Bok: Menn som hater kvinner av Stieg Larsson

Eg kjem som vanleg halsande etter med eldre bøker alle andre har lese for mangefaldige år sidan. Stieg Larsson døydde Menn-som-hater-kvinner_hd_imageberre femti år gammal i 2004, men vart først utgitt i Noreg i 2006. Altså ei litt eldre bok, men slik er det av og til. Eg las berre barne- og ungdomsbøker i 2006, og då må eg søren meg ha lov til å lese bøkene som kom ut for vaksne på den tida, i alle fall dei gode. Eg har litt å ta igjen, men kan vel seie at dette er ei byrjing. Har langt i frå tenkt å lese alle. Uansett, Menn som hater kvinner er veldig kritikarrost og har fått fleire seksarar på terningen, og eg har alltid tenkt at før eller sidan må eg ta opp boka og lese henne. Kva som fekk meg til å gjere det no? Rett og slett mangelen på lesestoff. Det høyres rart ut, for i mange veker har eg hatt ein stor haug, men den har minka og minka, og no sat eg igjen med nokre reserverte bøker på biblioteket. Første gongen eg la skikkeleg merke til boka var kanskje for nokre år sidan, då eg vaska i hylle i biblioteket heime og såg to bøker av Stieg Larsson stå der. Det vart til at eg las bakpå, fann ut at det var krim og sette det tilbake. Ikkje fordi det var krim, men fordi at akkurat då las eg ein del andre spennande bøker. Det som kanskje forundra meg mest var å sjå ein kriminalroman i hyllene heime, for eg er den einaste som verkeleg liker kriminalromanar her.

Eg vart minna på bøkene i Frankrike i sommar. Me budde i overetasjen på eit hus me leigde av ein skotte, og han hadde bokhyller i huset, noko ein bør ha, men det var ikkje mange bøker der. Dei fleste bøkene deira låg under bordet og handla om vin. Det var ikkje bøkene om vin som interesserte meg mest, men det store talet på bøker som var skrivne av Stieg Larsson. Han har berre skrive tre bøker, men dei hadde to eksemplar av The Girl with the Dragon Tattoo (Menn som hater kvinner) med to forskjellige omslag. Dei hadde fleire eksemplar av dei to neste i serien på engelsk, i tillegg til at dei hadde samtlege bøker på fransk. Det minna meg på at desse bøkene  bør eg lese. Det som verkeleg fekk meg til å ville lese dei var nyhenda om ei ny bok i serien. Forfattaren døydde i 2004, men no har forlaget latt ein annan person skrive den fjerde boka. Kva tenkjer eg om det? Eg veit ikkje, men eg trur eg hadde blitt mektig irritert om nokon hadde skrive den siste boka i Harry Potter-serien ferdig, og den «nokon» ikkje var Rowling, men så er jo det ein serie ein bør lese frå A til Å og som henger saman.

Mikael Blomkvist er ikkje ein typisk krimhelt. Han er journalist, noko som er litt krimaktig, men han er ingen typisk krimhelt på den måten at han søker ikkje oppdraget sjølv. Han har ikkje noko sterkt ønske om å løyse gåta, og han finn ikkje gåta sjølv. Den blir gitt han av ein annan. Vanlegvis kjem journalistane til ein ulukkesstad, skriv om saka og byrjar og interessere seg meir enn godt er. Dette er litt motsatt. I 1966 forsvann ei seksten år gammal jente ved namn Harriet Vanger frå Hedestad. Ho forsvann frå jordas overflate. Mange år seinare vil den tidlegare direktøren i Vanger-konsernet, Henrik Vanger, finne ut kva som skjedde med brorens barnebarn. For å gjere det hentar han inn nettopp journalist i Millenium, Mikael Blomkvist. Blomkvist har tidlegare skrive ei bok kor han går til angrep på finansjournalistar i Sverige, og han er kjent for å kritisere dei for den lojaliteten dei har til direktørar i store firma. Rett før Henrik Vanger kontaktar han, har han blitt dømt for å ha æreskrenking av ein finansmann, Wennerström som eig det store selskapet Wennerström Group.

Blomkvist er først avventande og meiner at han neppe kan finne noko nytt stoff om forsvinninga etter så mange år, men med ein krønike om Vanger-familien som dekke for det han driv med, set han i gang og prøver å finne nye spor. På den andre sida har me ein endå meir «utypisk» (dårleg ord) karakter i ein kriminalroman. Lisbeth Salander er blant Sveriges største hackarar. Ho er sær, distansert og asosial. I tillegg er ho umyndiggjort og har eit nokså ambivalent forhold til sin nye verge. Likevel kan ho bidra med noko. Ho kan bidra med inngåande undersøkingar og rapportar av folk og vise eit meir nyansert bilete av dei største heltane og dei verste skurkane.

Boka er på ca. 550 sider. Det er 550 sider med spenning, uro og nervepirrande opplevingar. Stieg Larsson tek deg med «dit». Det er levande skildringar med ord som gjer at me kjenner igjen stemninga og automatisk knytter stadane til stader me kjenner frå vårt eige liv. Det er ingen tvil om at Larsson er ein stor forfattar. Måten han kontruerer plottet på og let lesaren sitje tilfredsstilt igjen etterpå. Måten han skaper truverdige karakterar på som kven som helst kan skape eit forhold til. Måten han tek lesaren med til stader på og held han eller henne der, heilt til siste slutt. Det er meisterleg.

