Bok: Krokodillens gule øyne av Katherine Pancol

Eit nytt stjerneskot har slått gjennom i Frankrike, og òg i Noreg. Katheirne Pancol har inntatt trona som Bazar forlags neste store franske forfattar, og saman med Tatiana de Rosnay, som blir utgitt på same forlag, inspirerer dei norske lesarar til å lese franske bøker. Til no vil eg seie at Rosnay kanskje gir ut meir alvorlege bøker, som har litterær kvalitet på sin måte, sjølv om dei er litt svekka på nokre punkt, medan Katherine Pancol har brukt kjensler for å nå fram til lesaren. Ho vil ha oss til å gråte og le, og ikkje minst kjenne oss igjen i karakterane. Det er vel lov å seie at ho gjer det på ein genial måte.

Eg hadde høyrt litt om bøkene då eg plukka denne opp på Norli på M44 ein dag. Eg hadde lese bakpå Ekornene i Central Park er triste på mandager, eg hadde høyrt namnet på forfattaren og visste at det nok handla om to søstre. Likevel visste eg ikkje at ho skreiv så bra. Baksideteksten seier veldig lite om handlinga, men mykje om boka på heilt andre måtar, og det var kanskje det som fekk meg til å plukke henne opp på M44:

Katherine Pancol
Foto: Bazar forlag

Denne romanen foregår i Paris. Og likevel møter man på krokodiller. Denne romanen handler om mennesker. Og kvinner. Dem vi er, dem vi ønsker å være, dem vi aldri kommer til å bli, dem vi kanskje en gang kan bli. Denne romanen er historien om en løgn. Men også en historie om kjærlighet, vennskap, svik, penger, drømmer. Denne romanen er full av latter og tårer. Denne romanen handler rett og slett om livet.

 Det kan høyrast ut som noko filosofisk vrøvl, eller rett og slett ein hjernedød Chick Lit-historie for kvinner. Ja, eg kan seie at boka er mest for kvinner, for dei fleste karakterane er kvinner, og eg trur ikkje at det er så mange menn som ville kjent seg igjen i boka. Boka handlar i all hovudsak om dei to søstrene Joséphine og Iris. Joséphine har gifta seg med Antonio, eller Tonio som han liker å bli kalla, og han har ein god jobb i eit firma, medan ho er ekspert på fransk historie frå 1100-talet. Hennar største problem ser ut til å vere at det er så få som er interesserte i denne delen av den franske historia. Eg kan ikkje seie at eg klandrar dei for det akkurat, sjølv om eg historieinteressert. Likevel fekk eg sterk medkjensle med Joséphine, og den auka berre endå meir då ho i byrjinga av boka finn ut at mannen har ei elskerinne og ho kastar han ut. Det er her boka startar, og igjen sit ho med to døtre, den eine ein tverr tenåring og den andre ein nysgjerrig tiåring, nesten utan pengar. Mannen reiser med elskerinna til Kenya for å drive ein krokkodillefarm.

Iris er derimot vellukka. Ho studerte film i USA og hadde ei kort kjærleikshistorie der, før ho reiste heim og gifta seg med advokaten Philippe og fekk ein son. Dei har så mange pengar at ho kan vere heime og berre nyte livet, vere med veninner og menge seg med andre rikfolk. Ho både beundrar og misliker Joséphine. Du kan vel seie at dei er litt på kollisjonskurs. I tillegg til Iris har du Henriette, òg kjent som «tannpirker’n», som misliker yngstedottera Joséphine, både på grunn av karriereval og val av mann. Sjølv har ho gifta seg til penger gjennom Marcel, som òg har sine eigne løyndommar. I tillegg til desse har du Hortense, Joséphines eldste dotter, som har same oppfatning av mora som Iris, og Zoé, som elskar mora og er nysgjerrig på livet. Shirley og Gary er òg ein del av denne friske og fargerike historia, og rundt alle desse personane skjer det så og seie ein del meir enn det vanlege.

Eg har hatt litt fordommar mot Chick Lit-bøker, men Katherine Pancol har skrive ein sjarmerande roman, med verken for få eller for mange klisjéar. Det er tydeleg at forfattaren vil ha lesaren til å gråte av både latter og sorg, og ho prøver å lokke fram kjensler hjå lesaren med språket sitt. Eg trur ho vil greie det hjå dei fleste, fordi ho har laga karakterar som både er ukjente, fordi dei er litt fargerike og me blir sjarmerte, men som me òg kan kjenne igjen i personar rundt oss eller i oss sjølv. Boka er på 568 sider, noko som for nokre er langt og for nokre er kort. Det som gjer at boka verker kortare enn ho er, er det lette språket og den gode flyten i historia. Eg var heilt sikker på at boka var på 578 sider, men då eg kom til side 568 og bladde om, var det ikkje meir. Det er trist, når det einaste du vil er å lese meir.

