Oikonomaki, Anne Bergset: Smådjevlane (Det Norske Samlaget 2014)

Det går treigt for tida, men no fekk eg tid til å hive inn eit innlegg. Lokallaget i KrFU som eg er leiar for blir ti år til helga, og det er SL_Rota_sort_8mmlitt å styre med, og i tillegg har eg vore i debatt med dei andre ungdomspartia, og det tek si tid med opningsinnlegg og øving. Skulepolitikk er ikkje berre berre. Likevel har eg lese litt bøker i april, ei har eg laga bokmelding av allereie, men eg har framleis nokre igjen.

Anne Bergset Oikonomaki hadde eg aldri høyrt om før, men romanen såg spennande ut, og eg bestemte meg for å gjere eit forsøk på ein kriminalroman frå Kreta. Eg er litt småforelska i bøker frå Hellas, men det gir meg ikkje skylappar. Smådjevlane er eit døme på at eg har den kritiske sansen min i orden. Kriminalromanen handlar rett og slett om Elsa og Andreas som begge er på Kreta på same tid. Elsa reiser saman med ei kvinne ho aldri har møtt før same dagen som ho reiste. Andreas er spesialagent for Organization Europe 3, og han reiser til Kreta for å stoppe ei last med kurdiske barn som ein kirurg skal bruke til forsøk. Det viser seg etterkvart at Elsa har fått eit brev av kvinne ho reiser med som kan ha med saka å gjere. Og jippi, der har me ein kriminalroman på grensa til det fantastiske. Eg har aldri sett James Bond, men eg har lese bøker om unge James Bond, og eg ei kjensle av å lese ein slik roman, berre meir amatørmessig.

Forfattaren viser ein enorm vilje til å lage ei spenningsfylt historie med masse action og fleire mysterium. Det ho til slutt sat igjen med var ein roman kor handlinga sto i fokus og karakterane vart vage og eindimensjonale konturar. Eg vil gå så langt som å seie at karakterane ber ei historie. Det er vala deira, personlegdommane deira og handlingane deira som utgjer eit plott. I kriminalromanar er det òg karakterane som utløyser hendingane. Det har skjedd noko kriminelt, altså må det vere ein kriminell bak som enten har vore den direkte eller indirekte årsaka. Handlinga til denne personen gjer romanen til det den er. Dette har Oikonomaki fått med seg, men ho har ikkje fått med seg at det kanskje er eit poeng og la lesaren få eit greit forhold til desse karakterane og lære dei å kjenne. Ho har ikkje fått med seg det viktige ved at karakterane er litt djupe og komplekse. Mystiske karakterar: Ja takk! Likevel kan ikkje alle vere mystiske, og her har forfattaren ikkje hatt nokon intensjon om mystiske karakterar. Ho har rett og slett feila i få lesaren interessert i dei.

Eg liker eigentleg ikkje å vere negativ, men heller ærleg enn uforskamma positiv. Kjære alle saman, om du ikkje liker ei totalt urealistisk og platt handling kor action står i fokus og overskuggar alt anna, ikkje les denne romanen. Action er bra, og eg som liker kriminalromanar tåler sjølvsagt action. Men når action overskuggar alt som heiter djubde i boka, og ikkje minst blir gjort til noko alt for overvilt og irriterande blir det ikkje like bra lenger. Oikonomaki burde ha porsjonert det ut over fleire romanar og lagt inn meir om karakterane og ikkje minst fokusert meir på den delen av handinga som går på tankar, refleksjon og gode tankerekkjer. I politikken er det ofte eit mål at ord blir handling. Her er det omvendt. La handling bli ord og refleksjon!

Av og til klagar eg på lengda på romanane eg les. Denne gongen er det litt det at den er kort. Det er akkurat som om ho har bestemt seg for at romanen skal vere på så mange sider, BASTA! Eg kunne gjerne hatt ein lengre roman kor ho ikkje berre skrapte på overflata, for det er det ho gjer i denne. Det omfattande plottet passar rett og slett ikkje inn om det ikkje skal vere overflatisk. Noko anna eg reagerer på er at boka er litt kjenslelaus. Nynorsk er eit vakkert språk, og det er bokmål òg, men ein må bruke det. Ein kan ikkje berre skrive det, men ein må bruke verknaden det har og velje riktige ord. At kurdiske barn blir kidnappa for å vere ein del av nokre forsøk er jo heilt urespektabelt, om det skjer i ein roman eller i røynda. Likevel kjente eg berre på den kjensla at eg var likegyldig. Det er fælt å seie, men alt var så fjernt at det gjekk ikkje inn på meg. Det var kanskje to kapittel om kurdarane som vart ramma, og to kapittel er ikkje nok til å få eit sterkt forhold til ein familie. Det er akkurat som dei små klyppa midt i Dagsrevyen, når dei berre har ei kort oppsumering av nokre hendinga og du eigentleg sit og ventar på at dei «større» nyheitene skal komme. Akkurat som Dagsrevyen har Oikonomaki valt kva ho skal fokusere og kva lesaren skal bry seg med. Men sjølv om Dagsrevyen berre bruker ti sekund på å seie noko om dei millionane i Syria som svelt, betyr det ikkje at det er rett. Det at Oikonomaki berre bruker to kapittel på å seie litt om kurdarfamilien betyr ikkje at det er riktig, men heller at ho har gjort ei feilvurdering. Eg forstod ikkje at akkurat det var viktig før eg hadde lese boka.

Eg vart skuffa rett og slett. Når du skummar gjennom ei bok utan å oppleve eit klimaks, utan å kjenne at den gir deg litt, utan å like karakterane og i tillegg synes plottet rett og slett berre inneber action og ikkje noko anna, då har du ikkje oppnådd noko optimal leseoppleving.

Romanen er eit leseeksemplar frå Det Norske Samlaget