once upon a time blir to år

I dag, laurdag andre februar 2013 blir once upon a time to år. To år! Tenkt at eg har blogga om bøker så lenge. Det er rart å tenke på synes eg, for eg synes det var i går at eg byrja å tenkje tanken, men nå er det snart to år. Likevel, eg merkar veldig på at det er lang tid sidan eg starta bloggen, for det har skjedd merkbare endringar her.

Innlegg mine har blitt meir fyldige, meir saklege og og meir om sjølve handlinga og boka enn bare mine meiningar. Dei første innlegga er rett og slett ingenting i forhold til dei eg skriv nå, synes eg sjølve då. Eg les bøker med eit litt meir kritisk blikk, men har òg lagt meir merke til kva som er verkeleg er bra. I tillegg har eg prøvd å halde meg på bakken når eg skal skryte av ei bok og ikkje bare rose henne opp i skyene, fordi eg har likte henne. Det har vel kome meir grungjevningar dei siste åra. I tillegg har eg blitt veldig inspirert til å lese og skrive om bøker. Eg har funne ut kva som er «min litteratur», og det har blitt mykje til at eg les mest av det eg liker, samstundes som eg prøver å lese litt andre bøker for òg for å variere.

I løpet av 2012 fann eg ut at godt skriven krim var mi greie. I tillegg har psykologiske thrillarar og thrillarar fått ein stor plass hjå meg. Historiske romanar er òg gøy å lese, men det må vere noko litt ekstra, for det er så mange historiske romanar nå snart at nokre er for vanlege til at eg liker dei. Eg liker den gløymte historia eller den historia eg ikkje har høyrt om før som sett nytt lys på hendingar. Eg har òg lese færre ungdomsbøker dei siste åra og lurer svært på kva eg las før eg byrja å lese litteratur for vaksne. (Karen Kingsbury? Ja.) Ungdomsbøker er òg bra, og dette året skal eg ta til på sammen skal vi holde himmelen blant anna. For å variere litt.

Designet på bloggen har òg endra seg. I frå å vere mørkt, litt forvirrande og forstyrrande har det blitt litt lysare og kanskje litt finare (synes eg sjølve).

Ja, dette var vel ei lita oppsummering av bloggen gjennom dei to siste åra. Eg merker at eg trives veldig som bokbloggar. Det er kjempegøy, og det skal bli fleire år. Har ikkje planar om å slutte på lang tid. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s