Dette er eit innlegg som er mest retta mot bokbloggarane, og dei andre bloggarane der ute, rett og slett fordi det er aktuelt med tanke på debattane som har gått dei siste vekene. Likevel, alle, føl dykk fri til å lese innlegget og kome med innspel!
Som bloggarar har me makt. Ingen kan sjå bort frå det. For det første er det vel ei kjent sak at ord har makt. For å sitere Humlesnurr, noko eg liker veldig godt:
“Words are, in my not-so-humble opinion, our most inexhaustible source of magic. Capable of both inflicting injury, and remedying it.”
Veldig kloke ord. Dei orda me bruker har makt, og bloggar består ofte mest av ord. Det er forskjell på å like noko og elske noko. Det er forskjell på å mislike noko og hate noko. Det må alle saman hugse på som bloggar. Velje orda med omhu er vel rette uttrykket. Gjennom dei orda me vel har me makt. Ingen må tenkje at dei linjene dei skriv i eit innlegg er utan tydning og at dei ikkje har noko påverknadskraft på nokon. Det er klart at viss ein bokbloggar skriv: «Eg elska denne boka» er det truleg at eg før eller seinare vil plukke boka opp, om det var i rett sjanger.
Det eg vil med innlegget er å setje fokus på makta me har som bloggarar. Eg veit at viss eg roser ei bok opp i skyene i dag, er det større sjans for at dei som les bloggen vil plukke boka opp seinare, enn viss eg ikkje gjorde det. Det er å lett å tenkje at me er små menneske som sit bak og ein skjerm og skriv for oss sjølve. Me har ikkje noko makt. I tillegg tenkjer ein at bloggen berre er vår personlege dagbok og at intensjonane våre ikkje er at folk nødvendigvis trenger å bli påverka. Meininga er ikkje å skrive om boka for å seie om det er god eller dårleg litteratur, men for å skrive om lesegleda og skrive for seg sjølv. Sånn koseleg sitje-foran-peisen-skriving. Det skal ikkje gjere noko kva me skriv, for ingen trenger å bruke det. Kanskje me bruker bloggen vår som nokon som skriv treningsdagbok på nettet. Det er for oss sjølve, men likevel offentleg.
Eg høyres veldig kritisk ut no, og eg er på mange måtar kritisk til at me ikkje innser kva makt me har. Det er forlag som følgjer med på bokbloggar og les innlegga våre om deira bøker, og sjølv om det kanskje ikkje var meininga, bruker dei ei vilkårleg setning frå innlegget me skreiv om boka dei hadde gitt ut. Slik skjer med dei som skriv bokmeldingar i aviser òg. Det dei skriv blir (mis)brukt på omslag og på nettsider. Det er òg difor ein skal velje orda med omhu, fordi det er vanskeleg å få ut riktig meining, viss me bruker orda som svarer til meininga vår. Eg veit ikkje om det var forståeleg.
Mange ser ut til å meine at me ikkje skal tåle å bli kritisert. Alt avisene seier er heilt bak mål og meining, og dei har ikkje peiling på kva bloggarar driv med. For å minne dykk på noko: Me har litt felles med dei. Me les bøker. Me vurderer og reflekterer og skriv til slutt ein tekst som er resultatet av timar, dagar og veker med lesing. Dei les kanskje ikkje i fleire veker, men berre for å seie at dei òg arbeider og får eit resultat av arbeidet. Skilnaden er at for oss er det ein hobby å skrive om bøker, det er ingen jobb. Det er ei viktig skiljelinje som kan vere både negativ og positiv. Det er kanskje vanskeleg å forstå den tankegangen der. Det eg meiner er at eg liker å vere uavhengig og vil ikkje få betalt for å skrive bokmeldingar og lese. Eg synes det er noko av det beste. Det er mitt på ein måte. Det er ikkje nokon som bestemmer. Likevel kan me falle i den grøfta at det blir hobbyhobbyblogging. Alt dreier seg om dette som ein hobby. Me tenkjer ikkje på at me sit og analyserer og vurederer andre sitt verk. Me tenkjer ikkje på makta me har, fordi det er trass i alt berre ein hobby.
Eg trur at me av og til trenger litt konstruktiv kritikk frå dei profesjonelle, slik me ikkje blir navleskuande menneske som sit og tenkjer at uansett kva andre seier køyrer me på. Me òg skal tåle å bli litt kritiserte av dei som har dette som jobb, men viss me verkeleleg skal stå opp mot kritikken, kan me ikkje undervurdere makta vår. Første steg er å ta eit skritt i den retninga at ein tenkjer på seg sjølv som ein person som påverker og utøver makt.
Eg trur kvalitet er eit stikkord. Kvalitet framfor kvantitet. Det er lurt å tenkje slikt. Imøtegå litt av kritikken, og slik eg har sagt før, ikkje binde seg for mykje opp til forlaga. Ein skal ikkje imøtegå kritikk utan hald og utan snev av sanning. Bloggen er framleis vårt domene kor me kan bestemme. Likevel har me makt. Faktisk meir makt enn avisene av og til. Eg les både bokmeldingar i aviser og på bokbloggar, og eg veit med meg sjølv at eg tek til meg like mykje, sjølv om intensjonen kanskje er noko anna frå nokre bloggarar si side. Me skal tåle å bli kritisert. Lukk opp auge og sjå at du òg har makt. Brukt den positivt!
Dette innlegget vart kanskje litt keisamt og fult med skrift når eg ikkje bruker bilete, men eg håpar de overlever. Me les trass i alt bøker utan bilete!