Bok: Det henger en engel alene i skogen av Samuel Bjørk (pseudonym)

Det henger en engel alene i skogen av «Samuel Bjørk» er den første boka skrive under pseudonym som har blitt nominert til Bokhandlarprisen. Det er ikkje alltid at Bokhandlerprisen er eit kvalitetsstempel, men å bli nominert til ein pris er heilt klart betre enn å ikkje bli nominert. Det har uansett vore veldig mykje blest rundt denne boka. Eg skal innrømme at eg gleda meg. Researchen rundt pesudonymet, skjedde etter eg las boka.

Boka har fått mange blanda bokmeldingar, og eg har vore heilt i skyene og skikkeleg fenga og hekta. Eg las og las og las og las, og plutseleg var boka ferdig. Det var nesten så eg hadde lyst til å gråte då siste side var lesen, ikkje fordi boka var så grueleg dårleg og eg ikkje var nøgd, men fordi leseopplevinga var over, men STOPP LITT! Leseopplevinga, det var dette med kvaliteten. Korleis var kvaliteten på boka? Var den realistisk? Var karakterane realistiske? Korleis var plottet konstruert? Og ikkje minst, har forfattaren alltid gjort researchleksa si?

Holger Munch, ein skilt far og bestefar og politimann som får ansvaret for ei lita etterforskingsgruppe i Oslo. Mia Krüger, ei psykisk sjuk kvinne som planlegg sin eigen død på ei øy i Trøndelag. Eit lite etterforskingsteam som skal til på ei stor sak. Rett og slett ein kriminalroman som kan høyrast litt vanleg ut. Likevel, plottet er noko av det som kan trekke lesarar, men ikkje dei mest sarte. Ei jente blir funnen hengt i eit hoppetau i skogen med ein dukkekjole på seg og ein sekk med skulebøker på ryggen. Ho skulle ha byrja i første klasse til hausten, men det vart det ikkje noko av. Kan det komme fleire, og kva skjer vidare? Holger Munch flyr opp til Trøndelag for å hente Mia Krüger slik at dei får sett ein stopper for dette, men er Mia Krüger villig til å endra planane og vere med på å løyse oppdraget? Sjølvsagt vil ho det. Eg skriv ikkje dette for å lage ein spoiler (det er kanskje ein spoiler likevel), men fordi det er ganske opplagt for dei fleste av oss at protagonisten i ein kriminalroman vil bli innblanda i mysteriet ein eller annan gong.

Det går ein seriemordar laust på austlandet, og ingen veit kven personen er. Etterforskingsgruppa som skal løyse saka er overraskande lita for ei så stor sak. Eg har ikkje veldig stor greie på politiarbeid, men dei bør bruke litt fleire ressursar på noko slikt. Likevel har der den hensikten at det berre er åtte etterforskarar å forhalde seg til. Lesaren går ikkje i surr, og sjølv om realismen er der, forstår ein kvifor forfattaren har gjort det slik. Det å lage eit lita gruppe gjer lesaren meir «inkludert» og «integrert» i gruppa. Ein kjenner seg meir med i miljøet og gruppa i boka. Uansett er det nokre typiske trekk med desse etterforskarane som aldri forsvinn. Kaffifrikking, røyking, rare og unødvendige kommentarar, og sjølvsagt nokon utan utdanning. Hackaren i gruppa er eigentleg berre hackar, men er likevel på MI6 si liste, og slik får ein inn i politiet på ei så viktig sak. Her òg er det noko med realismen som sviktar. Holger Munch er likevel ein stor forandring frå andre etterforskingsleiarar i andre bøker, sjølv om han har ein sur sjef bak seg. Dei fleste etterforskingsleiarane plar å vere heilt uforståande og stokk dumme, noko Holger Munch ikkje er. Han er varm, inkluderande og ein smule gretten når han ikkje får seg ein røyk. Mikkelson, «sjefen over alle sjefer» i Det henger en engel alene i skogen, lever litt opp til den typiske «krimsjefen.» Han er stokk dum, uforståande og alt for påpasseleg. Men ein annan myte: Ein kan alltid trasse sjefen sin i kriminalromanar. Sjølvsagt kan Munch trasse Mikkelson og køyre sitt eige løp. I bøkene verd ja, «in the real world» nei.

