Har utsett denne omtalen lenge, for no i det siste har eg ikkje hatt den store motivasjonen til å blogge om bøker. Eg las ferdig Drep ikke en sangfugl for mange veker sidan, og no er eg heilt fortapt i The Mermaids Singing av Val McDermid, så heilt ærleg er det einaste eg har lyst til å setje meg ned med boka igjen og nilese! Men eg har teke meg saman og skrive denne omtalen her då…
Harper Lee er på mange måtar ein eineståande forfattar. Ho gir aldri intervju, snakkar aldri med fans og har skrive berre ei bok, men til gjengjeld er denne boka ein populær bestseljar som i tillegg har kome inn på lista over 1001 bøker-lista. Det er ekstraordinært. Ei bok skal vere tåleg bra om det er den einaste forfattaren har skrive og likevel blir ho så kjent! Eg må seie at boka var ikkje heilt som forventa, men heilt klart god.
Mitt eksemplar var frå 1970-talet, då det nesten ikkje var luft mellom linjene, alle bokstavane var veldig små og kapittel slutta og byrja på same side, så eg syntes boka var litt vanskeleg – rett og slett – å komme seg gjennom på grunn av skrifta, men det er trass i alt kvaliteten på det som var inni som skal vurderast. Boka handlar om Scout (Småen) og broren Jem som bur i Alabama i depresjonstida. Faren Atticus French er advokat og tek seg tid til å diskutere viktige spørsmål med barna. Handlinga i boka føregår rundt ein av faren sine rettssakar der han forsvarar ein mørk person som det blir sagt har valdteke ei jente, og lesaren får lese både om klasseskilje og om «rett og gale» i Alabama i depresjonstida.
På mange måtar er dei ei godt skriven bok, og det er ein klassikar. Likevel synes eg at forfattaren kjem veldig seint til poenget. Eg visste kva boka skulle handle om, men syntes ikkje ho var på langt nær så spennande som eg hadde trudd, rett og slett fordi store delar handla om noko anna enn det som stod på baksida. Første delen handlar i stor grad om Småen og Jem og somaren før Småen byrjar i første klasse. Dei får besøk av ein gut fråå Mississippi og prøver blant anna å få naboen til å komme ut, fordi ingen har sett han på fleire år. Når nesten hundre sider går med på noko anna enn det du forventar, mister eg litt tålmodet. Det er ikkje alltid det hjelper at historia er «søt» eller «idyllisk» eller at det er ein klassikar. Det kan bli litt treigt i lengda.
Skildingane som Lee bruker er gode, og mange av personane ser ein for seg. Dei er litt stereotype, men ikkje meir enn at du kan tåle det, for er det noko mange klassikarar har, er det stereotype folk. Likevel er det noko humorsiktisk med mange av dei stereotypiane som kjem fram gjennom bøker som dette. Sladrekjerringene og nabokonene og misjonsforeininga. Det er mest som om du kjenner det igjen utan at det blir ein klisjé ut av det. Det e rein stor styrke med boka. Til vanleg plar eg å slå hardt ned på stereotypiar, og i allefall i meir moderne litteratur, for der er dei ofte meir uverkelege og dårleg laga enn i klassikarar.
Det er ei interessant tid boka foregår i, og eg er veldig interessert i raskeskilje og sørstatane på den tida dei skilde mellom dei mørkhuda og lyshuda. Eg syntes ikkje boka fekk desse kontrastane godt nok fram. Me fekk sjå dei i slutten, og rettssaken sa ein del. Likevel ville eg ha vist eit tydelegare skilje, ikkje berre i spesielle settingar som rettssaka, men i kvardagslivet i sørstatane. Det hadde kanskje vore vel så interessant, for det fortel noko om korleis dei hadde det kvar dag. Rettssaka er ein god måte å få fram klasseskiljene på, men ikkje betre enn at Lee kunne ha skrive endå meir om det.
Kort oppsummert var boka grei, men det var ikkje slik at ho var like god som forventningane var store. Eg veit andre har rost boka opp i skyene, men den rosen får ikkje boka hos meg. Ein litt over middelmådig klassikar.