tolvte desember: lesemål for 2013

Tenkte det kanskje var tid for å skrive om lesemåla for 2013, i og med at det er tolv månadar i året, og i dag er det tolvte desember. Okay, veldig dårleg samanlikning, men det var kanskje på tide.

Kor mange bøker skal eg lese? 
Eg skal lese femtito bøker, ei bok for kvar veke. Det er ikkje så mange som i år, men det gjer ikkje noko. Det blir sikkert ikkje noko problem, bare eg får nokre gode bøker å lese.

Mykje krim
I 2013 skal det bli meir av min favorittsjangar krim. Eg har lese mykje god krim i 2012, og eg gler meg til meir. Eg har nokre bøker eg må lese:
den femte årstiden av Mons Kallentoft

kronprinsessen av Hanne-Vibeke Holst

– sankta psyko av Johan Theorin

psykologiske thrillarar
Eg elsker psykologiske thrillarar! Eg har lese alle bøker eg har fått tak i av Gillian Flynn. Dei var heilt fantastiske i skrivemåte, og ingen stereotype personar, og ein fekk medkjensle med ein hovudperson som var langt frå svigermors beste barn. Samstundes sneik det seg inn litt krim. Ekstremt bra. Eg har nokre bøker på lista for 2013 òg, for ingenting er som psykologiske thrillarar.
– fortsatt savnet av Chevy Stevens

flink pike av Gillian Flynn

Hadde tenkt å lese denne på engelsk, og det skal eg sjølvsagt viss eg får boka til jul, men når skal den snart kome på norsk. Gillian Flynn er min absolutte favorittforfattar på denne jord. Bøkene blir aldri kjedelege, og flink pike har eg venta på at skal komme på norsk! Sjølvsagt triggar omslaget òg Det er det første omslaget som ikkje har svart bakgrunn. Kva er grunnen?

Dessverre ligg nesten alle desse under andre kategoriar, Eg synes at ALLE forlag burde hatt sin eigen kategori med psykologiske thrillarar, bare for at eg skal få lese min favorittsjenger.

lese mange bøker i bokhylla
Eg har ein del bøker som står i bokhylla, uleste dessverre. Mange av dei har eg bare plukka med meg frå bokbloggartreffet eller fått i giveawayar. Derfor skal eg ta eit skikkeleg tak i 2013 og lese die. I tillegg har pappa mange bøker nede, og blant dei bøker av Lindell og Nesbø, men òg bøker av Ernest Hemningway, Charlotte Brontë, Charles Dickens og Mark Twain.

1001 bøker – Lines lesesirkel
For første gong i det sekstenårige livet mitt skal eg vere med på Lines lesesirkel, og eg gler meg som eit lite barn. Førebels har eg meldt meg på bøkene i februar, mars, april, juni og august. Blant anna står Jane Austen på lista over bøker eg skal lese . Kanskje skal eg melde meg på til desember òg viss det blir boka til Kraus. Viss ikkje, får eg lese den uansett, for den høyrtes kjempebra ut!

Elles har eg planar om å lese det som eg vil. Det er mykje bra litteratur der ute. Eg veit ikkje kor mykje fantasy og ungdomslitteratur det blir, men vurderer sterkt å halde fram på serien om Percy Jackson. Eg las første boka i 2010 og syntes ho var veldig bra, men har dessverre ikkje kome lengre. Eg veit ikkje korleis det blir med Alyson Noël sin serie, men kanskje det blir ei bok i 2013 òg. Eg trur det, for eg vil gjerne vite korleis det går, bare for å vite. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s