bok: X av Helge Thime-Iversen

Nok ei krimbok er lesen, og denne gongen var det X av Helge Thime-Iversen, som fekk den æra å bli lesen. Etter å ha sett Geirs omtale av boka, som var veldig positiv, måtte eg lese boka sjølv. Geir kallar boka for ein X-tremt spennende debut. Ja, den er spennande, og det er god gjort å meistre krimsjangeren slik på første forsøk, men om den er x-tremt spennande, det er ei anna sak.

Njaal Natland jobbar i Kripos – noko som er uvanleg for dagens krimheltar, som til vanleg har ein vanleg politijobb i eit distrikt eller er journalist – der han har utmerka seg som ein filnk etterforskar. Likevel, alle politimenn kjem ein eller annan gong utfor ei vanskeleg sak, og det gjer Njaal i denne boka. X, eller Fingermorderen som han blir kalla i avisene, er laus. Fleire norske byar blir offer for personen. Han har òg sitt eige varmerke, noko namnet Fingermorderen går etter, og det er at på kvar åstad ligg fingaren til offeret igjen. Dette går det òg an å sjå på forsida av boka, som på ein måte er fantasilaust, men òg litt spennande. Uansett, Njaal gjer alt for å løyse saka, men sjølv om gjerningsmannen – X – etterlet seg mange spor, er det nesten umogleg å ta han. Kompanjongen til Njaal Natland heiter forresten Johnny Vang (ikkje Jonny Vang som i filmen med Aksel Hennie), noko som skaper litt humoristiske scenar i boka.

Eg er veldig glad i krim som de veit, men ikkje all krim. Jo Nesbø, til dømes, fenga meg ikkje heilt, og eg er heller ikkje veldig glad i krim kor det er snakk om eit større spel som inneber terror, store narkotikabandar eller slike spel. Eg liker det litt meir i det små, med ein gjerningsmann som handlar på eigne vegne, slik som i en usynlig av Pontus Ljunghill. På denne måten var òg Thime-Iversens bok noko for meg. Dette er ingen spoilar, for det går ikkje lang tid før ein forstår at her er det ein person som handlar. Noko anna eg likte var at det var ein litt original norsk krim. Boka er veldig ambisiøst lagt opp med mord som skjer i fleire byar i Noreg. Det er vanskeleg å etterforske like mordsaker i Bergen, Trondheim, Vardø osv. Å legge opp til ein seriemordar som driv på i ulike fylker er mildt sagt veldig, veldig, veldig ambisiøst. Derfor er det bra når forfattaren meistrar dette ambisiøse oppdraget. Kripos er jo sjølvsagt eit verkemiddel. Det hadde vore meir vanskeleg med ein politietterforskar i Vardø som hovudperson, for då hadde jo denne personen berre ansvaret for Vardø-saka og ikkje tilgang på fleire bevis enn som så. Det er jo nettopp der med bevis det blir ambisiøst. Du skal ha ein person eller to som reiser rundt overalt og samlar bevis og veit om alt. Likevel, dette greier Thime-Iversen på ein heilt genial måte.

Eg skreiv i første avsnitt at boka var spennande, men ikkje ekstremt spennande. Det skal mykje til for at ein krim ikkjer spennande. Då er forfattaren verkeleg amatørmessig, og det er ikkje Thime-Iversen. Han er veldig flink, men i motsetning til mange andre krimbøker følte eg ikkje det gjekk lang tid før ein fekk vite kva som skjedde. Han var ikkje ein meister på å halde lesaren på pinebenken. Nokre få gonger haldt han lesarane så lenge på pinebenken at me gløymte heilt at det faktisk skjedde, og då tråden blei plukka opp igjen, var det ikkje like spennande. Andre gonger, alt for mange, gjekk det litt for raskt. Eg fekk ikkje tid til å bli spent på svaret. Nokre få gonger greidde han å halde meg på pinebenken slik at eg  måtte vente litt, men ikkje for lenge. Dei gongene funka det utmerka, men boka kunne ha vore betre ved å lage det til slik fleire gonger. Språket etterlot ikkje mykje til fantasien. Det var fengande, og det er ikkje utan grunn at eg las dei siste 250 sidene i dag. Språket i seg sjølv er dessverre ikkje veldig spennande, og nokre gonger kunne Thime-Iversen ha korta ned på veldig lange skildringar av personar og i staden fokusert på andre viktige moment i boka. Som då han skildra ein politimann i Bodø eller ei kontordame i Oslo. Eg veit ikkje heilt kva det var med språket som ikkje gjorde boka så x-tremt spennande, men det var i alle fall ikkje ein viktig faktor for dei spennande kapitla som var i boka.

