Turen til Cannes 03. juli

Tredje juli var det å sove så lenge så mogleg etter ein sein kveld dagen før, då me kom heim frå Avignon Eigentleg tenkte me oss til Nice, men Nice var stengt på grunn av Tour de France, og einaste moglege transportmiddel var tog. Derfor gjekk me heller rett over gata og tok bussen til Cannes. Det gjekk buss mellom Nice og Cannes både titt og ofte, noko me nytta oss av både for små og store strekningar, sidan bussan stoppa i sentrum av Antibes i tillegg.

Meg utanfor Palais des Festivales

Me var veldig heldige, då me gjekk av bussen i Cannes, for me visste ikkje kva stopp me burde gå av på, for å få med oss det som var verdt å sjå, så me berre hoppa av, og der låg kasinoet, turistkontoret og Palais de Festivales et des Congres nesten rett framfor nasen på oss. Palais des Festivales er, som sikkert mange av dykk veit, staden kor den årlege filmfestivalen i Cannes går av stabelen. Det var eit digert «hus», og rundt palasset var kjendisane sine handtrykk, som til dømes Nicole Kidman og Cameron Diaz.

Rett etter besøket til denne kjendisstaden, følte me for å få i oss litt mat og is. Nokre valte noko litt lunsjaktige, nokre middagsaktig, medan andre, slik som eg, valte ein stor porsjon is. Eg elskar is! Viss eg skal anbefale noko, må du bestille Dame Blanche, når du er i Frankrike. Vaniljeis med sjokoladesaus og piska krem. Det er heilt fantastisk. Veldig mykje is, men nam nam, så godt det smakar i varmen. Den i Cannes var den beste eg åt på turen (av to moglege), men all sjokoladesausen samla seg i botnen av glaset, og det orka eg i alle fall ikkje å ete opp, for det var varm, flytande og velidg mektig sjokolade.

Nam, nam, nam
Kinoen i Cannes

Etter maten bestemte me oss for å gå opp til eit utsiktspunkt i Cannes. På
veg opp såg me Cinema Cannes, som var eit hus kor dei hadde måla på balkongar med kjente filmfigarar. Eg skal heilt klart legge inn forslag om å måle Jadarheim på same måten. Viss nokon lurte, er Jadarheim eit keisamt, grått og gammalt bygg rett ved biblioteket på Nærbø. Før hadde dei kino der, men det har dei slutta med. Det gamle bygget kunne trengt litt oppfrisking der det står. Det er langt frå fint utanpå. I tillegg burde dei legge inn varme backstage, særleg i det litle romet, for der kan du jo få skikkeleg frost i deg ein kald 12. desember-dag i 2012, medan du ventar på å gå ut på scenen for å danse. Nei, nok om Jadarheim og kinoen i Cannes.

Utsiktspunktet i Cannes var fint. Derfrå såg du kasionet og Palais des Festivales i tillegg til alle båtane som låg der. Eg såg no at eg dessverre ikkje har mange bilete derfrå kor det berre er av utsikten. Kanskje eg har nokre på mobilen, for det var ikkje mitt kamera som vart brukt den dagen… Alle som skal til Cannes bør gå opp der. Du går opp gjennom den flotte gamlebyen i Cannes, der du òg får tak i mykje, viss du har tenkt å handle. Det var ein butikk der kor alt kosta 2€, ca. 16 kroner. Der fekk eg tak i liggjeunderlag til stranda og ei oppskriftsbok, i tillegg til at tante kjøpte ein nokså spesiell bursdagspresang til onkel der.

I morgon kjem eg tilbake med litt om St. Paul de Vence. Ha ein fin dag vidare i dag og kos dykk no som det er somar!! (med masse is!!)

Bok: Before I Met You av Lisa Jewell

Jewell er ein britisk forfattar frå Middlesex i London. Ho har skrive fleire bøker, blant anna The Making of US, Thirtynothing og Before I Met You. Tidlegare har eg berre lese The Making of US, men til gjengjeld likte eg boka svært godt. Denne gongen var det andre boka av Jewell som stod for tur, som er like fengande og god som den forrige.

Boka foregår i to forskjellige delar av 1900-talet. Arlette de la Mare (trur det staves slik) flyttar i 1919 frå øya kor ho har budd heile livet og til London. Ho har aldri før vore borte frå øya, og London er nytt og spennande. På dagtid jobbar ho i butikken Liberty, og eit møte med kunstnaren Gideon gjer at ho òg blir introdusert for nattelivet i London. På 1990-talet reiser Arlettes «barnebarn» Betty til London frå den same øya som Arlette reiste frå. Ho har inga aning om at Arlette nokon gong har vore i London, men har bestemt seg for å leite etter eit namn som dukka opp i Arlettes testament, Clara Pickle.

Eg såg denne boka på ein bokhandel i flyplassen på Amsterdam og vart veldig nysgjerrig, sidan eg har lese ei bok av denne forfattaren før. Ja, det var ein spennande bokbutikk. Dei hadde ikkje mange bøker på engelsk, men dei hadde Politi av Jo Nesbø på nederlandsk
og fleire andre krimbøker av han på engelsk eller nederlandsk. Likevel, det som fekk meg til å ta opp boka av Jewell var først og fremst namnet på forfattaren, men òg framsida. Eg elskar dette omslaget. Det er fleire andre fine omslag òg som de kan sjå til venstre i dette innlegget. Eg greier ikkje å bestemme meg for det finaste, men dei har laga noko som pirrar lesarane veldig, og viss dei ikkje kjenner igjen forfattarnamnet er det stor sjanse for at boka blir plukka opp likevel!

Historia er òg god. Den stiller spørsmål rundt kjærleik og kven ein eigentleg er. Personleg syntes eg at Betty var den mest interessante karakteren. Ho vil kjenne mora til stefaren, eller bestemor som ho kallar henne. Ho trudde ho visste alt om Arlette, men når ho finn ut at dei kan ha flyttinga til London til felles verkar det
som om ho identifiserer seg meir med bestemora, og i tillegg leitar ho etter Clara Pickle. Betty flyttar inn i bydelen Soho, og ikkje berre leitar ho etter Clara Pickle. Ein kjendis bur rett ovanfor der ho bur. Lisa Jewell er flink på å finne på søte historier, der det ikkje verken er vald eller skyting som skapar spenning, men rett og slett utviklinga til karakterane og kva dei bestemmer seg for til slutt. Det er det aller beste med hennar bøker!

Arlette i fortida skapar endå meir spenning, og ein kan sjå fleire parallelar mellom historiene til Arlette og Betty, sjølv om det er i to forskjellige tiår. Dei er nokså like begge to. Nysgjerrige på livet, men likevel med ein sterk tilknytting til der dei kjem frå. Boka er skriven i tredje person, men det er berre Arlette og Betty som fortel. Dette er eit sterk verkemiddel, for å gjere lesaren nysgjerrig synes eg. Du får berre vita kva dei tenkjer og kan sitje og lure i det uendelege på kva dei andre karakterane tenkjer. Det skaper endå meir spenning rundt dette med bestemmelsar og val. Likevel manglar boka det litle ekstra. Nokre gonger blir det litt klisjéfylt, spør du meg, og eg ville ikkje gitt boka terningkast seks, heller fem, fordi det er noko ubestemmeleg som manglar med boka, og ikkje alle trådane er plukka opp i slutten. Men det er god somarlektyre, for dei som trenger noko lett å lese i somar. Og så har du jo tre omslag å velje mellom. Kva liker du best? Eg greier ikkje å bestemme meg i det heile teke!