bok: Plan D av Simon Urban

Den tyske forfattaren Simon Urban har laga ei bok kor det står 

«Se for deg en verden hvor berlinmuren aldri fallt» 

på omslaget og kor ein detektiv må finne ut av eit mysterium som kan avgjere DDRs framtid. Setningar som

«Enorm kraft, litterær fantasi og en kreativitet som vil fengsle og fascinere alle lesere.» (Die Zeit)

og

«En av de mest tyske debueter på lenge.» (Westdeutsche Allgemeine Zeitung)

prydar bakside på Pland D. Urban har flust med litterær fantasi. Å i det heile teke lage ein kontrafaktisk roman krevjer mykje fantasi, men òg mykje research og informasjon som vil gjere boka meir truverdig. Urban meistrer begge deler. Detektiv Martin Alfons Wegener er i Plan D på leit etter sanninga rundt døden til eit udentifisert lik i Aust-Berlin. Det har ein tydeleg samanheng med gass- og energiforhandlingane med Vest-Tyskland, og han må finne sanninga for at DDR skal bestå. Det konstruerte DDR-samfunnet som Urban har laga er eit meir utvikla samfunn enn det det er i historisk samanheng. DDR i Plan D er eit DDR i 2011 som har blitt til etter Gjenopplivingen. Boka går mykje ut på at DDR og BRD gjennforeina i 11989, men at DDR så vart «gjennoppliva» fordi Krenz, statsoverhovudet i DDR 2011 såg at det ikkje gjekk.

Hovudpersonen, førstebetjent Wegener, er ein mann det er vanskleg å forstå seg på. Han blir jaga av sine eigne fantasiar og demonar – på ein vell humoristisk måte med Josef Früchtl som alltid tilstadeverande i hovudet på han – og er sterkt kritisk til både seg sjølv, andre og staten. Skråblikket han har på DDR er interessant, og ein kan på mange måtar seie at han er kritisk til sosialismen og DDR. På andre sida er det dei han tener og jobbar for. Som detektiv er han midt mellom fritt vilt og STASI.. Han kan bestille overvakingar, han har rett til innsyn i løyndomsfulle dokument av grad 3 og kan på mange måtar kome seg lengre opp i systemet enn vanlege arbeidarar. På andre sida kan det koste med feil, og det er meir vanskeleg å gå sine eigne vegar enn det det vil vere for detektivar i andre bøker. Wegener sørger i store delar av boka over tapet av kjærasten Karolina – eit tap han aldri kjem over – og har til tider tankar som får lesaren til å føle at dei les ei såkalla «Guilty-Pleasure»-bok. Han drikk mykje, når han først drikk, og elles viser han til tider god sans for humor som får lesaren til å le høgt.

«Nå er jeg målløs.»
«Det var dumt, nå som du har fått ny telefon.»

Dette er berre eit døme (Wegener sa sjølvsagt det siste), og det er fleire som eg ikkje trenger å nemne, men som det går an å oppleve sjølv ved å lese boka. Elles er boka litt rotete, synes eg. Du får ikkje skikkeleg tak på kriminalgåta og bevisa som kjem fram. I tillegg kan visse tankar og ressoneringar frå Wegeners side vere litt vel vanskelege å lese. Nokre refleksjonar blir i overkant pakka inn, medan andre er slike som lesaren lett kan kjenne seg igjen i. Noko anna er at boka er litt lite oversiktleg. Du forstår ikkje alltid kor dei reiser, og namn på karakterar går lett i gløymeboka, fordi det går lang tid mellom møta og lang tid mellom gongene karakterane blir nemnt. Det kan til tider vere litt irriterande. På plussida ligg den delen av språket som ikkje så godt pakka inn. Den forståelege delen er brilliant, og her ser lesaren tydeleg at Urban har eit stort talent. Gjenforteljingane av dialogane er fantastiske. Skildringane av dei menneska som er mest vesentlege gir eit godt inntrykk, og ein kan kjenne igjen typane. Boka er delt opp i passe store kapittel, og det er fleire kapittel for kvar dag etterforskinga pågår. Boka er skriven i tredje person, og først då eg merka dette vart eg skikkeleg skuffa. Eg tenkte: «Å nei, ikkje ein til autoral synsvinkel», mens synsvinkelen var ikkje autoral. Det var Wegener som fortalde, og mykje kom òg fram gjennom dialogane.

DDR 2011 blir framtilt som eit høgteknologisk land. Dei har ein type telefonar som blir kalla Minsk, og dei har òg fått eit nytt bilmerke. Dei fleste som kan litt om DDR veit at Trabi var ein type bil dei køyrte rundt i. Den gjekk veldig seint. Mange kjøpte seg Trabi til konfirmasjonen og fekk han då dei vart tretti, med mindre dei fekk seg ein høgt profilert jobb. Det er òg ein vits som seier at du doblar verdien på ein Trabi ved å fylle på tanken. Uansett, det nye bilmerke er Phobos. All den nye teknologien skal tydelegvis ligge framfor vesten og deira teknologi, og DDR har på det område ei god utvikling. Du kan òg sjå paralellar til Vest-Berlin. De har sikkert høyrt om KaDeWe (Kaufhaus des West). I boka har dei i Aust-Berlin fått seg sitt eige kjøpesenter, KaDeO (Kaufhaus des Ost). Synes den parallelen er litt morosam på den måten at du tek poenget utan å bli grundig forklart kva det dreier seg om.