Juritzen kan vere glade for å ha denne krimforfattaren med på laget! Han kan skrivekunsten, og ved nokre få betringar, kan bøkene hans bli x-tremt spennande. Viss det kjem fleire bøker, skal eg heilt klart lese dei!

(boka var eit leseeksemplar frå Juritzen forlag)

bok: fortellingen i fiolinen av Natasha Solomons

Dette er ei bok dei fleste andre bokbloggarar har lese for lengst, og så kjem eg her halsande etter og skriv ein otmale av akkurat den same boka. Sikkert mykje av det same, men eg hadde håpt på å komme med noko nytt, og det ser dessverre ut til at eg ikkje likte boka like godt som alle andre, men kvar sin smak, seier no eg. Det kan vere det blir nokre spoilarar undervegs, så dei som har tenkt å lese boka,  men ikkje har fått gjort det endå, bør halde seg unna, viss dei ikkje vil få avslørt dei få overraskingane som boka har å by på.

Elise er ei austerrisk eller «wiensk», (går det an å seie det??) som høyrer til overklassen i Wien, men når krigen nærmar seg (1938) og jødane ikkje lenger er velkomne i Austerrike, må familien flytte. Mora, Anna, er sangerinne, og faren, Julian, er forfattar. Søstera til Elise, Margot, har arva mora sitt musikktalent, mens Elise blir nødt til å sjå på seg sjølve som lite kunstnerisk i forhold til resten av familien. Før krigen må ho flytte til Tyneford gods i England, for å tenestegjere der. Resten av familien skal til USA, mens ho skal til England for å vente på visum til USA. Med mora sine perler under blusen serverer ho godseigaren herr Rivers. Herr Rivers» son er òg til stades på godset om sommarane. Kit er den karakteren i boka som gjer at hovudpersonens hjarte bankar hardt og som gjer livet hennar perfekt på Tyneford gods.

(ops, spoilaravsnitt!)
Noko som er veldig gjennomgåande i boka er det klisjefylte og det forutsigbare. Det står at det er i bok for dei som liker Kate Mortons bøker, men Morton skriv på eit høgare nivå enn Solomons. Mens Mortons skildringar får fram kjensler og tårer, er språket i fortellingen i fiolinen platt og kjenslelaust i forhold. Heile plottet er forutsigbart, trass i at forfattaren prøver å gjere oss nysgjerrige ved å røpe litt etterkvart. Boka følgjer den gamle modellen til ein historisk roman. Elise flyttar til England – sjarmerer Kit Rivers – blir foreksla i Kit Rivers – erklærer sin kjærleik til Kit Rivers – skal gifte seg med Kit Rivers  – Kit reiser ut i krigen som alle andre engelske – Kit kjem tilbake skada – Kit bryr seg meir om krigen enn om henne og reiser ut igjen og døyr – heile godset forfaller etter at Kit døyr – Elise blir på godset og ser at det forfaller – Elise finn ein ny kjærleik – Elise blir gammal! Det er så forutsigbart at eg kan ikkje forstå at eg vart så fenga. Eg gråt ein gong i boka, men eg trur ikkje det var den staden forfattaren ville eg skulle gråte i det heile teke. Det var nok litt feil tidspunkt!

(oooops… spoilaravsnitt igjen…)
Boka kunne fenge. Den kunne halde på merksemda di i fleire dagar, men likevel, det var langt frå toppnivå. Det er ei såkalla happy-tears-bok, og nokre av dei er gode, mens andre er ikkje. Denne var midt i mellom, for eg greidde i det minste å lese ho ferdig, i motsetning til så lenge det er stjerner på himmelen. Likevel, språket framkalla ikkje kjensler. Boka skulle kanskje vere om lidingane nokre opplevde under krigen, men eg følte meir det handla om Elise. Dei lidingane dei opplevde var så totalt tømt for kjensler at eg heller kunne lese ein dokumentar. Kit var ein karakter eg ikkje likte. Han var ein typisk historisk-roman-karakter som gjer alt for å få den han elskar trass i kva klasse det ser ut til at ho høyrer til eller kor fattig ho er. For meg verka han oppblåst, jålete og litt for glad i «det gode liv» med ein sigarettpakke i den handa og vinflaska i den andre, slik som Elise i delar av boka.

Eg prøver å komme med nokre positive tankar rundt boka, som til dømes at plottet har eit potensial. Viss forfattaren hadde lagt kreftene sine i å lage plottet meir uforutsigbart og meir originalt, i staden for å fylle opp femti sider med berre fyll. Ho kunne lagt kreftene sine i å oppfylle potensiale ho eigentleg har. Eg trur ho har litt meir fantasi, noko dei første femti sidene vitnar om, der det kjem morosamme referansar og språket er meir levande enn seinare i boka, når det blir meir platt, kjedeleg og er blotta for dei morosamme referansane og titlane på kapitla.

