Mine tre favorittbøker første halvår
Ikkje i rekkjefølgje. Det går ikkje an å rangere dei frå ein til tre. Eg veit berre at dei var dei tre beste.
![]() |
The Casual Vacancy av J. K. Rowling |
![]() |
Flink pike av Gillian Flynn |
![]() |
En usynlig av Pontus Ljunhill |
Dette er utaom Verten av Stephenie Meyer, som eg ikkje tek med, fordi eg las den boka for to år sidan òg. Desse tre er utanom den boka. The Casual Vacancy var ein storslått roman. På goodreads står det
«A big novel about a small town»
Eg seier meg heilt einig i det. Rowling kan ikkje berre skrive om Harry Potter. Ho kan òg skrive om meir «seriøse» og triste ting, noko me forsåvidt òg ser i Harry Potter-bøkene, men endå meir i denne boka. Flink pike gjekk eg rundt å venta lenge på, fordi eg elskar Gillian Flynn og bøkene hennar. Boka svarte heilt klart til forventningane. En usynlig er ein av dei beste svenske kriminalromanane eg har lese, rett og slett fordi den skiljer seg ut frå mengda.
Min favorittkarakter frå første halvår
Krystal Weedon. Heilt klart. Eg har skrive det før, og eg skriv det igjen. Det er noko sårt over henne, og sjølv om ho er skikkeleg ute og køyrer kjenner eg at eg sympatiserer med henne og beundrar henne for den store oppgåve ho tek på seg med litlebroren. Ho trår feil og har «valt» feil retning i livet, men likevel gjer ho alt for å behalde litlebroren sin. Krystal Weedon er ein sentral karakter i Rowlings roman The Casual Vacancy.
Beste omtalar første halvår
Etter mi meining er dette dei tre beste omtalane mine dette halvåret. Dei er heller ikkje rangert frå ein til tre. Trykker de på bileta kjem de til omtalen.
![]() |
Den femte årstiden av Mons Kallentoft |
![]() |
The Casual Vacancy av J. K. Rowling |
![]() |
Plan D av Simon Urban |
![]() |
Mest interessante stad er Pagford frå denne boka. |
Mest interessante stad første halvår
Når du les bøker, blir du teken med til mange interessante stader gjennom bøkene. Den meste the Casual Vacancy. Den oppdikta småbyen er lett å kjenne igjen frå korleis den verkelege verda kan vere. Rowling har skapt ein ny kor du kjenner ikkje typane som bur der og atmosfæren. Skilje mellom dei velståande og dei ikkje fullt så velståande er stort, slik som det er i mange byar i utlandet, og eg syntes det byen var interessant på grunn av forskjellane mellom karakterane og dei skiljene som var mellom stadane i byen.
interessante staden eg vart teken med til, vil eg seie, er Pagford, frå Rowlings bok
![]() |
Mest interessante tidsepoke er andre verskrig i Madrid og Spania under Franco. |
Mest interessante tidsepoke første halvår
Den meste interesante tidsepoken var i C. J. Sansoms bok Vinter i Madrid, fordi det fortalte om Spania under andre verdskrig og Fransisco Franco. Det at det foregår i Spania har sjølvsagt mykje å seie, men dette saman med kva tid det er i frå gjer at tida blir veldig interessant synes eg. Det er ikkje ofte du les bøker som dette, og det å lese om Francos «flørting» med tyskarane er spennande. Spania var nøytral under andre verskrig, men dei var trass i alt fascistiske.
Takk til alle som har følgt bloggen min og kommentert på innlegg og omtalar osv. Eg set pris på det!