser gjerne deltakarane dei har tru på, ikkje berre på grunn av styrke og kunnskap, men òg på grunn av personlegdom. Ein må ikkje berre overleve, men òg overleve på ein måte som gjer deg godt likt. Kan òg tilføye at gladiatorane ofte var kriminelle, medan nokre få var frivillege. Mange parallellar altså til romanane.
Historia er òg bygga på gresk mytologi. Som straff for tidlegare handlinga måtter Athen kvart år ofre sju gutar og sju jenter til Minotauros i ein labyrint. Minotauros er eit vesen som er halvt menneske og halvt okse. Den som til slutt drepte vesenet heiter Thesevs. Det var kong Minos som stod bak dette. Synes det er veldig interessant korleis ho har henta fram idear frå gresk mytologi og historie frå romartida, og ikkje berre det, men òg frå reality-show på TV. Bak i romanen eg las skreiv ho at ho var trøyt og surfa mellom ulike kanalar. På ein var det ungdommar som konkurrerte mot kvarandre for å få pengar. På ein annan var det ungdom i krig som kjempa for livet. Sidan ho var trøyt blanda ho det saman, og det vart ideen til serien. Folk som ser på TV eller på toget og berre plutseleg kjem på seriar (*kremt*, Collins, Rowling) imponerer meg.
Samfunnskritikk…
Eg bur ikkje Oslo, og takk for det. Likevel har eg alltid ei kjensle av at «alt» skjer i Oslo, «alt» er i Oslo og ein «må» til Oslo for å oppleve verkeleg store ting. Capitol har alt, og der skjer det meste i landet Panem. Panem var tidlegare Nord-Amerika og Capitol ligg ved Rocky Mountains med tolv disitrikt rundt seg. Eg bur vel kanskje i eit distrikt i Noreg sidan eg bur på Jæren. Likevel trur eg ikkje at eg kan kjenne meg igjen i den håplaus situasjonen mange kjenner på i distrikta i The Hunger Games. Eg trur Capitol og distrikta er eit bilete på noko anna. Dei fleste folka i Panem bur nemleg i distrikta og ikkje i Capitol. I Capitol bur dei rike og velståande som har råd til å sponse døande ungdommar på ein arena, og på toppen av alt ser dei på det som underhaldning.
Mange av distrikta er fattige, og i alle fall Distirkt 12 kor Katniss høyrer heime. Det er snakk om å få ekstra «lodd» når dei vel ut deltakarane i The Hunger Games for å få meir mat. Det er snakk om å bryte loven om å ikkje gå utfor gjerdet, for å faktisk ha mat. Har ein ikkje ein person som verkeleg arbeider for mat på bordet, er det vanskeleg. Det viser historia til Katniss, Prim og mora. I forhold til Capitol som lever i overflod har Distrikt 12 ingenting. Har eg som bur på Jæren ingenting? Nei! Eg lever i overflod. Eg trur at den vestlege verda, og no er eg i vår verd, må «ta ansvaret» for å vere Capitol. Det smerter, men det er slik det er. Me har alt og mykje meir. Me trenger ikkje å tenkje på at maten er for dyr eller at me ikkje har klede nok til å varme kroppen. I tillegg har me kanskje blitt veldig likegyldige i forhold til andre. «Å, døyr det folk i den Sentra-Afrikanske republikk?» Kan òg seie at oljefondet til Noreg er ikkje heilt reint om ein tenkjer på dotterselskap og våpen. Flesteparten av personane i Panem svelt og har det heilt grusomt. Ein stor del av verdas befolkning svelt òg Eg skal ikkje legge skjul på at talet på barn som døyr går ned eller at det faktisk er mykje positivt som skjer. Likevel må ein berre sjå at romanen viser den ignoransen vestlege ber med seg. Me sit og les serien og tenkjer: «Capitol er berre for forferdelege og horrible». Og så er det oss.