(spoilar)
Dessverre trekk boka ned på det forutsigbare (som eg har nemnt tusen gonger) og boka døydde for meg då Kit døydde. Då var det som om all piffen var borte. Og avslutninga, nei, det gjekk ikkje an å få noko fornuftig ut av den. Dessverre øydelegger forfattaren noko som kunne vore eit potensielt veldig godt plott med klisjear og platt språk og eit plott som alle kunne ha gjetta seg til ved å lese baksideteksten.

MEN
nydeleg omslag. Mystisk og spennande, og den fine drakta som dama (sikkert Elise) har på seg, ville eg ha elska!! 

bok: en usynlig av Pontus Ljunghill

Gode omtalar frå Bokbloggeir, Berit sin bokblogg, Tines blogg, Zeldajenta og Uriks og fleire aviser. Stemningsfulle skildringar. Godt konstruert plott. Spennande tidsperiode. Det er mykje som kan bli sagt om denne boka, og eg er einig med Geir, på bloggen bokbloggeir, som har fått eit sitat på omslaget til boka. Det finst berre eit terningkast til denne boka, og det er ein seksar.

Den fenga verkeleg umiddelbart, ikkje med ein actionfylt bilscene eller ein skyteepisode, men heller med eit intenst, psykisk spennande kapittel kor me får møte mordaren i første person. Mordaren i boka er verkeleg «en usynlig» slik som tittelen seier oss. John Stierna er hovudpersonen i boka og den etterforskaren som får ansvar for mordsaka. Ei åtte år gammal jente, Ingrid Bengtsson, blir funnen drepen i Djurgårdsverftet i Stockholm, og det er tilsynelatande ingen spor etter mordaren. Det er ikkje berre på åstaden det er få spor, men òg i Stockholm. Få personar, som har sett mordaren, hugsar han skikkeleg, og han forsvinner for godt i mengda til at dei forstår kven han er.

Tjuefem år seinare, to og ein halv dag før saka er forelda, sluttar John Stierna i politiyrket og reiser ut til Visby på Gotland. Viss nokon skulle lure, er Visby ein veldig fin by. Mest interessant er gamlebyen med ein bymur rundt heile staden. Det er brusteinsbelagte gater, smale gater, koselege butikkar og restaurantar. Ja, eg har vore der. Og eg har vore i Stockholm ved Djurgården og Vasaparken og ser sånn nokon lunde for meg parken og Visby. Derfor syntes eg det var ein interessant setting rundt det, og særleg i Visby. Vel framme på Gotland møter han ein journalist som skriv om gamle kjente saker. På ein hotellbar fortel han historia om etterforskinga rundt drapet på Ingrid.

Geir på Bokbloggeir kalla boka for «slow crime». Det er ei nokså passande skildring. Det er få actionfylte kapittel, men heller fleire etterforskings-kapittel, John-Stierna-privat-kapittel og kapittel kor me får lese om mordarens tankar. Det kan verke dødsens keisamt. Boka er på  godt over fem hundre sider, og du tenkjer kanskje at ei slik bok nesten  bli for stille og for lite actionfylt. Eg har spurt meg sjølv kvifor eg likte ei så stilleståande bok som en usynlig, men eg har ikkje fått noko godt svar. Eg byrja vel på boka på onsdag og brukte dagane frå onsdag til søndag på å lese to hundre sider. Dei 350 siste las eg i går i nesten eitt sett. I byrjinga var det interessant nok, og eg vart for så vidt fenga. Og det var 17. mai og på laurdag bakte eg. Det er nok grunnane  til at eg ikkje kom lengre, og forfattaren kan det å skrive. Eg trur språket har ein stor del av æra for at boka kan fenge utan særleg mykje action. Kapittela er ikkje på mange sidene, og språket er relativt lettlest, men likevel rommar det veldig mykje,