Katherine Pancol har gitt ut to oppfølgarar i serien: Skilpaddens langsomme vals (#2) og Ekornene i Central Park er triste på mandager (#3)

Denne boka er kjøpt på Norli

Bok: Barsakh av Simon Stranger

Etter eit litt ublidt førstemøte med boka, for eit par år sidan, har eg no prøvd å gjere det bra igjen, ved å Barsakh. Denne gongen fullførte eg det, og eg er no god ven med Strangers skrivestil og karakterane i boka hans. Neste møte med forfattar Stranger blir Verdensredderne, og han har blitt kjent for bøker som innheld både god bodskap, moral og kjærleik. Er det nokre bøker ungdommar bør lese, er det desse!
 byrje på

Eg byrja innlegget med å skrive om mitt venskap med boka og Strangers skrivstil, og det er nettopp venskap boka er om. Det er om eit uvanleg venskap i ein situasjon mange ikkje ville vore i. For kva gjer du viss ein båt flyktningar kjem til synes medan du er i Syden på Gran Canaria? Kva gjer du med ein gut som har flykta frå heimlandet sitt, for å få det betre i eit anna land? Kva gjer du, viss det nesten er ulovleg å hjelpe menneske som han? Emilie i boka kjem oppi ein slik situasjon, når ho møter Samuel, som har kome med båt frå Afrika, for å få ei betre framtid. Sjølv sliter Emilie med «spiseforstyrrelse» (Kva er det på nynorsk? Skriv det på bokmål eg, sjølv om det nesten gjer vondt i hjarta!) og vil ikkje ete skikkeleg.

Ungdommar i dag trenger bøker som fortel om slikt som dette. Om ungdommar i dag er sjølvopptekne eller ikkje, kven veit? Vil berre seie at me er forskjellige, men eg trur denne boka vil appellere mest til dei som liker å «bry seg» om litt større spørsmål enn billig sprit. Kanskje ei bok for alle som er med i eit ungdomsparti eller aktiv i ein annan organisasjon som har noko med dette å gjere? Stranger bruker eit språk som ungdommar vil like, utan at han prøver å nytte ungdomsspråk likevel. Det er få ord som brukes i daglegtale av ungdommar, men språket er langt frå tungt og vanskeleg. Det er målretta mot aldersgruppa. På den andre sida kan alle lese denne boka. Det er ei bok eg trur mange vaksne òg gjerne ville ha syntes var interessant. Stranger har brukt kjelder, og dei to avsnitta i slutten av boka syntes eg var flotte. Der skreiv han kor mange flytkningar som reiser frå Afrika i båt i året, og kor mange ungdommar i Noreg som slit med «spiseforstyrrelsar.» Ikkje berre har han laga ei underhaldane og spennande bok, men òg ei bok med eit anna fokus enn mange andre ungdomsromanar.

Boka er ikkje på mange sidene, noko mange ungdommar vil glede seg over. Det er akkurat som om talet 150 får dei til å miste pusten og nesten få hjarteinfart. Kanskje til og med talet hundre, for dei som synes det er heilt uoverkommeleg. Ja, eg har respekt for dei der ute med skrive- og lesevanskar og dysleksi, men dei som ikkje har det kan mange gonger få ei betre innstilling spør du meg. Det er alt for mange ungdommar der ute som burer seg inne framfor TVen og trur at TV-seriar, med tonnevis med klisjéar, er meir underhaldande enn bøker som dette. Dessverre. For dette er ei bok eg ville ha gitt alle ungdommar. Hadde eg vore bibliotekar på eit skulebibliotek hadde eg anbefalt lærarar å lese boka høgt i samfunnsfagen, under temaet migrasjon i tiande klasse. Utdrag frå boka på tentamenar kunne òg vore noko, viss ungdommar skulle ha skrive ein tekst ut frå eit utdrag. Mange utdrag plar desseverre å vere så som så.

Jaja, no er eg verken lærar eller bibliotekar, men det er ei bok ungdommar bør få med seg og som er aktuell. Eg kan ikkje greie å slutte å tenkje på at kanskje akkurat no er det nokon som sit i ein båt mellom Afrika og Europa, for å få eit betre liv, men så berre blir sendt rett tilbake, og kanskje til og med behandla på ein respektlaus måte! Eg greier ikkje å slutte å tenkje på at det er ei skeiv fordeling mellom landa, når ein ser forskjellane mellom Emilie og Samuel. Den eine kan ikkje få i seg nok mat, medan den andre ikkje vil ha mat i det heile. I tillegg gav boka meg inspirasjon. Eg kom til å tenkje på at det er nokon der ute som ikkje vil utrydde fattigdom. Og det er dei som driv med menneskehandel. Dei tener på at fattige vil bort frå der dei bur, for å få eit betre liv. Dei veit om Pull and Push. Dra og skyv. Det er noko på staden der dei vil som dreg dei dit, og noko der dei bur som skyv dei ein annan stad. Arbeidsløyse kan vere ein Push-faktor, og stort behov for fleire arbeidarar ein Pull-faktor. Menneskehandlarar veit dette, og tener dermed på å få dei over til staden der dei vil. Ved å kjempe mot fattigdom og få eit betre system i u-landa, kjemper ein òg mot menneskehandel! (Mine tankar etter å ha lese boka) Det er ei bok eg heilt klart vil anbefale vidare, og som inspirerer og sett tankane i sving!

