Tusen takk for flotte gåver!! Dei falt i smak. Eg fekk utruleg masse godt!
- Boka som ho sjølv likte, Ekstremt høyt & utrolig nært av Jonathan Safran Foer
- Boka som ho trudde eg kom til å like, Paganinikontrakten av Lars Kepler
Lars Keplers bøker er nokre eg lenge kunne ha tenkt meg å lese, fordi eg har høyrt det skal vere veldig bra krim! Eg fekk òg masse god mat. Ein heilt fantastisk honning til dømes. Den smakte. Eg elskar honning på brødskiva, så der trefte bokbloggarnissen. I tillegg fekk eg lakris, sjokolade og kakao med minimarshmellows.
Og så fekk eg litt pynt og eit veldig fint kort!
Hintet frå bokbloggarnissen var at det passa godt det var ein hund på framsida av kortet. Av dei som er meldte på, reknar eg med det er Berit på bloggen Bøker & Bokhyller som har sendt meg pakken. Tusen takk!
Utanom dette fekk eg berre ei bok til jul, men til gjengjeld fekk eg òg digispelar, og den gler eg meg veldig til å prøve. Boka eg fekk var Kane og Abel av Jeffrey Archer, og det var ikkje ei veldig stor overrasking. Eg hadde hinta veldig tydeleg på førehand om at den boka ønska eg meg.
Det var en fin nissepakke.
Og du kan glede deg til Kane og Abel, den er ganske fantastisk (men så er jeg fan av Jeffrey Archer, dvs av bøkene hans, ikke fullt så fan av personen Archer, kan man si…)
Det var ein veldig fin nissepakke 🙂 Eg gler meg til å lese Kane og Abel, men eg har mange andre bøker som òg står i kø 😀 Og eg er heller ikkje nokon stor fan av personen Archer 🙂 Ha ei fin helg!!
Hei og godt nyttår til deg!
Hyggelig at du likte pakka, og selvfølgelig gjetta du helt rett, det var nok jeg -og Pippa- som var nisse for deg i år ;o)
Veldig koseleg!! 🙂 Eg likte pakken kjempegodt, tusen takk 😀