Forfattaren har òg fått med mange spørsmål om livet i boka. Dei fleste kjem gjennom Stiernas kone Karoline. Kva augneblink er det me verkeleg lever for? Kva er kjærleik? Kva er det me bruker tid på? Òg mordaren får fram spørsmål som dette. Kan mobbing og dårleg start på livet vere ein grunn for å drepe? Kunne alt endt annleis, viss han hadde hatt andre foreldre? Samstundes er tida det foregår i interessant. Det er ein historisk krim, og ein blir kjent med Stockholm på den tida. Den politiske situasjonen, organiseringa av politiet og levemåten i Stockholm kjem fram i boka.
Det er veldig typisk krim med all etterforskinga som foregår i boka. Metodane er ikkje slik som i dag, men eg stiller likevel spørsmål om dei hadde all teknologien i 1928 som boka viser. Likevel har forfattaren skrive at ikkje all informasjon er heilt riktig, og det er trass i alt skjønnlitteratur. Hadde forfattaren vist til boka som meir sann enn det ho er, hadde det vore meir tvil hos meg. Når forfattaren sjølv seier at alt ikkje nødvendigvis er sant, taklar eg litt feilaktige opplysningar. Dette er nok ikkje boka for dei som synes vanleg krim er keisamt og ikkje liker det. Avhøyr og spørjerundar er det med.

Eg følte meg tilfredsstilt då eg var ferdig med boka. Alle trådane var samla til slutt, og ein meir spennande slutt har eg neppe opplevd. Den var både uvanleg og overraskande. Ei lita stund lurte eg på kva eg kom til å sitje igjen med, men det gjekk over då siste linje var lesen. Han haldt på spenninga til siste slutt. Det var ein avslutning som stod i sterk kontrast til Jo Nesbøs avslutning på gjenferd. Då sat eg igjen med ein tanke  hovudet mitt, og det var «Kva skjedde no?» Eg følte ikkje at alle trådar var samla, eg følte ikkje at eg hadde fått nok, og eg følte meg langt frå tilfredsstilt! Ljunghill har gjort det betre enn det Nesbø gjorde i gjenferd. Det kan vere at Nesbø-fans vil vere ueinig med meg, og kanskje dei vil seie at eg ikkje forstår heilt Harry Hole og forfattarskapet. Nei, eg forstår ikkje Nesbø-febaren, og personleg likte eg denne betre. 

bok: døden kjem med bussen av Kroken & Kolden (ein litt annleis bokomtale)

Kjære Kroken & Kolden
Dette blir ein annleis bokomtale av krimboka de gav ut no i 2013. Først av alt vil eg seie at eg er imponert! De har greidd å få meg heilt oppslukt av boka. Eg las på toget, hos tannlegen, på togstasjonen, heime og nesten overalt. Det er det lenge sidan eg har gjort.

Plottet dykkar er genialt, og noko ein kvar lesar kan bli fenga av. Ein død person kjem med bussen til Vågå. Han var lys levande då han gjekk på ved Gardemoen flyplass, men nesten framme der han skal vere blir han funnen død i eit bussete. Er det eit drap, eller er det naturleg død? Lom blir gjenstand for fleire drap dei neste dagane, og eit lite bygdesamfunn er ein stad der mange har noko til felles eller kjenner kvarandre. Er mordaren ein kjent person, eller er det nokon som har kome til bygda? Og kva er så motivet. Strukturen i boka er bygga opp frå A til Å. Me byrjar med byrjinga og sluttar med slutten, men likevel ser det ut til at motivet for drapa ligg i fortida.

De har laga ei bok med skiftande synsvinkel. Hovudpersonen kan vel seiast å vere lensmann Sylfest Seljestad, som skal oppklare mysteria. Likevel er det veldig lite av det typisk krim-politiet i boka dykkar. Ja, det er avhøyr av invorlverte, og ja dei prøver å oppklare eit mysterium. Likevel er ikkje møtene med oppsumeringane gjengitte, og mykje av det vanlege frå ei krimbok er utelatt. Det beste av alt er at eg som lesar elskar det, og den måten de har gjort det på, trur eg vil gjere at fleire lesarar liker boka dykkar. Det var noko eg knapt la merke til, sidan resten av historia var så fengande. I tillegg til Sylfest Seljestad har de laga fleire viktige karakterar, som til dømes Tummstokken og Jørgen Vold. Ein følgjer òg fleire personar som kjenner drapsofra eller som finn lika. Ingen av karakterane er veldig sett på spissen.

Settinga rundt historia de har laga liker eg veldig godt. Det plar å vere mykje krim frå Oslo eller austlandet, der det langt i frå er slik at alle kjenner alle. De har bytta heilt om på det og lagt handlinga til Lom i Oppland. Det er kjennskap og vennskap, og alle kjenner alle. I boka står det svart på kvitt at det ikkje er ein klisje ein gong. Det litle samfunnet det foregår i gjer det endå meir interessant. Det er litt Agatha Christie over det. Eit lukka rom, ei mordgåte, eit visst antal personar i rommet. Kven har gjort det? Litt same kjensla får du, når det er i krimgåte i Lom. Det er jo ikkje den største staden på jord.

