Hemmeleg nisse: Svar

Ragnhild på Lattermilds bokblogg har kome med eit bra initativ, nemleg det at me skal få lov til å leike litt julenisse denne jula. Sende ut gåver til kvarandre. I den anledning skulle me svare på nokre spørsmål som ho har skrive på bloggen sin. Eg skal prøve så godt eg kan å svare på dei, slik at det kan bli lettare for den personen som er min hemmelege julenisse.

Kva sjang(r)ar les du helst?
Eg les ein del  krim, men eg liker best dei kriminalromanane kor det er litt psykologisk innblanda. Psykolgiske thrillarar er kanskje det som kjem høgast opp på lista av sjangarar. Bøker der eg kan grøsse litt og til og med få ei aha-oppleving til slutt. Det er det som står øvst på mi liste. Utanom det har eg likte veldig godt å lese essay på skulen, så det er heller ikkje ein sjanger som er heilt av vegen.

Har du ein favorittforfattar? Og har du/har du lese alt av han/henne? (Er det noko poeng å sende bok av denne forfattaren til meg?)

Favorittforfattaren min er Gillian Flynn, og av dei bøkene har eg lese alle. I tillegg har eg to av dei. Likevel, Val McDermid er høgt på lista, og der har eg ikkje lese alle. Eg driv på med The Wire in the Blood av henne no og har lese den første boka i same serie, i tillegg til tre enkeltståande, men eg eig ingen bøker av henne. J. K Rowling har eg lese alt av, utanom den siste som eg har liggjande på nattbordet.

Les du på andre språk enn norsk?

Ja, engelsk (og nynorsk, for alle dei som reknar bokmål som korrekt norsk 😀 )

Høyrer du på lydbøker? I kva format i så fall?

Eg høyrer på lydbøker i CD-format, og eg ønsker meg digispelar til jul, så digibøker går fint. Eg veit ikkje om eg får, men skal skaffe meg ein gong, så ei digibok er kanskje berre med på å få litt fart på meg.

Samlar du på bøker av ein spesifikk forfattar eller av ein spesiell type eller av eit spesielt tema?

Eg liker å seie at eg «samlar» på Lisa Jewell-bøker, fordi det er bøker eg får tak i kvar gong eg er på reise. Lisa Jewell i pocket-format. Eg gjer eigentleg ikkje det, men eg har to som eg har kjøpt med tanke på reise utanlands. Elles samlar eg ikkje på nokon spesiell forfattar, type eller spesielt tema.

Har du nokon lister over kva du har lese og/eller kva du eig?

Eg har lister over kva eg har lese på den tidlegare bloggen min her og her. Det er i 2012 og 2013. Frå 2011 har eg ikkje laga noko liste, men det ligg bokmeldingar på bloggen, og i arkivet går det an å sjå kva bøker eg har meldt i den perioden.

Kva er du ute etter når du les? (Utdanning, eventyr, romantikk, hjernetrim, nye erfaringar eller noko heilt anna)

Eg er ute etter at det skjer noko, sagt rett ut. Eg er ute etter ei bok med ei kort innleiing, lang hovuddel som går mot eit klimaks og ei kort avslutting. Det skal vere eit plott med meining. I tillegg skal det ikkje vere heilt hjernedødt, slik at ein får alt overforklart. Det kan godt vere litt hjernetrim, og eg liker å lære noko av bøkene eg les.

Finst det nokon sjangar eller forfattar du ikkje vil lese?

Den som er min julenisse bør ikkje sjå dette som sitt snitt til å sende bort erotiske bøker. Nei takk, seier eg. Norske serieromanar, vampyrromanar og all anna fantasy om udødelege folk er heller ikkje velkomne. Eg har heller ikkje mykje til over for Tana French og Charlotte Link, og Jørn Lier Horsts bøker har eg ikkje kome meg gjennom.

Kva har du lese eller byrja på og tenkt «aldri meir!» om?

The short second life of Bree Tanner av Stephenie Meyer, Alyson Noëls serie om The Immortals og elles ein del fantasy.

Finst det nokon forfattar/sjangar du har tenkt å lese, men som du ikkje har kome til endå?

Harlan Coben, Lee Child, Lars Kepler, Hans Olav Lahlum, Jo Nesbø (har lese nokon og har den første boka), Monica N. Yndestad, Brontë-systrene kort sagt.

Er det nokon bøker du leiter etter og som du ville bli særleg glad for å få?

Partisanens datter av Louis Bernières, kanskje.

Har du nokre hobbyar utanom lesing?

Eg dansar, skriv, driv med politikk og speler piano. Kanskje ikkje veldig lett å gi noko ut frå det? I tillegg liker eg musikk, og særleg julemusikk.

Samlar du på noko?

Ikkje utanom bøker. Samla på servietter før, men ikkje no lenger. Eg samlar på hybelkaninar under senga…

Kva er favorittfargen din?

Mintgrønt, rosa og litt sterk grønt.

Har du nokon favoritt-TV-serie eller film?

Med hjartet på rette staden er min favoritt-TV-serie. Dei bøkene eg liker best trur eg at eg har sjølv, utanom The Terminal frå 2004. Den liker eg godt.

Føretrekk du kaffi eller te? Eventuelt kva slags?

Eg føretrekk kaffi som eg kan ha i kaffitraktaren, men me har masse god kaffi heime i frå kaffibutikken i Kristiansand.

Kva slags snop liker du best?

Lakris, tyrkisk pepar, dundersalt, lakrisal, sjokolade.

Kva er di marerittjulegåve?

Eg trur eg hadde teke det dårleg hadde noko gitt meg ei ordbok i julegåve. Nei, då, marerittjulegåva mi er det vanskeleg å seie kva hadde vore. Eg liker både mjuke og harde pakkar og trur ikkje nokon hadde vore så onde at dei hadde gitt meg noko eg fekk mareritt av.

Kva er di draumejulegåve?

Ferie til Syden, helst til Mythos Beach Resort på Rhodos eller til Santorini eller tilbake til Frankrike.

Er du allergisk mot noko, eller er du til dømes veganar?

Eg er ikkje veganar, berre for å få det på banen. Eg er heller ikkje vegetarianar og et pinnekjøt og ribbe med godt samvit. Likevel, eg er allergisk mot peanøtter (og jordnøtter) og liker heller ikkje vanlege nøtter, fordi det minner meg om smaken til peanøtter. Mandler er godt så lenge det er i kransekake eller marsipan.

No har eg svart på spørsmåla. Håpar at «julenissen» får noko ut av det.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s