Melander, Jakob: Øyesten (Aschehoug 2014)

Eg held fram på krimperioden min med ein dansk deutforfattar, Jakob Melander, som denne vinteren kom ut med 9788203219214_Melander_1Øyesten på Aschehoug forlag. Kriminalromanar sel godt, men eg trur dessverre romanen kan drukne i det store antalet kriminalromanane som er på markanden. Kanskje omslaget og baksideteksten vil gjere at nokre plukkar den opp, kjøper den og les den. I tillegg er det denne fascinerande seriemordaren.

Dansk krim er det nokre assosierer med Jussi Adler-Olsen og kanskje Erik Valeur etter fjorårets suksess med Det syvende barnet. No har Melander kome opp som eit nytt namn, og all skryt utanpå omslaget av boka er på mange måter riktig. Eg sit igjen med tankar om at dette er ei bok ein bør lese. Det er ein god kriminalroman, men likevel litt lite original. For å ta dykk med frå byrjinga kan eg starte med det første mordet. Lars Winkler, hovudpersonen, i det som skal bli ein trilogi, er ein avdempa versjon av Harry Hole. Han og kollegane finn ei jente myrda med tydelege spor etter fine snitt. I tillegg har mordaren fjerna auga. Det må vere ein ekspert med kirugiske dugleikar.

Det er eit veldig vanleg plott. Den har ikkje noko nytt ved seg. Lars Winkler er ein spennande karakter, men det verkar som om forfattaren prøver å unnskylde åtferda hans, ved å gjere han litt betre enn han eigentleg er. Kvar gong han feiler som far, rettar han det raskt opp igjen. Han ruser seg og drikk alkohol, slik det står i skildringa av han, men det blir ikkje lagt vekt på. Han er rett og slett alt for avdempa, og Harry Hole-sidene kunne vore endå tydeligare skulle han ha blitt ein veldig kjent karakter innan krimverda. Likevel har han sitt og stri med, og lesaren får medkjensle med mannen. Sjefen hos politiet der han jobbar, Ulrik, var tidelgare hans beste venn, men no er han saman med eks-kona til Winkler, noko som gjer at dei har eit dårleg forhold. Dette resulterer òg i at Winkler blir flytta frå hovudsaka i boka til ei valdtektssak. Sjølv om mykje av den eigentlege saka med morda blir følgt gjennom auga til Sanna, vil eg seie at det er negativt at hovudpersonen ikkje er med på det som skal vere «plottet» i boka.

Dette hemmer ikkje boka veldig, for som eg sa får ein sjå mordsaka gjennom ein annan etterforskars auge. Denne etterforskaren og Lars Winkler byrjar òg å få eit godt auge til kvarandre i romanen. Kjærleiksforhold er det flust av, og dotterat il Winkler, Maria, seg òg kjærast, Kristoffer. Kjæresteforhold, far-dotter-forhold og vennskapsforhold er noko av det som sett størst preg på det som skjer på sida av hovudhandlinga. Mordsaka blir òg ein del av privatlivet til Winkler etterkvart.

Ei anna historie, frå andre verdskrig kjem fram i boka. Ei ung kvinne som forelskar seg i ein brite i København under krigen. Forholdet skal, etter det som står bak på boka ha konsekvensar heilt fram til vår tid. Dessverre ser eg ikkje heilt kva som skal vere tilknyttinga til det som skjer i notida i romanen. Det er ei lita til slutt, men korleis påverka dette hendingane i notida? Kanskje de forstår det betre enn meg om de les kriminalromanen, men det er veldig vagt uansett. Kanskje vart det for få sider til at det gjekk å få den skikkelege tilknyttinga mot slutten? Den er på under fire hundre sider, noko som er veldig lite for å løyse to mysterier og i tillegg få inn noko frå fortida.

Eg angrar ikkje på at eg plukka opp boka, og eg skal lese dei to neste bøkene i trilogien. Eg er nysgjerrig på utviklinga av hovudpersonen, og så håpar eg at Melander kan lage ei litt meir originial historie til neste gong. Det er kanskje litt vanskeleg, for alt er på ein måte «teke» av plott, handlingar og karakterar, men det finst vel alltid noko som det ikkje er skriv om frå før? Eg trur at viss han klarer å lage noko meir unikt neste gong, kan romen bli ein stor suksess. Men trass alt, alle kan ikkje vere ein Stieg Larsoon. Han finst det berre ein av.

Boka er leseeksemplar frå Aschehoug

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s