Det mest geniale alt er at de, som forfattarar på ein sjølvironisk måte har fått dykk sjølv med i boka! Det er det ikkje ofte eg opplever!

Desse Kroken & Kolden-damene var ikkje heilt av same slaget, men han trudde nok kanskje dei dramatiserte litt. Dei ville nå berre melde frå om ting dei hadde sett og høyrt, og det var nå for så vidt interessant nok, men når dei ikkje hadde personr å knyte det til, så… Sylfest tenkte at det var fri diktning – ei overdriving i tråd med ei Kroken & Kolden-historie. 

døden kjem med bussen side 186

Noko de kunne gjort litt annleis, var å kutte nokre delar av setningar der de legg til det heilt opplagte, som lesaren allereie har tenkt før de seier det. Det blir litt kjøtt på flesk, men det er ikkje veldig ofte.
Etter å ha lese denne boka skal eg heilt klart lese dei tidlegare romanane dykkar. De har laga ein spennande roman både krimelskarar kan lese og dei som ikkje liker krim fullt så godt.

Mai Lene

bok: den mørke porten av Lars Mæhle

Mai plar å vere ein månad kor eg les masse krim. Eg liker krim veldig godt, men blir av og til litt lei den vanlege krimen. Den mørke porten er ein av dei bøkene som er litt utanom det vanlege. For det første er boka skriven på mitt hovudmål, nynorsk, og det skapar god flyt i språket. For det andre er det ein psykolog som er hovudperson, og det er heller ikkje veldig vanleg. Ina Grieg har blitt spurt om å bistå i ei etterforsking av eit drap som liknar drapet på den tidlegare elskaren hennar, Karsten Scheel. Ho er, som psykolog, ein menneskekjennar, og politiet meiner dei vil få god bruk for det i saka.

Boka byrjar med eit kapittel kor me følgjer drapsofferet opp til staden kor han blir drepen. Mæhle har teke i bruk ei forteljarform kor lesaren veit litt meir enn hovudpersonen, men mykje mindre enn forfattaren.Me kan ha ei aning, men me veit aldri så mykje at det er heilt opplagt alt saman, sjølv om dei som les mykje krim sansynlegvis vil gjennomskode plottet og forstå mykje av det som har foregått. Eg er ein av dei, men eg syntes det var herleg forutsigbart, ikkje keisamt forutsigbart. Det var mange overraskande kapittel og vendingar i boka, så sjølv om nokre vil sjå på det som keisamt forutsigbart, trur eg boka kan falle i smak likevel.

God flyt i språket nemnte eg over her. Sjølvsagt, det er jo nynorsk. Nei då, det er ikkje berre derfor. Flyten i språket er ikkje berre avhengig av målform, men òg skrivestil. Nokre forfattarar bruker korte setningar, nokos om gjer at du ofte stoppar meir opp og det ikkje flyt like lett, sjølv om mange meistrar denne forteljingsforma. Andre bruker lengre setningar og meir komma og mindre linjedeling. Det gjer med ein gong litt meir flyt i språket. Det er få delsetningar som står aleine i Mæhles bok, altså slike som i norsk grammatikk ikkje vil vere komplette setningar, men berre små delar av ei setning. Eg sakna ikkje desse setningane, for eg har eit inntrykk av at alike setningar førekjem oftare i nynorskbøker. Til dømes har Kolden & Kroken i døden kjem med bussen nytta seg av slike setningar, utan at det svekkar boka av den grunn.

Ein annan grunn til å like boka er hovudpersonen. Ina er ein hovudperson som med ein gong kan minne om Malin Fors i Kallentofts krimbøker. Sjølv om Ina ikkje er politi, leitar ho på mange måtar etter det stabile og greier ikkje å slå seg til ro. Ho har to born, men strevar med at ho føler ho ikkje elskar dei slik som ho burde. Ho har òg ein sambuar som er i overmåte snill, noko som både irriterar henne, men gjer henne taksam. Sjølv er ho rotlaus (etter mi meining). Eg får, som lesar, kjensla av at ho leitar litt etter seg sjølve, og ho er ikkje sett på spissen. Ho røyker, bannar, fortel om fleire tidlegare korte forhold og er ein person me kanskje ikkje ville følt sympati med hadde det ikkje vore for at ho var hovudpersonen i boka og me visste grunnen til alt ho gjorde. Ho er òg tøff, noko hobbyen, kickboksing, viser.