Bok: Rookie av Stein Morten Lier

Stein Morten Lier har tidlegare skrive mest krim for vaksne, men no har han òg teke til på thrillarar for ungdom. Tinius er namnet på hovudpersonen, men han blir òg kalla Rookie, som er tittelen på den første Tinius-thrillaren. Eg las boka, og eg må seie at det er ei av dei betre ungdomsromanane eg har lese dei siste åra. Krim og thrillarar for ungdommar plar ikkje alltid å vere like bra, synes eg, men denne vart eg positivt overraska over.

Tinius er ein heilt normal ungdom med litt for stor interesse i politiarbeid. Han hackar seg innpå læraren si facebook-side, og dei andre elevane oppdagar det. Jenta som avslører han, Malin, får gjennom går, for når han kjem heim hackar han seg innpå hennar facebook. Det viser seg at ikkje alt er perfekt i Malins verd, for ho er med i ei gruppe for jenter som vil bli modellar, og gruppa er danna av ein mistenkeleg mann, som kanskje ikkje vil desse jentene noko bra. På same tid går det ein mann rundt i nabolaget og lokkar jenter til seg, og Tinius byrjar å lure på om det kan vere same personen.

Det er lenge sidan eg las ein ungdomsroman. Det er første gongen i år, trur eg, og etter denne las eg endå ein ungdomsroman. Tittelen på boka, Rookie, har med hovudpersonen å gjere. Rookie tyder fersking, og det er det Rookie er i denne boka, for han vil så gjerne løyse mysteriet med mannen bak facebookgruppa og han som går rundt og lurer folk. Du kan trygt seie at etterforskinga gjekk litt over styr. Han vil gjerne klare det sjølv og vere heilt «sikker», før han seier noko til mora, som er politi. Han vil gjerne vere etterforskar sjølv, men det er jo ikkje alltid like lurt.

Boka er velskriven, og du blir godt kjent med dei ulike karakterane. Han har ein flott måte å skildre på. Eg vil tru at dette er ei bok som mange ungdommar vil like, fordi det er litt action og mykje ungdommar kan kjenne seg igjen i. Det er ei slik bok som eg trur eg ville ha lese høgt i norsktimen. Den er ei slik bok eg ville anbefalt gutar på ungdomsskulen, fordi det er ikkje meir enn 150 sider, den er lettlesen og bokastavane er i vanleg storleik. Nokre, som les sjeldan, vil kanskje nøle litt, sidan det er over heile hundre sider. Puh, altså, det er mange! For nokre på ungdomsskulen.
Det er bra språk i heile boka, men eg kunne tenkt meg at saka var litt meir vanskeleg å oppklare. Eg klarte det veldig fort, men så har eg lese mykje krim. Det er ein alvorleg ungdomsroman, fordi det er om overgrep og ungdommar i ein sårbar aldar. Eg synes ikkje at det passa så godt til eit mysterium eit barn kunne ha løyst. Til og med frøken Detektiv-mysterie er meir vanskeleg å løyse.

Eg kjente ikkje at eg kunne identifisere meg så mykje med hovudpersonen, men eg trur mange andre vil gjer det, og det er ein stor styrke. Fleire gutar vil nok kjenne seg igjen i Tinius. Han er energisk, har konkurranseinstikt og liker action. Samla sett var boka ei eg vil anbefale alle lærarar å lese for elevane på ungdomsskulen, og eg vil anbelfale alle bibliotekarar på ungdomsskular å anbefale denne vidare

Lier skal òg gi ut fleire bøker i serien, og dei skal eg heilt klart lese!

Her er eit intervju med forfattaren:

Bok: The Vanishing Point av Val McDermid

Eg veit ikkje kor mange av dykk som har høyrt om den skotske forfattaren Val McDermid. Eg hadde i alle fall ikkje høyrt om henne, før eg såg eit intervju med henne i Stavanger Aftenbladet rett før påske. Likevel for dei som ikkje veit kven ho er, her er ein kort presentasjon:
Val McDermid debuterte med Report For Murder i 1987, som vart første bok i serien om den lesbiske journalisten Lindsay Gordon. Etter det skreiv ho fire bøker til i serien, før ho laga serien om privatetterforskaren Kate Brannigan, og så ein om psykologen Tony Hill og politietterforskar Carol Jordan. I tillegg har ho skrive fleire enkeltståande krimbøker, som til dømes The Vanishing Point, som kom ut på norsk i 2013.

The Vanishing Point har eit fargerikt omslag, og spesielt ein setning utmerkar seg:

It’s every parent’s worst nightmare…

Ein kan jo lure på kva det er, for bakpå omslaget står eit lite utdrag frå boka:

For a split second, Stephanie couldn’t believe what she was seeing. The man was leading a complian Jimmy away from the security area towards the concourse.
«Jimmy,» she shouted. «Jimmy, come back here.» Her voice rose in pitch but it was deadened by the Perspex enclosure.
Neither the man nor the child broke step. Stephanie banged on the side of the box.
«My kid,» she shouted. «Someone’s taken my kid.» 