Avsnittet over her går kanskje litt på dårleg researcharbeid. Lite kunnskap om politiet kan vere nummer ein på den lista. Så kjem punkt to. I boka er det òg med ein suspekt kyrkjelyd (menighet) som tvinger dei eldre på ein heim til å gi heile arven til kyrkjelyden. Ein veldig god idé i utgangspunktet, hadde det ikkje vore for at arvelova ikkje tillet det. No kan det vere de sit og tenkjer: «Mai Lene, det er ei bok, ikkje røynda». Ja, det er det, men når dei med kunnskap om politiarbeid klagar på at det er urealistisk i kriminalromanar, må eg få lov til å påpeike det som juridisk sett er urealistisk. Arvelova vernar om livsarvingar. Dei skal ha 2/3 av dødsboet. Det er pliktdelen deira, men pliktdelen er aldri større enn 1 000 000 for ein livsarving. Det betyr at arvelataren har ein fri tredjedel som han eller ho kan bestemme kva skal gå til. Dermed går det ikkje an å gi alt til ein kyrkjelyd. Eg veit at eg høyres ut som ein rettslærenerd no, men rett skal vere rett.

Geir bak bloggen Bokbloggeir laga ei liste i september over «10 krim-myter som kan føre deg ut i elendighet». Slik eg ser det har «Samuel Bjørk» ikkje teke til seg denne lista, utan at det har ført personen «ut i elendighet». Dette er ikkje eit stikk mot Geir si liste, for eg er veldig einig i det han skriv. Det er rett og slett språket i boka og plottet som er så utruleg bra, og langt frå elendeg, at det lullar lesaren inn i ein falsk tryggleik. Desse krim-mytane bryr ikkje lesarane seg noko om, fordi forfattaren har dei der heile tida. Boka er spennande og drivande, og leseopplevinga direkte skummel på ein god måte. Difor er det lett, når du nettopp er ferdig med boka, å berre tenkje: «Wow, heilt supert.» Det gjorde eg. Eg var heilt klar for å setje meg ned og skrive om denne fantastiske, vidunderlege boka, men no når eg har fått boka meir på avstand, har eg eit meir kritisk syn. Boka er ikkje elendeg, men bruker likevel mange klisjéar. Men det er ein grunn for at noko er ein klisjé, og det er at det slår an. Folk liker klisjéar, viss dei ikkje er veldig lette å gjennomskode. Lesarar av kriminalromanar elskar det, berre det er skjult. Klisjéane er skjult bak forfattaren sitt grep om lesaren her.

Eg høyres veldig kritisk ut no. Klisjéar, dårleg research, urealistisk. Boka er god. Den er heilt klart på pluss-sida, på veldig mange måtar. På ein uforklarleg måte er den slik at det går ikkje an å vere berre kritisk etterpå. Eg ser at andre bloggarar òg slit med å setje fingrane på det som er bra med boka. Det er ein haug med ting ein kan seie at er kritikkverdig, men likevel er boka så heilt klart ikkje dårleg. Eg trur kanskje noko har med slutten av boka å gjere. Nokre likte den ikkje, men uansett, den er skummel. Til vanleg i kriminalromanar tenkjer ein: «Helten kjem til slutt fram.» Me berre veit at det kjem til å gå godt, kanskje fordi ein kjenner forfattaren frå før, eller kanskje fordi ein forstår ut frå oppbygginga at det er det det går mot. Her var eg i tvil, og om det gjekk bra eller ikkje vil eg ikkje seie noko om. Du må lese sjølv for å finne det ut.

Advertisements

2 thoughts on “Bok: Det henger en engel alene i skogen av Samuel Bjørk (pseudonym)

  1. Flott omtale! Likte godt det du skriver om klisjeer og at vi allikevel liker boken, bare de er litt gjemt. Jeg likte den i alle fall godt, uten at jeg vet helt hvorfor… 🙂

    • Slik har eg det òg. Eg likte boka veldig godt, men det er vanskeleg å setje fingaren på kva det var. Takk for skryt og godt nyttår! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s