Bokbloggarprisen – kortlista frå måndag

For litt over to veker sidan, måndag 13. januar, kunne komiteen bak bokbloggarprisen endeleg lette litt på sløret og seie kva bøker som var med på langlista. Eg bestemte meg då for at eg ikkje blogga om langlista, sidan det skulle komme ei kortliste seinare. Seinare – det var måndag 27. januar, og kortlista er no publisert. Det er tre bøker som har hamna på lista «Årets roman» og tre på lista «Åpen klasse». (Om du ikkje har høyrt om bokbloggarprisen kan du lese meir her). Eg må jo seie at lista innheldt få overraskingar. Det er andre som har kommentert det same. To av tre bøker under «Årets roman» har vore på dei fleste bestseljarlister og topp 10-lister i 2013, og dei fleste kjenner bøkene frå før av. Under «Åpen klasse» er det kanskje litt meir spennande. Ei diktsamling, ei barnebok og ei fantasy-bok for ungdom. Det beste med kortlista, er jo at eg ikkje har lese nokre av dei før. Eg har mykje å glede meg til.

ut9y1cjosl9w6nnonfhu

Men her er bøkene på kortlista:

Årets roman:

  • Jacobsen, Roy: De usynlige
  • Ravatn, Agnes: Fugletribunalet
  • Wassmo, Herbjørg:  Disse øyeblikk

Åpen klasse

  • Aisato, Lisa: Fugl
  • Lillegraven, Ruth: Urd
  • Pettersen, Siri: Odinsbarn

På våren dette året gjekk eg ut på bloggen min og sa at det hadde vore gøy om ei bok på nynorsk vart nominert og kom påkortlista, og jammen kom det ikkje med ei nynorskbok òg. Eg følte eg følgte opp målet mitt om å lese bøker på nynorsk dette året, og eg kan seie at fem av elleve bøker eg las i samband med prisen var på nynorsk. Eg synes ikkje det var så utruleg gale. Det som er verre er eigentleg at eg ikkje følte eg ikkje kunne nominere dei, rett og slett for eg ikkje følte dei var «prismateriale». Og det verste er at den nynorsboka som kom høgt opp, har eg endå ikkje fått somla meg til å lese, men det skal bli. Det kjem. Eg har høyrt mykje bra om Agnes Ravatn si bok, og no nyleg skreiv NRK ein artikkel kor dei hevda at ho er ein forfattar som får folk til å lese nynorsk. Det gler meg at ein nynorskforfattar får så mykje skryt. Ho er ikkje berre nominert til bokbloggarprisen, men òg til P2-lytterenes romanpris. No gjenstår det berre å sjå om eg er einig i alt skryten ho har fått. Det er jo ikkje sikkert. Kan vere den ikkje fell i smak i det heile.

Dei to andre bøkene var meir skuffande. Eg hadde kanskje venta meg noko meir annleis. Fugletribunalet braut litt den trenden at det er sjeldan nynorsk-bøker kjem så høgt opp. Den har ikkje vore på topp 10-listene på bokhandlane. Det er rett og slett ei bok bokbloggarar og kritikarar har teke godt i mot. De usynlige var ei bok alle snakka om før den var utgjeven. Den var ein hit allereie då. Alle gleda seg til Roy Jackobsens bok. Eg hugsar folk spurte etter boka lenge før ho kom ut. Stod bak disken og sa: «Nei, dessverre ikkje endå», og folk vart utruleg skuffa. Det var verkeleg ei etterlengta bok. Akkurat slik som Fugletribunalet av Agnes Ravatn er denne òg nominert til P2-lytternes pris. Herbjørg Wassmo er heller ikkje ein heilt ukjent forfattar. Eg hadde kanskje trudd me skulle bryte trenden litt meir enn me gjorde, men så kan ein ikkje bestemme over andre sin smak. Ein kan ikkje tvinge folk til å nominere bøker dei ikkje liker.

