For litt over to veker sidan, måndag 13. januar, kunne komiteen bak bokbloggarprisen endeleg lette litt på sløret og seie kva bøker som var med på langlista. Eg bestemte meg då for at eg ikkje blogga om langlista, sidan det skulle komme ei kortliste seinare. Seinare – det var måndag 27. januar, og kortlista er no publisert. Det er tre bøker som har hamna på lista «Årets roman» og tre på lista «Åpen klasse». (Om du ikkje har høyrt om bokbloggarprisen kan du lese meir her). Eg må jo seie at lista innheldt få overraskingar. Det er andre som har kommentert det same. To av tre bøker under «Årets roman» har vore på dei fleste bestseljarlister og topp 10-lister i 2013, og dei fleste kjenner bøkene frå før av. Under «Åpen klasse» er det kanskje litt meir spennande. Ei diktsamling, ei barnebok og ei fantasy-bok for ungdom. Det beste med kortlista, er jo at eg ikkje har lese nokre av dei før. Eg har mykje å glede meg til.
Men her er bøkene på kortlista:
Årets roman:
- Jacobsen, Roy: De usynlige
- Ravatn, Agnes: Fugletribunalet
- Wassmo, Herbjørg: Disse øyeblikk
Åpen klasse
- Aisato, Lisa: Fugl
- Lillegraven, Ruth: Urd
- Pettersen, Siri: Odinsbarn
På våren dette året gjekk eg ut på bloggen min og sa at det hadde vore gøy om ei bok på nynorsk vart nominert og kom påkortlista, og jammen kom det ikkje med ei nynorskbok òg. Eg følte eg følgte opp målet mitt om å lese bøker på nynorsk dette året, og eg kan seie at fem av elleve bøker eg las i samband med prisen var på nynorsk. Eg synes ikkje det var så utruleg gale. Det som er verre er eigentleg at eg ikkje følte eg ikkje kunne nominere dei, rett og slett for eg ikkje følte dei var «prismateriale». Og det verste er at den nynorsboka som kom høgt opp, har eg endå ikkje fått somla meg til å lese, men det skal bli. Det kjem. Eg har høyrt mykje bra om Agnes Ravatn si bok, og no nyleg skreiv NRK ein artikkel kor dei hevda at ho er ein forfattar som får folk til å lese nynorsk. Det gler meg at ein nynorskforfattar får så mykje skryt. Ho er ikkje berre nominert til bokbloggarprisen, men òg til P2-lytterenes romanpris. No gjenstår det berre å sjå om eg er einig i alt skryten ho har fått. Det er jo ikkje sikkert. Kan vere den ikkje fell i smak i det heile.
Dei to andre bøkene var meir skuffande. Eg hadde kanskje venta meg noko meir annleis. Fugletribunalet braut litt den trenden at det er sjeldan nynorsk-bøker kjem så høgt opp. Den har ikkje vore på topp 10-listene på bokhandlane. Det er rett og slett ei bok bokbloggarar og kritikarar har teke godt i mot. De usynlige var ei bok alle snakka om før den var utgjeven. Den var ein hit allereie då. Alle gleda seg til Roy Jackobsens bok. Eg hugsar folk spurte etter boka lenge før ho kom ut. Stod bak disken og sa: «Nei, dessverre ikkje endå», og folk vart utruleg skuffa. Det var verkeleg ei etterlengta bok. Akkurat slik som Fugletribunalet av Agnes Ravatn er denne òg nominert til P2-lytternes pris. Herbjørg Wassmo er heller ikkje ein heilt ukjent forfattar. Eg hadde kanskje trudd me skulle bryte trenden litt meir enn me gjorde, men så kan ein ikkje bestemme over andre sin smak. Ein kan ikkje tvinge folk til å nominere bøker dei ikkje liker.
I kategorien «Åpen klasse» var eg langt meir nøgd. Ei billedbok for barn, ei fantasybok for ungdom og ei diktbok. Mangfald, heiter det. Skal innrømme at eg sterkt ønska at Mysteriet mamma kom på den lista, slik eg at eg endeleg kunne få ein grunn til å plukke opp boka. Til no har eg utsett det og utsett det, men eg skal nok gjere det. Fugl av Lisa Aisato ligg klar heime til og lesast. Eg har tenkt å fullføre mi første diktsamling etter Morovers av André Bjerke, og eg har tenkt å lese ein norsk fantasyroman for ungdom. Eg håpar eg klarar å vere med på alle. Først var eg litt skeptisk, sidan ingen av bøkene var heilt etter min smak, men eg skal utfordre meg sjølv til å prøve å lese dei.
Midt oppi alt dette kjem jo bokbloggarprisen 2015, så det blir jo nokre norske bøker i 2014 òg. I tillegg har eg ei bokmelding av Jentene fra balletten av Monika N,. Yndestad eg ikkje har skrive endå. Men alt til si tid, alt til si tid…
Dette var i alle fall mine tankar rundt prisen. Line oppfordra i innlegget sitt om kortlista til at fleire skreiv om sine tankar rundt denne og sa på bloggen kva dei meinte. Eg tok oppfordringa, og dette vart resultatet. Når det skal seiast synes eg at komiteen har lagt ned ein solid innsats i dette, og det vart jo ikkje akkurat kioskromanar på lista. Alle bøkene har fått positive tilbakemeldingar frå media og bloggarar. Eg trur bokbloggarprisen kan vere positivt for å vise at me har integritet og smak, og i tillegg at me òg kan vere saklege, sjølv om dei fleste av oss ikkje jobbar med bøker eller har mastergrad i litteraturvitskap.