Stephanie og Jimmy er på veg gjennom tryggleikskontrollen i Chigago, når ein framand mann går opp til Jimmy og fører han bort frå området. Det har de sikkert forstått allereie, og allereie då er lesaren inne i historia, for den frykta som Stephanie kjenner er godt skildra, og lesaren vil – om ikkje kjenne seg igjen i situasjonen – kanskje kjenne seg igjen i den lammande frykta. Det er ikkje kvar dag at nokon leier bort barnet ditt heilt utan vidare, og grunnen har ei historie. Stephanie må fortelje til agent Vivian McKuras om hennar og Jimmy bakgrunn, for kva kan ligge i forsvinningsnummeret? Kven vil dei vondt? Og det er her den verkelege historia byrjar, den som gjer at lesaren har tapt og må lese vidare, for McDermid skriv på ein slik måte at det er umogleg å legge frå seg boka, når den verkelege historia først har byrja. Det ser ut til at Stephanias i venskap med Scarlett Higgins, tidlegare TV-stjerne, kan ha noko å seie for forsvinninga, men kva?

Eg vil seie at boka ikkje berre er ein kriminalroman, men òg ein psykologisk thriller. Måten mysteriet blir nøsta opp på er unikt. I dei fleste kriminalromanar er det politiet eller journalisten som har hovudrolla. Her er det Stephanie som er ramma, og det er ikkje gjennom eiga etterforksing, men gjennom historia ho fortel at politiet får hint til kva som kan ha skjedd. McDermid snur og venner på alt. Lesaren kan tru han har ei lita aning om kva som skjer, men så kjem det eit vendepunkt som gjer at lesaren plutseleg ikkje har peiling på kva som kan ha skjedd. Då eg trudde eg byrja å forstå kva som hadde skjedd, og såg konturane, vart eg likevel overraska. McDermid veit korleis ho skal gjere lesaren skremt, rørt, glad og veldig, veldig forbausa og overraska.

I mange andre kriminalromanar slutta mange kapittel med eit nytt hint som gjer at lesaren byrjar å forstå at no kan snart gjennombrotet komme. Her sluttar kapitla med ein ettertanke eller eit spørsmål, som peikar litt framover mot kva som skal komme og som får lesaren til å lure veldig på kva Stephanie eigentleg meiner. Eg syntes det var noko som styrka boka veldig og gjorde ho endå betre. McDermid er ei som veit korleis ho skal formulere seg. Ho kan skrivekunsten til gagns og brukar både humor og alvorlege hendingar for å fenge lesaren. Dette er ikkje berre ei spennande krimbok, men òg rørande som tek opp større spørsmål enn berre kven som har gjort det. Til dømes: Kor mykje er eit venskap verdt? Kor langt strekker foreldrekjærleiken seg? Kva har fortida å seie for notida? Kva kan kjendisstatusen gjere med ein person. Fremst i boka er eit temmeleg treddande sitat av Oprah Winfrey:

If you come to fame not knowing who you are, it will define you.

Eg trur ikkje eg vil seie så mykje meir, i frykt for å røpe alt for mykje. Boka er på 434 sider (den engelske versjonen), og når du først har starta, går det raskt å lese henne ut. Eg sat på flyplassen i Nice heile natta og las. Det er vanskeleg å sovne på ein flyplass på harde stolar, men eg var endå lengre frå å sovne, då eg byrja å lese denne midt på natta. 

Bok/biografi: Det vi kan stå for av Geir Lippestad

Geir Lippestad har heilt sidan 23. juli 2011 vore eit kjent andlete i Noreg. Etter at han påtok seg oppgåven som forsvararen til Anders Behring Breivik har han fått mykje merksemd. I periodar var han nesten på nyheitene kvar dag. I mars 2013 kom boka hans, Det vi kan stå for ut. Boka er både om han, men òg om verdiar og den styrken rettstaten er for Noreg. «En klok bok om verdier» skreiv Stian Bromark i Dagsavisen. Det er eg einig i.

Da jeg bestemte meg for å skrive denne boken, var det verken for å gi Anders Behring Breivik, de andre aktørene i 22. juli-saken eller meg selv mer oppmerksomhet. Vi er alle eksponert så det holde; i halvannet år gikk det knapt en dag utan at noen av oss ble omtalt i et eller annet medium et eller annet sted i verden.
Som forsvarere for terroristen sto vi midt i stormen og måtte balansere flere hensyn enn noen andre – ikke minst av hensynet tilde verdiene som Breivik ville ødelegge, men som han selv like fullt var omfattet av. Hvordan vi lyktes, får andre vurdere. Selv har jeg en følelse av at vi til slutt kom helskinnet fra det. 

Dette er måten Lippestad opnar boka på, og eg trur dei fleste får stor at det ikkje er merksemda som får han til å gi ut boka. Under heile rettssaken gjekk han med ein gul post-it-lapp i lomma kor det stod:

Verdikommunikasjon=
– Rettssikkerhet
– Demokrati

Mykje av boka handlar om nettopp verdikommunikasjon. Korleis kan me bringe vidare dei viktige verdiane i samfunnet? Kvifor er dette viktig? Han skriv bra om å kunne formidle verdiar vidare til barn og unge. I staden for å ta frå ekstremistane ytringsfridommen meiner han at ein kan kjempe mot desse verdiane ved å gi dei unge kunnskap. Han gir òg tydeleg uttrykk for at det var rettstaten han forsvarte, då han forsvarte Breivik, og ikkje meiningane til Breivik. Dette trur eg er noko me alle forstod på måten han opptredde på i media. Han er langt frå nokon høgreekstremist, han er faktisk medlem av AP, og han det han sa var klart og tydeleg det Breivik meinte og ikkje det han sjølv meinte. Han skriv i boka at mange gonger fekk han kjeft for kva han sa, men slik som han skriv var det hans oppgåve å ivareta Breiviks interesser på ein ansvarleg måte og å opptre ærleg. Eit viktig prinsipp for Lippestad var at han ikkje trengte å seie heile sanninga, men at det han sa skulle vere sant.

