Aisato, Lisa: Fugl (Gyldendal 2013)

Det er ikkje ofte eg les biletbøker. Det er svært, svært sjeldan faktisk. Når det likevel eingong skjer, blir eg minna på kraftaLayout 1 bak bileta. Det seies at eit bilete seier meir enn tusen ord, og i så fall inneheld denne boka meir enn 4000. Eg må føye meg inn i rekka blant dei som skryt av bileta i boka. Dei er vakre og symbolske og set tankane i gang. Eg merkar at det er ein samanheng i alle bileta. Det er alltid noko som går igjen. Viss du har boka framfor deg, når du les denne bokmeldniga, sjå på kleda til personane i boka, spesielt jenta og bestefaren sine. Studer dei nøye, så ser du at uansett kvar dei går i er det bitte små krussedullar på kleda. Alltid. Nesten uansett kva det er. Eg veit ikkje om det har noko tydning for boka, men eg la merke til denne veldig gjennomførte detaljen.

Eg kjenner at eg vart veldig glad i teikningane. Eg er ein av dei personane som liker kunst og måleri. Eg liker å gå på kunstmuseum. Då eg las denne boka fann eg ut at ein trenger ikkje å betale dyrt for ein billett og gå rundt i digre barokk-salar for å oppleve fin kunst. Aisatos teikningar er levande. Sjølv husa på første og siste side «lever». Eg snakka òg om at det var stor samanheng. På første bilete av byen ser ein ei jenta i eit grønt tre som ser lengselsfult ut i lufta. På siste side ser ein bestefaren sitje i det same treet, som ikkje lenger er grønt, og stirar ut i lufta. Heilt oppe til venstre på motsatt side ser ein konturane av nokre fuglar. Jenta er borte, og bestefaren hennar sit igjen. Det første eg tenkjer på når eg ser jenta er Anne Shirley, L. M. Montgommerys raudhåra heltinne. Ho som òg kan vere drøymande og stire ut i lufta, og som første gong lesaren møter henne, snakkar om å sove i eit tre. I likskap med Anne fra Bjørkely har jenta i Fugl raudt hår og grøne auge.

I decided that if I were left here I would walk down the track to that cherry tree and climb up to spend the night. It would be so lovely to wake up in white cherry blossoms, don’t you think? 

Anne of Green Gables, gjenfortalt frå Lucy Maud Montgommerys bok, Sterling Publishing Co, 2005

No er ikkje jenta i denne boka så lystig. Ho er meir melankolsk og trist, men sidan eg første tenkte på Anne Shirley og hennar første «replikk» i boka tok eg dette med. Det er vanskeleg å oppsummere kva som skjer synes eg, ikkje fordi handlinga er veldig kompleks, men rett og slett fordi den er litt enkel, samstundes som den rommar mykje. Det går ikkje an å gjengi den på ein vanleg måte. Difor har eg brukt forlaget sine ord:

 Kan jeg være med dere? spør jenta.
– Nei, sier fuglene, du er altfor stor og tung til at vi kan bære deg. Hadde du bare lignet en fugl og hatt vinger selv så…

Lisa Aisato har laget en vakker og melankolsk bildebok, om en jente som skulle ønske hun kunne fly bort med fuglene når den kalde vinteren nærmer seg. Men for å fly som en fugl trenger man vinger, fjær og helst et nebb også. Med andre ord har jenta et ganske stort, og kanskje umulig, prosjekt foran seg. Men hvis man bare ønsker det hardt nok, og vil det sterkt nok, så kan man faktisk få det til. Selv om det skjer med bitte små fugletripp.

Det eg spør meg om, fleire gonger, når det gjelder denne boka, er kort vidt barn vil like henne. Kanskje dei, slik som meg, vil like teikningane, men kva med historia? Kva får dei ut av den? Det finst mange tolkningar. Døden er ei, puberteten er ei anna og det å drøyme om noko eller lengte etter noko er ei anna. Eg trur ikkje det finst noko fasitsvar, og eg skal heller ikkje byrje med dei store tolkningane av boka no. Likevel er det noko som ligg bak. Det eg spør meg om er om barn vil forstå kva det er. Eg har litt problem med det. Om det er ei jente som drøymer om noko, som i tillegg er umogleg, skal moralen då vere at alle får det dei vil ha berre dei drøymer nok? Viss eg ynskjer veldig, veldig sterkt å bli statsminister, vaknar eg ikkje plutseleg ein dag opp på stortinget. Eg må gjere noko for det. Det som likevel slår meg er at jenta berre vaknar opp som ein fugl. Ho har laga kostyme tidlegare og prøvd, men det feila. Eg veit ikkje, eg føler det blir litt søkt.

Det trur eg mange barn òg vil føle. Tankane mine går litt til Bak Mumme bor Moni av Gro Dahle, som er ei fantastisk billedbok. Mumme er berre litle Mumme, som bur i eit kvitt hus framfor det blå fjellet. Alt er fint når det berre er Mumme, men så kjem Moni med den store lastebilen og hesten med seksten bein. Då blir huset mørkt og skummelt, og fjellet kjem nærmare og blir svartare og svartare. Barn har kanskje problem med å forstå symbolikken her, men likevel forstår dei at Moni er stygg og Mumme er snill. Dei forstår at Moni ikkje bør komme, og alle heier på Mumme. Sidan boka er veldig spesiell, er det lett å hugse den, og om barn ikkje forstår den når dei er fire eller fem eller seks, kan dei forstå den seinare. Dei forstår litt av handlinga. Det same er det med boka Ingen av Svein Nyhus. Ein del symbolikk, men barn forstår det. Slik føler eg ikkje det er med Aisatos bok. Det er ikkje den logiske rollefordelinga som barn liker. No seier eg ikkje det bør vere stereotypt, men det kunne vore meir barnevennleg. 3-6 år eller målgruppa, men eg trur ein må vere vaksen for å få med seg mestedelen.

Så, no er det sagt! Føler eg kan puste letta ut over at eg no har fått publisert ei litt meir kritisk bokmelding enn alle andre. Av frykt for å få alle Aisato-elskarar på nakken skal eg berre legge til at boka er bra. Den er det. I tillegg er bileta ein god stad å byrje, og eg trur alle vil synes dei er flotte og fargerike. For det er dei!

Heilt til slutt, ein sang om ein Lite fuggel (Vamp 2012)

Denne boka er nominert til bokbloggarprisen 2014 og blir samlesen av fleire bokbloggarar denne månaden. Meir informasjon om det kan du finne her. KNIRK hadde eit eksperiment kor ho las bøkene gjennom berre bileta, noko eg trur alle bør få med seg. Veldig spennande. Elles finn det fleire bokmeldingar av boka på sida for samlesing. Meir om billedbøker kan de finne på Siljes Skriblerier, som i tillegg er verten for samlesinga no i februar.

Advertisements

One thought on “Aisato, Lisa: Fugl (Gyldendal 2013)

  1. Tilbakeping: Lisa Aisato: Fugl | Karis bokprat

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s