Bok: Fanget av fortiden av Jeffrey Archer

Jeffrey Archer har sjølv vore bak lås og slå i nokre år, og han veit nok ein del om kva som skjer inni hovudet til Danny 9788241907456Cartwright, når han blir arrestert. Den største skilnaden på dei to mennene er kanskje at Cartwright vart dømt uskuldig, noko som òg er plottet i Archers bok. Ein kveld i 1998 frir han jenta han har vore saman med i mangefaldige år, Beth Wilson. Som dei fleste andre som blir forlova, ville òg Danny og Beth feire den store dagan. Dermed inviterer dei Beths bror, Bernie, til ein lokal pub for å skåle for hendinga.

På puben er det òg fire andre som har ting å feir:. Spencer Craig, Lawrence Davenport, Gerald Payne og Toby Mortimer. Først går alting roleg for seg, men etterkvart utviklar deg seg til ein stor krangel kor ein person blir drepen: Bernie Wilson.

Siden de to andre mennene, som sto ved døren, tydeligvis ikke hadde lyst til å bli med, anntok Beth at kampen ville være over ganske snart- Hun kunne bare se på mens broren hennes ga den andre mannen en uppercut av slik kraft at han nesten ble svimeslått. Mens Bernie ventet på at han skulle komme seg på bena, ropte han til Beth: «Gjør oss en tjeneste og få tak i en taxi. Vi er snart ferdig her og da må vi pigge av litt jævla kvikt.» Beth rettet oppmerksomheten mot Danny for å forvisse seg om at han fikk has på Kødden. Kødden lå langflat med sprikende armer og ben. Oppå seg hadde han Danny, som tydeligvis hadde kontroll.
Hun kastet et siste blikk på dem begge før hun motvillig gjorde som  broren hadde bedt om. Hun løp avsted bortover smuget, og da hun kom ut på gaten, begynte hun å se seg om etter en taxi. Hun behøvde ikke vente i mer enn et par minutter før hun fikk øye på et velkjent, gult skilt som var tent. Beth praiet taxien akkurat idet mannen Bernie hadde felt, stavret forbi henne og forsvant i natten. 
«Hvor skal du da?» spurte sjåføren. 
«Bacon Road i Bow,» sa Beth. «Og to venner av meg kommer hvert øyeblikk,» tilføyde hun og åpnet bakdøren. Sjåføren skikket over skulderen hennes og inn i smuget.«Jeg tror ikke det er taxi de trenger, du,» sa han. «Var de mine venner, ville jeg ringt etter ambulanse.»

Siste setning lovar ikkje godt, og som eg skreiv vart Bernie Wilson drepen. Den som er sikta er Danny, Bernies besteven og snart svogar. Det går mot rettssak, og Alex Redmayne blir Dannys advokat. Danny nektar for at han er skuldig, og mange trur på han. Det gjelder berre å få jurien til å gjere det same. Det er likevel ikkje lett når det er Spencer Craigh, Lawrence Davenport, Toby Mortimer og Gerald Payne som skal vitne, som alle har ein heilt annan bakgrunn er Danny, som er i frå Aust-London. Danny blir dømt av jurien til ei fengselsstraff på 22 år i Storbritannias sikraste fengsel, Belmarsh. Ingen har  klart å rømme frå fengselet – før no.

Alt ligg til rette for ei veldig god bok, sagt med færre ord. Plottet er utspekulert og har eit enromt potensiale, noko forfattaren nyttar nokså godt. Språkleg sett er boka god. Skildringane er korkje kortare eller lengre enn dei skal vere. Akkurat nok detaljar til at ein «kjenner» karakterane. Det beste med skildringane i boka er at ein blir teken med inn i historia. Ein er ikkje berre ei floge på veggen, men ein del av handlinga. Karakterane er nokså truverdige. Dei er ikkje direkte stereotypiar, men det er litt svart kvitt. Likevel har forfatten teke i bruk eit kraftfult verkemiddel: Det å gi karakterane eit motiv. For å gjere ein karakter meir truverdig skal ein forstå motivet til at dei gjer det dei gjer. Til og med motivet til antagonisten skal vere forståeleg, men ikkje framgangsmåten. På den måten kan ein seie at forfattaren på naud og neppe har unngått stereotypiar, men eg kunne tenkt meg eit meir fargerikt karakterutval.

Plottet har eit veldig godt potensiale, og det startar bra. Rettssaka tek opp litt for store delar av boka. For meg, som elskar rettslære og synes alt slikt er interessant gjorde det ikkje mykje å ha med mykje frå rettssakar, men viss ein ser på boka samla sett, går veldig mykje på det rettslege. For mange vil noko vere urforståeleg, og det arveretten er kanskje ikkje det dei fleste vil lese om viss dei skal kose seg. Forfattaren går på eit punkt over streken. I tillegg saknar eg eit klimakspunkt. Eg plar å seie at ei bok skal ha ei kort innleiing som går rett på sak, ein lang hovuddel med eit klimaks til slutt, og ein kort avslutning som skal oppklare såpass mykje at forfattaren blir tilfreds, men ikkje mykje meir. Klimakset hadde forfattaren gløymt. Spenningskurva på slutten var flat. Eg tenkte det kanskje skulle vere noko veldig oppklarande til slutt og at alt ikkje var slik me trudde. Men den gong ei. Alt gjekk straight forward utan noko stor overrasking. Boka fekk meg ikkje til å grøsse eller gråte, og eg tvilar på at andre gjer det heller.

Samla sett ei god bok, som ikkje utnyttjar potensiale, men er god språkleg sett og akkurat unngår stereotypiske karakterar.

Advertisements

2 thoughts on “Bok: Fanget av fortiden av Jeffrey Archer

  1. Jeg er til dels enig i mye av det du skriver. Jeg er også enig i at boken har større potensiale og at jeg skjønte det ville gå bra til slutt. Men så du virkelig for deg at slutten skulle være slik? At det eneste han hadde gjort seg skyldig i var…?

    • Eg gjorde det kanskje litt uklart, men det eg meinte var at det kanskje kunne ha kome fram nye opplysningar om den kvelden. Det er kanskje litt vanskeleg, når han legg opp boka på den måten, men den kunne ha vore betre hadde han ikkje røpt så mykje i byrjinga av hovuddelen og heller spart opplysningar til slutt slik ein sat igjen med den der «aha!»-kjensla. Det gjorde ikkje eg. Eg fekk det kanskje litt uklart fram i bokmeldinga, men det var det eg meinte 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s