Han fortel òg om danninga av forsvarsteamet deira. Dei var fire personar som jobba i hop, alle med juridisk kompetanse. Dei hadde ingen kommunikasjonsrådgjevar, av fleire grunnar. Blant anna at ein kommunikasjonsrådgjevar ikkje kunne få innblikk i alt Breivik sa, og difor ikkje kunne vere med på å velje kva dei skulle seie. Verdikommunikasjonen kom òg inn her, for prinsippet deira var å halde fast på at verdikommunikasjon var det viktigaste. Lippestad fekk i forkant mykje kritikk for å ha utlevert Breivik. Eg finn ingen grunnar til å kritisere han for det. For det første var det ikkje mykje overraskande som kom fram. Det meste Lippestad skreiv om Breivik er slik eg har gjetta meg til sjølv, og kven synes det er utleverande å seie at han fekk pizza og cola underavhøyra? Det var nytt for meg. Han hadde òg fått lov til å skrive om det av Breivik, og balansegangen var fin mellom det me fekk vite, og det som me ikkje fekk vite. Trass i alt er det ikkje ei bok om Breivik, men mest om verdiane Lippestad synes det er viktig å oppretthalde. Trass i alt er det den største og mest alvorlege straffesaka i Noreg sidan krigen, og  det at den er så annleis gjer at det kan vere viktig med bøker som dette i etterkant, der verdiane blir diskuterte.

Lippestad skriv òg om familien sin, og mest om den eldste dottera Rebekka som var sjuk under heile rettsaka. Han skriv om kor viktig det har vore for hanå kunne ha henne der, for ho minner han om kor skjørt livet er. Lippetads dotter døydde dessverre for ein månad sidan, og det var då han kom med dei vakre orda:

«Himmelen har fått en ny engel. Rebekka har reist.»

(NRK 14. juni 2013)

Barndommen hans blir òg nevnt i boka, og eg forstår at den hendinga han skriv om har sett djupe spor i han, og han skriv at dette er ein av grunnane til at han valte å studere juss. Dette er ein del av kapittelet «En forsvarer blir til» kor han òg fotel om avgjerda han tok då han fekk spørsmålet om å vere Breiviks forsvarar. Å forsvare og oppretthalde den norske rettstaten er viktig for Lippetad, og fleire gonger i løpet av rettssaka var utanlandske media overraska over korleis den norske rettstaten fungerte. Berre det at Breivik fekk taletid var for dei heilt annleis og utenkjeleg.

Ulik mange andre biografiar er Lippetads lett å kome gjennom. Den er på rundt to hundre sider. Språket er lett og flyt fint gjennom heile boka. Mange vil nok seie at det er for mykje om sjølve rettssaka, men eg likte det slik. Trass i alt skal eg ta Rettslære til hausten, og denne boka gjorde meg endå meir nøgd med det valet. Lippestad poengterer at samfunnsfaget er eit av dei viktigaste ungdommar kan ta, for det formidlar vidare kunnskapen og verdiane rundt demokratiet. Eg kunne ikkje vore meir einig!

Turen til Cannes 03. juli

Tredje juli var det å sove så lenge så mogleg etter ein sein kveld dagen før, då me kom heim frå Avignon Eigentleg tenkte me oss til Nice, men Nice var stengt på grunn av Tour de France, og einaste moglege transportmiddel var tog. Derfor gjekk me heller rett over gata og tok bussen til Cannes. Det gjekk buss mellom Nice og Cannes både titt og ofte, noko me nytta oss av både for små og store strekningar, sidan bussan stoppa i sentrum av Antibes i tillegg.

Meg utanfor Palais des Festivales

Me var veldig heldige, då me gjekk av bussen i Cannes, for me visste ikkje kva stopp me burde gå av på, for å få med oss det som var verdt å sjå, så me berre hoppa av, og der låg kasinoet, turistkontoret og Palais de Festivales et des Congres nesten rett framfor nasen på oss. Palais des Festivales er, som sikkert mange av dykk veit, staden kor den årlege filmfestivalen i Cannes går av stabelen. Det var eit digert «hus», og rundt palasset var kjendisane sine handtrykk, som til dømes Nicole Kidman og Cameron Diaz.

Rett etter besøket til denne kjendisstaden, følte me for å få i oss litt mat og is. Nokre valte noko litt lunsjaktige, nokre middagsaktig, medan andre, slik som eg, valte ein stor porsjon is. Eg elskar is! Viss eg skal anbefale noko, må du bestille Dame Blanche, når du er i Frankrike. Vaniljeis med sjokoladesaus og piska krem. Det er heilt fantastisk. Veldig mykje is, men nam nam, så godt det smakar i varmen. Den i Cannes var den beste eg åt på turen (av to moglege), men all sjokoladesausen samla seg i botnen av glaset, og det orka eg i alle fall ikkje å ete opp, for det var varm, flytande og velidg mektig sjokolade.

