Årets julegåve?
Eg sa eigentleg at Busemannen var ei bok eg skulle lese i byrjinga av 2014, fordi eg har hatt så mange andre bøker å lese. Men så var det no slik at eg fekk ei melding frå biblioteket om at boka eg hadde reservert (Busemannen) var komen og eg kunne hente henne. Eg avgarde til biblioteket for å låne boka, og då eg kom heim måtte eg berre lese første kapittel. Berre for å finne ut korleis det eigentleg var. Jo, så vart første kapittel lese, og så vart andre kapittel lese, og så tredje, og så gjekk det til at boka vart påbyrja og utlesen. Angrar eg på at eg sparte henne? Eg angrar på den måten at eg ikkje vil få denne fantastisk humoristiske leseopplevinga tilbake.
Busemannen av Knut Nærum og fire andre forfattarar er som kjent ein parodi på Nesbøs bøker om Harry Hole. Willy Wakum er ein alkoholisert, farleg eks-politimann, som Sanna Selbu og Hagbart Lømmer vil hente til Noreg for å oppklare drapet på Nelly Lundin – helst før Kripos gjer det. Det er berre eit problem. Wily Wakum er død. Men det stoppar han ikkje frå å vere med. Sanna reiser til Macao for å finne han.
«Den tidligere potugisiske kolonien, Santa Nome de Deus de Macau, 65 kilometer vest for Hong Kong?» spurte Selbu.
«Nemlig. Du kjenner til øya?»
«Egentlig ikke. Det har dukket opp i TP.»
Og korleis skal ein komme seg til Hong Kong?
«Med fly. Alt annet blir unødvendig tungvindt. For ikke å si tidkrevende.»
«Jeg mener, en slik tjenestereise vil fort koste 300 000-400 000 kroner. Jeg går ut fra at Voldsavsnittet ved Oslo politikammer ikke har et så stort reisebudsjett.»
Han dro fingrene over haka. «Det er riktig. Vi hadde for så vidt et ganske brukbart et, men det var før Willy reiste til Tasjkent for å oppklare et barslagsmål i Stortingsgata.»
Dei som tenkjer at dette var morosamt, har meir å gle seg til, når dei eventuelt opnar denne boka ein dag. Dei som tenkjer at det berre var sånn passe, kan tenkje at det kjem betre tider. Dette var ikkje det beste sitatet eg kunne ha delt, men eg vil ikkje dele noko som er meir morosamt, for då røper eg jo det beste ved boka. Som de kanskje forstår likte eg den. Språket er lett og humoristisk og nesten betre enn Nesbøs språk i Harry Hole-bøkene. Dei bruker litt til no ukjente samanlikningar, men like fult forståeleg, og i alle fall morosamme.
Det eg var mest overraska over, var at eit så absurd, rart plott, som eigentleg berre er ein parodi, kunne vere så spennande. Dei har ikkje berre laga ein god parodi, men òg ein spennande kriminalroman med alt det skal innebere. Noko av vitsen med parodier er jo at dei skal ta det dei parodierer litt på kornet. Trur aldri eg har sett nokon klare det betre. Særleg dei siste femti sidene minna meg veldig om Nesbø og Harry Hole, for det er full forvirring rundt kven som er gjerningsmannen og kven som berre vil øydeleggje. Ein trur ein forstår og så tenkjer ein: «Å, nei, det var ikkje det likevel!» For å bruke litt sterke ord: Det er noko av det verste mest idiotiske med Harry Hole-bøkene. Difor er eg glad for at desse forfattarane òg har plukka opp det og laga ein liknande slutt som i det minste er litt betre, rett og slett fordi her er det innblanda humor.
Eg trur ikkje nokon Harry Hole-fan kan misslike denne, uansett kor trufaste dei er mot Harry Hole. Sjølv Jo Nesbø trur eg vil kunne like denne boka, rett og slett fordi det er ein veldig godmodig parodi. Innimellom kan ein oppdage litt kjente personar og namn frå den norske krimverda. Nelly Lundin til dømes. Eg føler at viss eg skal skrive meir om denne boka no, blir det berre det ein kallar skamros, men det er fordi eg rett og slett ikkje kan finne noko negativt. Det er så utruleg bra utført. I frykt for at alt plutseleg skal dreie seg om kjensler, leseoppleving og skamros skal eg avslutte innlegget no. Eg har berre to ord til å skrive: Les denne!