Barnebøker til folket

Målgrupper er eit spennande tema innanfor litteraturen. Kven er boka retta mot? Kva skal bodskapen vere, og til kven skal bodskapen vere? Kan bøker plasserast innanfor ulike aldersgrupper? Treffer bøkene? Som ein ungdom som les bøker for vaskne synes eg at temaet er aktuelt, og det er av og til eg lurer på om forfattarane forstår barn og ungdom, og i alle fall om dei som anbefaler bøker gjer det.
I dag blir alle bøker kategorisert etter kven dei passar for, og bøker for vaksne blir kategorisert endå meir grundig. Ingen kan unngå å høyre om målgrupper, når dei les bøker eller les om bøker og skriv bøker eller skriv om bøker. Det er komplett umogleg å ikkje ha vore utfor ordet, og nettopp det at me er så medvitne på målgrupper er veldig interessant.

Gjennom Kurt har tusenvis av normenn fått seg ein god lattar gjennom både film og bøker. Fisken, Kurt blir grusom og Kurt Que Vadis er alle gode bøker, og dei er rekna som barnebøker. På biblioteka står dei saman med andre bøker retta mot barn. Dei har òg eit litt «barnsleg» plott, som til dømes Knutby. Kurt og familien havnar i den svenske byen Kurtby som blir styrt av den heilage ande gjennom ei talskvinne. Kurt blir med på kjøret, blir pastor og går heilt bananas Det er ikkje eit plott vaksne hadde tolerert med mindre det hadde vore ein parodi. Barn tolererer det fordi dei har fantasien til det.

Bestefar var eit kirsebærtre av Angela Nanetti er ei bok ikkje fortener å bli gløymt. Tonio mister begge besteforeldra på landet – foreldra til mora – som han er veldig glad i, og boka handlar i bunn og grunn om korleis barn taklar å miste nokon dei står nær. Eg skreiv ei bokmelding i fjor desember av boka, kor eg òg tok opp temaet målgruppa boka er retta mot. Det er no eg peiler meg inn på det verkelege temaet i innlegget. Målgruppe – kvifor då?

Det kan høyrast ut som om eg er heilt grunnleggjande i mot målgrupper. Eg er ikkje det. Ein måte må ein ha å dele bøkene inn på. Likevel er det veldig stor konsentrasjon om dette. Passar boka for meg. What’s in it for me? er nærast eit mantra når ein les bøker. Dei som meldar bøker plar i alle fall å vere flinke å peike ut nøyaktig kven boka passar for, i tillegg til reklamen. Gaven til alle krimelskere! Gi barna noe morsomt til jul! For alle de som elsker Kate Morton! Me poengterer kven bok er for. Eg merkar sjølv at med ein gong det står, til dømes, For alle de som liker Jørn Lier Horst tenkejr eg «Nei, den boka kjøper eg ikkje.» På same måte er eg veldig ivrig etter å lese ei bok som liknar på forfattarskapet til Gillian Flynn eller Val McDermid. Det er i alle fall ein god måte å selje bøker på.

Målgrupper dreier seg ikkje berre om boka treffer aldersgruppa. Mange gonger ser eg aviser som skriv at barn kanskje ikkje forstår den underliggjande meininga i boka. Knutby, som eg nemnde over her er ei bok rekna på barn. For alle barn er det berre nok ei historie om Kurt og familien som har ein del sprø opplevingar. For vaksne betyr det litt meir, sidan dei hugsar Knutby-saka i Sverige. Det at barn ikkje veit om denne saka gjer ikkje noko for deira oppleving av boka, men likevel forstår vaksne meir.

Bestefar var eit kirsebærtre er for barn ei historie om Tonio som mister besteforeldra og har ei gås som kjæledyr. For litt eldre er det ei bok om ein liten gut med store spørsmål om liv og død. Dei forstår det underliggjande temaet i boka. Korleis forklarer du barn om døden og kva som skjer? Korleis taklar eit barn at to av dei næraste slektningane døyr? Det verker supertrist, men som barn elska eg boka, og eg elskar den endå meir no, på grunn av den fine bodskapen. Doktor Proktor og det store gullrøveriet er eit døme på ei bok kor avismeldarane meinte at barna ikkje kunne forstå kva som låg bak. Dei kan jo ikkje noko om finanskrisa! Eg synes at dei bommar grovt. Dei har hengt seg så opp i at boka er for barn at dei ikkje ser vidare.

Eg kan sitje og kose meg skikkeleg med barnebøker, sjølv om dei ikkje er retta mot meg. Ein av grunnane er rett og slett den at mange barnebøker har eit tema ein må vere litt eldre for å forstå. Erlend Loe har sagt at han ikkje skriv mot noko spesiell målgruppe, når han skriv bøker om Kurt, men skriv slik at alle kan forstå det på sin måte. I frå forlaget og avisene si side er desse bøkene barnebøker, og dei kategoriserer dei såpass at vaksne tenkjer: Dei er ikkje for meg. Eg trur de veit kor eg vil. Me fokuserer for mykje på målgrupper. Me tenkjer at kategorien boka er plassert innanfor er der den høyrer heime, og mange av oss ser ikkje at det underliggjande temaet kanskje er meint for litt eldre. Og for den del, barn har ikkje vondt av å forstå litt av finanskrisa.

Kvifor ikkje ta fokuset bort frå målgrupper av og til? Det er ikkje nokon vits å le av at dama på førti ovanfor deg på toget sit og les ei barnebok!