Nam, nam, nam
Kinoen i Cannes

Etter maten bestemte me oss for å gå opp til eit utsiktspunkt i Cannes. På
veg opp såg me Cinema Cannes, som var eit hus kor dei hadde måla på balkongar med kjente filmfigarar. Eg skal heilt klart legge inn forslag om å måle Jadarheim på same måten. Viss nokon lurte, er Jadarheim eit keisamt, grått og gammalt bygg rett ved biblioteket på Nærbø. Før hadde dei kino der, men det har dei slutta med. Det gamle bygget kunne trengt litt oppfrisking der det står. Det er langt frå fint utanpå. I tillegg burde dei legge inn varme backstage, særleg i det litle romet, for der kan du jo få skikkeleg frost i deg ein kald 12. desember-dag i 2012, medan du ventar på å gå ut på scenen for å danse. Nei, nok om Jadarheim og kinoen i Cannes.

Utsiktspunktet i Cannes var fint. Derfrå såg du kasionet og Palais des Festivales i tillegg til alle båtane som låg der. Eg såg no at eg dessverre ikkje har mange bilete derfrå kor det berre er av utsikten. Kanskje eg har nokre på mobilen, for det var ikkje mitt kamera som vart brukt den dagen… Alle som skal til Cannes bør gå opp der. Du går opp gjennom den flotte gamlebyen i Cannes, der du òg får tak i mykje, viss du har tenkt å handle. Det var ein butikk der kor alt kosta 2€, ca. 16 kroner. Der fekk eg tak i liggjeunderlag til stranda og ei oppskriftsbok, i tillegg til at tante kjøpte ein nokså spesiell bursdagspresang til onkel der.

I morgon kjem eg tilbake med litt om St. Paul de Vence. Ha ein fin dag vidare i dag og kos dykk no som det er somar!! (med masse is!!)

Bok: Before I Met You av Lisa Jewell

Jewell er ein britisk forfattar frå Middlesex i London. Ho har skrive fleire bøker, blant anna The Making of US, Thirtynothing og Before I Met You. Tidlegare har eg berre lese The Making of US, men til gjengjeld likte eg boka svært godt. Denne gongen var det andre boka av Jewell som stod for tur, som er like fengande og god som den forrige.

Boka foregår i to forskjellige delar av 1900-talet. Arlette de la Mare (trur det staves slik) flyttar i 1919 frå øya kor ho har budd heile livet og til London. Ho har aldri før vore borte frå øya, og London er nytt og spennande. På dagtid jobbar ho i butikken Liberty, og eit møte med kunstnaren Gideon gjer at ho òg blir introdusert for nattelivet i London. På 1990-talet reiser Arlettes «barnebarn» Betty til London frå den same øya som Arlette reiste frå. Ho har inga aning om at Arlette nokon gong har vore i London, men har bestemt seg for å leite etter eit namn som dukka opp i Arlettes testament, Clara Pickle.

Eg såg denne boka på ein bokhandel i flyplassen på Amsterdam og vart veldig nysgjerrig, sidan eg har lese ei bok av denne forfattaren før. Ja, det var ein spennande bokbutikk. Dei hadde ikkje mange bøker på engelsk, men dei hadde Politi av Jo Nesbø på nederlandsk
og fleire andre krimbøker av han på engelsk eller nederlandsk. Likevel, det som fekk meg til å ta opp boka av Jewell var først og fremst namnet på forfattaren, men òg framsida. Eg elskar dette omslaget. Det er fleire andre fine omslag òg som de kan sjå til venstre i dette innlegget. Eg greier ikkje å bestemme meg for det finaste, men dei har laga noko som pirrar lesarane veldig, og viss dei ikkje kjenner igjen forfattarnamnet er det stor sjanse for at boka blir plukka opp likevel!

Historia er òg god. Den stiller spørsmål rundt kjærleik og kven ein eigentleg er. Personleg syntes eg at Betty var den mest interessante karakteren. Ho vil kjenne mora til stefaren, eller bestemor som ho kallar henne. Ho trudde ho visste alt om Arlette, men når ho finn ut at dei kan ha flyttinga til London til felles verkar det
som om ho identifiserer seg meir med bestemora, og i tillegg leitar ho etter Clara Pickle. Betty flyttar inn i bydelen Soho, og ikkje berre leitar ho etter Clara Pickle. Ein kjendis bur rett ovanfor der ho bur. Lisa Jewell er flink på å finne på søte historier, der det ikkje verken er vald eller skyting som skapar spenning, men rett og slett utviklinga til karakterane og kva dei bestemmer seg for til slutt. Det er det aller beste med hennar bøker!