Mikael Blomkvist er spesiell. For det første har han eit nokså fritt forhold til kollegaen Erika, eller Ricky som han kallar henne. For det andre er han han ein veldig uvanleg kriminalkarakter, på den måten at han ikkje er på jakt etter action og spenning. Han har ikkje lyst til å løyse noko mysterie. Til vanleg er hovudpersonen i kriminalromanar veldig glad i å løyse gåter og få mysterier. Det er òg dette med at han sjølv ikkje bestemmer seg for å finne ei gåte å løyse, men at han får ein invitasjon som avgjer plottet. Det er eit såkalla «Rags-to-riches»- plot. Scarlett Thomas, førelesar i Creative Writing ved The University of Kent og forfattar av fleire romanar, skriv i boka si Monkeys with Typewriters:

In rags-to-riches plot we meet a young, innocent individual who is oppressed in some way, often in a domestic setting. This character then receives a special invitation.

Monkeys with Typewriters side 136

Det er to ting i skildringa som ikkje stemmer heilt med boka. For det første er ikkje Mikael Blomkvist ung. Han er ikkje eldgammal, men 43 år er ikkje ungdom lenger. For det andre er han ikkje direkte uskuldig heller, sidan han har blitt dømt til tre månadars fengsel for æreskrenking av ein bedriftsleiar. Likevel er han uskuldig på den måten at han hadde gode intensjonar, og han vart lurt. Noko anna er den spesielle invitasjonen. Han får ein spesiell invitasjon til å løyse eit mysterium og skrive ein familiekrønike. Han er «undertrykt» på den måten at retten har dømt han for noko han vart lurt til å gjere, og han er ikkje i ein posisjon der han er dominant. Undertrykt er kanskje litt sterkt, men det er i nærleiken. Ein rik person tek seg av han, og han får invitasjonen av ein rik person, det er viktig i denne samanhengen. Det skjer òg i ein nasjonal samanheng/innanrikssamanheng.Likevel går ikkje ei bok berre under eit plott, det kan gå under fleire. I dette tilfellet er det. Det fell delvis under «Stranger Comes to Town». Mikael Blomkvist er ny i Hedebyön der Vanger-familien er busett. Først blir han møtt med mistillit, og han blir mistforstått. Det er ikkje noko veldig stort mysterie ved han, men dei lurer på kven han er og kvifor han eigentleg er der. Likevel forstår mange gradvis at han endrer liva deira til det betre.

Det var to plott. Det tredje er plottet «Mystery» som me berre kan kalle mysterieplottet.

Mystery is probably the most fundamental basic plot, and perhaps the most well-recognized. After all, every narrative contains mystery. Mystery is the engine that powers every story. We open a  ooh and we are confronted with mysteries.

Monkeys with Typewriters side 154

Det er klart at ein kriminalroman har eit mysterieplott. Det er det det dreier seg om, og løysninga er ein av grunnane til at ein les boka. Ein plukkar den opp, les bakpå og tenkjer: «Lurer på korleis dette går.» Det er sjølve drivkraften i denne boka. Kva skjedde med Harriet? Kva skjuler Wennerström, om han skjuler noko? Kvifor er det så mykje inre splid innad i Vanger-familien? Alt er spørsmål ein vil ha svar på i slutten av boka, og Stieg Larsson knyttar fleire trådar saman til ein på ein ypperleg måte. Karakterane er i tillegg beundringsverdige, og ein forstår motiva til dei fleste av dei.

Alt i alt, god litteratur, og eg er glad eg byrja på boka. Det einaste eg kan setje fingaren på er at det er litt urealistisk mange gonger, og då meiner eg ikkje nødvendigvis småting. Til dømes stemmer ikkje alle arbeidsmetodane deira heilt med røynda.

Advertisements

5 thoughts on “Bok: Menn som hater kvinner av Stieg Larsson

  1. Eg kjenner at eg kvir meg litt for å lese Millennium-trilogien. Kvifor veit eg ikkje, men den verkar så intens og skummel på ein måte. No har eg lest 3 Jussi Adler-Olsen, og det er jo spinnhakkande galne greier dei held på med så kanskje etterkvart blir det Larsson-krim og. Den første boka står til og med i bokhylla til mor, med andre ord lett tilgjengeleg;-)

    Eg er forøvrig enig i at det blir litt gale at ein anna forfatter skal fortsette på serien. Viss eg husker riktig frå artikkelen var det meininga at serien skulle ha 10 bøker, men når forfatteren er død så er det jo naturleg at serien er ferdig. Det er ikkje mange forfattere som kjem unna med å skrive fortsettelser for andre. PD James er ei av dei, men eg vil tru at det er litt misnøye med hennar fortsettelse av «Stolthet og fordom» og, sjølv om det tross alt er snakk om PD James;-)

    • Det er ein veldig bra serie, og eg trur Jussi Adler-Olsen og Stieg Larsson skriv nokså forskjellig. Eg har lese ei bok av kvar og likte Larsson mykje betre. Men det er som du seier, det er spinnhakkande glane greier!

      Det du seier om å halde fram med ein serie er riktig. Når han berre skreiv tre av ti bøker vart det ikkje fleire. LIkevel blir det spennande å sjå på kritkken, men eg trur at ein lett kan gå i den fella at den «nye forfattaren» blir veldig kritisert for alt som ikkje er slik som når Stieg Larsson skreiv. Eg trur at ein serie skal slutte når den sluttar, og det at forfattaren døyr er eit punktum som ein ikkje liker, men likevel eit punktum. Det er ikkje eit komma i påvente av noko meir 🙂

  2. Tilbakeping: Kriminalromanar 2014 del 1/2 | Once Upon A Time

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s