«I got the power!»

Dette er eit innlegg som er mest retta mot bokbloggarane, og dei andre bloggarane der ute, rett og slett fordi det er aktuelt med tanke på debattane som har gått dei siste vekene. Likevel, alle, føl dykk fri til å lese innlegget og kome med innspel!

Som bloggarar har me makt. Ingen kan sjå bort frå det. For det første er det vel ei kjent sak at ord har makt. For å sitere Humlesnurr, noko eg liker veldig godt:

“Words are, in my not-so-humble opinion, our most inexhaustible source of magic. Capable of both inflicting injury, and remedying it.”

Veldig kloke ord. Dei orda me bruker har makt, og bloggar består ofte mest av ord. Det er forskjell på å like noko og elske noko. Det er forskjell på å mislike noko og hate noko. Det må alle saman hugse på som bloggar. Velje orda med omhu er vel rette uttrykket. Gjennom dei orda me vel har me makt. Ingen må tenkje at dei linjene dei skriv i eit innlegg er utan tydning og at dei ikkje har noko påverknadskraft på nokon. Det er klart at viss ein bokbloggar skriv: «Eg elska denne boka» er det truleg at eg før eller seinare vil plukke boka opp, om det var i rett sjanger.

Det eg vil med innlegget er å setje fokus på makta me har som bloggarar. Eg veit at viss eg roser ei bok opp i skyene i dag, er det større sjans for at dei som les bloggen vil plukke boka opp seinare, enn viss eg ikkje gjorde det. Det er å lett å tenkje at me er små menneske som sit bak og ein skjerm og skriv for oss sjølve. Me har ikkje noko makt. I tillegg tenkjer ein at bloggen berre er vår personlege dagbok og at intensjonane våre ikkje er at folk nødvendigvis trenger å bli påverka. Meininga er ikkje å skrive om boka for å seie om det er god eller dårleg litteratur, men for å skrive om lesegleda og skrive for seg sjølv. Sånn koseleg sitje-foran-peisen-skriving. Det skal ikkje gjere noko kva me skriv, for ingen trenger å bruke det. Kanskje me bruker bloggen vår som nokon som skriv treningsdagbok på nettet. Det er for oss sjølve, men likevel offentleg.

Eg høyres veldig kritisk ut no, og eg er på mange måtar kritisk til at me ikkje innser kva makt me har. Det er forlag som følgjer med på bokbloggar og les innlegga våre om deira bøker, og sjølv om det kanskje ikkje var meininga, bruker dei ei vilkårleg setning frå innlegget me skreiv om boka dei hadde gitt ut. Slik skjer med dei som skriv bokmeldingar i aviser òg. Det dei skriv blir (mis)brukt på omslag og på nettsider. Det er òg difor ein skal velje orda med omhu, fordi det er vanskeleg å få ut riktig meining, viss me bruker orda som svarer til meininga vår. Eg veit ikkje om det var forståeleg.

Mange ser ut til å meine at me ikkje skal tåle å bli kritisert. Alt avisene seier er heilt bak mål og meining, og dei har ikkje peiling på kva bloggarar driv med. For å minne dykk på noko: Me har litt felles med dei. Me les bøker. Me vurderer og reflekterer og skriv til slutt ein tekst som er resultatet av timar, dagar og veker med lesing. Dei les kanskje ikkje i fleire veker, men berre for å seie at dei òg arbeider og får eit resultat av arbeidet. Skilnaden er at for oss er det ein hobby å skrive om bøker, det er ingen jobb. Det er ei viktig skiljelinje som kan vere både negativ og positiv. Det er kanskje vanskeleg å forstå den tankegangen der. Det eg meiner er at eg liker å vere uavhengig og vil ikkje få betalt for å skrive bokmeldingar og lese. Eg synes det er noko av det beste. Det er mitt på ein måte. Det er ikkje nokon som bestemmer. Likevel kan me falle i den grøfta at det blir hobbyhobbyblogging. Alt dreier seg om dette som ein hobby. Me tenkjer ikkje på at me sit og analyserer og vurederer andre sitt verk. Me tenkjer ikkje på makta me har, fordi det er trass i alt berre ein hobby.

Eg trur at me av og til trenger litt konstruktiv kritikk frå dei profesjonelle, slik me ikkje blir navleskuande menneske som sit og tenkjer at uansett kva andre seier køyrer me på. Me òg skal tåle å bli litt kritiserte av dei som har dette som jobb, men viss me verkeleleg skal stå opp mot kritikken, kan me ikkje undervurdere makta vår. Første steg er å ta eit skritt i den retninga at ein tenkjer på seg sjølv som ein person som påverker og utøver makt.

Eg trur kvalitet er eit stikkord. Kvalitet framfor kvantitet. Det er lurt å tenkje slikt. Imøtegå litt av kritikken, og slik eg har sagt før, ikkje binde seg for mykje opp til forlaga. Ein skal ikkje imøtegå kritikk utan hald og utan snev av sanning. Bloggen er framleis vårt domene kor me kan bestemme. Likevel har me makt. Faktisk meir makt enn avisene av og til. Eg les både bokmeldingar i aviser og på bokbloggar, og eg veit med meg sjølv at eg tek til meg like mykje, sjølv om intensjonen kanskje er noko anna frå nokre bloggarar si side. Me skal tåle å bli kritisert. Lukk opp auge og sjå at du òg har makt. Brukt den positivt!