Arlette i fortida skapar endå meir spenning, og ein kan sjå fleire parallelar mellom historiene til Arlette og Betty, sjølv om det er i to forskjellige tiår. Dei er nokså like begge to. Nysgjerrige på livet, men likevel med ein sterk tilknytting til der dei kjem frå. Boka er skriven i tredje person, men det er berre Arlette og Betty som fortel. Dette er eit sterk verkemiddel, for å gjere lesaren nysgjerrig synes eg. Du får berre vita kva dei tenkjer og kan sitje og lure i det uendelege på kva dei andre karakterane tenkjer. Det skaper endå meir spenning rundt dette med bestemmelsar og val. Likevel manglar boka det litle ekstra. Nokre gonger blir det litt klisjéfylt, spør du meg, og eg ville ikkje gitt boka terningkast seks, heller fem, fordi det er noko ubestemmeleg som manglar med boka, og ikkje alle trådane er plukka opp i slutten. Men det er god somarlektyre, for dei som trenger noko lett å lese i somar. Og så har du jo tre omslag å velje mellom. Kva liker du best? Eg greier ikkje å bestemme meg i det heile teke!

Turen til Avignon 02. juli

Kjøkkentårnet i Palais de Papes

Første heile dagen i Frankrike (01. juli) var me for det meste i ro ved bassenget. Ein liten kveldstur til sentrum av Antibes avslutta dagen. Sidan me budde eit stykke utanfor sentrum, måtte me ta buss for å komme dit. Heldigvis kosta bussane berre åtte eller tolv kroner (1€ eller 1,50€). For å samanlikne med Noreg, er dette prisen for ein overgangsbilett mellom tog og buss, viss du er heldig. Dagen vart avslutta på ein restaurant i eit spiseområde, før det var å ta bussen tilbake til bustaden og ta kveld litt tidleg.

Neste morgon var det opp tidleg (halv sju), for å nå toget til Avignon, som tok rundt tre timar, med ein

Litt av utsida av pavepalasset

liten stopp i Marseille. Avignon er ein by som er veldig lagt opp etter turismen. Då me kom ut frå togstasjonen, stod det bussar og venta som tok oss direkte til sentrum av byen på ti minutt. Akkurat slik som i området rundt Antibes, kosta bilettane lite. Sentrum i Avignon består av alle dei store attraksjonane, pluss ein del butikkar. Blant anna låg pavepalasset og Pont d’Avignon i gangavstand frå busshaldeplassen ved posthuset. Dette er kanskje noko av det mest kjente med Avignon. Pavepalasset er eit digert byggverk som vart bygga i midten av 1300-talet, for å huse såkalla motpavar som ikkjer annerkjente den sitjande paven. Det var eit heilt enormt palass, men enkelt å finne fram. Ved hjelp av ein audioguide vart me leia gjennom palasset. Blant anna fekk me vite morosamme fakta, som at nokre av pavane hadde nattergalar i soverommet sitt. I tillegg bygga dei heile tida på nye tårn og murar overalt, og resultatet var eit digert palass.

Pont d’Avignon (ikkje det beste bilete…)

Etter pavepalasset gjekk turen til brua Pont d’Avignon (Pont Saint-Bénézet). Berre fire av tjueto bruspenner står igjen, og brua har gradvis blirr øydelagt av flaumar. Det er ei veldig fin bru, og blant anna er det laga ein kjent sang om  henne. Eg syntes kanskje dette var det beste med turen. For det første var eg kjempevarm då me kom ut frå pavepalasset og klar for ein litt avkjølande bris, noko du fekk oppe på brua. I tillegg var det vakker utsikt over Rhône og landskapet.

Elles shoppa me og åt litt mat. Avignon var veldig kos og ein typisk turistby. Det var lett oversiktleg, fordi det var skilta overalt. Du trenger ikkje å vere i tvil om kor turistattraksjonane låg. Avignon er ein stad som er veldig verdt turen. Du får mykje ute av det. Viss du tek tog, er det lurt å ta eit tidleg bort og eit seint heim for å verkeleg få oppleva byen!

I morgon kjem det ein lite rapport frå Cannes. I tillegg til ein bokomtale av Jewells bok Before I Met You

Reisa til Frankrike

Dei siste ti dagane har eg vore ein heilt annan stad enn trygge, litle Nærbø, nemleg i Antibes i Frankrike, som i seg sjølv ikkje er veldig utrygt, men framande stader er med ein gong litt meir utrygge, når du aldri i ditt liv har vore der før. Ikkje missforstå meg, eg koste meg veldig i Antibes og dei andre stadane me var. Det er første gongen eg har vore i Frankrike. Eg kan nokre få fraser på fransk som berre er nyttige i ein franskklasse kor me skal presentere oss for medelevane. Eg har lese litt bøker frå Frankrike, men ikkje akkurat frå Cote d’Azur eller Provence. Likevel følte eg at eg kjente staden nokså godt i og med at eg hadde lese meg opp i denne boka her:

100%-guidane er smarte og oversiktlege. Eg elskar denne boka her. Kapitla er inndelt etter dei ulike regionane i Provence og Cote d’Azur og etter det i stadane innanfor regionane. For kvar stad står det litt om kva du kan sjå, mat, shopping, uteliv og alt du elles skulle trenge. Adresser og prisar står i mergen på sida av. Fremst er det litt nytteige deltaljar som er godt å vite før du reiser, i tillegg til masse, masse historie og litt språkkunnskaper. Bakkerst i ei plastlomme er det små rubrikkar med døme til byvandringar. Supert!