I kategorien «Åpen klasse» var eg langt meir nøgd. Ei billedbok for barn, ei fantasybok for ungdom og ei diktbok. Mangfald, heiter det. Skal innrømme at eg sterkt ønska at Mysteriet mamma kom på den lista, slik eg at eg endeleg kunne få ein grunn til å plukke opp boka. Til no har eg utsett det og utsett det, men eg skal nok gjere det. Fugl av Lisa Aisato ligg klar heime til og lesast. Eg har tenkt å fullføre mi første diktsamling etter Morovers av André Bjerke, og eg har tenkt å lese ein norsk fantasyroman for ungdom. Eg håpar eg klarar å vere med på alle. Først var eg litt skeptisk, sidan ingen av bøkene var heilt etter min smak, men eg skal utfordre meg sjølv til å prøve å lese dei.

Midt oppi alt dette kjem jo bokbloggarprisen 2015, så det blir jo nokre norske bøker i 2014 òg. I tillegg har eg ei bokmelding av Jentene fra balletten av Monika N,. Yndestad eg ikkje har skrive endå. Men alt til si tid, alt til si tid…

Dette var i alle fall mine tankar rundt prisen. Line oppfordra i innlegget sitt om kortlista til at fleire skreiv om sine tankar rundt denne og sa på bloggen kva dei meinte. Eg tok oppfordringa, og dette vart resultatet. Når det skal seiast synes eg at komiteen har lagt ned ein solid innsats i dette, og det vart jo ikkje akkurat kioskromanar på lista. Alle bøkene har fått positive tilbakemeldingar frå media og bloggarar. Eg trur bokbloggarprisen kan vere positivt for å vise at me har integritet og smak, og i tillegg at me òg kan vere saklege, sjølv om dei fleste av oss ikkje jobbar med bøker eller har mastergrad i litteraturvitskap.

Bok: I natt er du død av Viveca Sten

Dette året har eg bestemt meg for å gjere noko nytt. Det er ikkje eit veldig vanskeleg mål, men rett og slett noko eg berre Sten_INattErDuDodmå bli betre på. Nemleg prøve å starte med bok ein i kriminalseriar, i staden for midt i. Eg er heilt umogleg på det området. Byrjar med den siste boka, og les så bok nummer fire og så bok nummer tre, og så går det vidare slik. Ingen rekkjefølgje. På grunn av dette prøver eg å lese bøker av kriminalforfattarar som dette året kjem med nye bøker. Første i rekka var I natt er du død av Viveca Sten. Seinare i år kjem neste bok på norsk, I kampens hete.

Viveca Sten er ei av mange krimdronninger frå Sverige. Øvst på boka står det Sveriges nye krimdronning, ein tittel dei fleste krimforfattarar frå Sverige får, om bøkene blir gitt ut i andre land. Det at det ikkje er ei underskrift under, men berre forlaget som har skrive det, gjer meg litt skeptisk til slike titlar. Det er eit godt salstriks, og det trekk lesarar. I tilegg det litle sitatet frå ei bokmelding utanpå. Likevel, grunnen til eg plukka opp boka var for å teste ut forfattaren litt før den nye boka kom. Plottet er ikkje uvanleg for ein kriminalroman, særleg ikkje for ein ny kriminalroman. Hovudpersonane skal, etter det som står bakpå, vere politimann Thomas Andreasson og jurist Nora Linde.

Romanen byrjar med at Marcus Nielsen blir funnen hengt i leiligheita si. Alt tyder på at det er sjølvmord, men som dei fleste som les krim veit, er alle sjølvmord i slike romanar konstruerte. Politimannen Thomas, som skulle vere prega av ei oppleving for seks månadar sidan, kjem tilbake på jobb og arbeider med saka saman med politikvinna Margit. Nok eit tospann i kriminallitteraturen, som etterkvart får fleire mord å etterforske og ei sak som blir knytt til ein milletærleir på Korsö. Handlinga byttar mellom etterforskinga av morda og Nora Lindes tilvere på Sandhamn, ikkje langt frå Korsö. Ho har snart vore separert i eit år og slit med bitre tankar og saknet etter barna når dei er hjå faren sin.

