sekstande desember: kanskje me bare skal gi opp dette prosjektet?

Eg merkar at det gjekk fint dei første tolv dagane å lage julekalendar, så blei det litt tomt, og ingenting blei jo skikkeleg bokrelatert på ein måte. Alt vart litt lite relevant i forhold til temaet på bloggen, og i tillegg har det ikkje vore så veldig mykje å skrive om. Det har vore mykje snø, ja vel. Me var innesnødd på Nærbø i går. Ikkje det at me ikkje kom oss utanfor ytterdøra, men vegane ut frå Nærbø var ikkje brøyta og politiet oppfordra oss til å halde oss inne. Skulane har vore stengt, og på fredag hadde eg bare tre timar på skulen grunna snøen og vêret. Me har hatt nærare ein meter snø, og eg har aldri opplevd liknande forhold i heile mitt liv! Jæren, som ALDRI får snø, bare slafs og regn.

Dette blei akkurat like tomt som alle andre innlegg, men men, det skal få alle vinterbileta mine seinare. Dokumentasjon heiter det. Uansett, eg tenkte eg skulle setje meg ned å skrive litt. Er lenge sidan sist, og eg har ein veldig god idé og håpar på at den er gjennomførbar. 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s