Sigurdadóttir, Yrsa: De uønskede (Kagge 2014)

Det er ikkje ofte eg les romanar frå Island, og i alle fall ikkje kriminalromanar. Det er ikkje så ofte eg tenkjer på Island i det DEN_UONSKEDE_forside2.inddheile faktisk. Det er ei øy litt vest frå Noreg med fine hestar, geysirar og som snakkar rart – litt gammaldags kanskje? Og så hadde dei økonomisk krise og har same fargane på flaget som Noreg berre i omvendt rekkjefylgje. I tillegg høyrer dei til Norden, jo kan litt, når eg tenkjer meg om. Dei siste åra har det i alle fall blitt tydeleg at dei er glade i å skrive kriminalromanar, til dømes De uønskede. Litt rart, i og med at det skjer svært få drap på Island. Viss ein skal følgje Islands nokså låge drapstal, har krimforfattarane drepe nok folk til langt ut på 3000-talet.

Om De uønskede nødvendigvis kan kallast for krim er nok litt diskutabelt, men det passar inn i ein utvida definisjon av sjangeren. Det er ikkje det at romanen er dårleg, langt i frå, men meir det at alt ikkje er typisk krim. Óðinn, faren til  elleve år gamle Rún og advokat, får i oppdrag å undersøke påstandar om dårlege tilstandar på gutteheimen Krók på Island på 1970-talet. Heimen var for gutar som hadde begått kriminelle handlingar, men som ikkje var gamle nok til å komme i fengsel. Eit dødsfall skjedde på heimen i 1974, det og mykje anna, som endå ikkje er oppklart. Med mange notat og løyndommar frå ho som tidelgare etterforska saka, går Óðinn laust på materialet. Samstundes slit han med merkelege ting som skjer rundt han og tankar rundt eks-konas dødsfall. Var dødsfallet berre tilfeldig, og kan dottera Rún ha sett kva som skjedde.

Nåtidshistoria er flott konstruert. Eit far-dotter-forhold, ein advokat som snoker i gamle saker, eit dødsfall som kan verke mistenkeleg. I tillegg er boka herleg fri frå politi, journalistar, fæle sjefar og uendelege avhøyr. Om ein definerer det som typiske krim-trekk, er denne kriminalromanen ikkje heilt innanfor krimsjangeren, men så kjem mysteriet. Gutane på Krók og hendingane som skjedde der, som kan ha konsekvensar for notida og Óðinn. I fortida følgjer me Aldís som jobbar på Krók. Ho har eit ekstra godt auge til ein av gutane, som er ulik alle dei andre, sjølv om ho antageleg er ein del år eldre. Kva er det med denne guten som gjer at han verker så moden, og kva har han gjort for å kome dit? Alle andre har begått ei form for kriminalitet og har noko på samvitet, og det må vel han òg ha? Kva kan det vere? Etter kvart som alt blir nøsta opp kan ein sjå konturane av noko veldig dramatisk, og det kjem fleire karakterar inn som lesaren så vidt ante at fantes.

Med få unntak, er annankvart kapittel frå 1974 og anankvart kapittel frå notida. Forteljarstemma vekslar mellom Aldís» og Óðinns, og ein får eit godt innblikk i tankane og liva deira. Vanlegvis i slike bøker er det ei av tidene eg føretrekk framfor den andre, til dømes fortida framfor notida. Her «treivst» eg like mykje i både fortida og notida, og det var like mange spørsmål og mysterie uansett. Det var god variasjon, og kvar gong ein lengta etter å få vite meir, gjekk ein enten fram i tid eller tilbake i tid og måtte vente heilt til neste kapittel om notida eller fortida for å forstår kva som skjedde.Det er noko litt Kate Morton-aktig over det, men likevel langt i frå Mortons kjærleiksromanar. Ein kan sjå igjen visse trekk i den historiske utviklinga og personlege vinklinga. Det er noko skremmande og mystisk og fælt over alt. Det som gjer at det likevel skiljer seg til dei grader ut frå Mortons bøker er kvaliteten og spenninga. Sigurdadóttir har eit heilt anna grep om språket enn Morton. Ho er flinkar til å skildre, bruker ikkje klisjéar og har karakterar med meir djubde som er mindre stereotypiske. Språket flyt på ein heilt annan måte, setningane overforklarer heller ikkje og ho viser i staden for å fortelje. Det skapar bilete i hovudet på lesaren. Det er òg ei heilt anna stemning over romanen. Det er veldig dystert og langt frå flotte gods, hemmelege hagar og fintfolk. Det er nesten ei spøkjelsesforteljing til tider i staden for ein kriminalroman.

Som de forstår var eg nøgd med det meste. Likevel, litt langdrygt. Det er ikkje nokon driv dei første sidene, og eg sakna momentet som gjer at ein tenkjer: «MÅ lese vidare!» Kanskje andre ikkje er samde med meg der, men det er ikkje ei bok du set deg ned med i fleire timar heilt oppslukt, diverre. Til det var det alt for lite spenning. Skulle ynskje ho klarte å få til det. Språket er bra, veldig bra. Plottet er bra. Romanen er bra, men meir driv og meir «action». Meir som skjer, DET saknar eg. Blir mykje kontorsitjing. Slutten er derimot heilt super. Her har ho teke med alt som gjer at lesaren verkeleg blir nyfiken på kva hovudpersonen tenkjer på. Alle trådane møtes. Der kunne ho òg ha gjort noko. Røpt litt meir etterkvart og ikkje venta med alt til slutten. Det har noko med å halde på lesaren og ikkje få han til å keie seg.

Eg gir ikkje terningkast, og det skal eg ikkje gjere no heller, men boka ligg høgt på skalaen. Sigurdadóttir har framleis litt å gå på, og det er ikkje favorittromanen min, sjølv om den var god. Eg håpar ho skriv fleire kriminalromanar, kor ho posjonerer trådane ut på ein annan måte og prøver å skape meir spenning og driv i det. Då har ho verkeleg laga det eg vil kalla ein veldig god og velskriven roman!

Advertisements

4 thoughts on “Sigurdadóttir, Yrsa: De uønskede (Kagge 2014)

  1. Flott omtale! Jeg likte også boken veldig godt, men kunne ønske at hun hadde klart å få den noen hakk mer spennende. Flirer litt av at du sammenligner skriveriet med Kate Morton, skjønner hva du mener for det er jo ikke noe krim dette her.

    • Det var Kate Morton eg kom på 😀 Haha, men litt betre kvalitet på dei fleste måtar! Ser at me er relativt einige, og eg lurer på kvifor ho OG Kagge Forlag meiner dette er krim…

  2. Er ikke Yrsa mer thriller-grøsser-psykothriller-aktig? Jeg ser frem til denen boka Jeg har lest en av henne før, Det tredje tegnet, og den er i alle fall en krim.

    • Jo, du kan godt seie det på den måten. Thriller veit eg ikkje, men eg grøssa i alle fall. Berre gled deg til å lese! Boka er veldig bra. Eg har ikkje lese andre bøker av forfattaren, men spørs om eg ikkje må gjere det no 😉 Ha ei fin helg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s