bok: bestefar var eit kirsebærtre av Angela Nanetti

Då eg var lita las eg fleire gonger denne boka som heiter bestefar var eit kirsebærtre, og eg har i det siste hatt ei vag kjensle av at eg ikkje forstod alt som stod i ein barneskulealder, trass i at den vart lesen fleire gonger. Derfor tok eg ho fram igjen, og nå har eg kome til den konklusjonen at ein av og til trenger litt forklaring for å forstå alt i barnebøker.

Tonio er ein gut som lever i Italia. Han har fire besteforeldre, slik som barn plar ha. Bestemor Antonietta og bestefar Luigi bur saman saman med hunden deira Floppy, Tonio mor og far i byen og er foreldra til far.
(… )eg såg dei minst fire gonger om dagen.

Klokka åtte om morgonen, når bestefar kom heim frå morgonturen med Floppy:

 – No, kva skal vi gjere i dag, unge mann? Skal vi på skulen eller ikkje?
Klokka ni, når bestemor gjekk ut med Floppy for å handle:
– Er du klar for å gå på skulen,veslefar?
Klokka to, når bestefar kom for å gå den andre rusleturen med Floppy:
– Så du er heime att frå skulen! Bra!
Og klokka fem når bestemor gjekk ut med Floppy for å gjere ærend eller besøke ei veninne:
– Hadde du det morosamt på skulen i dag, veslefar?

Dette er skildringa Tonio gir oss av besteforeldra hans i byen. Han har òg to besteforeldre på landet, og dei har eit kirsebærtre dei kallar for Felix. Felix er kalla opp etter mora til Tonio og vart planta den dagen ho blei født. Bestefar Ottaviano ville først kalle treet for Felicia akkurat som mamma, men bestemor Theodolinda meinte at ei tre ikkje kunne heite Felicia, og derfor vart det heitande Felix. Når Tonio er på besøk hjå bestefar og bestemor lærar bestefar Ottaviano han å klatre i det.

Tonio må innrømme for seg sjølve at han er mest glad i besteforeldra på landet, foreldra til mamma. Derfor er det òg hardt når bestemor Theodolinda blir sjuk og døyr. Etter dette blir ikkje ting det same. Bestefar Ottaviano byrjar å oppføre seg rart, og han seier ting som at han har ei torn i hjartet sitt. Tonio får likevel fine stunder med bestefar, som sommaren før han byrjar på skulen. Likevel er det ikkje det same utan bestemor Theodolinda.

Besteforeldra i byen er ikkje særleg begeistra for bestefar på landet, og det merkar lesaren veldig tidleg. Dei kallar han, inndirekte, uansvarleg og uregjerleg, og Tonio forstår kva dei synes om han. Derfor er det duka for konfliktar mellom Tonio og besteforeldra i byen, mamma og besteforeldra, mamma og Floppy og aller verst mamma og pappa. Hendingane som foregår rundt denne tida gjer saka bare endå verre. Bestefar Ottaviano sit ute ei heil natt for å varme knoppane på Felix, og dermed får han òg lungebetennelse. Korleis skal det gå med han, og kvar skal han bu? Mamma meiner at bestefar ikkje klarer å bu aleine på garden.

Ein annan viktig karakter i boka, og eg må få lov til å kalle ho det, sjølv om det er ei and, er anda Alfosina. Alfosina var bestemor si, men etter at bestemor døydde har bestefar Ottaviano teke ekstra godt vare på akkurat denne anda. Når bestefar då havnar på sjukehus, er det Tonio som byrjar å ta seg av henne. Samana med naboen til bestefar Ottaviano, Emilio, finn han ein make til Alfonsina, Orestes.

Eit anna dilemma i boka er at kommunen vul ta grønnsakshagen frå bestefar Ottaviano, som berre blir ein av mange sorger for han etter at bestmor Theodolinda døydde. Òg etter bestefars død prøver mamma, pappa go Tonio å kjempe for grønnsakshagen, og når vegarbeidarane òg prøver å felle kirsebærtreet Felix er det duka for konflikar.

Dette var ei av dei beste barnebøkene eg las som liten. Boka er full av konfliktar, men ikkje for mange, og alle konfliktane og problema går hand i hand. Det nynorske språket boka er omsett til gir rom for eit poetisk og vakkert språk som er veldig forståeleg for lesargruppa denne boka er for. Kapitale er ikkje lange, men heller ikkje korte, og boka er på litt under hundre sider, som er ein grei storleik på ei barnebok for aldergruppa seks år pluss. Kan òg pluse på at det ikkje er ei leseløve, noko som gjer at boka på veldig mange måtar skiljer seg ut frå mengda. Vil anbefale foreldre å lese boka med barna for første gong, for forklaringar kan vere greit når det er snakk om død, i tillegg til at dei tar opp spørsmålet med himmelen og om besteforeldra til Tonio er i himmelen eller under jorda. At foreldre les boka med barna kan hjelpe dei til å svare på spørsmål som barnet måtte ha og fremje deira syn på døden. Det kan òg vere vanskeleg til tider for eit barn å forstå handlinga, for ein stad går det ikkje veldig tydeleg fram at handlinga ikkje foregår i kronologisk rekkjefølgje, go denne gongen var første gong eg forstod heile handlinga der. 

Advertisements

One thought on “bok: bestefar var eit kirsebærtre av Angela Nanetti

  1. Tilbakeping: Barnebøker til folket | Once Upon A Time

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s