Lars Mæhle følger på mange måtar dei tipsa Scarlett Thomas skriv om i si bok monkeys with typewriters. Karakterane i ei bok skal truverdige, og veldig viktig, dei skal ha eit motiv. Ho skriv i boka si at alle, til og med skurken skal ha eit motiv lesaren kan forstå. Til dømes ein skurk som slit veldig, kan ha som mål å bli rik. Motivet til skurken skal vere dette, og lesaren kan på ein måte forstår at ein skurk, som kanskje har ei kone og fem born, og er fattig har lyst til å betre livet sitt. Det ein ikkje forstår er metodane. Dette verkemiddelet har Lars Mæhle brukt i boka. Ein kan så godt forstå motivet, og det reiser ikkje spørsmål om kvifor skurken ville gjere noko, men kvifor den gjorde det på den måten. Eg vil ikkje seie noko meir, men det er sterke tema knytt til motiv i boka.

Alt i alt ein veldig bra krim. For mange kan det vere lett å forstå kven det er, eller kanskje boka rett og slett blir for lite actionfylt for Nesbøs fans, men eg syntes at alt var heilt perfekt. Hadde kanskje sakna ein litt meir actionfylt slutt, for høgdepunktet kom ikkje heilt til slutt, men heller nokre par ti sider før det, men det er ein liten detalj. Avslutninga er til å leve med for meg, men kanskje ikkje forandre som liker krim veldig godt

Vil du vere med å lese nynorsk?

Sofia av Sigrid Merethe Hanssen
er ei av dei nye bøkene på nynorsk

Sist veke kom det stort nytt frå komiteen bak bokbloggartreffet i Oslo. No har dei laga ein
bokbloggarpris! Og ikkje berre det, bokbloggarprisen skal fokusere på norsk, ny litteratur, noko eg merkar at trengs på mange måtar. Personleg er eg dårleg på å lese norsk litteratur, og særleg ny litteratur. Eg les mykje nordisk, og helst svensk, men dessverre veldig lite norsk. Bøkene skal òg vere utgjevne i 2013, sidan prisen skal delast ut neste år. Prisen har gjort at eg nå har mange norske bøker på lista, og ein ting eg gjerne vil, er å oppfordre andre til å lese ny nynorsk litteratur.

Lars Mæhle har hausta både
ros og kritikk for den nye
boka si den mørke porten

«KVA!» tenkjer du kanskje no. Nynorsk? Jepp, det er framleis ei målform. Mange nynorskskeptikarar vil kanskje rynke på nasen og tenkje «aldri om eg les nynorsk», mens andre vil sjå på det som ei utfordring. Personleg synes eg det er heilt naturleg å lese litt nynorsk no og då, og som de kanskje har merka er eg veldig glad i hovudmålet mitt. Det som dessverre er sanninga i dag, er at blesten rundt bøker på nynorsk er veldig liten, i tillegg til at få bokhandlar vil bestille bøker på nynorsk, fordi dei sel så dårleg. Det er her sakas kjerne er: haldninga. Haldninga folk har til nynorsk i dag er at det er ei krevjande, påtvungen målform som nesten ingen har bruk for lenger, fordi det er ut. Ved å lese fleire bøker på nynorsk utgjevne i 2013, er det òg ein større sjanse for at ei nynorskbok blir nominert til bokbloggarprisen. No tvingar eg ingen til å gi prisen til ei nynorskbok, for bøkene som vinn prisen må ha andre litterære kvalitetar òg enn berre vakkert språk.
Gode formuleringar, skildringar og variasjon er særs viktig, og noko som både bøker på nynorsk og bokmål har i rikt monn.

Sunniva Relling Berg har skrive ny
ungdomsroman som blir utgitt
ette året.

Likevel, det eg ber om er at fleire set seg opp i salen, tvingar vekk alle fordommar mot nynorsk og
kanskje les minst ei bok på nynorsk dette året? Som bokbloggarar har ein i dag stor påverknad, fordi mange les det me skriv. Dei fleste av oss er heller ikkje utdanna litteraturkritikarar og har ingen profesjonell bakgrunn. Ved å skrive om nynorskbøker og lese dei, vil andre kunne sjå at vanlege folk kan lese nynorsk dei òg. Det ikkje berre eit sært, gammaldags språk som ingen bruker lenger. Eg bruker det mykje.

Berre for å få fram meininga med innlegget kan eg prøve å skrive alt veldig kortfatta i dette avsnittet. Ingen trenger å skrive nynorsk i verken omtalar eller noko slikt. Ingen MÅ lese ei nynorsk bok, og ingen MÅ nominere ei nynorskbok til bokbloggarprisen. Det eg prøver å oppfordre til er auka blest om nynorskbøker som er utgitt nyleg.

