Fyllekøyring er eit av dagens store samfunnsproblem. Ein trur at det køyrer mellom 10.000 og 15.000 på norske vegar kvar dag i ruspåverka tilstand, og har føraren ein alkoholkonsentrasjon på meir enn 0.5 promille aukar risikoen for å bli drepen 900 gonger. Difor er det høgst aktuelt og i tillegg bra at ein forfattar som Yndestad, som det har vore retta store forventningar mot, tek opp temaet i den nye boka si, Gapestokk. Yndestad slo igjennom i 2012 med Jentene fra balletten, og no i 2014 kom den andre boka hennar om journalisten Alice Bratt ut.
I 1985 døyr Alices veninner under ein klassetur. Dødsårsaka er ei bussulukke. Bussulukka er forårsaka av ein traktorførar i promillerus. Alice overlevde, og 25 år etterpå skriv ho reportasjen som skal ta ei oppgjer med promillekøyring, ikkje berre i BA (Bergensavisen), men òg med seg sjølv og promillekøyraren. Etter reportasjen vinn ho og fotografen hennar Gullparaplyen for årets beste reportasje. Trygg Trafikk bruker bilete av henne og dei døde veninnene i ein kampanje. Bratt blir ansiktet ein bruker for å vise tragediane som kan følgje med fyllekøyring.
Så skjer det utenkjelege…
Bratt blir funnen i promillerus i sin eigen bil. Ho er så langt borte at dei vurderer om ho må på legevakta, og ho klarer ikkje å blåse. «Du av alle!» er avisoverskrifta i BA dagen etterpå. Ja, ho av alle. Protagonisten i romanen som skal vere den store helten for lesaren. Eg trur eigentleg ikkje eg treng å seie at denne rusen ikkje var sjølvskulda. Ein kvar lesar forstår, når dei les bakpå boka og høyrer plottet, og særleg sidan det er ein kriminalroman, at ein eller annan person har plassert protagonisten der. Karakterane i boka gjer det ikkje, noko som ikkje er merkeleg. Dei veit jo ikkje at dei er ein del av ei kriminell setting. Her kjem skilnaden på «sikta for» og «mistenkt for» godt fram. Alle oppfører seg som om Bratt er sikta for promillekøyring. Tenk at ho av alle gjorde det. Kjente dei henne ikkje? I tillegg såg dei nok på det som usannsynleg at nokon skulle plassere henne der. Det trur eg dei fleste ville gjort. Eg òg, som lesar av boka tenkte: Kvifor bry seg med noko slikt? Skal ein ta nokon av dage, kvifor ikkje berre gjere det litt enklare?» Men det er litteratur, det er ikkje den verkelege verda, og i litteraturverda er det fult av forskrudde og sprø gjerningspersonar som tenkjer: «Kvifor gjere det enkelt når du kan gjere det vanskeleg?»
Alle har skrytt over at denne boka var sååååå mykje betre enn Jentene fra balletten. Gapestokk skulle verkeleg vise at Yndestad hadde teke eit nytt stort steg inn i kriminallitterature. Det har ho òg. Denne er endå meir krimaktig, og det var kanskje det som svekka boka litt. Inn i kriminallitteraturen saman med alle andre som skriv om sjuke gjerningspersonar. Originaliteten er borte! Det eg elska med førre roman var nettopp det at det var krim, men ikkje vanleg krim. Eg hadde aldri lese noko liknande! Denne boka er lik fleire andre eg har lese, og særleg minna den meg på Ulykkesfuglen av Camilla Läckberg. Ulykkesfuglen er nok endå meir krimaktig enn denne, men den òg handlar om personar som set seg bak rattet rusa og køyrer, utan at dei er skuld i det sjølv. Eg hadde håpa at Yndestad skulle ta eit langt steg inn i kriminallitterature og endå eit lite steg bort frå dei vanlege krimhistoriane og kome med noko originalt. I staden tek ho eit steg inn i rekka av forfattarar med «vanlege» plott.
Likevel er det ein stad ho scorer høgt, og det er språket. Ikkje berre skildrar ho bra og fører handlinga fram på ein god og truverdig måte, men ho er veldig medviten. Eg skreiv om det sist gong òg, men ho har den typiske -en-endinga me finn i Bergens-området. Jenten. Ho viser kor ho kjem i frå og kor handlinga finn stad gjennom språket, sjølv om ho skriv prikkfritt bokmål. Eg er imponert! Til vanleg kan eg vere nøgd, men kanskje litt avmålt, og av og til slaktar eg språket fullstendig. I ein roman eg las no nettopp, som eg ikkje har meldt endå, var ordet «stabilere» brukt. «Døren var stabilere enn de trodde.» Jo, då, der var den språkopplevinga i ein elles god roman øydelagt. Ein skriv rett og slett berre ikkje «stabilere»! Uansett, det er ikkje hovudpoenget i Gapestokk, og bortsett frå eitt lite ord kor bokstavane var stokka om kunne språkperfeksjonisten bak dette innlegget ikkje finne nokon feil.
Alt i alt ei heilt grei bok, men eg har lese betre.