På an igjen!

Kanskje litt få innlegg dei neste vekene frå meg, fordi no er det skule som gjelder. Må komme inni rutinen med lekser og soving og skule og endå meir lekser. Likevel kjenner eg at eg har valt veldig riktige programfag. Rettslære er allereie eit interessant fag, og eg har sett gjennom kva tema me skal ha, som i seg sjølv verker spennande. Internasjonal engelsk er eit programfag eg kjem til å trivst veldig med, og sosiologi kan eg berre håpe at blir gøy! Historie er endå eit nytt fag dette året, og på toppen av alt: Berre tre mattetimar i veka. Slik «enkel» matematikk.

Håpar på å få lagt ut nokre bokomtalar snart. Har lånt litt bøker på skulen og på Sølvberget inni Stavanger. Gler meg til å halde fram med The Mermaids Singing av Val McDermid.