Kriminalromanen er ikkje så heilt dum. Likevel, eg saknar ein del, og eg reagerer på ein del. Eg kan jo nemne først som sist at det er litt irriterande skrivefeil i boka, ikkje berre grammatiske, men òg feil namn av og til og litt omstokking av bokstavar. Dette aleine gjer ikkje at ein kriminalroman blir verre, men det er utvilsamt noko som irriterer ein. Det andre er at intrykket eg fekk av karakterane før eg byrja å lese var feil. Boka skulle vere om politimann Thomas Andreasson som fekk hjelp av juristen Nora Linde, men den hjelpa var ikkje stor, og eg kan ikkje hugse at ho overleverte det ho fekk vite til Thomas. Han fann det ut sjølv. Det er litt av ei hjelp må eg seie. Det andre er at innsatsen hennar ikkje var formidabel. Ingen kunne ha gitt henne ein pokal for den. Ho kunne heller fått pokalen for å sutre mest over ei skilsmisse.

Nei, eg tek ikkje lett på skilsmisser. Tvert i mot. Men at store delar av boka blir brukt på ein karakter som deppar over eks-mannen og er nyforelska, nei, det tek eg heller ikkje lett på. I alle fall når boka kunne ha vore den same utan denne karakteren. Likevel er Viveca Sten litt tilgjeven for å ha putta Nora Linde med i denne romanen, for det verkar som om ho får ei langt meir sentral rolle neste roman, om ikkje baksideteksten er like misvisande då. Teksten bakpå I natt er du død er i alle fall misvisande.

Etterforsker Thomas Andreasson graver seg ned i saken, og blir rask overbevist om at dødsfallet neppe var selvforskyldt. Men er Thomas egentlig klar for et krevende oppdrag? Det er bare seks måneder siden han var døden nær da han gikk gjennom isen utenfor Sandhamn

Lesaren får høyre historia om då han gjekk gjennom isen, men eg kan ikkje seie han var så veldig prega av det. Han fungerte heilt fint. Han sov, gjorde arbeidet sitt, tenkte rasjonelt, og når avslutninga kom var det ikkje noko der som kunne leie tilbake til hendinga som det står om i baksideteksten. Karakterane kjem ikkje lesaren veldig nære innpå. Me får lese om traumatiske opplevingar, men utan å bli rørt.

Boka er ikkje original. Den er keisamt vanleg. Det er ikkje noko fargerikt språk. Det er ikkje noko nytt ved plottet som ingen andre krimforfattarar har tenkt på, og det er heller ikkje noko uvanleg ved karakterane. Språket er bra, men utan det litle ekstra, og som eg nemnte over her, var ikkje alltid rettskrivinga heilt på plass. Romanen er godkjent, men den er milevis frå toppen, og i alle fall milevis frå banebrytande. Det verker som om forfattaren ikkje vil noko anne med kriminalromanen enn å skrive ein kriminalroman.

Bokblogg – ikkje rosablogg

Som dei fleste som har vore innpå denne bloggen forstår er det ein bokblogg og ikkje ein rosablogg om kvardagens små og irriterande problem. Likevel kan ein ikkje unngå at privatlivet går litt utover tida ein bruker på ein blogg. Det er ikkje til å kome frå, og skjer det meir rundt deg privat, er det vanskeleg å halde fokuset på bloggen like mykje som før, og òg på lesinga. No har det ikkje skjedd noko heilt forferdeleg tragisk privat (heldigvis). Det rett og slett berre tida som ikkje strekker heilt til, og eg har ikkje fått lese så mykje i januar som eg ville. Mykje av det har med politikk og gjere. For alle som lurer på kva eg meiner med det, kan dei lese innlegget mitt frå 2013 om mitt «politiske liv». Kan jo sånn i slengen nemne at eg møtte mitt store  førebilete i går i politisk samanheng, nemleg Marte Wexelsen Goksøyr, ei fantastisk dame og heilt klart ein gledesspreiar.

