Bok: «Adams arv» av Astrid Rosenfeld

Året var 2012, datoen 14. september, då Astrid Rosenfelds roman vart utgjeven på Cappelen Damm. Debutromanen 9788202369132Adams Arv skriven av ein tysk forfattar med handling i Tyskland er ein meisterleg  og heilt godkjent debutroman. Edward Cohen, oppkalla etter ein karakter i ei Austen-bok, er oppvaksen i ein nokså unormal og absurd familie. Mora fekk han med ein skandinavisk mann som heite enten Søren eller Gøren – ingen veit det heilt sikkert – og som stakk av rett etter Edward vart født. Då hadde Magda Cohen vore desperat lenge etter å få barn. Då ho vart gravid flytta ho inn til foreldra sine, Edwards besteforeldre, Lara og Moses Cohen. Når Edward veks opp, er det stadig snakk om Adam. Han liknar på Adam på mange vis, og bestefaren Moses blir meir og meir fjern ettersom åra går og likskapen kjem meir til syne.

Noko av det viktigaste for Lara Cohen er at Magda skal få seg ein mann, og det er to som er nemnt i forteljinga. Ein slaktar og ein herr professor, som òg er doktor og har eit etternamn med to namn knytt saman med ein bindestrek. Ingen av dei fell i smak hos Magda, og ho fell heller ikkje tydelegvis i smak hos dei. Ho er aleine heilt til Edward blir teke med til Berliner Zoo ein søndag av henne og Lara.

Mange år seinare, etter fleire hendingar som har forandre Edwards liv, finn han ei bok kor det står om den mystiske Adam, som han aldri har visst heilt kven var, utanom at han var broren til Moses og skuffa mora og bestemora. Gjennom desse breva blir me introdusert for nye karakterar, og saman byttar Edward og Adam på å vere hovudkarakterar i ei tredelt bok, som strekk seg heilt frå mellomkrigstida til tida etter den kalde krigen.

Eg fekk først høyre om denne boka gjennom Bjørgs blogg Mellom linjeneEg vart veldig nysgjerrig på boka og bestemte meg for å leite henne opp og lese henne. Sidan lokalbiblioteket lokalisert under ein kilometer får huset mitt svikta, tok eg turen inn til Sølvberget til Stavanger og plukka med meg to bøker, kor den eine var denne. Det har ikkje gått spesielt fort med lesinga av boka, sjølv om den er på rett over tre hundre sider og ikkje er veldig stor. Det som likevel er spesielt er inndelinga. Ikkje veldig spesielt, men boka er delt inn i tre deler og det er det. Den første delen på rett under hundre sider er den kor Edward fortel om barndommen, ungdomsåra og livet hans fram til han finn boka til Adam. Den andre delen er fortalt frå Adams synsvinkel, og den er på rundt to hundre sider, før boka runder av med Edward igjen på dei siste sidene. Det er den einaste inndelinga som er, utanom markerte avsnitt. Boka er ikkje delt inn i kapittel, slik som mange andre.

Alt er fortalt i første person og andre person. Det vil seie at både Adam og Edward fortel alt frå sin synsvinkel til ein annan. I Adams tilfelle er det til Anna og i Edwards tilfelle er det til Amy. Begge ser tilbake på det som har skjedd og skriv det ned til kvar sin person, som ein òg blir kjende med i løpet av romanen. Forfattaren har meistra desse synsvinklane veldig godt. Med gode og morosamme skildringar, og eit lett språk, blir alle nødvendige hendingar med. I Edwards tilfelle har ho òg vore medviten på at ho skriv tankane til eit barnesinn. Trass i det lette språket, dei morosamme formuleringane og den absurde røynda, får lesaren sjå det såre bakom orda og den forsvarslause guten som slit med å finne seg sjølv.

Eg greier ikkje å setje ord på skrivestilen ho bruker i boka. Den er ikkje tung, og ein må absolutt ikkje fram med framandordboka for å forstå. Ein ting er at sidene ved alle karakterar er sterkt overdrivne. Drikk ein person alkohol, drikk han eller ho – i dette tilfellet nokre damer – veldig mykje alkohol. Har ein karakter ein lang tittel, då er det dette som dominerer denne karakteren. Det kan høyrast veldig stereotypisk ut, men dei andre sidene av karakterane er ikkje borte. Dei òg er med og kjem fram når hovudkarakterane trenger det som mest.

Det er så mykje å seie om denne boka, og eg kan ikkje få med meg alt, utanom at den er god, fornøyeleg og trist. Den finn stad både i Berlin, Kressendorf, Krakow, Warszava og Vest-Tyskland. Den er ikkje favorittboka mi, for det er noko som manglar til at den når heilt opp, noko eg ikkje kan setje fingaren på. Eg trur det har noko med at dei verste sidene ved krigen blir veldig skjulte. Dei er med, men det blir teke litt lett på, utanom at eg av og til fekk flashbacks til konsentrasjonsleirane eg var i på skuleturen. Det var sterkt, sjølv om boka ikkje fann stad der. Likevel, det er noko med boka som gjer at den ikkje når heilt til toppen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s