Hadde eg no vore ein klassisk rosabloggar med speilreflekskamera og daglege oppdateringar , hadde dette innlegg hatt tittelen: «Beklager lite blogging». Det er eigentleg eit slikt innlegg, på mange måtar, men ikkje på alle. Det blir veldig lite blogging av og til, rett og slett fordi det går litt treigt med lesinga, eg har sosiologi- og sosialantropologitentamen, eg har vore litt småsjuk og det er danseførestilling neste veke. Alt på ein gong. Og så er det jul, og jul betyr mykje juleshopping, og juleshopping betyr meir jobbing på Kvadrat for min del. Likevel tenkte eg å lage det litt meir seriøst enn berre: «Sorry for lite blogging, snakkes når eg har tid.» Eg har eit mål om at når eg først legg ut eit innlegg på bloggen, skal det vere for å seie litt meir enn berre: «Eg er her.»
Før 2013 var målet mitt å lese 52 bøker. Ei bok i veka er eit veldig ok tal for meg. Eg trenger ikkje å stresse med å klare det. No har eg lese 53 bøker i 2013 og er på mi 54 og 55. Det er ikkje altfor gale. Somaren hjelper, særleg ein Syden-tur kor ein berre kan ligge rett ut og lese, eventuelt sitje i skuggen slik som meg. Eg reiser ned til varmare strøk for å ha det varmt i skuggen. Skal ikkje vere lett. I følgje goodreads har eg lese 20861 sider, ei sanning med modifikasjonar. Sjølv om eg har lese bøkene på norsk, har eg lagt dei til på engelsk der, og då er det gjerne litt ulikt sidetal, men det veit de sikkert.
Bøkene i lysbileteframvisninga er alle så langt i 2013. Framleis har eg eit ønske om å kunne lese nokre til. Til dømes lese ut dei to eg les no (The Kite Runner av Khaled Hosseini og Adams Arv av Astrid Rosenfeld). Framleis er det ei lesesirkelbok igjen (Kjærlighetens historie av Nicole Krauss), og oppe ventar A Darker Domain av Val McDermid. I tillegg veit eg om ei bok eg får til jul, fordi eg tipsa personen som gir meg den om ei bok, og eg fekk beskjed om at den vart kjøpt. Gjer ingenting å vite om ei julegåve, fordi den er jo spennande i seg sjølv.
Noko av det eg har tenkt å gjere neste år er:
- Lese 52 bøker eller meir
- Lese minst ei bok av Charles Dickens på engelsk
- Lese dei bøkene eg planla å lese i år, men som eg ikkje har fått tid til å lese
- Lese norske bøker gitt ut i 2013, slik eg kan vere med å stemme fram ein kandidat til bokbloggarprisen
- Lese endå meir engelsk
- Lese endå meir av Val McDermid
- Lese Hunger Games-serien og Divergent-serien
- Lese meir norsk krim, blant anna dei Nesbø-bøkene eg har i hylla
Nokre av bøkene eg har tenkt å lese i 2014:
Eg veit ikkje om eg kan greie det, men måla er ikkje heilt håplause. Innlegget mitt er håplaust. Det var mest for å gi lyd frå meg igjen. Vise at eg ikkje er innsnødd (æg bur på Jæren, så dæ æ ikkje muligt uansitt), ikkje har øydelagt heile meg av å bere for mange bøker (nære på av og til), ikkje har bura meg inne (ikkje foreløpig) og ikkje har slutta av heile greia (ei god stund til)!
Håpar alle har ein fin desembermånad!
«Du stjerne over Betlehem,
send dine stråler ned.
Og minn oss om at julens bud
er kjærlighet og fred.»
Nå tennes tusen julelys