Til helga blir det heller ikkje mykje tid til bøker, men eg har førebudd meg. Eg skal bort og drive med andre ting enn lesing, men eg har digibøker og digiplayer eg kan bruke på reisa, og dermed får eg jo med meg litt skjønnlitteratur òg. For alle som trudde dette skulle vere eit veldig kritisk innlegg mot rosabloggarane, eventuelt eit innlegg med samanlikning av bokbloggarar og rosabloggarar, unnskyld, det var ikkje det. Det var berre ei lita oppdatering, for å seie at eg framleis lever, men at det går litt treigt med blogging og lesing. I tillegg har eg justert lesemålet mitt til 35 bøker i 2014, rett og slett berre for å ha rom til å kunne drive på med meir politikk. Det er veldig godt mogleg at eg les fleire bøker enn 35, har jo heiel sommarferien på meg, og vinterferien, og påskeferien. Likevel, mykje politikk, mykje skule og snart køyretimar, det tek si tid, i tillegg til andre fritidsaktivitetar.

Håpar alle får ei fantastisk helg!

Sjanger

Noko av det eg hugsar me gjorde dei første åra på skulen var å lage små forteljingar. Brette saman eitt eller to A4 ark og skrive på dei, for så å lage ei fin framsida på eit fargeark. Forteljinga kunne handle om det meste, og me kunne berre sette oss ned og skrive for hand, noko me dikta opp. Eg hadde allereie då skrive eit par forteljingar, som var veldig inspirert av visse eventyr, og med stort sannsyn ville eg ha blitt anklaga for plagiat hadde eg vore litt eldre og dei vart offentleggjort. Første klasse var det trinnet då eg verkeleg prøvde å dikte opp noko og leika med fantasien. Veldig mange historier handla om jenter som hadde fødsesldag og fekk alt frå hest til katt frå familien, og helst begge deler. Dei handla om Postmenn, jenter på min eigen alder og klassekameratar. I tredje klasse gjekk eg faktisk så langt at eg laga dikt om folk frå klassen. Ikkje i den forstand at eg skreiv stygt om dei, men eg fann to og to personar som byrja på same bokstav og gjorde dei om til alt frå sko til appelsinar. Morosamt når eg tenkjer tilbake på det, og for så vidt lærerikt òg. Likevel reagerer eg litt på korleis ein blir opplært i sjanger på barneskulen, og no tenkjer eg ikkje på små forteljingar på fire sider frå første klasse. No tenkjer eg på det ein lærer om sakprosa og skjønnlitteratur.

Eg hugsar ikkje kva klassetrinn med lærte om skilnaden på skjønnlitteratur og sakprosa, og kor tid me gjekk frå og skrive forteljingar til å skrive fagtekstar. Eg vil tenkje at det var i fjerde eller femte. Då lærte me at sakprosa er fakta og skjønnlitteratur er fiksjon. Fiksjon er opptikta forteljingar som folk har skrive ned. Skjønnlitteratur er ikkje sant, medan sakprosa er fakta som ein kan lese for å lære noko. Rett og slett veldig svart kvitt. Ein skal ikkje lære alt om sjangrar i femte klasse, men eg skulle ynskje at lærarar allereie då kunne ha byrja å vere litt meir nyanserte og fortelje litt meir. Det var laga eit veldig tydeleg skilje. Då me skulle skrive saktekstar, eller faktatekstar var det to ting som var viktige for lærarane at me gjorde:

  • Det skal vere fakta som du finn i ei påliteleg kjelde!
  • Du skal ikkje bruke eg-person!

