bok: saltsøstrene av Tiffany Baker

Kvardagen i Prospect i USA kan vere hard, og i alle fall viss du heiter Gilly til etternamn og driv ein saltfarm. Dette får Claire og Jo erfare i Tiffany Bakers bok saltsøstreneTalk about salt of the earth people! Baker inhabits a world that is at once easy to assimilate into and difficult to get a handle on, skriv Jana Sicilliano i Bookreporter 22. mars 2012. Er eg einig?

Claire og Jo er forskjellige på alle måter. Alt frå utsjånad til personlegdom viser eit søskenpar som ingen skulle trudd var søsken. I den oppdikta i byen Prospect i Cape Cod er mykje av livet til innbyggjarane påverka av saltet og Gilly-familien på salt-marsken. På saltmarsken er det berre kvinnene som har overlevd, aldri mennene eller gutane, og staden er driven av kvinner. Då Jo og Claire var små hende det ei tragisk ulukke med eit familiemedlem som verken Jo eller mora kan gløymme. I nåtida i boka er mora dø og Jo driv saltfarmen aleine etter at Claire har brote opp. 

Ingen menn tårer å kome nær jentene, i den tru at dei er hekser og at det kvilar ei forbanning over alle menn som vil eige saltmarsken. Berre With Turner, byens kjekkas med adeleg opphav og ei bestemt mor prøver seg. Først med Jo, og så med Claire. Med baktankar om å ein dag ta over, gifter With Turner seg med Claire, for så å prøve å overtale eldstesyster Jo til å selje. Men Jo vil ikkje selje, og Clair vil ikkje ha noko med saltfarmen å gjere lenger, og ho veit ikkje kva ektemannen pønskar ut bak ryggen hennar. 

Dee er ei jente som i «nåtida» flyttar til Prospect saman med faren og byrjar å drive kafeen «the Lighthouse» saman med faren Cutt. Faren er streng og dominerande, men Dee jobbar likevel på kafeen hans. Det går ikkje lang tid før ho høyrer historiene som går i Prospect om saltmarsken og søstrene og With. Claire, som kjem innom kafeen nesten kvar dag, fascinerer Dee, og òg ektemannen With er sjarmerande. I den kommande tida går ikkje alt på skinner, verken for Dee, Claire eller Jo. Jo blir truga av banken, Claire har problem i ekteskapet og Dee er Withs elskerinne. Duka for problem? Absolutt! Boka er fortalt i ein autoral synsvinkel frå tredje person. Det er veldig uregelsmessig og ikkje noko system på om det er Dee, Claire eller Jo som fortel, men det øydelegg ikkje veldig mykje, sjølv om det hadde vore interessant og sett korleis boka kunne blitt i ei autoral framstilling frå første person med litt fleire kjensler knytt til hovudpersonena. Forholdet til karakterane hadde då blitt meir personleg. 

Boka var godt fortalt, men kom litt treigt i gang syntes eg. Kunne ta ho opp att etter to månadar(!!) og berre lese vidare etter hundre sider. Ein av grunnane til at dette var enkelt, er at det ikkje er mange avanserte namn og heller ikkje mange karakterar å halde styr på i forhold til i ei vanleg bok. Ein anan grunn var at hanldinga rett og slett stod nesten heilt stille dei første hundre til to hundre sidene, men det vart betre. Likevel, litt meir handling, mindre tørrprat. Det er mi meining. Omslaget på boka er nydeleg. Skrifta, teikninga og alt viser mykje av boka i eit bilete synes eg. Likevel ligg det noko mystisk over det som gjer at ein får lyst til å ta denne boka opp i ein bokhandel. Forfattaren har nytta seg av enkele verkemiddel. Til dømes har ho avslutta eit kapittel med eit ubesvart spørsmål og halar ventetida ut, mens ho skriv i frå ein annan synsvinkel. Trangen lesaren har til å få svar på spørsmålet blir då endå større og ho hindrar at lesaren legg frå seg boka. 

Alt i alt, ei litt treig leseoppleving i byrjinga, men elles veldig god. Likte ikkje heilt at boka var skriven i tredje person, for ho var nokså upersonleg på mange andre måtar og rørte ikkje ved noko i meg som lesar, sjølv om historia er sår på mange andre måtar. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s