Sjanger

Noko av det eg hugsar me gjorde dei første åra på skulen var å lage små forteljingar. Brette saman eitt eller to A4 ark og skrive på dei, for så å lage ei fin framsida på eit fargeark. Forteljinga kunne handle om det meste, og me kunne berre sette oss ned og skrive for hand, noko me dikta opp. Eg hadde allereie då skrive eit par forteljingar, som var veldig inspirert av visse eventyr, og med stort sannsyn ville eg ha blitt anklaga for plagiat hadde eg vore litt eldre og dei vart offentleggjort. Første klasse var det trinnet då eg verkeleg prøvde å dikte opp noko og leika med fantasien. Veldig mange historier handla om jenter som hadde fødsesldag og fekk alt frå hest til katt frå familien, og helst begge deler. Dei handla om Postmenn, jenter på min eigen alder og klassekameratar. I tredje klasse gjekk eg faktisk så langt at eg laga dikt om folk frå klassen. Ikkje i den forstand at eg skreiv stygt om dei, men eg fann to og to personar som byrja på same bokstav og gjorde dei om til alt frå sko til appelsinar. Morosamt når eg tenkjer tilbake på det, og for så vidt lærerikt òg. Likevel reagerer eg litt på korleis ein blir opplært i sjanger på barneskulen, og no tenkjer eg ikkje på små forteljingar på fire sider frå første klasse. No tenkjer eg på det ein lærer om sakprosa og skjønnlitteratur.

Eg hugsar ikkje kva klassetrinn med lærte om skilnaden på skjønnlitteratur og sakprosa, og kor tid me gjekk frå og skrive forteljingar til å skrive fagtekstar. Eg vil tenkje at det var i fjerde eller femte. Då lærte me at sakprosa er fakta og skjønnlitteratur er fiksjon. Fiksjon er opptikta forteljingar som folk har skrive ned. Skjønnlitteratur er ikkje sant, medan sakprosa er fakta som ein kan lese for å lære noko. Rett og slett veldig svart kvitt. Ein skal ikkje lære alt om sjangrar i femte klasse, men eg skulle ynskje at lærarar allereie då kunne ha byrja å vere litt meir nyanserte og fortelje litt meir. Det var laga eit veldig tydeleg skilje. Då me skulle skrive saktekstar, eller faktatekstar var det to ting som var viktige for lærarane at me gjorde:

  • Det skal vere fakta som du finn i ei påliteleg kjelde!
  • Du skal ikkje bruke eg-person!

Dette er greit nok. Ein fagtekst/saktekst/fagartikkel skal ikkje vere oppdikta. Det trur eg me alle kan vere einige om. Likevel var det ingen som verkeleg gav oss alle fakta om denne teksten. Det var ingen som sa korleis ein kunne laga ein interessant tekst. Eg lærte meg aldri at ei problemstilling kunne vere lurt for å snevre inn temaet før eg gjekk i tiande klasse. Før det skreiv eg berre ned litt fakta. Teksten min om Claude Monet var direkte keisam. I staden for å finne ut noko meir om ein del av livet hans eller om nokre måleria hans, tok eg alt på overflata. Ein av grunnane for å lage ei problemstilling er for å kunne snevre inn temaet litt og heller grav litt djupare i ein del av temaet enn å berre skrape av på overflata. I teksten om Claude Monet tok eg med litt om alt. Seinare har eg funne ut at for å gjere ein fagtekst interessant skal det vere «alt om litt». Ein fagtekst skal kunne stille spørsmål for så og svare på desse seinare. Ein fagtekst skal ha eit like fargerikt språk som skjønnlitteratur, men likevel fagleg. Ein fagtekst trenger ikkje berre å innehalde fakta, men det skal heller ikkje vere oppdikta.

På den andre sida er skjønnlitteraturen, den eg skriv om her på bloggen. På barneskulen lærer ein at skjønnlitteratur er oppdikta, noko dei òg følgjer opp ungdomsskulen. Stakkar elevar, me kan ikkje lære dei for myke på ein gong. Her skal ein ikkje gjere det vanskeleg i det heile. Saka med skjønnlitteratur er at det er givande. Ein kan bruke det i fagtekstar for å få svar på aktuelle problemstillingar, og det er aktuelt å trekke fram fiktive bøker for å gi eit inntrykk av korleis noko kan ha vore for enkeltpersonar. Eg brukte til dømes Barnepiken av Kathryn Stockett for å skrive om temaet rassisme og mobbing. Veldig mange romanar tek utgangspunkt i faktiske historiske hendingar og lagar ei fiktiv historie ut frå det. Difor kan skjønnlitteratur brukast som ei kjelde i ein fagtekst, sjølvsagt med eit kritisk blikk på hendingar og karakterar. I tillegg finst det langt fleire faktiske trekk ved skjønnlitteratur. Dei siste åra har ei rekke bøker under samfunnskritikk blitt populære. Gjennom fiktive karakterar og hendingar, men likevel med aktualitet har forfattarar sett lys på nokre av problema i samfunnet i dag. Det er ikkje ein ny sjanger på den måten at det har kome det siste tiåret, men stadig fleire vel å setje lys på til dømes klimakrisa, moderne slaveri, fattigdom og andre problemstillingar ved hjelp av skjønnlitteratur.

Når det gjelder litteratur i skulen burde lærar ha eit meir nyansert syn på ting. Dei burde lære seg at elevar blir meir forvirra seinare om dei framtiller det svart kvitt frå byrjinga av. Kvifor ikkje stole på at elevar forstår og gi dei det sanne biletet av litteraturen? Her er det glidande overganger, og særleg essay og kåseri er veldig midt i mellom. Eg skulle så ynskje at eg hadde lært om problemstilling, samfunnskritisk litteratur og skjønnlitterære kjelder mykje før eg gjorde.

Advertisements

2 thoughts on “Sjanger

  1. Eg sitt her med lærarbrillene på og nikker og synest dette er veldig interessant lesning. Eg har tenkt litt på det, etter at du skreiv på facebook at essay og kåseri er midt mellom skjønnlitteratur og sakprosa. Som den norsklæraren eg er (eller strengt tatt, har vore) rykka det litt i tastefingrane mine og eg skulle til å seie nei, essay og kåseri er sakprosa. Men så tenker eg at du har rett. Og dersom vi ser på den aukande tendensen til autofiksjon, eller sjølvbiografiar i romanform som har vekse fram dei siste åra, er det absolutt veldig mange glidande overgangar. Og som du seier – kor går grensa mellom oppdikta forteljingar om faktiske historiske hendingar i romanform og ei forteljande faktabok? Du har heilt rett. Og eg trur det er viktig å stilje slike sprøsmål som du stiller her. Då eg jobba som lærar hadde eg i alle fall veldig lett for å tenke at det var viktig å forenkle og ikkje gjere ting for vanskeleg for elevane. Men vi gjer kanskje både oss sjølv og elevane ei bjørneteneste ved å forenkle til eit slikt nivå at faget ikkje blir utfordrande.

    • Det med essay og kåseri har me lært på skulen 🙂 Det er eit spennande tema, og eg trur at lærarar ikkje innser det at dei gjer elevar ei bjørneteneste. Mange gonger er det vanskeleg å plassere noko i ein spesiell sjanger eller gruppe, fordi det inneheld meir. Alt kan ikkje bli forenkla på skulen, og nokre utfordringar må elevar få 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s