Dette er greit nok. Ein fagtekst/saktekst/fagartikkel skal ikkje vere oppdikta. Det trur eg me alle kan vere einige om. Likevel var det ingen som verkeleg gav oss alle fakta om denne teksten. Det var ingen som sa korleis ein kunne laga ein interessant tekst. Eg lærte meg aldri at ei problemstilling kunne vere lurt for å snevre inn temaet før eg gjekk i tiande klasse. Før det skreiv eg berre ned litt fakta. Teksten min om Claude Monet var direkte keisam. I staden for å finne ut noko meir om ein del av livet hans eller om nokre måleria hans, tok eg alt på overflata. Ein av grunnane for å lage ei problemstilling er for å kunne snevre inn temaet litt og heller grav litt djupare i ein del av temaet enn å berre skrape av på overflata. I teksten om Claude Monet tok eg med litt om alt. Seinare har eg funne ut at for å gjere ein fagtekst interessant skal det vere «alt om litt». Ein fagtekst skal kunne stille spørsmål for så og svare på desse seinare. Ein fagtekst skal ha eit like fargerikt språk som skjønnlitteratur, men likevel fagleg. Ein fagtekst trenger ikkje berre å innehalde fakta, men det skal heller ikkje vere oppdikta.

På den andre sida er skjønnlitteraturen, den eg skriv om her på bloggen. På barneskulen lærer ein at skjønnlitteratur er oppdikta, noko dei òg følgjer opp ungdomsskulen. Stakkar elevar, me kan ikkje lære dei for myke på ein gong. Her skal ein ikkje gjere det vanskeleg i det heile. Saka med skjønnlitteratur er at det er givande. Ein kan bruke det i fagtekstar for å få svar på aktuelle problemstillingar, og det er aktuelt å trekke fram fiktive bøker for å gi eit inntrykk av korleis noko kan ha vore for enkeltpersonar. Eg brukte til dømes Barnepiken av Kathryn Stockett for å skrive om temaet rassisme og mobbing. Veldig mange romanar tek utgangspunkt i faktiske historiske hendingar og lagar ei fiktiv historie ut frå det. Difor kan skjønnlitteratur brukast som ei kjelde i ein fagtekst, sjølvsagt med eit kritisk blikk på hendingar og karakterar. I tillegg finst det langt fleire faktiske trekk ved skjønnlitteratur. Dei siste åra har ei rekke bøker under samfunnskritikk blitt populære. Gjennom fiktive karakterar og hendingar, men likevel med aktualitet har forfattarar sett lys på nokre av problema i samfunnet i dag. Det er ikkje ein ny sjanger på den måten at det har kome det siste tiåret, men stadig fleire vel å setje lys på til dømes klimakrisa, moderne slaveri, fattigdom og andre problemstillingar ved hjelp av skjønnlitteratur.

Når det gjelder litteratur i skulen burde lærar ha eit meir nyansert syn på ting. Dei burde lære seg at elevar blir meir forvirra seinare om dei framtiller det svart kvitt frå byrjinga av. Kvifor ikkje stole på at elevar forstår og gi dei det sanne biletet av litteraturen? Her er det glidande overganger, og særleg essay og kåseri er veldig midt i mellom. Eg skulle så ynskje at eg hadde lært om problemstilling, samfunnskritisk litteratur og skjønnlitterære kjelder mykje før eg gjorde.

Bok: Menn som hater kvinner av Stieg Larsson

Eg kjem som vanleg halsande etter med eldre bøker alle andre har lese for mangefaldige år sidan. Stieg Larsson døydde Menn-som-hater-kvinner_hd_imageberre femti år gammal i 2004, men vart først utgitt i Noreg i 2006. Altså ei litt eldre bok, men slik er det av og til. Eg las berre barne- og ungdomsbøker i 2006, og då må eg søren meg ha lov til å lese bøkene som kom ut for vaksne på den tida, i alle fall dei gode. Eg har litt å ta igjen, men kan vel seie at dette er ei byrjing. Har langt i frå tenkt å lese alle. Uansett, Menn som hater kvinner er veldig kritikarrost og har fått fleire seksarar på terningen, og eg har alltid tenkt at før eller sidan må eg ta opp boka og lese henne. Kva som fekk meg til å gjere det no? Rett og slett mangelen på lesestoff. Det høyres rart ut, for i mange veker har eg hatt ein stor haug, men den har minka og minka, og no sat eg igjen med nokre reserverte bøker på biblioteket. Første gongen eg la skikkeleg merke til boka var kanskje for nokre år sidan, då eg vaska i hylle i biblioteket heime og såg to bøker av Stieg Larsson stå der. Det vart til at eg las bakpå, fann ut at det var krim og sette det tilbake. Ikkje fordi det var krim, men fordi at akkurat då las eg ein del andre spennande bøker. Det som kanskje forundra meg mest var å sjå ein kriminalroman i hyllene heime, for eg er den einaste som verkeleg liker kriminalromanar her.

