bokåret 2012

1. januar 2013, nytt år, nytt leseår. Akkurat nå sit eg og høyrer på happy day som er ein av mine favorittsangar. Synes den er veldig fin rundt nyttår. Uansett, eg tenkte eg skulle kjøre ei lita oppsumering av leseåret 2012.

Bøker lese
I 2012 las eg ein del færre bøker enn i 2011, men det er ikkje antalet, men kvaliteten som tel for meg, og eg kan seie at til gjengjeld fekk eg lese mange bøker av god kvalitet og som eg koste meg med å lese. Lesetempoet var kjempehøgt i byrjinga av året, og eg las mange historiske romanar i tillegg til å ha byrja å lese krim for vaksne, litt feel-good i tillegg til at eg elskar alt som heiter psykologiske thrillarar! Gillian Flynn har saman med Mons Kallentoft vore ein av dei forfattarane eg har likt best. Eg må òg få skryte av Läckbergs siste bok, men å lese heile serien etter kvarandre vart litt for mykje, sjølv om ho skriv veldig bra. Det blei ikkje så mange ungdomsbøker dette året, men eg las nokre engelske, blant anna to av Nicholas Sparks og extremely loud and incredibly clear av Jonathan Safran Foer.

Hovudpersonar
Eg elsker å bli kjent med nye hovudpersonar, og eg har nokre absolutte favorittar som eg må presentere. Den første er Oscar i extremely loud and incredibly clear. Tidligare i år skildra eg han som ein liten versjon av Humlesnurr, og det angrar eg ikkje på. Han er ein intelligent liten fyr med masse idear, men likevel ein trist gut med masse spørsmål. Eg elskar han. Hadde eg vore mange år yngre ville eg ha vore forelska i han.

Den andre er Eliza frå Mortons bok den glemte hagen. Fantasien hennar er verkeleg grenselaus, noko eg elskar, og ho er ein fantastisk person og ein person som bærer historia vidare. Kanskje er ikkje ho heilt hovudpersonen, men likevel, ho er ein svært viktig del av boka.

Eg vil seie meg veldig fornøgd med leseåret 2012 rett og slett, og dette året håpar eg òg skal bli bra 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s