Boka kjem med eit blikk på sosialismen som eg liker veldig godt. Som dei fleste veit funkar ikkje sosialismen som ideologi veldig godt i praksis. Dei tre mest kjente sosialistregima (kommunistar) i dag er Kina, Cuba og Nord-Korea. Alle veit at verken Kina eller Nord-Korea er veldig demokratiske. Cuba har nesten fått det til, men det går ikkje i praksis. Ideen bak sosialismen er noko dei fleste er einige i. Likestilling. Alle er like mykje verdt og ingen skal stå over andre. Sosialisme i rein form finst ikkje, på grunn av egoismen vår. Utdannar me oss til lege vil me ha meir løn enn ei vaksekone på sjukehuset, og det er heilt totalt mennskeleg og sjølvsagt riktig. Boka seier at sosialismen er akkurat som ein type jenter (hugser ikkje kva jenter det var snakk om, men trur det var nokon i underhaldningsbransjen), fordi akkurat som  denne typen jenter er sosialismen fin så lenge du ser han på avstand. Draumar er trass i alt betre enn røynda.

Nei, no får eg kanskje oppsummere. Det har nok allereie blitt leie av dette evig lange innlegget om Trabiar, sosialismen og boka. For å klonkludere vil eg seie at Plan D er ei sjeldan bok. Fantasien er der, ideen er der, men ho blir veldig svekka av det rotet lesaren av og til kan føle på. Den er òg veldig omfattande til tider. Det kan bli lenge å lese hundre sider om dagen, og av og til må du nesten lese i snegletempo for å få med deg alt. I tillegg, for alle feministar: Ingen kvinnelege superheroes i denne boka. Den er på eit vis veldig manssjåvinistisk! 

Mine favorittkarakterar frå 2013

I andledning giveawayen på bloggen har eg love å skrive eit innlegg om mine favorittkarakterar i 2013. Utfordringa til dykk var å skrive eit lite innlegg om det på bloggen dykkar (ikkje obligatorisk). Eigentleg var det berre ein favorittkarakter, men å velje berre ein er verkeleg vanskeleg. Så her kjem mine favorittkarakterar frå dette året.

Krystal Weedon

Krystal Weedon er ein av dei viktigaste personane i J. K. Rowlings nye bok the Casual Vacancy, som kom ut i fjor. Det var ei bok med mange ulike karakterar, men den personen som eg kjente at blei mest glad i, trass i alle «feila» og «manglane» var Krystal. Ho er ei jente på min alder, har ei mor til narkoman og ein liten bror som ho må passe på, sidan mora ikkje greier det. I tillegg går ho på skulen, og den einaste som nokon gong såg ut til å tru på henner, er død. Ho kjem òg i frå den fattigaste delen av byen og har eit dårleg på rykte på seg. Ja, dette er ein av mine absolutte karakterar. Ho er ei tøff jente, men det er ofte dei tøffaste som er dei mest sårbare karakterane, og dei mest sårbare er dei du føler deg knytt til. Eg kjenner litt på den at kontrastane mellom oss er ein av grunnane til at eg liker henne nesten best av alle karakterane får dette året. Dei er så store at ho representerer eit heilt anna liv enn det eg har. I tillegg elskar ho litlebroren sin, trass i kva ho viser til resten av byen. Det er ingen som veit kven ho eigentleg er, utanom lesaren, og den som får vite mest om ein person, er ofte den som står personen nærast. 

Vandrer (Melanie Stryder)

Alle som har lese min omtale av Verten av Stephenie Meyer har sikkert fått med seg at eg elskar den boka. Og eg elskar ikkje berre boka, men òg hovudpersonen i boka. Med hovudpersonen  meiner eg Vandrer, sjela som bur i Melanies kropp. Ho er bestemt, sta og har eit mot mange vil beundre. Det som får meg til å like henne så godt, er det at ho ikkje gir etter. Ho veit det er farleg å gå over på sida til dei få gjennlevande menneska som er igjen, men gjer det likevel for Melanie, og litt for seg sjøv. Ho ofrar òg veldig mykje for andre. Om ho har det bra er på langt nær så viktig som at Jamie, Jared eller Ian har det viktig. Ho er taksam for nesten alt, og eg er ein stor fan av den vesle sølvormen som bur bak i hovudet på ei oppdikta jente. 

Amy 

Flink pike er ei av mine favorittbøker frå dette året, og Flynn er ein av mine favorittforfattarar. Hadde eg lese åpne sår i år, hadde òg Camille stått på lista mi, saman med Libby Day sjølvsagt. Dei er ufordragelege, arrogante kvinner alle tre, og to av dei drikk for mykje og alle tre er i tydeleg psykisk ubalanse på ein eller annan måte. Likevel skildringane gjer at ein held med desse karakterane. Flynn får deg til ville dei vel på ein måte, for dei er alle litt stakkarslege. Amy liker eg mest forid ho er ein veldig sterk karakter. Ho er ein unik person som ein kan kjenne at ein er sint på, glad saman med, oppgitt over, har medkjensle med og  hatar. Dei sterke kjenslene ho framkalle hjå meg gjer at eg liker henne veldig godt. 
Dette er mine favorittkarakterar frå dette året. Kva er din? Eg er klar for å høyre kven du har likt å lese om. Forresten, det er fritt fram til å melde seg på giveawayen heilt fram til 27. juni. Bli med du òg.