Eg vart minna på bøkene i Frankrike i sommar. Me budde i overetasjen på eit hus me leigde av ein skotte, og han hadde bokhyller i huset, noko ein bør ha, men det var ikkje mange bøker der. Dei fleste bøkene deira låg under bordet og handla om vin. Det var ikkje bøkene om vin som interesserte meg mest, men det store talet på bøker som var skrivne av Stieg Larsson. Han har berre skrive tre bøker, men dei hadde to eksemplar av The Girl with the Dragon Tattoo (Menn som hater kvinner) med to forskjellige omslag. Dei hadde fleire eksemplar av dei to neste i serien på engelsk, i tillegg til at dei hadde samtlege bøker på fransk. Det minna meg på at desse bøkene  bør eg lese. Det som verkeleg fekk meg til å ville lese dei var nyhenda om ei ny bok i serien. Forfattaren døydde i 2004, men no har forlaget latt ein annan person skrive den fjerde boka. Kva tenkjer eg om det? Eg veit ikkje, men eg trur eg hadde blitt mektig irritert om nokon hadde skrive den siste boka i Harry Potter-serien ferdig, og den «nokon» ikkje var Rowling, men så er jo det ein serie ein bør lese frå A til Å og som henger saman.

Mikael Blomkvist er ikkje ein typisk krimhelt. Han er journalist, noko som er litt krimaktig, men han er ingen typisk krimhelt på den måten at han søker ikkje oppdraget sjølv. Han har ikkje noko sterkt ønske om å løyse gåta, og han finn ikkje gåta sjølv. Den blir gitt han av ein annan. Vanlegvis kjem journalistane til ein ulukkesstad, skriv om saka og byrjar og interessere seg meir enn godt er. Dette er litt motsatt. I 1966 forsvann ei seksten år gammal jente ved namn Harriet Vanger frå Hedestad. Ho forsvann frå jordas overflate. Mange år seinare vil den tidlegare direktøren i Vanger-konsernet, Henrik Vanger, finne ut kva som skjedde med brorens barnebarn. For å gjere det hentar han inn nettopp journalist i Millenium, Mikael Blomkvist. Blomkvist har tidlegare skrive ei bok kor han går til angrep på finansjournalistar i Sverige, og han er kjent for å kritisere dei for den lojaliteten dei har til direktørar i store firma. Rett før Henrik Vanger kontaktar han, har han blitt dømt for å ha æreskrenking av ein finansmann, Wennerström som eig det store selskapet Wennerström Group.

Blomkvist er først avventande og meiner at han neppe kan finne noko nytt stoff om forsvinninga etter så mange år, men med ein krønike om Vanger-familien som dekke for det han driv med, set han i gang og prøver å finne nye spor. På den andre sida har me ein endå meir «utypisk» (dårleg ord) karakter i ein kriminalroman. Lisbeth Salander er blant Sveriges største hackarar. Ho er sær, distansert og asosial. I tillegg er ho umyndiggjort og har eit nokså ambivalent forhold til sin nye verge. Likevel kan ho bidra med noko. Ho kan bidra med inngåande undersøkingar og rapportar av folk og vise eit meir nyansert bilete av dei største heltane og dei verste skurkane.

Boka er på ca. 550 sider. Det er 550 sider med spenning, uro og nervepirrande opplevingar. Stieg Larsson tek deg med «dit». Det er levande skildringar med ord som gjer at me kjenner igjen stemninga og automatisk knytter stadane til stader me kjenner frå vårt eige liv. Det er ingen tvil om at Larsson er ein stor forfattar. Måten han kontruerer plottet på og let lesaren sitje tilfredsstilt igjen etterpå. Måten han skaper truverdige karakterar på som kven som helst kan skape eit forhold til. Måten han tek lesaren med til stader på og held han eller henne der, heilt til siste slutt. Det er meisterleg.