Familien vår har aldri vore ein slik familie som har reist til Syden, sidan eg og søstera mi vart født, så dette var berre andre gongen, men masse fint vêr og sol. Eg tenkte å gå gjennom litt dag for dag der me gjorde noko nevneverdig interessant og legge ut ein bokomtale i innlegget frå dei dagane der eg las ut ei bok. Under dette innlegget finn du første omtalen frå ei bok eg las ut dagen me reiste ned. Me sat over seks timar på flyplassen i Amsterdam, så det var nok av tid til å lese boka ut. Første dagen forresten reiste me berre ned og køyrte direkte til der me skulle bu.

Her kjem nokre bilete frå bustaden vår i Antibes

Dette er berre nokre få bilete frå bassenget, området rundt og stova. Veldig koseleg, og me kunne sitje ute på verandaen til langt utpå kvelden og berre nyte varmen, som ikkje forsvann om natta ein gong. 

Bok: The Light Behind the Window (Norsk utgåve: Lavendelhagen) av Lucinda Riley

50% på alle bøker på Ark er ikkje dårleg. Det er då du plukkar ut ei bok til litt over seksti kroner på engelsk og tek med deg. Og om boka var verdt den norske prisen, på litt over tre hundre, skal godt gjerast!

Tidlegare har eg lese to bøker av forfattaren Lucinda Riley, som eg har skrive positive omtalar om. Derimot kan dette bli ein litt annan omtale, for Riley har ofte med noko eg vil kalla irriterande moment og er i tillegg forutsigbar og gir meg akkurat det eg ønsker meg. Byrjinga av boka varer i evige tider, og det er negativt. Ho kjem aldri skikkeleg i gang! Franske Emilie, hovudpersonen i notida (1998) vurderer om ho skal selje husa som more har etterlatt henne då ho døydde, men eit møte med Sebastian og fleire veker med tenking gjer at ho bestemmer seg for å ikkje selje, men heller pusse opp den historiske bustaden i Gassin i Frankrike.

I fortida er det Sebastians bestemor som står i fokus og er hovudpersonen. Constance Carruthers reiser frå England til Frankrike som agent for Storbritannia, men uventa hendingar gjer at ho må bu hjå Edouard de Martines, Emilies far.

I det store og heile er boka ulik dei to andre på mange måtar. For det første har Riley aldri skrive om ein fransk hovudperson før, og ho har heller ikkje skrive så detaljert om andre verdskrig som ho gjer i denne romanen. Riley veit kva ho skal gi lesaren. Eg føler at ho gir meg akkurat det eg vil ha. Sjølv om mange seier at dei ikkje er romantisk anlagt og ikkje faller for det romantiske tullet mange forfattarar skriv om, er det vanskeleg å ikkje falle for kjærleiken som Riley skriv om, for ho skildrar han fint, og ofte får hovudpersonen sine draumeprins i slutten. Det går an å falle for slikt og håpe litt. Likevel liker eg ikkje at ho gir meg det eg vil ha. Det høyres rart ut, men nei. Det er ikkje noko overraskande med det. Du sit ikkje igjen med spørsmål i hovudet. Det er det som er det store minuset med Rileys bøker. Ho greier ikkje å overraske. Ho kan ikkje sjokkere lesaren skikkeleg. Ho vel enklaste løysning, som får haugar av damer til å elske bøkene!

Bøkene er klisjéaktige. Det har mykje med det eg skreiv ovanfor. Eg elskar når forfattarar sjokkerer meg, gjer meg frustrert, rørt og sint. Det at dei drep personar eg har blitt glad i gjennom skildringane gjer meg sint akkurat i den augeblinken og eg spør kvifor det måtte gå slik, men ser i ettertid effekten av dfet. Du hugsar boka i ettertid. Riley skriv så lite utfordrande at du umogleg kan hugse boka etter tre år. Syntes ho greidde å gjere at hugsa slutten i Jente på klippen, fordi eg vart trist og det var uventa. I denne boka køyrer ho verkeleg på den sikre linja.

Boka var ikkje av god litterær kvalitet. Ho skildrar karakterane ved å fortelje og utfordrar heile «Show, don’t tell»-prinsippet som eg liker veldig godt. Språket er keisamt i staden for fargerikt og boka tek ikkje opp nokre viktige moralske eller etiske spørsmål.

Likevel vart eg så totalt fenga av historia, fordi ho gav meg det eg ville ha.

Korleis er det mogleg?

Her er nokre andre omtalar av boka:
Elikkens bokhylle (Seier litt av det same som meg, dessverre appelerer boka)
Elida på My first, my last, my everything (positiv omtale)
Kathrine Krøger, Dagbladet.no (Som meg og Ellikken)
Bok-Karete (positiv)

Andre bøker av Lucinda Riley:
Jenta på klippen
Orkideens hemmelighet

Irske Lucinda Riley lagar i tillegg ei bok no der delar av handlinga skal foregå i Noreg. Til no har ho fenga mange lesarar over heile verda og det skal bir morosamt og spennande å sjå kva ho får inn i boka frå Noreg.

Boka mi er kjøpt på Ark bokhandlel.