Her er eg

Kanskje eg burde ha starta dette innlegget med å takke for alle epostar og fan-brev som har kome inn medan eg har vore borte, kor spørsmålet: «Lever du?» har blitt gjenteke fleire gonger. Det einaste er at eg har ikkje fått epostar og fan-brev som har spurt om nettopp dette, og bra er det. Eg veit eigentleg ikkje kvifor eg prøver å unnskylde at eg har vore borte så lenge, for eg har ikkje veldig dårleg samvit. Eg har hatt det travelt, og eigentleg synes eg at ein bloggpause skal kunnast tas utan annonsering, men no har ingen mast heller. Jo, alt er vel og bra, utanom at eg ikkje kom opp i skriftleg eskamen og må vente neste ein månad til for å finne ut kva eg kjem opp i. Elles har eg litt vondt i den venstre foten etter 17. mai, men det går no alltids over, og det skal ikkje vere nokon grunn til at eg ikkje kan kikke innom på bloggen.

Bunka med ulesne bøker har minska, litt fordi eg endeleg har levert bøkene til biblioteket (ulesne), og litt fordi eg har lese. Lista over bokmeldingar eg bør skrive, før eg gløymer handlinga og karakterane har stige drastisk.

 

Her er bøkene eg har lese i det siste, men som det ikkje har kome bokmelding frå:

  • Dicker, Joël: Sannheten om Harry Quebert-saken
  • Galbraith, Robert: The Cuckoo’s Calling
  • Theorin, Johan: Gravrøys
  • Hanssen, Eystein: Triangel

Jojo, no skal eg sjå kor mykje blogging det blir. Ha ei fin veke, les mykje og ha det gøy!

4 thoughts on “Her er eg

  1. – Men du LESER jo i det minste! Gjør ikke det en gang, jeg. Puh. Heftig gnagsår på venstre lilletå, riktignok, men vet ikke helt om den grunnen holder… 🙂

    Tvangslesing av EN bok er nok mer av skylden, og ikke minst evige nettdiskusjoner som i utgangspunktet er interessante, men aldri tar slutt, en annen grunn. Og sola. Masse sol. Tindrende blå himmel. Utelivbonanza. Mange tråder å trekke i. Puh. – Det er jo nesten så man har grunn til å være litt mindre negativ til vinterhalvåret 😉

    • Ja, eg er glad for at eg framleis les, men det går treeeigt! Tvangslesing er heller ikkje bra. Det er ikkje der eg legg ned energien min, sjølv om nettdiskusjonar nok kan ta ein del av tida. Sola er til for å nytas, og eg les aldri så mange bøker som når det er sol, men det er vel ulikt frå person til person. Mindre negativ til vinterhalvåret? Næh, jula er jo grei, men elles må eg seie at eg liker sommar betre enn vinter, både på grunn av meir lesing og fordi det er litt finare vêr. (På Jæren vil det seie at temperaturen kan stige frå 10 grader til 16 grader, noko som ikkje er så verst…)

      Håpar du blir bra på litletåa i alle fall hehe 😉 Og at du snart byrjar å lese igjen 🙂

  2. Alltid kjekt med livstegn fra «gamle venner». Lykke til med eksamen, håper du kommer opp i det du har lyst å komme opp i 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s