Mikael Blomkvist er spesiell. For det første har han eit nokså fritt forhold til kollegaen Erika, eller Ricky som han kallar henne. For det andre er han han ein veldig uvanleg kriminalkarakter, på den måten at han ikkje er på jakt etter action og spenning. Han har ikkje lyst til å løyse noko mysterie. Til vanleg er hovudpersonen i kriminalromanar veldig glad i å løyse gåter og få mysterier. Det er òg dette med at han sjølv ikkje bestemmer seg for å finne ei gåte å løyse, men at han får ein invitasjon som avgjer plottet. Det er eit såkalla «Rags-to-riches»- plot. Scarlett Thomas, førelesar i Creative Writing ved The University of Kent og forfattar av fleire romanar, skriv i boka si Monkeys with Typewriters:

In rags-to-riches plot we meet a young, innocent individual who is oppressed in some way, often in a domestic setting. This character then receives a special invitation.

Monkeys with Typewriters side 136

Det er to ting i skildringa som ikkje stemmer heilt med boka. For det første er ikkje Mikael Blomkvist ung. Han er ikkje eldgammal, men 43 år er ikkje ungdom lenger. For det andre er han ikkje direkte uskuldig heller, sidan han har blitt dømt til tre månadars fengsel for æreskrenking av ein bedriftsleiar. Likevel er han uskuldig på den måten at han hadde gode intensjonar, og han vart lurt. Noko anna er den spesielle invitasjonen. Han får ein spesiell invitasjon til å løyse eit mysterium og skrive ein familiekrønike. Han er «undertrykt» på den måten at retten har dømt han for noko han vart lurt til å gjere, og han er ikkje i ein posisjon der han er dominant. Undertrykt er kanskje litt sterkt, men det er i nærleiken. Ein rik person tek seg av han, og han får invitasjonen av ein rik person, det er viktig i denne samanhengen. Det skjer òg i ein nasjonal samanheng/innanrikssamanheng.Likevel går ikkje ei bok berre under eit plott, det kan gå under fleire. I dette tilfellet er det. Det fell delvis under «Stranger Comes to Town». Mikael Blomkvist er ny i Hedebyön der Vanger-familien er busett. Først blir han møtt med mistillit, og han blir mistforstått. Det er ikkje noko veldig stort mysterie ved han, men dei lurer på kven han er og kvifor han eigentleg er der. Likevel forstår mange gradvis at han endrer liva deira til det betre.

Det var to plott. Det tredje er plottet «Mystery» som me berre kan kalle mysterieplottet.

Mystery is probably the most fundamental basic plot, and perhaps the most well-recognized. After all, every narrative contains mystery. Mystery is the engine that powers every story. We open a  ooh and we are confronted with mysteries.

Monkeys with Typewriters side 154

Det er klart at ein kriminalroman har eit mysterieplott. Det er det det dreier seg om, og løysninga er ein av grunnane til at ein les boka. Ein plukkar den opp, les bakpå og tenkjer: «Lurer på korleis dette går.» Det er sjølve drivkraften i denne boka. Kva skjedde med Harriet? Kva skjuler Wennerström, om han skjuler noko? Kvifor er det så mykje inre splid innad i Vanger-familien? Alt er spørsmål ein vil ha svar på i slutten av boka, og Stieg Larsson knyttar fleire trådar saman til ein på ein ypperleg måte. Karakterane er i tillegg beundringsverdige, og ein forstår motiva til dei fleste av dei.

Alt i alt, god litteratur, og eg er glad eg byrja på boka. Det einaste eg kan setje fingaren på er at det er litt urealistisk mange gonger, og då meiner eg ikkje nødvendigvis småting. Til dømes stemmer ikkje alle arbeidsmetodane deira heilt med røynda.