Viss de lurer på kor de finn bøker på nynorsk, er samlaget.no forlaget å besøke. Eg les den mørke porten av Lars Mæhle no, og skal òg lese ein til nynorskkrim snart. Elles er det mange bøker utgjevne på Samlaget dette året som verkar interessante!

bok: verten av Stephenie Meyer

Stephenie Meyer er (dessverre) mest kjent for bøkene sine om Bella Swan og Edward Cullen og kampen mellom «perfekte» blodsugarar og varulvar. Dessverre har eg skrive over her, og det meiner eg òg, for er det ei bok Stephenie Meyer burde vere kjent for er det verten. Dette er den andre omtalen av boka eg skriv på bloggen. Den forrige skreiv eg for to år sidan, men nå har eg lese boka på nytt og vil lage ein litt meir grundig og kanskje betre omtale.

I all hovudsak handlar boka om sjelar frå det ytre rom som innvanderer jorda. Dei har vore på fleire planetar før, og nå har dei teke ein ny. Ein av sjelane er Vandrer. Ho har aldri slått seg ned på ein planet tidlegare og får problem på jorda med at vertskroppen, som høyrer til Melanie Stryder, stritter i mot. Dette merkar lesaren både ved skildringar, dialogar mellom andre sjelar og den indre dialogen som foregår mellom Vandrer og Melanie. Melanie gjer alt for å skjule dei ho har kjær for Vandrer, men ho meistrer det ikkje heilt. Likevle, det ho meisterer, er å få Vandrer til å komme over på «hennar side». Dette er òg grunnen til at Jegeren, som dei kallar henne, ikkje greier å finne dei, når Vandrer legg ut på vandring i ørkenen for å finne Melanies litlebror og kjærast.

Boka er ei veldig typisk science fiction-bok, men har likevel meir enn berre ei oppdikta framtid og nokre sterke fiendtlege sjelar med. Wikipedia definerer Science Fiction som

«en sjangerbetegnelse for bøker, filmer, tegneserier og teater som skildrer en tenkt framtid eller verden med fantastisk teknikk og spennende vitenskapelige fenomener.»

Dette passar ganske godt til boka, utanom at det vitenskapelege ikkje tek den største delen, men heller historia og plottet bak. Trass i dette kan me sjå det vitenskapelege i Meyers skildring av andre planetar. Dette vil ikkje seie at planetane som blir skildra i boka finst, men heller at ein dag i framtida vil me kanskje ha så mykje kunnskap om planetane at me veit nesten alt om dei. I tillegg er samfunnet på jorda veldig endra etter at sjelane har overtatt. Dei vel å behalde vertane sine liv, bu i husa og kanskje til og med bu med ektefellen. Det som er forskjellig er prinsippet med pengar. Ingen får løn for arbeidet dei gjer. Vandrer er ein av dei sjelane som har vore flest stader og har bytta vertskropp flest gonger, og derfor underviser ho andre sjelar på universitetet i byen ho bur. Det er ikkje ein jobb, men eit kall i følgje henne sjølv. Dei trenger heller ikkje å betale i butikkane, men kan ta med seg det som er mest nødvendig, og ved å gjere ei teneste for samfunnet gjennom kallet deira, kan dei få alt dei treng for å leve. Om dette samfunnet nokon gong blir ein realietet, kan ingen vite, men det er nokså usannsynleg at det nokon gong vil bli slik. Likevel er prinsippet interessant, og det set tankane til lesaren i gang.

Det vanskelige, det jeg virkelig mislikte – ikke det at jeg noen gang ville fortelle Kyle det, ettersom han alltid var så kjapp til å trekke mine motiver i tvil – var at vi tok så mye uten å gi noe i retur. I San Diego hadde det aldri plagd meg å handle. Der tok jeg det jeg trengte, verken mer eller mindre. Så tilbrakte jeg dagen på universitetet med å gi samfunnet noe i retur gjennom å dele kunnskapen min med andre. Det var ikke et Kall som slet meg ut, men jeg tok det alvorlig. Jeg tok min del av de mindre attraktive pliktene. Jeg stilte opp når det var min tur til å samle søppel og vaske gatene. Det gjorde vi alle.

verten side 512

Mange eg har snakka me har prøvd å lese verten, men har ikkje forstått byrjinga, noko eg forstår. Det er ikkje lett å halde fram, og eg forstod ingenting verken første eller andre gongen eg prøvde, sjølv om andre gongen las eg vidare, og til og med no syntes eg det var vanskeleg å verkeleg forstå innleiinga, men eg har ikkje lese boka på lenge heller då. Likevel, kjem du over den første kneika på eitt eller to kapittel går resten av seg sjølv. Historia river deg med seg. Jegeren blir både Melanies, Vandrers og lesaren sin største fiende frå første augeblink. Ho er farleg og gjer alt for å få kloa i dei menneska Melanie prøver å verne mot Jegeren og dei andre sjelane. Desse menneske er no i ørkenen, saman med leiaren, Melanies onkel Jebb, og der er dei godt skjult for eventuelle farar. Saman prøver Melanie og Vandrer å nå fram til staden, i same kropp. Dei har gått frå hate kvarandre til å utstå kvarandre.