Dette innlegget vart kanskje litt keisamt og fult med skrift når eg ikkje bruker bilete, men eg håpar de overlever. Me les trass i alt bøker utan bilete!

Advertisements

6 thoughts on “«I got the power!»

  1. Hei!
    Jeg er enig i det du skriver om at ord har makt. Hadde vi bare ant hvor stor makten er … på godt og vondt! Men jeg er (litt) uenig i det du skriver om «å bare skrive for seg selv» – jeg er en av de, men selvsagt vet jeg at jeg er offentlig. For meg blir gleden større når jeg kan dele gledene med andre. Bøker gjør mye med meg, på det personlige plan, og det er dette jeg ønsker å formidle gjennom bloggen min. Derfor kan jeg godt skryte i vei av ei bok som jeg vet har middels litterær kvalitet. Dette er jeg også ærlig om når jeg skriver. Jeg har også lest bøker av høy litterær kvalitet som jeg ikke har likt. Jeg kan ikke skryte av ei slik bok i omtalene mine. Samtidig er det viktig for meg å formidle HVORFOR jeg liker eller ikke liker ei bok.
    Jeg har ikke noe imot konstruktiv kritikk fra de profesjonelle. Men jeg har ingen ambisjoner om å være profesjonell. Jeg ønsker å være meg selv, personlig og ærlig. Derfor ser jeg det også som min rett til å skrive som jeg vil. Det som er viktig, som jeg synes mangler i denne debatten, er kildekritikk. Leser har selv et ansvar for å vurdere kilden til det de leser. Da får de vurdere og akseptere mine omtaler som de er. og så kan de legge større faglig vekt på de profesjonelle anmeldelsene.
    Jeg merker heller, og det er trist, at jeg mister motivasjonen til å blogge. For bloggen var for meg noe veldig viktig, på mange plan. Ja jeg har makt, men intensjonen er ikke annet enn å spre glede og inspirasjon til leseglede …

    Gratulerer med ny blogg 🙂 Flott! Gleder meg til å fortsette å følge deg 🙂
    Ønsker deg en glad dag!
    Pia

    • Dette innlegget skal på ingen måte ta frå deg eller andre lysten til å blogge, og det å gjere det på ein eigen måte er lov. Det gjer eg òg! Eg gler meg over å blogge og vil sjølvsagt prøve å formidle leseglede. Likevel, sjølv om eg ikkje nødvendigvis liker Charles Dickens litteratur, betyr ikkje at det ikkje er gode sider ved bøkene. Då trur eg heller eg ville ha skrive om dei positive littrære sidene og kanskje legge til på slutten at boka ikkje var for meg 🙂

      LIkevel, me er alle forskjellige, og alle har lov til å ha sine meiningar. Eg meiner noko og du noko anna. Ikkje slutt å blogge, for eg liker bloggen din veldig godt Pia!
      Gøy at du vil følgje meg vidare. Det liker eg 🙂

      Ha ein fantastisk dag!! 😀

  2. Nei, eg skal ikkje slutte å blogge! Må bare finne tida att … Men eg har så godt som slutta å besøke Norske bokbloggere på FB, for der synst eg denne debatten blr litt sjølvhøgtideleg … Tidlegare stod det i presentasjonen i bloggen min at eg ville skrive om kva bøkene gav meg personleg, men det forsvann då han vart kobla saman med google+. Litt synd. Må sjå om eg kan lage meg ein ny presentsjon. Elles driver eg og lurer på å følge deg i wordpress 😉 Får sjå!
    Ynskjer deg ein glitrande god sundag!
    Pia 🙂

    • Så bra du ikkje sluttar å blogge! Men eg forstår veldig godt det med lita tid. Det har eg òg ofte, særleg no. 🙂 Håpar du får laga ny presentasjon til bloggen. Du òg må ha ein strålande søndag, Pia!! 😀

  3. Gratulerer med ny blogg, Mai Lene! Så kjekt og praktisk at du nå skal blogge via wordpress. Det gjør det så mye enklere for meg som wordpress-bruker å følge med både på nye innlegg og kommentarer.

    Jeg synes det er synd at diskusjonen om å tåle kritikk fordi man skriver på internett, så ofte misforstås og tolkes dithen at det ikke er «lov» til å gjøre ting på sin egen måte, eller at man helst burde være profesjonell for å skrive om bøker. Det er ikke det det handler om. Det må gå an å være seg bevisst sin egen rolle på internett samtidig som man gjør ting på sin egen måte. Jeg synes du får fram nyansene der veldig godt, Mai Lene.

    • Så gøy at du vil følgje meg. Eg fann ut at WordPress er praktisk på den måten, og elles er det ikkje veldig ulikt blogspot.

      Det var bra du syntes eg fekk fram nyansane, for eg håpe på at eg fekk dei fram. Hadde ikkje vore det same innlegget viss ikkje. Alle skriv og blogga rpå sin måte, og ein skal vere seg sjølv. Det er heilt klart veldig viktig! Likevel er det viktig å setje grenser når ein er på internett og tenkje at ein har makt. (No gjenntek eg berre meg sjølve her…)

      Ha ein fin søndag! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s