Denne veka kom nyheitene om at Nesbø nok ein gong skulle gi ut ei ny bok om Harry Hole i serien sin, og denne veka las eg sist utgjevne bok om politihelten, gjenferd. Boka er full av groteske scenar, og narkotikamiljøet i Oslo står sentralt. Alt i alt er heile boka ei historie om vald, rus og mord.
Sjølv har eg bare lese barnebøkene til Nesbø før, men etter denne boka har eg kome framt til at eg kanskje bare skal halde meg til barnebøkene førebels, for dei er skumle nok. Helten doktor Proktor er mindre truverdig enn Harry Hole, men desto meir koseleg. Likevel, eit fellestrekk har desse to: Dei er meir sprø enn dei fleste andre menneske.
Harry Hole vender tilbake frå Thailand når han får vite at Oleg, sonen til den tidligare kjærasten, Rakel, er mistenkt for drapet på ein gut som heiter Gusto. Gusto blei funnen skoten på ein bustad i Oslo, og alt peikar mot at Oleg har gjort det. Men Harry vil ikkje tru at guten som har vore nesten som ein son for han kan ha drepe nokon. Derfor sett den tidligare politimannen igang si eiga etterforskning og bruker tidligare kontaktar for alt dei er verdt. Etter litt «research» finn han ut at den nye store «helten» i narkotikamiljøet i Oslo blir kalla Dubai. Dubai er kjent for å selje stoffet Fiolin som tilsynelatande blir laga i Noreg.
Samstundes er alle personar miljøet truga. Seier dei litt for mykje er det slutt. Oleg blir nesten drepen i fengsel og må flytte til skjult adresse. Fleire av personane i miljøet blir funne henretta på dei mest grusomme måtane ein kan tenkje seg. Dubai skyr ingen drapsmetode når han skal dekke over bevisa. Dette gjer at boka er full av vald, blod og mord. Denne boka er dessverre ikkje nok til at eg klarer å omfamne Nesbø og invitere han inn i varmen saman med andre flinke krimforfattarar. Inntil vidare får han stå på dørkarmen og kikke inn. Kva som er så sensasjonelt med Harry Hole og krimbøkene til Nesbø har eg ikkje heitl forstått etter denne boka. Eg ser at det er høgt nivå på krimmen, men det er likevel veldig typisk norsk krim. Kanskje derfor dei i utlandet liker det så godt? Eg liker engelsk krim.
(litt kort omtale, men det får gå)