Nokre andre spørsmål boka gir lesaren er om utsjånad har noko å seie for kven ein elskar. Kan Vandrer bli elska, sjølv om ho er ein lite sølvorm bak i hovudet til Melanie, eller er det Vandrer i Melanies kropp dei elskar? Slike spørsmål er aktuelle i dagens samfunn kor utsjånad og kropp gir status, uansett kvar kjendisar prøver å gjere uttrykk for. Det hjelper ikkje at Tone Damli står fram i media og seier at det er kven du er som betyr noko, når ho òg kan gå ut og seie korleis ho har fått den kroppen ho har fått. Det er ikkje berre Damli Aaberge som er slik, men dei fleste kjendisar som har fått bein og gå på og er meir kroppsfikserte enn godt er. Ved å gi Vandrer og dei andre sjelane akkurat namnet sjel, gjer Meyer eit godt grep. Sjel seier noko om kva som er inni ein person, kven personen er, og ikkje korleis han ser ut. Vertskroppen har ikkje noko å seie for korleis sjelane opptrer. Dette er kanskje det beste ved heile boka. Skilje mellom veremåte og kroppen er forskjellige, og sjølv om Melanie lever inni vertskroppen saman med Vandrer kjem dette tydeleg fram på alle måtar.

Boka er fortalt i første person av Vandrer med Melanie som ivrig lyttar til alle tankar. Lesaren blir vitne til dei indre samtalane mellom verten og eigaren av vertskroppen, utan dette svekker boka og gjer det irriterande, men heller styrkar boka. Det er ingen allvitande forteljar her, noko som er med på å byggje opp rundt Vandrers tankar og dårleg sjølvtillit, for ho er usikker på korleis menneska ser på henne. Det er få personar som er sett på spissen. Veldig få, synes eg. Det finst både dårlege og gode sider med alle i boka, og det gir eit perspektiv på alt. Me ser på menneska frå Vandrers synsvinkel, og ho ser på dei som vonde beist og har først fordommar mot dei. Boka reiser mange spørsmål med veremåten vår og kva val me ville tatt i nokre situasjonar. Drepe nokon andre for å redde oss sjølve, eller la vere og drepe for å spare personen og heller sjå korleis det går?

Når eg les denne boka, kan eg ikkje forstå at Meyer har skrive Twilight-bøkene, for dei er direkte lavmåls i forhold.

1. mai – I’m back

Knapt ein månad har det vore veldig, veldig stille her på bloggen. Eg hadde ein nokså uplanlagd lang pause, kor det enten var skulearbeid, konferanse eller sjukdom som tok tida mi. Trur det ikkje at eg først blei sju søndag for litt over ei veke sidan heilt til onsdag, så hadde mattetentamen og styremøte og ei helg kor eg baka og koste meg, før eg vart sjuk igjen på søndag. To forskjellige sjukdommar på ei veke, då er det ikkje veldig mykje overskot til å blogge av sikkert kjente grunnar.

Siste boka eg blogga om før pausen var det syvende barnet, som eg likte veldig godt. Etter den fullførte eg ikkje ei einaste bok før laurdag sist veke, og då vart eg ferdig med verten av Stephenie Meyer. To bøker lese i april, det er dårleg, dårleg, dårleg…
Einaste grunnen eigentleg til at eg skriv dette innlegget er for å gi eit lite hint om at nå prøver eg å komme tilbake. Litt stress med skule akkurat no, men likevel mange gode langhelger så eg kan lese i, så det blir koooooooos! Eg har blant anna oppdatert «om meg»-sida, viss nokon følte for å bli endå betre kjent med meg. Eigentleg var det vel no eg skulle pusse opp heile bloggen berre for å markere at eg er tilbake, i tillegg til å vere litt nyskapande, men sorry, eg er nøgd med bloggen slik han er. 
Likevel, for dei som ikkje har fått det med seg, har eg eiga facebookside for bloggen som de kan like, viss de vil. De søker berre på Once Upon a Time – ein bokblogg 
Inntil neste innlegg,
ha det fint, og ha ein fin mai månad!