Kanskje eg overtolkar, men det krev nok litt sjølvransaking å lese desse romanane om ein verkeleg går under huda på dei og ikkje berre les dei som underhaldning. Dei som les denne bloggen veit at ikkje berre ser på romanar som underhaldning og rett og slett må gå nærare inn på det som skjer, så eg kan ikkje ignorere samfunnskritikk eller det som kunne ha vore det.
Underhaldning ja. Kor mange gonger kjente eg tårene komme då nokon vart drepen i areanen? Kva tenkte eg då eg las om The Hunger Games? Eg tenkte «go Katniss!». Det er kanskje ikkje så gale, men likevel. Eg sit og les om folk som blir drepne – barn – utan å lee på eit augelokk. Det er berre ein roman. Likevel burde det kanskje gripe meg litt meir det som skjer. Det er noko verkeleg kaldt over det å sitje og lese om ungdommar som slakta ned og kalle det underhaldning.
Meining?
Jo, eg likte romanen, trass all sjølvransaking, dårleg samvit og urovekkande parallellar. Eg likte fantasyromanen, trass i at eg ikkje liker fantasy. Jo, kanskje eg gjer det. Eg trur de treng ei forklaring på det med å like og ikkje like denne sjangeren, og den kan de få frå Bjørg her, for eg òg har det slik.
Kjelder
Wikipedia, Gladiatorkampene, 20. november 2013, http://no.wikipedia.org/wiki/Gladiatorkampene Lese 02. juni 2013
Wikipedia, The Hunger Games Trilogy, 31. mai 2014, http://en.wikipedia.org/wiki/The_Hunger_Games_trilogy Lese 02. juni 2014
Veldig bra innlegg! Du trekker noen interessante paralleller som jeg må innrømme at jeg ikke tenkte på i det hele tatt når jeg leste boken. Forresten så er Harry Potter min absolutte favorittserie også 😉
Takk for skryt! Trur at den politiske delen av hjernen min jobbar på høggir heile tida no… Bra at andre òg liker Harry Potter. Har eigentleg ikkje vore i tvil om at det er fleire, men alltid gøy å møte likesinna 😀
Du liker science-fiction, dystopi er en undersjanger innen den sjangeren 🙂
Hehe, ja, eg har ikkje greidd å setje meg inn i all terminologien innanfor sjangeren. Det er utruleg mykje, og det har nok mest med at eg ikkje les slike romanar så mykje. Takk for korrigering (nok ein gong) 😉
Jeg er (sykelig?) opptatt av forskjellene 😉 Tiden var litt knapp da jeg slengte inn kommentaren i går, men jeg må si at det er veldig bra at du leser variert og går utenfor komfortsonen din, Mai Lene. Personlig har jeg ikke tro på at en sjanger ikke kan passe noen,da har de ikke truffet på rett historie tenker jeg. Og sist men ikke minst, dette var en veldig god og grundig anmeldelse, min gamle fille av en kan nok ikke kalles det.
Science-fiction og fantasy er to forskjellige sjangere, science-fiction er sånn jeg forstår det ikke en undersjanger innenfor fantasy. About.com har skrevet, det jeg opplever som, en god forklaring på forskjellene på de to sjangrene: «The difference between sci-fi and fantasy is a much-debated subject. One common dividing line, however, is that science fiction is about scientific and technological advancements that could reasonably occur in the future, while fantasy exists only in the realm of imagination.»
Ja, eg forstår det veldig godt. Eg berre tenkjer fantasy automatisk, men det er ikkje det. Såg ein stad at fantasy er det som ikkje går an, alt er laga av fantasien, medan science fiction er det som kan gå an. Men eg bruker det jo ikkje, dessverre. Eg skal prøve å betre meg 🙂
Men takk for skryt. Ja, eg prøver å lese utanfor komfortsonen òg, og denne gongen funka det jo!! 😀
Tilbakeping: Collins, Suzanne: Catching fire – eit litt annleis innlegg om ein roman | Once Upon A Time