Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)

Tid for andre samlesingsbok, kanskje den eg gleda meg mest til av alle, nemleg Ravatns FugletribunaletDen har hausta9788252183238-ny.ashx mange positive lovord, og eg har endå til gode å sjå nokon slakte den. Etter denne bokmeldinga vil det heller ikkje vere annleis. Samlaget har vore heldige når dei har fått henne med på laget. Ho er i frå «mitt» fylke, Rogaland (Riktig nok på «feil» side av Boknafjorden) og gav ut Fugletribubnalet på Samlaget i fjor. Ho debuterte med Veke 53 i 2007.

Hovudpersonen i FugletribunaletAllis Hagtorn, forlét alt i livet sitt og flyttar ut på landet og byrjar som hushjelp hos Sigurd Bagge. Planen er at ho skal vere der fram til kona hans kjem tilbake, men det er ei rar stemning på garden, og eigaren oppfører seg merkeleg. Kva er det som har skjedd, og har Bagge noko i mot henne? Allis spør seg desse spørsmåla fleire gonger i løpet av romanen, og hovudhandlinga ligg ikkje i noko actionfylt drama, men heller menneskelege relasjonar og korleis ein møter kvarandre.

Det første som fekk meg til å legge merke til boka var omslaget. Det er rett og slett nydeleg. Fuglane har noko over seg som eg ikkje kan forklare. Det er enkelt, men likevel fylt av meining. Det same er språket. Ho bruker få ord for å seie mykje. Det er null hermeteikn og replikkstrekar med, men dialogane flyt lett og fint, akkurat som resten av boka. Orda rommar mykje, og eg trur det kan vore ein del av planen òg. Legge mykje meining bak orda for å skape steminga og handlinga. Det er heller ikkje dei valdsamme sitata, og eg sat ikkje og noterte for livet for å hugse fine setningar og ord.

Boka er sår og vakker. Den får ein òg til å trekke på smilebandet på mange måtar. Mest av alt er den litt melankolsk. Eg veit ikkje kva som har skjedd, men to bøker med fuglar på omslaget og som er melankolske har blitt nominert til bokbloggarprisen dette året. Er melankolske fuglebøker populære? Noko anna spesielt med romanen er kor godt ho har isolert dei, og lesaren veit ikkje kor ein er. Tid og rom er borte. Det er byen, landet og nærbutikken. Kva by då? Kor på landet? Kva nærbutikk? Lesaren vil få ei kjensle av å bli teken bort frå den reelle verda og til staden kor Allis jobbar for Sigurd. Ho har laga nokre spennande hovudkarakterar med både feil og manglar, men som òg morer lesaren. Eg vart nysgjerrig på kva dei hadde gjort, og bit for bit røper ho kvar det er som gjer at dei har trekt seg tilbake.

Det mest forfriskande med boka? Det var ikkje krim. No har eg lese krim veke etter veke, og eg les krim og skal lese krim. Difor var det forfriskande med ein roman som dette. Nokre synes kanskje at det verker rart at eg skryt så mykje over ei nynorskbok, og kanskje trur mange det er grunnen til at eg skryt av boka? No har eg prøvd å få folkt til å lese nynorskbøker i samband med bokbloggarprisen, men hadde denne vore dårleg hadde eg ikkje skrytt av henne. Likevel handlar det om korleis du meistrer språket. Ravatn meistrar språket. Ho meistrar nynorsk, og det gjer boka bra!

Advertisements

2 thoughts on “Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)

  1. Tilbakeping: Fugletribunalet – Agnes Ravatn | Julies bokbabbel - litteratur og småprat

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s